fredag, 14 november 2025 06:31

Fengande og samanhengande – Osafestivaen Del 2 Spesial

Skrevet av

Del 1 av reportasjen frå årets Osafestival er alt presentert. Sjå gjerne denne for ein presentasjon av festivalen.

Hustveit - Ei litterær/musikalsk utvandringshistorie frå Voss 

Eg lova ein historietime utanom det vanlege, for det var på sundagen kl. 6 at tingingsverket “Hustveit, ei litterær-musikalsk utvandringshistorie" fann stad, om utvandringa frå Voss til Amerika, som siste konsert. Og for ei avslutning. Arrangøren venta 200 besøkjande, det kom 600, den best besøkte konserten nokonsinne på Osafestivalen. Full sal. På ein sundag! Det seier noko om vessene (vossingane) si interesse for lokalsoga. 

David Hustveit heitte ein mann, han var ein omtykt og kunnskapsrik bonde, som trass i at han kom frå ein fjellgard på Voss vart valt til den fyrste ordføraren i Voss. Yngste son hans Ivar emigrerte til Minnesota i 1868, og etter dette fylgde mange. Det var snakk om amerikafeber. Voss hadde den største utvandringa i Noreg i prosent av folketalet, og dette utarma bygda. Båten gjekk frå Liverpool til New York City, og tok 8-12 veker. Undervegs, under kummerlege tilhøve på økonomiklasse i botnen på skipet måtte dei lage sin eigen mat, om dei hadde noko etter at kistematen var fortært. Under overfarten vart born fødde, og folk døydde, og fekk ei kald grav i havet. Vel framme i New York vart mange svindla og kom aldri vidare. Og dei som kom vidare, vart møtte av eit flatt landskap med horisonten kvar ein vende seg, og fekk heimlengt til si “heimlege strand”. 

Livet “over there” var neppe so glamorøst som ein stundom kan få inntrykk av. Dei fleste vart verande, andre drog heim att, og atter andre vart aldri meir spurde. Du kan lesa meir om dette i boka Soria Moria av Eirik Helleve. 

Tekstforfattarar Dag Helleve brukte ikkje mindre enn ti månader på å komprimera ein tekst frå 4000 sider bakgrunnsstoff. Musikken var komponert av Irene Tillung, til seg sjølv på akkordeon, Alexander Aga Røynstrand på hardingfele, Bjørnar Ekse Brandseth på gitar, dobro og pedal steel, og Bjørnar Kaldefoss Tveite på kontrabass. Komposisjonen var utsøkt og musiseringa glimrande; lågmælt, stillegåande og vemodig, som eit perfekt kompliment til teksten, framført av vekselvis Liv Bernhoft Osa og Helge Jordal. Likevel høyrde eg alt heilt tydeleg, takka vera god lyd frå Sprilt, og det faktum at det ikkje kom ein lyd frå salen. Det var stillare enn i eit bibliotek. Ei magisk oppleving, heilt utan dødpunkt, og med bilete på storskjerm. Me kan berre vona at dette store arbeidet har lenger liv enn ei einaste framsyning. Det fortener å verta oppført i kvart einaste grendahus over heile landet, for det var ikkje berre vossingar som emigrerte.    

Lest 258 ganger
Stig Arne Skilbrei

Seniorskribent i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.