tirsdag, 03 november 2020 22:36

TEST: Kiseki Blue pickup Spesial

Skrevet av

Nei, dette er ikkje ein blues-pickup – eller forresten, han er det også. Kiseki kan brukast til alt. Ein av dei legendariske pickupane frå 70-talet er endå tilgjengeleg.

Er du så gammal at du hugsar tida då eit stereoanlegg var eit stereoanlegg, og ein pickup var ein pickup? Den store gullalderen til vinylplatene? I tilfelle det er gløymt i dagens digitalstrøymeteneste kan det vere på sin plass å friske opp minnet:

Det var ei tid då vinylplater var det einaste seriøse og kommersielle musikformatet. Spoleband var for dyrt og tungvint for folk flest, og kassettspelarane var ikkje gode nok. Så alle hadde platespelar, og naturlegvis pickup på desse. Alle forsterkarar eller receiverar hadde platespelar tilpassa standard moving magnet på 47 kOhm. Dette omfatta også billege ting. Ikkje alle såg seg råd til dyre anlegg, men det skulle likevel vere skapeleg lydkvalitet, så det nytta ikkje utan ein viss kvalitet. Den gjengse oppfatninga var at platene skulle skånast så godt som råd for slitasje, og stifttrykket så lågt som muleg. Pickupar og armar skulle vere lette, og dei færraste hadde høyrt om moving coil. (Einaste unnataket var danske Ortofon, som produserte ting for marknadane i aust).

Informasjonen om avspelingsutstyr kom frå USA, der Joseph Grado sat på patentretten til MC. Men ettersom han var storprodusent av moving magnet/iron-pickupar, slapp han ikkje MC-ane laus på den amerikanske. Også i Noreg vart det såleis svært få som kjende til MC-konstruksjonane. Dei mest utbreidde platespelarprodusentane var Garrard, Philips og Dual. Som hadde greie pickupar og pickuparmar inkludert i prisen, og alt var i harmoni. Lite ante vi at ein platespelarrevolusjon var på veg...

 

Japanarane kjem!

I Japan var situasjonen heilt annleis. Musikkelskarane der i aust hadde ein annan type pickupar, moving coil, som skilde seg kraftig frå moving magnet og moving iron på fleire måtar. For det fyrste var dei ofte ganske store og måtte ha høgt stifttrykk. Dei var stive, og likte seg best i tyngre armar enn dei gjengse vestlege armane, og ikkje minst hadde dei lågt utgangssignal, slik at dei måtte ha ekstra forsterkar, eller ein tilpasningstransformator. Og så var dei oftast best med mindre motstandslast enn den vestleg standardiserte MM-inngangen med 47 kOhm.

Så starta revolusjonen på platespelarfronten! I Japan tok dei til å masseprodusere rimelege platespelarar med direktedrift, som hadde langt betre målbare kvalitetar enn dei med beltedrift eller mellomhjul. Desse platespelarane med direktedrift var i utgangspunktet tilpassa japanske pickupar, og hadde ofte armar som var tunge til mellomtunge, og bokstaveleg skapt for moving coil.

Det var ganske lett å høyre at moving coil skilde seg frå Pickering, AKG og Shure, som var tre av dei mest populære pickupmerka i vest. Den fyrste MC eg høyrde var Denon 103. Eg kom til å øydelegge ein slik for ein kamerat, og måtte skaffe erstatning. Då var den nye 103D (med Shibataslipt nål) dukka opp, og eg fekk tak i ein slik til meg sjølv også, påverka av strålande omtale i amerikanske The Absolute Sound. Men eg hadde ikkje hatt han lenge før den gamle sverdsmeden Yonko Sugano lanserte dei styggdyre Koetsu-pickupane (sjå omtale av Koetsu Black her) med endå større kvalitet. Og så kjem vi til saken; Kiseki – tredjemann inn.

Ein blå, litt spesiell sak

Kiseki er ein svært liten produsent av pickupar, og har ei dramatisk fortid. For den interesserte står Kiseki sin versjon av soga her. Men vi som mest er opptekne av lyd, nøyer oss med å merke oss at merket vart skapt i Europa for å konkurrere med Koetsu, som etter nokre år visstnok tok til å slite med levering, kvalitetskontroll og avtaler generelt. Kiseki hadde fyrst lovande utvikling på europeisk og amerikansk marknad, men lukka enda brått då CD-mediet kom på marknaden. Dette er ei lang historie vi ikkje går meir inn på, bortsett frå å fortelje at Kiseki på nytt har etablert seg, med pickupar i den aller øvste kvalitetsklassen.

