tirsdag, 22 januar 2019 18:13

Bjørn-Erik Edvardsen – Stig Arne si dagbok for januar 2019 Spesial

Skrevet av

Det kom som eit sjokk på meg og Stig Inge Bjørge, som tilfeldigvis kom over denne nyheita på nettet, at Bjørn Erik Edvardsen, sjefskonstruktøren i Nad, døydde av kreft 16. desember. Vi leikte faktisk med tanken om å freista å få til eit møte med han (i London?), men no er det for seint.

Eg trudde BEE, som han og vart kalla, byrja hjå Nad som fersk ingeniør. Det stemmer ikkje heilt. Han var inom både Dolby Labs og Acoustic Research fyrst, for verdefull erfaring og forsking (i akustikk i tillegg til elektronikk). Nad har nemleg og hatt høgtalarar på programmet, laga på same fabrikk som Dali etter utsjånaden å døma. Men eg har sett berre eitt par i heile mitt liv (praktisk talt identisk til den gamle Dali 7), so det er opplagt ikkje der merksemda har vore størst. 

Nad var i utgangspunktet berre ei samling av butikkar, som trengde nye produkt etter at AR stogga produksjonen. Marty Borish grunna Nad og fekk BEE med seg, i 1976, men det var først i 1979 at Nad lanserte den no vidgjetne Nad 3020, som etterkvart vart produsert i 1,1millionar eksemplar. Det er visstnok den dag i dag verdas mest selde forsterkar. Denne var det BEE som konstruerte, og den etterfylgjande populariteten til denne og andre Nad-produkt sette BEE i same klasse som Per Abrahamsen i Electrocompaniet, etter at “25-wattaren” vart utropt til verdas beste forsterkar av det amerikanske magasinet The Audio Critic. Desse to norske konstruktørene står i ei særstilling i hifi-verda; i lag med dei aller mest vidgjetne. Vi har fleire, som kan hende til og med er like flinke, men dei har (framleis) ikkje nådd same berømmelse.  

BEE vart trufast verande hjå Nad like fram til sin død, sjølv om Nad skifta eigarskap to gonger, først til den danske distributøren AudioNord i 1991, deretter til canadiske Lenbrook i 1999. So han må ha gjort ein god jobb. Han var visstnok smålåten, og gav gjerne kollegane sine æra for nye framsteg. Etter at Nad 3020 var erklært ein dundrende suksess vart han støtt intervjua, men seinare ser det ut for at han heller unngjekk rampelyset. Du finn mykje informasjon om BEE og Nad på nettet, men ikkje nødvendigvis desse intervjua, som kom i bladform; det mest vanlege på denne tida. 

Eg innrømmer at denne nyheita gjekk inn på meg. Eg har sjølv overlevd ein liknande sjukdom, men det gjorde diverre ikkje BEE. Han var berre 73 år, og hadde truleg vore i arbeid framleis om han ikkje hadde vorte sjuk. Dei siste åra har eg hatt ein heil stabel med Nad 3020 å leika meg med; mogeleg avdi dei er so billege. Eg har brukt mykje tid på å studera og modifisera dei, steg for steg, og held framleis på med dette. Eg kjende difor eit band til Nad og BEE. Eg er overtydd om at eit godt eksemplar av 3020 eller 3020A, forsiktig modifisert og justert, kan måla seg med det meste den dag i dag. Hugs at 3020 var eit vellydende men rimeleg apparat, og sjølv om dei valde komponenta var av god eller ok kvalitet, finst det betre og dyrare komponent som på kritiske plassar kan erstatta dei gamle, og løfta han opp til nye nivå.

Både Stig Inge og eg har, som gode nordmenn, fleire eksemplar av både Nad 3020 og Electrocompaniet sin 25-wattar, som me stadig har det moro med, anten ved å jobba på dei, lytta til dei eller berre har dei til å sjå på, og minnast gode gamle dagar. Takk, BEE.    

 

 

 

 

Lest 5343 ganger Sist redigert mandag, 13 januar 2020 18:50
Stig Arne Skilbrei

Seniorskribent i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Siste fra Stig Arne Skilbrei

Beslektede artikler