tirsdag, 27 januar 2015 21:36

Belafonte in Carniege Hall

Skrevet av

I mange år har eg prøvd å samle på gamle pressingar av storarta opptak. Eg har tenkt at dei gamle pressingane var betre enn dei som kom seinare, rett og slett fordi dei er laga av masterteipar som var langt ferskare då dei var nye, enn kva dei har blitt etter kvart. Men, her er ei skremmande erfaring, for oss som har samla på dei gamle i mange år.. Om originalpressingane.

 

Ei av mine definitive favorittplater, som også må reknast mellom verdas aller beste liveopptak av mannsstemme, er Harry Belafonte in Carnige Hall. Attende til 1959 skjedde det ting i denne konserthallen som vart registrert så perfekt at vi i dag kan få fantastisk realisme når vi spelar dette i to kanalar.

Eg fekk tilsendt denne dobbel-LPen i nyutgåve frå PM audio. Eg prøver alltid å stille med eit ope sinn, men nokre tankar gjorde seg likevel gjeldande; er dette ei naudløysing, slik at det framleis må leitast etter dei gamle vinylpressingane for optimal lyd, eller kan vi ganske enkelt kjøpe nytrykk, og få den same lydkvaliteten? Mitt utgangspunkt har altså vore at dei gamle pressingane var best, så langt eg har greidd å gjere samanlikningar, når eg har sett på fyrstepressingar og nyutgjevingar.  

Teoretisk er det vanskeleg å avgjere dette. Sjølv om vinylen er gammal og kan vere sliten, vart overføringane frå teip gjort då opptaka var ferskvare. Vi får rett nok i dag fyrsteklasses kvalitet på vinyl. Denne kan lagast i spesialutgåve utan tilsett pigment, i tjukke utgåver på både 200 gram, og kanskje endå tjukkare, Ein kan lage halvfartsgraveringar og drive anna spesialproduksjon, men uansett er det ikkje å komme bort frå at masterteipen er vert eitt år eldre årleg. Magnetband tapar seg med tida. Nokre teipar er fullstendig øydelagde.

Men nedbrytingsprosessen er ikkje lik for alle produksjonar. Sjølv om ein del av informasjonen på nokre opptak har forsvunne, er det andre som verkar å vere heilt topp.

 

Før eg sette på plata, måtte eg sjå litt på plateomslaget og utforminga av albumet. Dette må seiast å vere skikkeleg luksusprega. Etikettane er i fargetrykk, der mi utgåve har svart/kvitt, og omslaget er dessutan betre glansa, så vel som heilt nytt. Sjølv om mi gamle utgåve er svært pent handsama, er den nye mykje flottare. Du ser også kvaliteten på vinylen. Kanten er pussa, slik dei gamle vinylplatene frå slutten av 50-talet var opprinneleg. Her er ting gjort så bra som du kan forvente, sjølv til ei så dyr plate å vere.

 

 

Så til opptaket:

Du er i stand til å høyre korleis Belafonte syng, så presist attgjeve at du aldri er i tvil korleis mannen er plassert. Du får høyre alt om stemma hans, og også korleis backingorkesteret hans er på scena. Og du høyrer salen, eitt av verdas flottaste konserthus (som aldri meir kan opplevast på denne måten, ettersom det har vorte ombygd). Dette albumet er ei tidsmaskin, eller i det minste eit tidsvitne som dokumenterar til fulle kor godt det kunne gjerast i stereoens barndom. Makrodynamikk er det ikkje mykje av, bortsett frå litt trompet og perkusjon, men nyanseringsevna på dette og alt anna, mikrodynamikken, gjer dette til eit album som må ligge på kortlista til alle lydinteresserte.

Den nye versjonen ser svært påkosta ut, med skinande, blank overflate på omslaget, og antistatisk innerpose. Vi ser også med svært små bokstavar noko som skil seg frå mi utgåve, ”Analoge Productions og ”Quality Record Pressings, i tillegg til ”Sony”, som fylgjeleg må ha kjøpt opp rettane til dette nisjeproduktet. 

Etikettane er nok ein direkte kopi av fyrsteutgåva, med fargebilde av Nipper – hunden som er symbolet til ”His Masters Voice” og fonografen. Og så må vi seie litt om vinylkvaliteten, veldig tjukk og 200 gram. Eg har eit par andre Analoge Productions på same kvalitetsnivå, og det er tydeleg at det ikkje sparast på noko. Kva så med originalutgåva?

