torsdag, 08 oktober 2020 05:43

TEST: SOULINES Kubrick DCX – Nytt platespillermerke i formel 1-klassen Spesial

Skrevet av

Etter at CD-profetane spådde vinylspelarane sin død, har det jamnt dukka opp fleire superplatespelarar, og nye merke har kome til. Audiophile har fått låne flaggskipet til Soulines.

Etter at dei japanske direktedrivne platespelarane og produksjonsmaskinene deira forsvann sakte, men sikkert, har vinylfanatikarar med behov for referanselyd vorte nøydde til å basere seg på andre drivverk. Då snakkar vil for det meste om beltedrift. Nokre av desse spelarane har flytande oppheng, og kan ha sine spesielle utfordringar (desse kjem vi attende til når det er aktuelt å prøve ut slike), medan dei som ikkje er opphengde, men som står fast mot underlaget, er stort sett svært enkle dyr å arbeide med. Likevel er det ulike kvalitetar å finne.

Det er mange ulike behov når det gjeld vinylriggar, og måtar å stette dette på. Dei mest legendariske spelarane i dag har om lag ingen høyrt, og rykte, fotografi og forteljingar flyt rundt på Internett. Det er spennande og interessant å pusse opp mellomhjuls- og beltedrivne spelarar frå tidleg 60-tal og deromkring, og mange direktedrivne japanarar i førtiårsalderen fungerer framleis utmerka. Nokre tenkjer nostaligi og plateknitring, medan andre er overtydde om at det ikkje finnest nokon betre måte å lytte til musikk på enn via vinyl. Eg må innrømme at eg høyrer til sistnemnde kategori, og har vore villeg til å investere betydeleg tid, og over 6 gonger så mykje kronasje i vinylriggen som det mine digitale kjelder gjer. Så det er midt i blinken når eg no får prøve ut eit drivverk som ligg midt i mitt aspirasjonsnvå.

Dei tre «retningane»

Det var lenge tre produsentar eg hadde relativt god kjennskap til, og som eg hadde problem med å velje mellom då eg sist kjøpte platespelar for tolv år sidan. Produsentane Nottingham, Clearaudio og VPI eksisterer endå, men er mindre synlege i marknaden enn den gongen. Desse tre produsentane hadde ulik fokus på korleis platespelaren burde konstruerast. Min VPI er utstyrt med eit «kantdrev», eit valdsamt svinghjul som ligg an mot ein svinetung platetallerken av mystisk materiale, og baserer seg på to av dei kraftigaste motorane på marknaden, styrt av eit SDS straumforsyning som sikrar 100% rett straum uansett, Clearaudio satsar på akryl i både kabinett og tallerken, og støysvak motor, med så lite platespelarkabinett («plinth») som råd, for å hindre vibrasjonar, medan Nottingham arbeider med svært tunge kabinett og tallerkar, medan motoren er så liten som råd, ut frå tanken om at ein liten motor og ei lita straumforsyning skapar mindre interferens og trøbbel enn dei tyngre alternativa – noko som gjer at tallerkenen gjerne skubbast i gong med handemakt.

Vi ser at Soulinas satsar på ein relativt gedigen akryltallerken, og ei minmal straumforsyning, altså ein kombinasjon av desse retningane, noko som ser ut til å fungere svært godt.

Det viktigaste

Når vi snakkar om vinylriggar, er det eigentleg fire komponentar med ulike oppgåver som skal skaffast. Av desse reknar eg drivverket for den minst viktige, medan pickup er det viktigaste. Pickupen er avhengig av å ha ein passande arm og ein god riaa for å yte sitt beste, noko som er drøfta i tidlegare artiklar.

Ein skal likevel ikkje underslå at drivverk og kabinett også verkar tydeleg inn på lydattgjevinga. Spelarar med store kabinett har ein lei tendens til å spele med når du skrur opp volumet, slik at det vert tilbakekopling og ufin attgjeving av spesielt bass. Mange spelarar er også svært vare for korleis dei plasserast. Dei færraste av oss har vel høve til å ha platespelaren i eit eige rom, og det er tungvint også, så eit viktig designkriterium er kor godt spelaren er isolert. Eit deksel kan vere både positivt og negativt. Så har vi motoren; denne må gå stabilt, men det er ganske sjeldan ein får problem med wow og flutter på sjølv ganske så gamle spelarar. Då er det vanlegare at motoren har eigenlyd, eller at brum smittar over på signalvegen.

Endeleg har vi tallerkenen. Denne kan ha ein ringelyd i seg sjølv, noko ein kan unngå ved å bruke ymse kunststoff og stor vekt. Men dette fører igjen til behov for svært godt lager, og her må du bruke harde og blankpussa materiale. Det ser ut som Soulines satsar på messing og grov dimensjon med høg presisjon, så ein anar at ambisjonane er høge med dette produktet.

Soulines Kubrick DCX

Dette er den mest påkosta av Soulines sitt produktutval med fem ulike spelarar. Det vart også brukt ei plattform som spelaren står på. Det synte seg at spelaren kunne spele høgre og ha betre kontroll på bassen ved bruk av plattformen, og spelaren var dessutan endå vanskelegare å provosere med golvtramping, så det vart til at eg brukte plattform under samanlikningsarbeidet med min referansespelar.

Det fylgde også med eit støvdeksel på spelaren. Dette er meint å fjernast under avspeling, og brukast berre for å hindre at arm og spelar samlar støv. Fornuftig, for det er lite gunstig å ha eit lokk ståande på spelaren for å samle opp vibrasjonar som kan forplantast til drivverket.

