lørdag, 07 januar 2023 07:46

TEST: Larsen 8 – lydleg realisme Spesial

Skrevet av

 

No har det seg slik at Stig Carlsson sine Sonab-anlegg var dei første ambisiøse hifi-anlegg eg fekk høyre, på ein salsturne attende i 1972 eller 73. Eg trur dette var før eg var konfirmert, så eg kjende knapt til andre musikkanlegg enn Tandberg, Philips og kanskje B&O…..

Det var då eg fekk høyre Sonab, at eg vart audiofil. Då forstod eg at det var noko heilt anna. Musikken opplevdest som meir naturleg/logisk enn det eg hadde høyrt frå «vanlege» høgtalarkonstruksjonar. Det var ekstremt naturleg lydattgjeving, som levande musikk i ein konsertsal. Men ein femtenåring kunne berre drøyme om eit slikt anlegg. Det vart i staden eit traust Tandberganlegg for konfirmasjonspengane.

Men denne demonstrasjonen hadde sett spor. Dette var etter kvart med på å få meg til å velje Bose 901, seinare elektrostatar som mine fyrste seriøse sprell innan høgtalarar, og kanskje til slutt inn på mitt siste høgtalarval MBL 101 som eg framleis er svært fornøgd med.  Så då eg såg Larsson sine litt større modellar på haustens Hortenmesse, var eg snar med å tigge til meg eit prøvesett. Stig Carlsson er ikkje meir, men tankane om lydattgjeving har vorte vidareførte av Larsen.

Desse høgtalarane ser ganske spesielle ut, og mine døtre kommenterte deira utsjånad var slik at mor neppe ville elske dei. Men dei var iallfall lettplasserte, tenkte eg. Men eg tok nok feil der også….synte det seg etter kvart.

Innspelingstid

Høgtalarane var heilt nye, så dei let ikkje optimalt i starten. Eg merka ein metallisk klangfarge på transientane, om lag som det vi kjende att som «tyskarlyd» i gamle dagar. Heldigvis dabba denne tendensen av ganske raskt, og vi fekk i staden ganske nøytral klangbalanse. Ikkje slik mine 15 gonger dyrare referansar er, men absolutt prisadekvat. Dessutan kunne eg sikkert spelt dei inn endå lengre enn dei par dagane eg lot dei stå på konstant. Mekaniske innretningar som høgtalarar har behov for litt innspeling.

Plassering av Larsen 8

Dette er i utgangspunktet ein svært grei høgtalar å stille opp. På same måte som dei tidlegare Carlsson-slektningane kan de settast mot bakvegg, og endåtil i kroken. Står dei der, leverer dei svært overtydande bass, og ein ganske saumlaus overgang til mellomtone og diskant. Her er det gjort godt arbeid når det gjeld delefilter og elementval, så berre ut frå dette er det svært mykje for pengane. Men det aller beste med desse høgtalarane er likevel lydbildet.  Dette har ganske klare likskapar til MBL. Rett nok ikkje i same klasse, men til gjengjeld med ein lettplassert og lettdriven konstruksjon som gjer at du slepp dei heilt avsindige investeringane og møbleringsterroriseringa MBL tvingar deg til. Så om du kan leve med litt meir hengete bass og noko mindre dynamisk handlingsrom, sparer du store pengesummar.

Så kom eg dit at eg skulle til å pakke ned høgtalarane. Eg grudde meg fælt til dette, ettersom emballasjen var svært merkeleg. Ein tanke for i meg – skulle eg prøve å stille opp høgtalarane annleis enn det som var produsenten si tilråding? Eg prøvde meg på å bytte om mellom høgre og venstre høgtalar, og opplevde morosam lyd som ein superutgåve av dei sveitsiske Geneva-høgtalarane, eller kanskje meir som ein monsterversjon av ein ghettoblaster? Eg sette dei rygg mot rygg, tok dei fram på golvet og fekk mange spennande resultat. Plassering litt ute på golvet, eller iallfall ikkje heilt i hjørna førte til ein noko slankare og meir naturleg bass etter min smak. Men når alt kjem til alt, vil eg  likevel meine at det er lurt å bruke tilrådd plassering, med mindre du har lyst til å ha alternative lydopplevingar til det heilt naturlege. Men eg vil råde eventuelle kjøparar av desse høgtalarane å leike seg/eksperimentere med oppstillinga. Det kan hende du finn ut at du får det skikkeleg morosamt når høgtalarane står litt spesielt.

Konklusjon

Ein lettplassert høgtalar som formidlar eit svært truverdig lydbilde, til fornuftig pris. Ikkje greia for den som skal ha pinpointing, men heller for den som ynskjer seg ei konsertoppleving heime i stova.

 

Veil pris for Larsen 8 er kr. 44.500,-

Larsen importerast til Norge av Mala Audio

Lest 2629 ganger
Arve Åheim

Skribent i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.