lørdag, 07 oktober 2023 07:32

Hortenmessa 2023 – inntrykk frå tre Audiophile herrar. Del 2 – Arve sine inntrykk Spesial

Skrevet av

 

Vi held fram med våre messeinntrykk, og i dag er turen komen til Arve sine utvalgte lydopplevingar å minnast frå Horten i år.

Øyrepluggar med godlyd

Av og til er det ikkje aktuelt å dele musikkopplevingar, der dei andre i huslyden slett ikkje har lyst å høyre på det du spelar av på stereoanlegget. Då er det kjekt med øyretelefonar, gjerne store øyretelefonar som formidlar lyden på skikkeleg vis. Men slike store, dyre høyrelurar kan vere travle å ta med seg, og då er det mange som vel øyrepropper.  Gjerne billege øyrepropper med sånn passeleg godlyd.

På messa fekk eg demonstrert eit spennande alternativ; øyrepluggar med god lydkvalitet. Eg fekk ein rask demo, og fekk inntrykk av at dette kunne måle seg med ganske flotte øyreklokke-konstruksjonar. Men det ser ut som eg ikkje er skapt slik som andre, eine øyrepluggen måtte haldast på plass for å gje att bassen skikkeleg. Det synte seg at min høgre øyregang ikkje passa saman med pluggen. Men her hadde produsenten (som held til i Os utanfor Bergen) råd. Han kunne lage formstøypte pluggar som er 100% tilpassa mine øyregangar. Eg får sjå neste gong eg er i Os.

Mark Levinson

Er ein av dei verkeleg legendariske hifi-produsentane. I år var det stilt ut jubileumsutgåvene av effektforsterkarar. Dei bør vere verkeleg gode, for prisen er 600 000/kr paret. Men det var også andre verkeleg spennande ML-produkt; trådlause øyretelefonar av eineståande kvalitet, med støydeping  No 59 Premium var dei kalla. Desse hadde kvalitetar som kan måle seg med svært gode kabla øyretelefonar. Mange funksjonar og ein eigen app for å fintrimme lyden.

The Stereo Shop og Audiosenteret satsar på JB Lansing

Her kunne du få oppleve JBL. Dei legendariske høgtalarane med rockelyden så mange er glad i, og så mange produsentar prøver å kopiere. Men det er noko eige med originalen då…..   L100, ein av dei mest kjende modellane, har vorte fornya, og spelar betre enn nokonsinne, til ein pris av knappe 50 000. Men den noko mindre L82 leverte også glimrande rockelyd til om lag halve prisen.

Audiosenteret frå Sandefjord hadde JBL-konstruerte for innfelling i veggane. Når innbygging vert gjort skikkeleg er det eit svært så praktisk alternativ for å ha godlyd utan å bruke opp  plassen in stova. Modellane som vart synte fram heitte studio 6 og 88 CLR in-wall. Saman med to frittståande, rørslege subwooferar vart dette ganske heftig.

Mola Mola

Er ein verdig representant for forsterkartrenden med å bygge små, lette, men frykteleg kraftige effektforsterkarar. Her kunne du få 300Watt pr kanal. Dette har eg verkeleg lyst til å prøve ut. Vi får sjå om det kan bli ein artikkel ein gong…

AudioAktøren

Terje fortalde at han har for mange spolebandspelarar. Så stalltipset mitt denne gongen er at det kanskje kan ordnast kjekke prisar på fullrenoverte supermaskiner. Spolebandavspeling er nok den aller beste måten å sikre representativ attgjeving av orginallyden.

Det vanskelege rommet.

Audio Agenten hadde hamna på det vanskelegaste rommet på messa. Men dei hadde gjort noko ingen andre hadde prøvd før; speglvendt rommet, slik at lytteplass og høgtalarplassering hadde bytt plass. Høgtalarane var engelske Ophidian incanto, drivne av italienske EAMlab. Omgrepet «engelsk lyd» må nok omdefinerast. Lyden var svært dynamisk, langt betre enn andre oppsett eg har fått demonstrert på dette rommet.

Rørentusiame

På eit av romma var det koseleg skin av elektronrør. Og eit komplett røroppsett kunnne by på heidundrande attgjeving av musikk. To råskinn av monotrinn var utstyrt med dei brutale KT 150-utgangsrøra i triodeoppsett, noko som gjorde at dei kunne levere dynamikk som få andre. Eg vart også fortalt at det var brukt Lundahl utgangstrafoar av svært høg kvalitet. Einast DACen hadde berre «litt» rø i konstruksjonen, som var laga i Polen. Slike opplevingar minnar meg på at eg eitentleg ville hatt røroppsett sjølv – berre så synd at heimehøgtalarane er så tungdrivne….

På Loftet.

Dei som fann trappa, kunne glede seg over eitt av dei beste lydromma på messa. Her fekk du høyre flott lyd frå Endpoint Audio. Hardtslåande hornhøgtalarar av merke «Horns» (ganske godt skildrande namneval)frå Polen vart drvne av tyske rørforsterkarar kalla Thøress. Dei var faktisk så tyske at funksjonsknappane var utstyrte med tysk tekst. Det kanske aller mest spennande produktet var kanskje Riaaforsterkaren, som har andre funksjonar  enn andre riaatrinn eg har sett. Så det ser ut som Endpoint Audio må få besøk ved høve.

Norsk Audio Teknikk

Her var små beskjedne PMC-høgtalarar demonsterte. Dette er høgtalarar som ikkje berre ser snille ut. Dei er langt råare en det du trur når du ser dei.  Beste WAF/lydkvalitet-faktor på messa?

Mange andre inntrykk

Det var mykje interessant på messa i år, og eg kunne tenkt meg å fått nærare kjennskap til Acoustic Tuning sitt spektakulære oppsett, Klipsch sin nye Cornwall med Audio Research elektronikk (leverte akkurat det vi meiner med horn- og rørlyd). Her var svinedyre elektrostatar som nesten måtte seiast å vere verd prisen, norskprodusert platespelar til under to hundre tusen, og mannshøge høgtalarbeist med vanvittig lydkvalitet (og pris). Så det var vanskeleg å rekke over alt. Uansett , Hortenmessa har no helde på  i 21 år, og er den klart viktigaste messa for tung hifi i landet. Så det beste er å vere til stades sjølv. Vi snakkast kanskje til neste år.

 

Les og Del 1 - Stig Arne sine inntrykk
Les og Del 3 - Karl Erik sine inntrykk

Lest 2835 ganger Sist redigert søndag, 08 oktober 2023 18:26
Arve Åheim

Skribent i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.