lørdag, 30 august 2025 14:09

Tandberg-månad med fleire Tandbergmodellar og fem pilsnerøl – Stig Arne si dagbok juli 2025 Spesial

Skrevet av

Ein bukett Tandberg. Siste verset? Neppe! Fleire er på veg. Men i denne omgangen har me samanlikna Sølvsuper 11 med 12, samt TR 220 og TR 2030. Ein av dei ein skikkeleg godbit, men berre utan den innebygde loudnessen. 

LOUDNESS: VEKK MED HAN!

Fyrst ei oppklaring. “Loudness” står det over eller under ein trykk-knapp på mest alle radioar og forsterkarar, som du kan trykkja inn for å få meir bass (og diskant) når du spelar lågt. Forsking har nemleg synt at me oppfattar desse frekvensane dårleg når me spelar lågt. I og for seg ein grei finesse. Men Sølvsuper 11, 12 (og Beomaster 900, som me skal koma attende til) har ikkje ein slik knapp. Dei har sokalla automatisk loudnesskontroll, som var vanleg på den tida. Du kan ikkje skru han av. Han er knytt til volumknappen. Med volumet relativt nedskrudd får du mykje bass, ved høgt volum mindre. 

Audiofile skyr loudness som pesten, av di denne kompensasjonen er vilt overdriven, og vert berre nytta av dei som har eit spinkelt klingande anlegg. Takka vera internett og reparatøren har eg vore klar over denne finessen på SS 11 og 12, og at han faktisk kan inaktiverast ved å klyppa over to leidningar som har utspring på toppen av volumkontrollen. Einkvar som klarar å skru delvis ut to skruer på kvart sidepanel, trekkja desse til sides og lyfta opp toppdekselet, kan lokalisere volumkontrollen, og kappa desse sjølv, med ein avbitar, eller til og med ei saks. Ingenting å vera redd for! Berre gjer det! Det er som å få ein ny forsterkar. Reint teknisk inneber dette at du koplar vekk eit tilbakekoplings-krinslaup som ikkje trong vera der i utgangspunktet, og som berre rotar til lyden.  

TANDBERG SØLVSUPER 11 (1971-  )

Denne er “identisk” med SS 12 i fylgje reparatøren, men eg har lært meg å skjøna at det gjeld det reint krinstekniske. Komponentar kan vera frå ulike produsentar. Men sjølv utgangstransistorane er dei same. Altso burde desse to apparata låta meir eller mindre identisk. Det gjer dei ikkje. Om det kan skuldast elde, andre komponent eller noko heilt anna, er uvisst. Apparatet kjem rett frå reparatøren og er funne i orden. 

Lyden er yters behageleg, men myrk, slapp og ganske uinspirert. Han har og ein pussig kombinasjon av slagkraftig djup bass og slapp og utflytande øvre bass, som om loudness-funksjonen framleis var operativ. Det er han sjølvsagt ikkje, jamført over. Lydbiletet er djupt, men her er lite innsikt i detaljane grunna ein tilbaketrekt mellomtone og diskant. Radioen kan eigne seg godt for bakgrunnsmusikk, nyhende, og dei med små, ljostklingande høgtalarar, men er ingenting for HiFi-interesserte/audiofile.

PS. Eit anna eksemplar er på veg; for dobbeltsjekk.

PPS. Ferdig. Dette eksemplaret fekk sjølvsagt og fjerna loudnessfunkjonen, men dette er vanskelegare enn på SS 12. Du må lodda inn ein lus på undersida av printet, og dette bør gjerast av ein fagmann. 

Denne SS 11 let noko betre enn den førre, men SS 12 er framleis langt å føretrekkja.   

TANDBERG SØLVSUPER 12 (1977 -  )

Denne er i dagleg bruk og har vore “referansen” andsynes SS 11 og dei som fylgjer under. “Referanse" tyder ikkje nødvendigvis best eller god, berre ein målestokk som dei andre vert vurdert ut i frå. Men ja, det betyr faktisk i dette tilfelle at han er god. Eg er framleis sjokkert over kor velspelande denne vetle gamle radioen er, når han berre vart løyst fri for loudnessfunkjonen. Eg har aldri lese nokon stad at dette er ein forsterkar å sjå opp for, men det er nok av di få eller ingen har høyrt han utan loudness-funksjonen. Og fokuset var nok på dei større, dyrare og meir eksklusive Huldra-modellane. Det kan og vera at ingen brydde seg med Tandberg etter konkursen, med unntak av samlarane. Alle forlèt eit sinkande skip. 

PS. Eg har prøvd ut ikkje mindre enn 3 eksemplar av SS12, og alle spelar ganske likt og særs godt.

PPS. SS 12 er også skildra i juni-dagboka. Ytterlegare omtale er difor ikkje turvande her, men vil koma seinare. Eg kan røpa at ei samanlikning med NAD 3020 alt har funne stad.  

TANDBERG TR 2030 (1977 -  )

Denne er, framleis i fylgje reparatøren vår, identisk med Huldra 12. Han var vel den minste og rimelegaste i den nye TR-serien, som dei ynskte å gje ein ny utsjånad. Denne og Huldra 12 gjekk parallelt i mange år, men det er vel ikkje urimeleg å tenkja at TR-serien skulle ta over for dei eldre modellane. Over 2030 (kring 30 Watt i 4 Ohm) vart stadig kraftigare modellar lansert, som TR 2045, 2050, 2060, 2075, og til slutt TR 2080. Og Snipp Snapp Snute, so var eventyret ute. Denne raske oversikten etter hugsen er neppe komplett, men so er det heller ikkje ei bok eg skriv, og meir info finn du på verdsveven.  

