onsdag desember 13 , 2017
torsdag, 17 august 2017 21:35

NAD 3020 - Del 3 Spesial

Skrevet av

Eg har vore inn og ut av diverse bobler i det siste. Eg skriv dette medio august, sumaren er framleis ikkje komen, og du kan byrja å lura på om han kjem i det heile. Eg har difor hatt rikeleg med innekveldar, og har vore ivrig lyttar.

I tidlegare artikkel “Nad 3020 - Del 2" - kan du lesa om slaget mellom Nad 3020 og Rotel RA-820. Eg vil ta opp att denne tråden no - og kåra ein vinnar.

I tillegg har eg vore inom Brukt´n, straks utanfor Voss sentrum, og lånt med meg heim ein CD-spelar (Harman Kardon HD 7400), og fekk ei uventa overrasking. Eg hugsar denne serien frå HK på 90-talet, toppmodellen 7600 var mykje omtala, og eg tippar at 7400 er praktisk tala same maskina (men utan mykje dill som ein ikkje har bruk for). Eg hugsar at eg omtala ein av desse spelarane for eit hifi-magasin, utan at begeistringa gjekk i taket. Det gjorde han no. Dette er noko av det beste eg har høyrt, og han har kome godt ut - t.o.m. i blindtestar! - samanlikna med det beste eg har. Denne skal eg koma attende til. 

Men lat oss ta ein ting i gongen. Eg har spelt meg gjennom ein platebunke av vinyl i det siste, som eg må senda attende til eigaren (i Japan). Kunne ikkje dy meg for å byta pickup-ar eit par gongar undervegs, og gjekk dermed rett inn i endå ei boble. Eg starta med ein MC-picup (EMT), men for å gjera ting so enkelt som mogeleg enda eg opp med ein gamal MM-favoritt, Philips GP 412. Ja eg veit kva du tenkjer, men dette er ein sabla god pickup. Men uansett var ikkje poenget å testa pickup-ar; føremålet var å spela vinyl til ei avveksling, og kosa meg med god musikk. Men eg kan som vanleg ikkje dy meg, og veksla undervegs mellom Nad og Rotel. Må jo uansett finna ut kven av desse eg vil ha ståande i anlegget. Eg starta med Rotel, det var denne som sto kopla opp, og som eg har nytta i vekesvis. Det er noko eige med ein langtidstest. Det er då du verkeleg lærer ein komponent å kjenna. Det er noko heilt anna enn ein kjapp A-B-test. Og ein kveld slår det meg at denne lyden orkar eg ikkje lenger. Lyden er mørk og med eit djupt lydbilete, noko eg vanlegvis set stor pris på. Men samstundes er det litt som å sitja og sjå inn i ein mørk tunell, og lyden er tidvis hard.

Eg vil prøva den siste Nad-en eg har fått tilsendt frå Arild Helms i frå Mandal. (Sjå Nad 3020 - Del 2). Og det var ei lette. Lyden er no meir gyllen i fargen, borte er tunell-effekten, og lyden er mjukare. Og bønene mine er høyrde: Denne Nad-en er ikkje rotut i lyden, slik den førre var. Det var ikkje noko problem å gå direkte frå Rotel-en - som er særs detaljert - og over til Nad-en, i motsetnad til førre gongen. Dei er begge detaljerte, men kvar på sin måte. Og denne gongen føretrekkjer eg Nad-en: Han har ikkje eit fullt so djupt lydbilete som Rotel-en, men samstundes skil han betre mellom ting framme og bak i lydbiletet. Med Rotel ligg alt bak. Og Nad-en har betre breidd, og totalt sett ein meir truverdig lyd. Rotel-en er veldig sterk på “live”-kjensle, men Nad-en er hakk i hæl, men på ein annan måte.

Berre på eitt punkt er Rotel-en totalt overlegen: ein klippefast bass, uansett kor høgt du skrur opp. Eg trur eg må ha MYKJE større ladelyttar i Nad-en for å koma opp på dette nivået. (Nad har 4x2200uF kapasitans, Rotel har 2x6800). Men andre ting kan og spela inn: Dersom Rotel-en har høgare tilbakekopling, forklarar dette den gode bassen og den dårlegare mellomtonen og diskanten samanlikna med Nad. Rotel-en liknar litt på ein annan forsterkar eg og fall for, grunna den mørke lyden og det djupe perspektivet: Ein gamal Technics receiver, som eg har tala om før. Men også denne gjekk eg lei. Lyden var streng og stri. Eg reknar framleis Rotel-en som ein særs god forsterkar, ein av dei beste eg har prøvd (i det siste), og kan varmt anbefala denne. Men prøv å snu stikk-kontakta i støpselet eit par gonger, dette er han var for, den eine posisjonen kan vera tydeleg betre enn den andre. 

Men akkurat no er det Nad-en som tronar oppå tuneren, også denne av merket Nad, og dermed er harmonien på sett og vis etablert på ny. Om det ikkje var for at Nrk har sløkt P1 og P2, men det er no ei anna soge. Uansett gler eg meg, som tidlegare med Nad 3020, til kvar morgon eg kan gå ned i stova og slå på stereoanlegget, lytta til radio (no via Mac-en), CD eller Spotify, eller kva det måtte vera. For det er ingen andre forsterkarar eg har prøvd, som lokkar fram smilet i andletet mitt som med Nad 3020. Til den prisen i alle fall. Og når eg tenkjer på prisen, vert gliset berre endå breiare. Eg kunne sjølvsagt tenkt meg meir krefter, noko som minner meg om at eg kunne veldig godt tenkt meg å prøva Nad 208, ein rein effektforsterkar på kring 200W. Altså det tidoble av 3020. Har du ein slik til låns/utprøving er det berre å ta kontakt. 

Den omtalte Nad-en er ein standard 3020, serienr. A3254540; Made in Taiwan. Han er umodifisert med unntak av utskifting av samtlege elektrolyttar, som omtala i Nad 3020 Del 2. 

Lest 1183 ganger
Stig Arne Skilbrei

Seniorskribent i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Les det digitale tidsskriftet AUDIOphile No.1:

Annonser

Nyeste tråder på Hifisentralen