onsdag, 31 desember 2003 23:00

Rotel RCD-02

Skrevet av

Rotel har lansert eit forsterkarsett som ligg under 1070-serien i pris. Når det derimot gjeld utsjånad er 02/03-produkta heller betre.....

CD-spilleren: RCD-02
Denne er fysisk mindre enn 1070, men har dei samme funksjonane, også HDCD. Og gledeleg nok er lydkvaliteten heilt i samme klasse, svært musikalsk og på same tid nøytral. Men eg må innrømme at eg har problem med å skilje mellom HDCD og vanlege innspelingar, på same måte som via RCD 1070. Dette er eigentleg ikkje noko problem, fordi innspelingar anten er HDCD eller vanlege, men det uroar sjølvtilliten.....Elles er eg svært fornøgd med å ha coax digitalutgang, slik at ein separat dac kan brukast. Dette gjekk heilt greitt med Behringer 8024.
Funksjonane er elles heilt greie. Mekanisk sett verkar 1070 meir solid, og plateskuffa har ikkje heilt den same tillitsvekkjande soliditeten, men ein plass må Rotel ha spart inn prisdifferansen...Det einaste som saknast, er ein volumkontroll som går direkte på spelaren. 1070 har dette, og er ein av dei heller få moderne spelarane utan nemneverdig tap av lydkvalitet når spelarvolumet er lavt.

Eg må seie at RCD-02 har vore eit flott bekjentskap, ein spelar som gjev svært mykje att for pengane. Og om du ynskjer ein lavare, smartare og samstundes meir diskré utsjånad, skulle saken vere klar.

Lest 6027 ganger
Audiophile

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.
Mer i denne kategorien « Sim Audio Equinox Rotel RCD 1072 »