lørdag, 02 november 2019 12:12

Pink Floyd og lydattgjeving

Skrevet av

Eitt av dei mest ikoniske band for min generasjon er Pink Floyd. Deira største suksess «Dark side of the Moon» var i fleire tiår brukt som demonstrasjonsplate i hifi-samanhengar der ein skulle syne spesielt basseigenskapar og kva oppløysing av lydbilde anlegga kunne klare. Det er vel så at dette er musikk som alle eigarar av seriøse hifianlegg har eit forhold til. Men kva var bakgrunnen for dette progressive og psykideliske meisterverket? Kva dreiv Pink Floyd med før?

Det er skrive massevis om dette andre stadar, og det finnest biografiar og filmar som tek føre seg det meste av det karane i Pink Floyd har drive med. Men eg vil prøve å sjå på nokre av dei tidlege albuma ut frå eit lydmessig perspektiv, og har valt ut to som eg likar godt, «Atom Heart Mother» og «Meddle»

 

Atom Heart Mother

Albumet kom ut i 1970, og slo godt an, iallfall i heimlandet der dei kom høgt på listene. Det er eit spennande, utprega eksperimentelt album, sterkt konseptuelt, der fyrste sida er bygt opp av fleire satsar. Det startar med ei slags overtyre; Father's Shout og byggjer seg vidare med i alt seks satsar på symfonisk vis utover platesida. Her er koringar, blås, strykeinstrument og instrumentelle tema som gjev hifi-anlegget utfordringar innan oppløysing og perspektiv. Heile sida er likevel roleg og ettertenksom musikalsk, utan store dynamiske utbrot. Anlegget ditt vil heller få køyrt seg når det gjeld nyanseringsevne, og formidling av måten musikken utviklar seg. Det er alt frå vakre melodilinjer til psykidelisk støyande bruk av lydeffekter.

Side to er ganske lik, men har tre kortare,enklare låtar før avslutningsverket Alan's Psychedelic Breakfast. Den fyrste If, har vore framført av Roger Waters innimellom. Enkel, nesten som visesong, med miks der vokal og gitar ikkje er samla. Etter vokalen kjem eit enkelt bassriff som kontrar ein beskjeden, laidback gitarsolo. Enkelt og greitt, medan resten av dette albumet er såpass krevjande effektmessig at det truleg ikkje har vorte framført utanfor studioet den gongen det vart laga.

Summer -68 er roleg i starten, og interessant tekstmessig ut frå at det er kritikk av rocke-livsstilen. (kjelde Wikipedia). Melodiøst, forsiktig pianodominert før det går attende til blås og eit større arrangement, med psykidelisk klangfarge, der eg gjerne skulle likt å høyre arrangementet på ein meir naturleg måte. Medan akustiske gitarar og lydbildet elles er flott å høyre på, også i dag med dei krava vi stiller til godlyd.

Fat Old Sun startar interessant med nokre sterkt neddempa kyrkjeklokker, men er ein roleg sak. Her jobbar David Gilmor med gitarsoloar som heilt sikkert kunne vore utvikla til symfoniske dimensjonar, noko som teknisk sett ikkje var muleg, då neste låt også skulle ha plass på denne sida:

Sluttsporet Alan's Psychedelic Breakfast vart ofte brukt til å teste stereoanlegg før «Dark Side». Dei mange lydeffektane her er veldig spesielle, om enn ganske kjende. Drypping frå ei vasskan, mumling samstundes Som Roger Waters lagar English breakfast, med litt musikk til arbeidet. Kreativt som ingeting anna eg har høyrt. Og kvar dei ulike lydkjeldene oppheld seg til ei kvar tid – dette er nesten ubeskriveleg, komplisert, humorisktisk og eit bevis for kreativiteten rundt det desse ungdomane dreiv med den gongen for om lag femti år sidan. Spesielt morosamt er det at den dryppande kranen held fram med å dryppe om du gløymer å løfte stiften frå sluttsporet, medan plata hakkar rundt i siste rille.

 

Meddle

Dette er eit album frå 1971, og eigentleg det studiealbumet som kom før DSOTM. Men ein skal hugse på at det også vart laga eit album med filmmusikk; «Obscured by clouds» samstundes med meisterverket, som kom totalt i skuggen av Dark Side. Dette er annleis, vel verd å lytte til, sjølv om eg ikkje går inn på lydattgjevinga over dette, heller ikkje dei tre fyrste albuma som er for psykideliske til at eg orkar spele dei noko særleg.

 

One of these days er ein låt som i ettertid må seiast å vere typisk PF. Her har vi to bassgitarar, merkeleg bruk av steelgitar og perkusjon, og ei vrengd stemme, visstnok av Nick Mason som seier: «One of these days, I'm going to cut you into little pieces». Lydbildet er stort og detaljert, ganske typisk psykidelisk, med avslutning der steelgitaren og lyd som assosiserast med vind fører oss til neste spor. Det peikast framover mot DSOTM.

Neste låt; «A Pillow of Winds» fører temaet vidare, med ein miks av mange gitarspor, og tekst som kan passe til ein godnattsong. Lydbildet er framleis stort, detaljrikt og spennande, langt frå det tidstypiske anno 1971.

Tredje låten på albumet, «Fearless» har ein atypisk klingande gitar, og endar med eit opptak av syngande fotballentusiastar. Ikkje så veldig spennande, uansett kva synsvinkel ein har.

Fjerde låt, «San Tropez» er meir laidback, og eg assosierar sommar, sol og paraplydrinkar, men må innrømme at eg ikkje er heilt med på teksten. Her spelast jazzpiano før låten tek slutt.

Siste låten på fyrste side er ein svært så tradisjonell blueslåt som heiter «Seamus», og er namnet på hunden som er vokalist på dette sporet. Kanskje inspirasjonskjelda på seinare kutt der Roger Waters brukar hund som gjesteartist? Men lydmessig relativt uinteressant.  

Så snur vi plata, og kjem til det som er interessant med «Meddle»; den 23 minutt lange låten «Ecoes», som vart laga på ein sært sær måte; bandet gjekk i studio individuelt, og spelte inn riff heilt uavnehgig av kvarandre, og sette det saman til ein lang låt. Låten startar med eit slags «sonarping» og utviklar seg så Pink Floyd-aktig at eg vil påstå at dette er ein av deira aller beste låtar.

Meddle er nødvendig å ha for Pink Floyd-entusiasten, men ver obs på at det er ein heilt annleis og moderne miks på CD-versjonen frå 1994. Eg spelar alltid den originale vinylutgåva, om eg har noko val. For det store lydbildet med alle sine fargerike detaljar er ein rikdom berre tilgjengeleg for den som lyttar til dette gjennom eit seriøst hifi-anlegg.

 

Eg har nokre forsøk bak meg på å beskrive «DSOTM», men har ikkje vorte skikkeleg fornøgd med skrivinga så langt. Dei andre albuma burde også vore omtala, og eg har eit svært godt forhold til «Whish you Were Here» og «The Wall», men desse er såpass godt omtalte at det kanskje ikkje trengs fleire? Elles må eg innrømme at eg har dei andre albuma også (ikkje «Ummagumma», det likte eg ikkje), utan at eg har så sterke opplevingar rundt dei som dei ovannemnde. Men finn fram platene – det er musikalsk utmerka val for ein laurdags føremiddag om du ikkje spelar for høgt...

 

 

Lest 1010 ganger Sist redigert søndag, 03 november 2019 11:27
Arve Åheim

Fagredaktør i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.