fredag, 17 april 2020 16:16

Om Tandberg TL 2520 – Stig Arne si dagbok Mars 2020 Spesial

Skrevet av

Hei igjen folkens, og vel overstått påske. Ja for da har visst vore påske. Ikkje det at eg merka so mykje til det, for ikkje kunne eg stått på ski uansett, med knekt ankel. Eg går no her og hinkar, so for meg kan styresmaktene forby og stengja ned nett kva dei vil. Det kunne ikke passa meg betre. Til gjengjeld har eg lytta mykje på kveldstid, og skrive ein del, men det er for det meste “godt begynt”, som eg gler meg til å gjera ferdig seinare. So til denne dagboka skriv eg noko heilt anna. 

Tandberg TL 2520 og Nad 3020

Edvin inviterte til den årlege smalahovefesten, kor han serverar betasuppe (ja, her er det meininga du kan dra litt på smilebandet). Eg brukar å bidra med stereoanlegg til denne festen, skulle berre mangle, eg har huset fullt. Det vert ikke heilt det same med ein “kjøkkenradio” med CD-sprekk, dvs. eit mikro alt-i-eitt-anlegg. Det vert ikke mykje dansing til slike pistrete tonar. Eg fann fram ein eldre Harman Kardon CD-spelar som spelar veldig fint, men det meste av slike er plenty godt nok til festbruk. Til forsterking fann eg ein gamal Nad 3020, opprinneleg modell, kring 1980, som har eit øydelagt hjørne, slik at han ikkje kan seljast. Men det er berre kosmetisk, elles er han heilt i orden. Og so har eg ikkje akkurat mangel på høgtalarar, men mange er for små, mange er ikke i orden, og ein del er for store til å dragsa rundt på. Valet fell på eit par gamle Tandberg i passeleg storleik, 25-liters-kassar, som er akkurat store nok til slikt bruk. Me snakkar jo ikkje om ein gymsal, men ei vanleg stove. Desse har eg reparert for ein kunde, men har naturlegvis aldri fortalt at dei har vore brukt på fest. Måtte jo testa dei ut.  

Litt ut på kvelden, når festbremsene hadde reist heim, vart det skrudd litt opp, og det slo meg kor utruleg rytmisk, tett og fin lyden var. Nad 3020 er ikkje akkurat nokon PA-forsterkar med sine 20 watt, men er kjend for å kunne drive høgtalarar av alle slag effektivt, og spelar forbausende kraftig i høve til effekten. Her heime nyttar eg stort sett (diverre) bassreflekshøgtalarar, og bannar høgt og ofte over den pustande, pesande og slarkete bassen, og kritiserer Nad-en for manglande straumforsyning. Ladekondensatorane i straumforsyninga er berre 4 x 2200 uF, og eg har naturlegvis eksperimentert med større lyttar. Det hjelper. Meir om det seinare ei gong. Men so syner det seg altso at straumforsyninga er plenty god nok, det er bassreflekshøgtalarane som er dårlege. For med Tandbergane, med ein 8-tommar i eit lukka kabinett, spelar det som berre juling! Tett og presist som eit trommeskinn! Og heilt utan rummel og etterslep. Dette var ikkje akkurat nytt for meg, faste lesarar veit at eg avskyr "blafre-fleks-høgtalarar”, men det var ei grei påminning. 

Tandberg-høgtalarane overraska positivt. Eg har fleire eldre modellar både frå Radionette og Tandberg, men sistnemnde er meir forseggjort. Frå Radionette har eg berre sett to-vegs modellar trur eg, i heller tunne og simple kabinett, medan Tandberg har kosta på seg ein tre-vegs konstruksjon i 2520, dvs. både basselement, mellomtone og diskant. Eg prøvde dei ut litt her heime etter reparasjonen (før festen). Belgen (surround) rundt basselement hadde smuldra opp, som på alle gamle høgtalarar med skumgummibelg i staden for gummi- eller tekstilbelg. Eg fann i farta ikke dei nye belgane som eg hadde tinga og fått tilsendt. Løysinga vart å nytta tape, eg eksperimenterer litt med ulike typar. Dette kan fungera veldig bra om det vert nøyaktig gjort. Med ulike typar limband kan du justera bevegelegheita til membranet, og dimed den totale Q-verdien. Til eit bassreflekskabinett kan det vera eit mareritt å sjonglera dei ulike parametra fram til eit akseptabelt resultat, men til eit lukka kabinett er det mykje enklare. Her gjeld det å få so låg resonansfrekvens som mogeleg, for djupast bass. Ein tynn silketape, til dømes. 

Det ferdige resultatet imponerte meg, so snart eg hadde vendt meg til lyden. Mellomtone og diskant spelte litt for høgt, sidan eg ikke hadde grillar. Desse vil dempe litt. Men bassen var som sagt tett, kontant og detaljert, og like djup som i bassreflekskabinett, men mykje jamnare, og strammere. Både bass, mellomtone og diskant hang godt saman. Dette er ein godt konstruert høgtalar! Ved første og beste høve kjøper eg gjerne 3520-modellen, som er 35 liter og har større basselement (10”). I barndomsheimen til Stig Inge (Bjørge, Lyra) står det eit Tandberg-anlegg med slike høgtalarar, og Stig Inge er alltid like gledeleg overraska når han kjem heim til Haugesund og får spela på dette anlegget, i ei stor og akustisk god stove med skråtak.   

Ølspalten

Og når eg først snakkar om Stig Inge. Han har sendt meg eit par bilete på WhatsApp som eg har fått lov til å nytta. Det eine bilete forklarar seg sjølv, det andre ligg det ei heil soga bak. Då eg ringde han, hadde han akkurat lagt på røyret etter fleire meir eller mindre opprivande samtalar med vener og forretningspartnarar. Det er alltid noko å klaga på veit du. Eg hadde akkurat opna ei øl, men Stig Inge var ikke komen lenger enn til kaffien. “Eg trur du treng noko sterkare enn berre kaffi no, Stig Inge,” seier eg, “finn noko brennevin og slå oppi kaffien, so har du karsk." Etter 40 år i japan var Stig Inge utrygg på kva “karsk” var for noko, men tok poenget, og lydde. Frå skåpet fann han fram ei flaske Limited Edition Hennesy, og tømde rett oppi kaffien. Etter eit par supar "kaffi avec" kom han til hektene, pusta ut, og me hadde som vanleg ein hyggelig prat. Inspirert av den spesielle etiketten på flaska tok han dette bilete av eit noko rotut men innhaldsrikt bord, med omgivnader.

Rundt flaska vil du sjå fleire eksotiske pickupar, av fabrikat som eg ikke får lov å nemna. Ein av dei er forresten ein eldre Philips MC-pickup, av ein (då) heilt ny konstruksjon. Eg ante ikkje at noko slikt eksisterte, sjølv om eg er stor fan av Philips sin MM-modell GP 412. Stig Inge veit litt om bakgrunnen for denne sjeldne MC-utgåva og har lova å skriva litt om han, som me kan presentera i Dagboka. Til venstre ser du ein slik liten USB-høgtalar frå JBL, som me begge likar godt, og i bakgrunnen vil du sjå ein annan JBL, ein stor monitor-høgtalar. Dette er vel ikkje ein slik du vanlegvis finn hjå ein audiofil, men Stig Inge har naturlegvis fått han modifisert, og dette er akkurat den lyden han vil ha når han har trong for å slå seg litt laus.  

 

 

Lest 812 ganger Sist redigert fredag, 17 april 2020 16:51
Stig Arne Skilbrei

Seniorskribent i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.