Å rigge opp spelaren går som ein leik. Du treng ein vater. Dersom du har plattform til drivverket, startar du med dette. Med dei vribare føtene på plattforma passar du på at denne er fullstendig vassrett. Deretter plasserast platespelaren på toppen av plattforma, og så justerast denne med eit vater på platetallerkenen. I kva grad du treng plattform er eit spørsmål om underlaget spelaren skal stå på. På vegghylla mi er det ikkje behov, men då spelaren skulle stå på rackhylla, var det tydeleg at plattforma gjorde nytte for seg, spesielt om eg spelte høgt. Så her kan det vere greitt å prøve om du har bruk for plattform – du kan spare åtte tusen..

Så er det å justere armen

Spelaren eg hadde på utlån, hadde påmontert ein Michell Technoarm. Soulines lagar ikkje armar sjølv, så her står du fri til å velje den armen som passar ditt behov best, noko som krev ein del refleksjon om smak og kva kvalitetar du er på jakt etter. Personleg vil eg ideelt sett ha ein lang arm, tangentialrarm, og aller helst ein arm der pickupshell kan skiftast fort, armen justerast lettvint, og gjerne VTA medan plata spelast av. Men dei fleste har strengt tatt ikkje behov for å skifte pickup heile tida. Og då vil Technoarmen vere god, om berre pickupen passar. Michell-armen fungerte greitt til den pickupen eg brukte under testen, ein gammal Accuphase AC-1, som har greidd seg forbausande bra dei tretti åra eg har hatt han i mitt eige. Spelaren leverast med korkmatte, men denne brukte eg ikkje. I staden la eg plata rett på akryltallerkenen, og brukte plateloddet frå VPI som eg brukar til dagleg. Eg opplevde dynamikken tettare når vinyl ligg mot akryl, man hugs strengt reinhald - du kan presse støv inn i rillene om du brukar platelodd, og spelar du utan det, risikerer du at plata daldrar.

Samanlikning

Då eg kjøpte min referansespelar kunne eg gjere direkte samanlikning mellom to drivsystem på same platespelar, noko som enda med at eg droppa reimdrift og gjekk for kantdrevet til VPI. Det var ikkje utan kvalar eg bestemte meg, for reimdrifta var på mange måtar meir korrekt. Likevel lot eg meg sjarmere av kantdrevet sin måte å spele bass på. Med rette pickup, som regel ein litt tyngre MC av eitt eller anna slag, vart bassen både «feitare» og meir artikulert på same tid. Reimdrifa var kanskje meir nøytral, hugsar eg frå den gongen. Og no får eg noko av den same opplevinga. Soulines sitt drivverk er ikkje så frampå i bassområdet. No kan det også hende at min relativt nye Kuzma tolvtomsarm er med å gjere lyden på referansespelaren meir attraktiv.

Det er altså vanskeleg å påpeike eit spesielt sonisk fingeravtrykk for Soulines Kubrick, men vi ser at spelaren kvalitetsmessig ligg i same sjikt som dei betre drivverka frå dei tre etablerte. Kubrick brukar ei tjukk, rund drivreim av kvitt materiale. Eg har erfart at ulike reimer påverkar lyden, så her kan det kanskje eksperimenterast?

Når eg samanliknar med min spelar, er det feil å påpeike kva som er best. Det er meir naturleg å sjå på ulike fokusområde. Nottingham er kjent for sin kolsvarte bakgrunn, som skapar flott kontrast for den som fordjupar seg i instrument og detaljar. Clearaudio minnest eg for sin svært gode dynamikk og nøytrale klangbalanse, og VPI, ja det var den spelaren eg likte best i denne prisklassen. Her er det autoritet, spesielt med mitt drivsystem, og det er slett ikkje langt unna Nottingham når det gjeld svart bakgrunn, iallfall når eg brukar min ekstra tunge tallerken.

Spelarar med akryltallerken er ofte veldig nøytrale klangmessig, men ikkje like tause. Her har Soulines greidd å ordne seg med korkmatte på akrylen og ei marginal straumforsyning i kraft av ei bittelita veggvorte. Her har VPI brukt motsett strategi, med to svære, separate motorar og SDS straumforsyning. Ei veldig dyr løysing, som tydelegvis kan løysast på enklare vis.

Konklusjon

Det må vere lov å ha skyhøge forventningar til eit drivverk som kostar 50 400 kr, spesielt om du opplever å ha bruk for ei platespelarplattform til 8 875 i tillegg. Ein arm som står i stil er heller ikkje billeg, for ikkje å snakke om pickup og riaa. Vi er altså i det mest ambisiøse segmentet innan vinylriggar, der det forventast topp materialval, superpresisjon i lager, enkel bruk og gjerne også tiltalande utsjånad. Etter å ha prøvd ut Solines sin toppmodell er det klart at Kubrick innfrir på alle måtar. Dei små nyanseskilnadane til andre platespelarar i same kategori vert eit spørsmål om personleg smak, og om ein går for å påverke lyden i ulike retningar. Når det lyttast til Kubrick, er det snakk om nøytral attgjeving som fyrste prioritet, og det vil vere aktuelt for svært mange med høge ambisjonar innan vinyl.

Men gløym ikkje å halde att litt pengar til arm, riaa og pickup.

 

Importør: Sound Ground, Bergen

Produsent: Soulines

 

Lest 459 ganger
Arve Åheim

Fagredaktør i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.