søndag, 06 juni 2021 22:08

TEST: Primare R35 - riaaforsterkar Spesial

Skrevet av

Då eg henta kassa med R 35 på posten, noterte eg meg at denne svenske riaaen hadde same vekt som min norske 400 Watts sterke effektforsterkar. Såpass tung hifi skulle love godt. Det er ein tendens til at vekt og kvalitet fylgjest åt innan hifi. Har det lukkast svenskane å lage ein skikkeleg riaa?

R 35 har eit stilreint, men svært enkelt design som ikkje burde skremme nokon. Men han er stor og tung, over 9 kg og like tung som effektforsterkaren min. Dette trass i at han har relativt lite innmat, og det meste op-ampar, noko som var fy-fy for ganske få år sidan, men som no ser ut til å fungere utmerka. Opnar du lokket, ser du ein topografi som nesten er for ille å skjule, for her er det ryddig plassering av komponentar. Berre ei kraftig straumforsyning kan seiast å markere seg. Elles er det eit enkelt design, men alt det nødvendige er på plass. Eit subsonisk filter som tek vekk skumle hallingkast frå basselementa, om du skulle vere så syndig å skape uheldige armresonansar med upassande pickupar. Du kan trygt ha dette på konstant om du er usikker. Iallfall klarar ikkje eg høyre når det er innkopla, sjølv om høgtalarane mine skal gå nedimot 20 Hz i bassen.

Både XLR og RCA utgangar gjer at du kan bruke han i alle samanhengar. Køyrer du balansert, har han ei imponerande forsterking på 76 dB, noko som kan komme godt med, for han kan justerast til alle dei pickupar eg har orka å kople opp, noko som er det kjekkaste med R 35. Det at eg fekk fintrimma impedansen til dei tilrådde 400 Ohm for Kiseki Blue, gjorde at pickupen fekk arbeide under optimale tilhøve. Det vart difor til at eg spelte mesteparten av tida med denne pickupen. Endå eit prov på at matching har mest å seie, men at justeringsalternativ er om lag like viktig, om du skulle få lyst til å prøve noko nytt. Så då eg tok til med lyttinga for alvor, vart det tydeleg at Kiseki baud på flottare lyd, iallfall etter min smak, enn min andre referansepickup, Audio Technica AT33SA, som på mange måtar kan seiast å vere meir moderne, meir korrekt, om enn ikkje heilt så entusiastisk i spelestilen som Kiseki.

Dersom du har tenkt å prøve ut ein del pickupar, er det nesten avgjerande at du kan tilpasse riaa til dei aktuelle testpickupane. Her justerer du R35 med nokre solide «dip-switch» (mikrobrytarar), som er plasserte på baksida av forsterkaren, under to deksel.

Litt tungvint for den som skal skifte ofte, men perfekt for folk flest. Skulle eg ønske meg ein fasilitet til på R35, var det fjernkontrollert justering av impedanse og gain frå lytteposisjon. Dette ville sikkert doble prisen, så det er berre ekstremt giddalause hifiskribentar med massevis av pickupar som ville prioritert dette...

Lytteøktene på vinyl har vore stormfulle siste året. Det ikkje utan blanda kjensler at eg gjekk bort frå den lettjusterte, rørbaserte EAT-e-glo riaaforsterkar attende til min fyrste high-end-forsterkar, Audio Research-riaaen i SP 10. EAT-e-glo er den beste riaa eg har høyrt, og han er veldig enkel å justere til kvasomhelst pickup. SP 10 har berre fem innstillingar for pickuplast, og ingen mellom 100 og 10 000 Ohm, Og no fekk eg verkeleg kjenne på akkurat dette – sjølv om kombinasjonen av ARC SP10 og Kiseki Blue høyrest flott ut, er det ikkje tvil om at det er ryddigare og meir presist når R 35 tek over. Dette skuldast nok mest at R35 kan finjusterast i det aktuelle impedanseområdet der Kiseki likar seg, medan SP 10 ikkje kan gje Kiseki presis det han skulle hatt, 2 – 400 Ohms last. Eg innrømmer at sjølv om eg var svært fornøgd med måten Kiseki og SP 10 speler saman på, må eg etter å ha samanlikna med R35 erkjenne at eg bør skifte anten riaaforsterkar eller pickup.

