TANDBERG SØLVSUPER 12 (MODIFISERT)
Har det vore nok Tandberg no? Ikkje heilt. Det var kan hende nok NAD og i ein periode? Dei kjem me attende til. Men som me har peikt på i tidlegare artiklar om Tandberg, er det reparatøren vår som har leia oss inn på ville vegar. Han er Tandberg-entusiast, som so mange andre reparatørar, for ikkje å snakka om samlarane. Difor er me inne i ei Tandberg-boble akkurat no, og det har vore lærerikt, og ikkje minst overraskande.
Me spolar litt attende: Hjå naboen min, han Erlend, som er musikar, står ein Sølvsuper 12 og spelar Elvis. Det gjer han ofte. Og me er samde om at han spelar fint. Faktisk forbausande fint. Og det seier eg ikkje berre for å vera høfleg. Han antyda vidare at han spelte mjukare enn min Huldra 11, ein dag han var bortom. So når benken min var tom for forsterkar her ein dag, grunna ein eller annan rokkering, var det ikkje unaturleg å kopla opp ein SS 12 som eg nett hadde fått vølt (reparert) hjå nemnde reparatør. Den har spelt heilt fantastisk, særleg med pop og rock og anna dårleg innspelt musikk på NRK og den slags datareduserte plattformer. Mjukt og musikalsk, i motsetnad til mange andre forsterkarar som mest skrik og hyler.

MØRK OG INNELUKKA
Men ikkje alt er berre fryd og gaman. Eg høyrer jo at han ikkje har all verdas kraft, berre 22 Watt i 4 Ohm, og eg veit at han har loudness som er automatisk innkopla heile tida. Ingen trykk-knapp til å kopla han ut. Meir om det lenger nede. So særleg stram og utprega rein og tydeleg har lyden ikkje vore.
Her ein kveld bestemte eg meg for å spela litt Mark Knopfler etter gamalt, du veit, han gitaristen i Dire Straits. På Apple Music, ukomprimert. Eller upakka (lossless). Gode, balanserte innspelingar, som eg kjenner godt. Då vart det tydeleg at noko måtte gjerast. Lyden var påtakeleg myrk og innelukka. Fyrste vesle trinnet til forbetring var å nappa ladekabelen ut or Mac-en. Denne skal ikkje lada når eg finlyttar. Det reduserer lyden, og dette er særskilt tydeleg etter at eg fekk ny DAC til 70-årsdagen (Gustard R 26). Takk, Stig Inge! Stereo-Stig rir igjen!
Men det var framleis mykje å gå på. Eg kom i hug at reparatøren har forklart at omtalte loudness, som fungerer slik at han gjev masse bass ved lågt volum og minkande med aukande volum, kan inaktiverast ved å klyppa av to leidningar på toppen av volumkontrollen. På tide å klyppa navlestrengen og observera resultatet. Av med loket, lodda ut to leidningar, isolere dei og på med loket att. Eg ville lodda heller enn å klyppa dei av, i fall eg angra og ville lodda dei på att. 
SUPERSØLVAR!
Det kjem eg aldri til å gjera. Eg frykta at lyden med denne enkle “modifikasjonen” ville verta slank og tynn, det skjedde ikkje. Bassen er framleis feit og til stades, berre uendeleg strammare og meir presis. Og elles rekna eg ikkje med at noko anna revolusjonerande ville henda. Det var og feil. Veldig feil. For det var her den største revolusjonen fann stad, større enn den i Russland, ja større enn den i Kina og, for lyden vart fullstendig transformert. Borte var den den myrke og koselege lyden, og attende sat eg med ein gamal radio som spelar som ein high end-forsterkar. Eg sit framleis, fleire dagar og snart veker etter, og berre ser inn mellom høgtalarane med store auge. For det skjer so mykje der inne. So mykje musikk, so mykje detaljar eg ikkje har høyrt før, som dei store ulikskapane mellom dei ulike innspelingane, uansett kjelde eller plattform, vinylplater, CD, Apple Music, NRK P1, P2, og NRK Jazz. Forbetringar kjem og går i alle stereoanlegg for oss nevrotiske stakkarar som ikkje gjer anna enn å byta utstyr i tide og utide, men dette har vore som å få eit nytt stereoanlegg, og det av ein gamal Sølvsuper 12. Det er ikkje til å tru, og eg trur det nesten ikkje sjølv. Framleis. Lat meg koma meg ned på jorda att og jobba litt med saka, so skal du høyra frå meg att. Ein meir vanleg “test” eller omtale, og evt. samanlikningar med andre forsterkarar, lyt difor venta på seg. I mellomtida sit eg godt på denne rosa skya.
ØLSPALTA
Det er for seint å testa sumarøl, men etter ein gjennomgang av denne testen i førre dagboka oppdaga eg at me hadde utelete Ringnes sin Skjærgårdsøl. Tabbe. Denne kom på topp i Bergensavisen, men ingen andre. Fleire aviser hadde Hansa Sommer på topp, som oss, og etter ein dobbeltsjekk av Skjærgårdsølen ser me ingen grunn til å endra på rekkefylgja. Bergensarar altso. Dei e jo "nokke for seg sjøl".

JULI-SLEPPET -25
Lars har -ikkje uventa- vore på -Polet og sopt med seg alt frå siste sleppet, utelukkande IPA ser det ut for. Er det IPA som gjeld no? Det kan sjå slik ut.
Ganske mange og, so me kan ikkje kosta på oss meir enn ein grunn gjennomgang, elles ryk da ein sikring hjå redaktøren. (Siden det er snakk om IPA ville det vært ganske enkelt å få dispensasjon. Red. anm.)
TID IPA 5,5% frå Ølsmia: Godt humla, men og maltsmak. Ikkje ihelhumla (Dag og Stig). Godt likt.
TY Vestkyst IPA frå Rygr 7%: Havre og kveite i tillegg til den vanlege byggmalten. Liknande og typeriktig øl som over, men ein litt annan humlekarakter. Kraftig, humlen sit lenge i munnen (Dag). God øl.
Nordkyst IPA 7% frå RAUS bryggeri, Nesna: Fruktig, og meir mot malt enn dei to førre. Leskande og svakt mot det syrlege.
GRAFF Solbrønn Vestkyst IPA 6%: Lettaste hittil. Sommarølen blant IPA.
RAA Brewing company Skogn harvest Haze 6%: Mot det bitre og sure, men og fruktig/tropisk. Ikkje mellom dei best likte.
Bygland Bryggeri, TOREVÊR 6%: Også denne med kveik, som er meir og meir populært. Lettdrikkeleg.
BÅDIN Nød lærer naken mann å sykle IPA 6%: Balansert seier Dag, eindimensjonal sa Lars? Godt drikkande har eg likevel notert.
NØISOM plankebyens Indiaøl, 6,2%: Ein enkel øl. "Heilt greitt øl" (Dag)
KINN SOLKINN, India Pale Ale, 6%: Ordspelet hintar mot sumarøl, og det synte seg å stemma. Ein lett øl utan påtrengande tyngd og kraft.