So då skulle vel 2030 og Huldra 12 låta identisk? Det gjer dei ikkje. Ikkje litt eingong. Og grunnen til det veit me framleis ikkje, sjå over om SS11. For det fyrste er eg ikkje særskilt glad i (min) Huldra 12, eg føretrekkjer Huldra 11, og her har eg prøvd to eksemplar. Eit anna eksemplar av H 12 må skaffast for dobbeltsjekk. Det gjeld for so vidt alle gamle apparat. 

Fyrsteintrykket var positivt, her var ein stoooor lyd med masse bass. Men det vart fort klart at bassen var grovt overspelt, og høyrdest mest ut som det samanhengande drønnet du får frå dårleg avstemte bassrefleks-høgtalarar. Og det er dei fleste. Mellomtonen er tilbaketrekt og dårleg oppløyst, som om det var ein SS11 dei hadde putta inn, og ikkje Huldra 12. Og diskanten er nesten fråverande. Nerven og livet i musikken, som er so framtredande i SS12, er nærmast borte, og resultatet er sømndyssande. Dette er ein graut utan sukker, kanel og smørauge. Og då kan du like godt gå til sengs grautalaus, som han sa bestefar min, då han vart nekta kveldsgrauten for han hadde lagt so skrekkeleg på seg.    

TANDBERG TR 220 (1975 -  )

Eg er litt forvirra når det gjeld kor denne TR-serien med tresifra tal høyrer heime i utvalet. Men for meg er ikkje det so forbaska viktig. Eg vil berre finna ut korleis han let. 

Til denne “testen” nytta eg Bendik Hofseth si utgjeving "Pollen and leaves” frå 2023; eg var lei av å spela “Raising Sand” med Robert Plant og Alison Krauss. Eg trudde denne ytte heile 40 Watt, men so synte det seg at han berre yter 14-20, alt etter kven du spør. Eg tykte han spelte høgt og kraftig. Er det ikkje merkverdig korleis ein vert lurt trill rundt av forventningane? 

Radioen har ein litt pussig fasong, han er upraktisk brei (57cm) og ganske låg, og minner mest om ei skjærefjøl. Han har FM, men ingen av dei andre bylgjelengdene. Det er kan hende difor dei har kunna krympa han i høgda. Bassen er fyldig, og fyrsteintrykket kan vera positivt om du spelar snill musikk. Men lyden er vanskeleg å få tak på. Mellomtonen er ugjennomtrengelig, og det hjelper ikkje å skru opp. Eg får ikkje fleire detaljar med meg likevel. Lyden er framleis innelukka og mekanisk. 

Totalintrykket er diverre ikkje positivt; basert på dette eksemplaret. Lydbiletet er samantrengt og forvrengt. Thomas var til stades og konkluderte med at SS 12 var å føretrekkja. Det er kjekt å få vurdert innrykka sine i blant, sidan mesteparten av lyttinga går føre seg i einsemd. Me kan ikkje ha besøk kvar kveld. 

SAMLA KONKLUSJON

Dette var eit relativt skuffande resultat, alt i alt. Det er sikkert mange som stiller seg undrande til at det er ein liten Sølvsuper 12 som står att som lyspunktet, so langt. Det er forståeleg, og det hadde eg sjølv aldri drøymt om. Og det gjeld sjølv om eg har lytta meg heilt opp til TR 2060. Men fatt mot. Fleire modellar står på vent, og det er so utruleg spanande å sjekka dei ut, no som eg er so heldig å har ei slik stor stove der lyden verkeleg får breia seg ut, har abonnement på tapsfri musikk (Apple Music), har ein verkeleg god stasjonær DAC og store, nøytralt lydande høgtalarar i eit lukka kabinett, som spelar reint heilt ned. Og det er jo sjølvsagt difor det er so lett å skilja forsterkarane frå kvarandre. Det er kjekkare å lytta til musikk enn nokon gong. 

Og so hadde eg nesten gløymt at eg har ein svær platespelar og mange gode pickupar av alle slag, men det får verta ei annan soge.   

 

ØLSPALTA - nokre pilsnerøl

 

San Miguel 5,4%

Tilsett mais. Ikkje eit objekt for nærare inspeksjon, mainstream internasjonal øl. Men ingen usmakar heller, og me no endeleg har smakt øl som ligg endå tettare opp til vatn. 

(Birra) Peroni glutenfri, 5%

Liknande som ovanfor, og same ingrediensane. Skilnad i humlekarakter. Endå lettare enn San Miguel, og nærare vatn, men friskare. Sikkert berre ein tabbe at eg kjøpte glutenfri-varianten. 

Kinn Murar Pilsner 4,7%

Er du turr bak øyro hugsar du den gode gamle muraren, på den tid frå Hansa. Klassisk pils med smak av korn, brød og leverpostei. Kan hende ikkje den beste frå Kinn, men lett og leskeleg. 

Mythos 5%, gresk

Nydeleg, med flyktig humlesnek, men når humla har floge sin veg er det lite att å rapportera om. Maltsmak prega av grovbrød, i fylgje Lars. Javel. 

Triple Fruited Mango, 4,8%

Nydeleg mangosmak, men tydeleg sur. Me likar han, men han passar best for surpompar. Du får han på Polet, sidan han ligg skarve 0,1% prosent over butikk. Sidan mykje godt øl ligg over og under kring 5%, skulle me ynskja at grensa for butikkøl vart heva til sovidt over 5. Då kunne me nytt det same ølet som resten av verda, med unntak av svenskane då, som er endå strengare enn oss.         

 

 

Lest 2365 ganger Sist redigert mandag, 01 september 2025 15:11
Stig Arne Skilbrei

Seniorskribent i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Beslektede artikler