tirsdag, 16 september 2025 04:23

BBE SOUND ENHANCER, OG MARANTZ SUPERSCOPE R-1240 L – Stig Arne si dagbok august 2025 Spesial

Skrevet av

Det har vore nok Tandberg for ei stund no. Over til noko heilt anna: Ein magisk boks til å forbetra lyden frå stereoanlegget, og ein forsterkar/radio eg aldri har sett før. 

BBE SOUND ENHANCER

Eg hugsar denne. Han har vore å sjå sidan 90-talet eller jamvel før. Det vart reklamert for han i hifi-blad, sidan akkurat denne modellen såg ut til å vera retta mot stereoanlegget, medan dei andre dippeduttane BBE lagar, ser på heimesida deira ut for å vera tilpassa PA-marknaden, dvs scene, musikarar, DJ, studio, og inn/avspeling av alle slag. Det er også i blad for denne type brukarar slike produkt er mest omtala. Vore på konsert i det siste? Der florerer det med boksar av alle slag, gjerne på golvet, som musikarane trakkar på for å tilføra effektar, som vreng, komprimering, ekspandering, og modifikasjonar av lyden på ymse vis. Særskilt gitaristane elskar slike, om eg ikkje tek feil.  

Men ynskjer me slikt i stereoanlegget? Er ikkje CD-spelaren og forsterkeren osb. tilpassa kvarandre og optimalisert for å bringa musikken vidare slik han er, med minimal forvrenging og påverknad av lyden? Eg har alltid vore skeptisk til slike boksar, som kompliserer oppsettet, og kan tilføra uønska forvrenging. Og er fordyrande. Men heilt tilfeldig fekk eg høve til å prøva ut ein slik boks, då ein kamerat måtte levera han til reparasjon. Boksen er meint å retta opp fasen og frekvensgangen i anlegget. Etter å ha studert boksen og klødd meg litt i hovudet, fekk eg kopla han opp mellom ein DAC og forsterkaren, og fekk lyd gjennom. Men eg tilstår at eg måtte ringja eigaren fyrst. 

Dette er nok den raskaste “testen” eg nokon sinne har gjort. Med alle innstillingane i nøytral vart lyden merkbart ljosare, og dessutan forvrengt, og hardare. Boksar som dette kan sikkert vera kjekt for ein gitarist med elgitar og gitarforsterkar, men det er ingenting eg vil ha i stereoanlegget. Me tek sjansen på å kopiera eit inlegg frå internett (Reddit), som summerer det heile ganske godt opp: It re-eqs your signal and does some phase change on some frequencies. Basically it removes mids and emphasizes highs and lows. It's a tool to make your signal sound like car stereo after loudness button. If that's what you like on your guitar. In a nutshell it's a magic trick to remove money from the wallet with mystique of marketing.

Om du har eit stereoanlegg utan tonekontrollar, vil eg heller rå deg til å prøva ein equalizer. BBE lagar slike og.

SUPERSCOPE R-1240 L

Det er mange forsterkarar der ute som spelar mykje betre enn eg hadde trudd, og dette er ein av dei. Eg fekk han av Johnny, som eg har skrive om før, i samband med Tandberg-radioane. Han ryddar, og her heime vert det tilsvarande meir rot. 

Av alle ting eg har fått, er vel denne gamle radioen noko av det mest spesielle. Eg måtte googla, og det syner seg at Superscope-verksemda stammar heilt attende til lydfilmane si tid i USA. Eg har aldri sett ein slik før. Superscope var ei tid slått saman med Marantz. Det er eit flott apparat, stor og tung, med svart front og blå belysning, truleg ei etterlikning etter Mcintosh. 

Eg vanta meg ikkje det heilt store, men me skal vera forsiktige med å spela ut fordommane våre. Kvifor skal ikkje denne vera like god som mykje anna? For det var han. 