Det gjekk altså veldig fint med R35 og Kiseki, noko eg kunne funne fram massevis av døme på. Vi avgrensar oss til nokre få:

  • Eg har for tida dilla på Joni Michell, og hadde «Don Juan's Reckless Daughter» På platetallerkenen. Bassen er ikkje avgrunnsdjup når Kiseki Blue spelar. Men ein veldig autoritet der Pastorius slår an den dupaste bassen når «Cotton Avenue» spelast. Det er også svært imponerande kor godt lydbildet formidlast, med perspektiv endå tydelegare enn det eg er van til, og fornøgd med. Klangbalansen er også slik eg likar han, og når Eaglesplatene kjem på, er det ganske perfekte attgjeving både i mellomtonen og på frekvensfløyane. Som på Cotton Avenue spelast bassgitaren med autoritet og tydeleg skilje til basstromma. Dette er øvingar som ikkje alle vinylriggar fiksar. Eagles høyrest greitt ut i dei fleste oppsett, men det er faktisk meir å hente når ein grev litt.

  • Eg spelte også «Blue», og vart svært begeistra for det vidopne lydbildet som fortona seg framfor meg. Den noko merkelege miksen der akustikk og romoppleving blandast med pinpointingtendensar, høyrdest meir sannsynleg ut enn noko anna eg har prøvd. Tydelegvis ikkje på grunn av ein einskild komponent, men samspelet mellom desse. Og det er svært interessant at ein såpass rimeleg riaa som R35 kan greie seg så til dei grader i dette selskapet, der også Kiseki blue stortrivest.

  • Eg prøvde også litt progrock av 70tals årgang. Moody Blues «Question of Balance» er ei plate eg har sett stor pris på, men musikken funkar ikkje alltid for meg når eg lyttar på eit supernøytralt anlegg. Kiseki er ein drøymepickup når slik musikk spelast, og eg var spent på om magien ville forsvinne når R35 tok over for den gamle rørforsterkaren. Men eg uroa meg heilt utan grunn – R 35 gjorde jobben minst like bra.
  • Billy Joel «Piano man» er ei litt uferdig plate, både når det gjeld musikken og innspelingskvaliteten – Billy får betre lyd etter kvart – og her har eg hatt sans for å sukre medisinen med litt feitare klangbalanse. Her var det faktisk slik at SP 10 kamuflerte den litt tutlete miksen, medan R35 var ganske nådelaust avslørande (i den grad Kiseki lot riaatrinna få dominere). Men det var endå verre med Audio Technica AT33SA.

  • Så sette eg på «Borderline» med Ry Cooder. Her er miksen svært god, og det kryr av detaljar å henge seg opp i, det er berre ein mangel her, innspelingsnivået er lågare enn dei fleste album. Dette gjer at du henger deg opp i dynamikken, og det er svært lett å verte frustrert om du vil skru opp litt, og du er avhengig av godt utgangsnivå på pickup, kopla med ein riaaforsterkar som har nok gain. Også her var R35 svært overtydande, og må seiast å gjere jobben mest elegant. Om du har dette albumet, legg merke til korleis opptaket tek vare på nyansane i dynamikk mellom dei mange instrumenta og stemmene. Eit album der du verkeleg kan finne ut av kvalitetane i anlegget ditt.

  • Eg vart såpass inspirert av «Borderline» at mi yndlingsplate med Ry Cooder måtte spelast: «Jazz». Endå fleire instrumentsprell, endå tøffare attgjeving av detaljar, og endå ein gong den naturlege, sprudlande dynamikken. Og kanskje endå flottare musikk? Legg spesielt merke til bassen. Her går det i basstromme og tuba – og fy Søren, kor stilig det er gjort. Legg merke til at du ikkje høyrer om det subsoniske filteret er innkopla eller ei. Musikken til Ry Cooder gjer seg så veldig bra i oppsettet eg no lyttar på. Konstellasjonen i vinylriggen er berre magisk.

  • Då måtte også verdas fyrste (vert det sagt) kommersielle, digitale album spelast Ry Cooder «Bop till you Drop». Vokalen her, spesielt bassen, er endå stiligare enn på «Jazz», og det er mykje å fryde seg over, spesielt musikalsk, men det er likevel noko annleis opptaksteknisk enn dei andre albuma, meir polert, liksom. Eg brukar å skulde det på den nye, eksperimentelle digitalteknikken, men det kan hende eg tek feil?