Eg er ein av dei (få?) som har ei gammal pressing. Det er inngravert A1 DD K2PY 2691 310, men dette seier meg lite. RCA er eit godt dokumentert selskap, spesielt innan klassiske innspelingar. Og innan det klassiske finnest det gode forklaringar på kva ein skal sjå etter når det gjeld nummer og etikettar frå RCA, der ”Shaded Dog” og ”White Dog” er dei mest verdfulle. Men dette er populærmusikk frå 50-talet, og har eigentleg ikkje så høg status mellom samlarar, ei såkalla ”Black Dog”-pressing, som eg ikkje har greidd å finne omtalt innan mine andre kjelder.

Uansett har eg eigd denne plata sidan tidleg 80-tal, då eg kjøpte henne frå USA. Ho var heilt klart gammal, om enn godt tatt vare på. Sidekanten av plata er ikkje pussa, slik dei fleste amerikanske plater frå 50-talet var. Coveret er dobbelt, med matt overflate og av høg kvalitet, så eg tippar det er ei pressing frå 60-talet. Bikkja på etiketten, Nipper, er i svart/kvitt, såkalla ”White Dog” ville ein sagt om det var snakk om klassisk musikk på RCA. 

Overflatelyden er uansett ikkje noko problem. Mi gamle pressing har svært lite ”platesus”, og du skjønar umiddelbart at plata har vore brukt forsiktig både av meg og tidlegare eigar(ar). Men når eg gjer direkte samanlikning med den nye QRP-utgåva, er sus fullstendig fråverande på nypressinga. Såleis vert sjølv dei minste dynamiske nyansar teikna knivskarpt. Vidare har vi klangbalansen som er svært naturleg, utan det aller minste hint om transistorisert ”glans”. Mi gamle pressing er ekstremt god på dette, men nypressinga ligg ikkje etter på nokon måte.

Det siste aspektet eg lyttar etter, er kor presist plasseringa av utøvarar, og kor naturleg akustikk som vert attgjeve. Her er måten publikum engasjerar seg på veldig tydeleg, og sjølv om du ikkje akkurat kan høyre publikum bak deg i ei stereoattgjeving, og sjølv om eg er alt for ung til å ha høyrt Carneige før ombygginga, er dette ei nesten trolsk realisme. Og her har det skjedd noko. Faktisk høyrest den nye utgåva ut til å vere eit hakk betre enn min gamle original. Ikkje den dramatiske skilnaden, men noko klarare. Vi høyrer endå meir tydeleg når Belafonte snur seg ørlite bort frå mikrofonen når han syng, og korleis han teiknast sylskarpt på scena.

 

 

Det finnest ei forklaring på kvifor dette ”moderne” opptaket er så spesielt.

RCA hadde eit ganske spesielt oppsett den gongen då monoplater var (minst) like vanleg som stereo. Det var kostbart, og ikkje alltid teknisk muleg, å gjere både stereo- og mono-opptak. Difor brukte RCA tre kanalar til opptaket. Typisk høgre/venstre kanal med kvar sin mikrofon, men i tillegg ein sentermikrofon, som skulle vere utgangspunkt for monoutgåver. Desse tre spora vart gjort på ein spesiell bandopptakar med tre spor, og var altså den eigentlege masterteipen, som seinare vart kopiert i eitt-spors monoutgåve, og to-spors stereoutgåve, som altså etter kvart vart til mi fyrsteutgåve. Men no har altså Analoge Productions har fått tilgang på den eigentlege masterteipen, den med tre lydspor.  Slik vart det gjort med mange RCA-innspelingar, og fleire av dei klassiske er utgjevne som tre-spors SACD-opptak, der dei med senterkanal og 5.1-anlegg kan få med seg absolutt alt av det som er på teipen.

Vinylplata kan ikkje gje att meir enn to kanalar, høgre og venstre, men når den nesten uspelte teipen no endeleg får syne innhaldet att, er det altså merkbart betre lyd enn det eg har erfart før.

Dette er altså noko som ikkje berre kan samanliknast med kva som helst – det er dette som er standarden for kor godt ei mannstemme kan takast opp analogt.

 

Importøren av denne plata er PM Audio, og ho kostar ca 700 kroner. Det er ho verd.

 

 

 
Lest 6166 ganger Sist redigert torsdag, 29 januar 2015 19:43
Arve Åheim

Skribent i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.