Han går og under namnet Marantz Superscope, og då fekk du brått litt meir respekt? For Marantz er jo kjend for å ha laga mange fine ting, sjølv om merket i dag ikkje har noko sams med dei gamle røyrforsterkarane. Han må ha vore laga på 70-talet? Eg gidd ikkje googla meir. Men redaktør Karl Erik må nok inom for å finna eit brukbart bilete, for dei eg tok i mørkret er ubrukelege, med unntak av eit nærbilete av knappane midt på fronten. Her ser du slektskapen med Marantz sine tidlege transistorforsterkarar. Forsterkeren er ikkje i huset lenger, han er seld, og kunden er nøgd!

LYD

So var det lyden då. Etter storleik, vekt og modellnummer tippar eg på ein effekt kring 40Watt, og det er plenty. Han spelte meir enn høgt nok til vanleg bruk, men vert litt grov i lyden om du overdriv. Lyden er elles overraskande sivilisert, med ein nøytral tone, og god djupne bakover i lydbiletet/stereoperspektivet. Instrumentdefinisjonen er god, og lyden kjennest  naturleg og uanstrengt. Eg spelte på han eit par dagar, og det var -som vanleg -fyrst når eg kopla opp noko anna at eg kunne konkludera med at - hmmm! Dette var sanneleg ikkje ille. Har du ein slik, so ta godt vare på han, og oppstår det feil, få han reparert, i staden for å kjøpa noko nytt. For det er slett ikkje sikkert at den nye vil spela betre. Og denne er ein pryd for stova.  

ØLSPALTA

Eg må visst verta meir systematisk. No har eg gått gjennom heile 2025-dagboka mi - papirutgåva - på jakt etter ølnotatar. Dette tek tid. Er eg i tvil om ein øl er omtala eller ikkje, sjekkar eg med søkefunksjonen i audiofile. Ikkje alle notata er streka ut etter omtale. Må skjerpa meg der.  

Under kjem nokre av dei me har smatta oss gjennom i august, utan nokon som helst plan eller system, og då kan eg stryka ut (nesten) alle. Må ha litt i reserve. 

Taco Fredag, Ægir, 4,7%

Ok, taco på fredag, pizza på laurdag, sundagsmiddag, restar på måndag, samma fan på tysdag, fisk på onsdag, og raspekaker på torsdag. Og so e da påan igjen. Sånn går no dagan.

Frisk og fruktig, er alt me har skrive om denne. Det var litt lite. Inneheld mais i tillegg til det vanlege. Ikkje uvanleg. 

Kinn Pilegrim glutenfri Pale Ale, 4,7%

Ingen tvil om at ale har meir smak enn lager. Nydeleg. 

Austmann vellagret pils, 4,7%, Trondheim

Denne hadde lite smak, og var heller skuffande. 

Mack Isbjørn pilsner 4,7%

Dag er strålande nøgd med denne på ein solfylt altan etter eit topptur på Vikafjellet. Men her i stova på ein regntung dag tillet eg meg å vera litt mindre positivt stemt. No skjønar eg at kamelen kan lukta vatn. Denne luktar vatn, og smakar elles lite og ingenting. Etter  oppvarming trer fleire smakar fram, men ingen av dei er gode. Eg prøver gjerne dei andre sortane til Mack, men denne kjøper eg ikkje fleire av.

Kung starkøl, 5,2%, Systembolaget

Trass i at denne er litt sterkare enn norsk butikkøl, luktar han lite og smakar lite. Eit vonbrott, som dei seier der aust. Og om du fjernar ei t er det nynorsk, dvs. norsk. Det er morosamt at svensk liknar vel so mykje på nynorsk som bokmål (dansk). Men det visste du vel.   

Schous pils, 4,5%, Oslo

Lars er nøgd med denne: "svakt floral humle, tett og fint skum, smak av bakst". Glatt og mjuk, ingenting som irriterer. Han er tiltalande og lett å drikka, men har etter mi nase lite karakter og substans.

Gled dekan, ølhundar: I kjellaren står mengder med øl, som berre ventar på at panelet kan samla seg att.  

 

Lest 1866 ganger Sist redigert tirsdag, 16 september 2025 10:39
Stig Arne Skilbrei

Seniorskribent i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.