  • Klassisk er også ei viktig øving å ta for seg når vi kanskje skal bruke ord som har med state-of-the-art å gjere. Så eg spelte «ein midtsommarnattsdraum» med Andre Previn på EMI ASD 3377. Mendelssohn sitt mest særmerkte musikkverk, skrive då han var svært ung (og kanskje med mykje hjelp frå storesyster Fanny, seier eit rykte...) Dette opptaket er svært flott, spesielt når det gjeld dei vokale partia. Også her gjer R 35 ikkje skam på korkje seg sjølv eller den pickup du måtte finne for godt å bruke. I mitt tilfelle var det store, opne lydbildet endå meir overveldande enn når eg brukte SA33+SP10. Mange meiner at Kiseki Blue helst er ein rockepickup, men saman med R35 syner det seg at han også klarar symfonisk sjanger med bravur.

Slik gjekk eg gjennom mange plater, innan både elektrisk, elektronisk, så vel som både store og små ensemble innan ulike former for akustisk musikk.

Det vart etter kvart til at eg lot SP 10 kvile fleire veker, medan R35 fekk sjansen til vere opprigga i anlegget i over ein månad, og såleis prege min kvardagsvinyl-lytting. Og oppsettet vaks på meg, slik at eg vart meir og meir begeistra Det må berre seiast at det meste av det eg sette på, fungerte svært godt, uansett sjanger. Spesielt klassisk musikk innspelt på RCA på tidleg 60-tal imponerte, ein serie med svært gode innspelingar. Men sanneleg kunne også Billie Eilish og Karpe imponere, trass i ein ganske annan opptaksfilosofi og musikk. Kombinasjonen av riaa og pickup verka uansett suverent.

 

Så kom tida då eg skulle pakke ned, og skifte over til SP 10. Det var ikkje utan vemod, og eg følte det var mykje meir spennande å finne ut om dette riaatrinnet. Eigentleg skulle det vore prøvd fleire pickupar på R35. Eg var ein liten tur innom den gamle Moving Magnet-legenden Grace F9, og sjølv om det ikkje er lite å klage over, var mine to MC referansar såpass mykje betre at eg ikkje orka å spele meir med denne enn at eg kunne konstatere at 47 kOhm-innstillinga på R35 også fungerte utmerka. Det hadde vore moro å prøve ein Ikeda eller Ortofon med skikkeleg låg output, men det var ikkje så enkelt å oppdrive i farten. Men eg ser ingen grunn til å tru at slike pickupar ikkje skulle fungere godt, dei også. Og det er noko eige ved å lytte til lågoutput-pickupar utan MC-trafo, men gjennom ein riaa med tilstrekkjeleg forsterkning. Og når R35 også kan utstyrast med XLR-kablar, er det all grunn til å vurdere Primare R 35, uansett kva pickup du måtte ha. Eg trur dette riaatrinnet trygt kan reknast som state-of-the-art. Det er ingen lydmessige svake punkt. Endåtil kan du ha det subsoniske filteret ståande permanent innkopla. No har eg rett nok god tilpasning mellom Kuzma-armen og Kiseki. Har du andre, mindre heldige pickup/arm-konstellasjonar, kan du risikere store utslag på basselementa. Mine høgtalarar går visstnok ned mot 22 Hz, og eg kunne ikkje høyre om filteret var innkopla eller ei, så her kan du gjere det tryggaste utan at det går ut over lyden.

 

Konklusjon:

No finnest det massevis av gode riaatrinn, i prisklassar både lågare og høgre enn Primare R 35, som i skrivande stund kostar 14 995.00 frå www.lydglede.no. Og det er rasande billeg, når du ser kva du får att for pengane. Det kan vere naturleg å samanlikne med svært dyre alternativ. Om du har eit høgt budsjett kan kanskje ting som Manley, Audio Research og EAT har ting du vil like betre, og som er lettare å justere. Men du skal vekse langt inn i state-of-the-art-universet for å oppleve at Primare R35 vert det svakaste leddet i anlegget ditt. Dette er ein nøytral, støyfri riaa som ikkje markerer seg, men som let pickupane få spele med eige særpreg, til ein svært overkomeleg pris.    

 

Anbefalt pris på Primare R35 er kr. 14.995,-

Les mer om R35 hos importøren Lydglede

Les mer om R35 hos Primare

 

Lest 1528 ganger
Arve Åheim

Skribent i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.
Mer i denne kategorien « TEST: The LOOP frå Soulines