Når du pakkar ut Kiseki Blå, er det nødvendig med eit lite umbraco-skrujarn. I ein sylinder laga av tre må du fyrst skru av lokket, og deretter løyse pickupen som sit fast i botnen. Dette er ein svært trygg emballasje, og ingen skade kan komme til pickupen utan å knekke boksen. Pickupen er velsigna med gjengar i skruefestet, slik at du slepp dille med mutrar for å feste pickupen i skalet. Kvifor gjer ikkje alle pickupprodusentar dette? Det er tryggare for pickupen, og langt lettare å arbeide med for den som nervøst skal montere ein bitteliten komponent til mange tusen heilt korrekt. For slike pickupar, med ekstremslipt diamant og superstiv nålefane av bor (somme skriv boron, men stoffet heiter bor på norsk) er veldig krevjande til monteringa. Og Audioaktør-Terje påpeika at det var viktig å vere nøye.

No prøvde eg ikkje Kiseki Blå i andre armar enn min 12 toms Kuzma 313 Reference. Denne armen har effektiv masse på 14 gram, noko som er i underkant for Kiseki, som burde ha ein tyngre arm opp i mot 20 grams effektiv masse. Eg kan tenke meg at ein litt tyngre arm kunne gjeve endå djupare bass, men eg er godt fornøgd med måten og graden bass vart formidla på. Og det kan hende at det vil utvikle seg endå meir etter nokre timar med ytterlegare innspelingstid. Uansett, desse teoretiske vurderingane er berre retningsgjevande. All erfaring tilseier at du bør prøve ut den faktiske konstellasjonen før du konkluderer. Det er uansett viktig å ha ein arm med svært god geometri og lagring, som også bør vere lett å justere på alle måtar. Eg brukte elektronisk, nykalibrert pickupvekt, og justerte VTA etter øyret, under avspeling (eit VTA-system er gull verd, og lettar jobben kolossalt. Stifttrykket er relativt høgt, 2,4 gram, noko som er heilt normalt for MC-pickupar, og Kiseki Blå sporar då 80µ, heilt etter spesifikasjonane.

Eg streva litt med kva last eg skulle bruke. Min utgamle Audio Research SP 10 kan ikkje tilpassast presist til Kiseki sitt ønske om minst 400 Ohm. Så eg veksla ei stund mellom 10k og 100 Ohm, som er dei næraste innstillingane. Som oftast tapar ein litt utklinging i toppen om ein lastar i underkant, og det skjedde også her. Det vart altså til at eg brukte 10kOhm-innstillinga mesteparten av prøvetida.

Elles var det kjekt å registrere at det gjekk ganske problemfritt å spele Kiseki rett i platespelarinngangen utan trafo eller MC-forsterkar, for det leverast berre 0,44 mV ut frå pickupen. Normalt likar SP 10 å ha 0,5 – 0.6 mV for å spele perfekt dynamisk, men det synte seg å vere tilstrekkeleg for at Kiseki kunne presentere flott dynamikk på alle måtar.

Innspelingstid

Som fersk i rilla spelar pickupen greitt, men noko stramt. Det er ikkje skikkeleg utklinging, ikkje i toppen, og spesielt ikkje i bassen, og du må ikkje rekne med å få att valuta for pengane før du har logga iallfall 30 timar med rillekontrakt. Pickupen kjem seg gradvis, og det er vanskeleg å registrere akkurat når endringane skjer, men mot slutten av testperioden var det iallfall tydeleg betre lyd på svært mange måtar. Eg sjekka kva som var tilrådd frå produsenten, og der vert det tilrådd 50 timar. Det hadde eg ikkje tid til, så vurderingane vart gjort etter om lag 30 timar. Eg merka spesielt godt mot slutten at bassen vart tettare og meir frampå etter kvart, spesielt der basstromma og bassgitaren har fundamentet sitt, altså rundt 40 Hz. Den verkelege djupe djupbassen på 30 Hz og deromkring, fekk eg ikkje heilt ut i laupet av utprøvingstida, men kven veit kva som kan skje?

Dei lydlege kvalitetane

Etter at eg følte meg fornøgd med innspelinga av pickupen, prøvde eg ulike musikksjangrar. I starten var det Fleetwood Mac, Supertramp, Steve Miller som skulle leverast. Dette vart gjort på ein god måte, men endå betre då eg kom attende til desse platene mot slutten av prøvetida. Bassen vart etter kvart svært imponerande ved at han greidde å vere både stram og autoritær på same tid. Diskanten vart også meir og meir imponerande, og høyrdest svært naturleg ut når eg spelte av realistiske opptak. Desse eigenskapane gjer underverk med pop- og rockemusikk. Alt eg la på platetallerkenen innan slik musikk som iallfall eg spelar mest, vart avspelt med denne intensiteten, som gjorde at eg umiddelbart måtte tenke på Kiseki Blå som ein rocke- og pop-pickup. Elton John og Billy Joel vert framført med detaljar eg ikkje kan hugse å ha fått med meg før, med spesielt godfot-fokus på slagverket.

Men eg måtte også prøve klassisk musikk. Eg har nokre flotte Decca-innspelingar frå 60-talet der Istvan Kertesz dirigerer ymse symfoniar. Litt varme innspelingar, med kanskje litt for forsiktig utklinging i toppen. Men her gjorde Kiseki Blå trolldom. Sjølv om pickupen ikkje hadde fått nok innspeling til å vere heilt open i topp og øvre mellomtone. Dette er den beste avspelinga eg kan hugse å ha høyrt av desse platene. Også dei legendariske RCA Living Stereo-platene vart presentert på ein klangmessig svært tilfredsstillande måte, og det ante meg at dette er ein allroundpickup, noko eg fekk stadfesta då eg prøvde litt kammermusikk og til sist Cornelis Vreeswijk sine beste innspelingar.

Vi snakkar ikkje berre om klang og dynamikk i toppklasse. Klangen, attgjevinga av frekvensområdet er kanskje ikkje heilt på same måte så nøytral som det du kan oppleve på ein tørt innspelt CD, men det er heller ikkje meininga når du kjøper ein pickup til femsifra pris. Her gjeld det å finne den balansen mellom det nøytrale og det som gjev deg ståpels av musikken. Dynamikken er meir enn det å kunne gje att veldige paukeslag (noko som Kiseki Blå gjer til dei grader) – her er ei veldig god nyanseringsevne, slik at du høyrer når det spelast mezzoforte, og når det spelast forte. I tillegg, når det lyttast til gode innspelingar, gjer pickupen oss også i stand til å oppleve korleis musikarane er plasserte i rommet. Dette greier også andre pickupar i same klasse, men når det spelast Harry Belafonte in Carneige Hall, er Kiseki Blå kanskje den som tolkar dette best av alle pickupar eg har brukt på denne referanseplata. Plasseringa, lufta mellom utøvarane, måten Belafonte brukar mikrofonen, alt dette smeltar saman med dynamikk og klang, og gjer at du kjenner at du er til stades på konserten i ein grad som du faktisk trur på. Den andre plata mi med live musikk frå Carneige Hall. (The Weavers reunion) er på same måten. Så dette er ein pickup også for dei heilt ekstreme referanseplatene.

 

Konklusjonen

Det er svært sjeldan eg får høyre ein pickup som gjer alt heilt rett. Kiseki Blå er ein allroundar av dei heilt sjeldne, og gjennomfører alt med stor overtyding og musikalitet. Om du speler dine gamle Deep Purple-plater, klassisk innspeling av alt frå svære symfoniar til cellosonatar, visesong, Billie Eilish, formidlast musikken så overtydande at det er vanskeleg å tvile på at dette er verkeleg.

No er dette ein ganske kostbar pickup, og det kan vere nødvendig å vurdere om pickup-armen din er god nok til å formidle det fulle potensialet til Kiseki. Men om du skulle bestemme deg for denne pikupen, og har tålmod til å gjere justeringane slik dei skal, er dette ein pickup som ikkje berre er ei attføding av ei legende, men også er i stand til å formidle kva som helst av musikksjangrar.

Har du tenkt å verkeleg hamne på køyret, finnest det endå dyrare Kiseki-modellar. Men eg lurer på om det eigentleg er nødvendig? Vert det særleg betre enn dette?

 

Les også Rudi sin test av Kiseki Blue i 2014

Importør audioaktøren; www.audioakt.no

Prisen er oppgjeven til 19 500 kr.

 

Lest 665 ganger
Arve Åheim

Fagredaktør i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.