mandag, 14 juni 2004 23:00

Rotel RC1070 og RB 1070

Skrevet av

Med terskelanlegg meiner eg eit anlegg for dei som satsar sterkt på lydkvalitet, utan å ta steget inn i elite-serien.

Med terskelanlegg meiner eg eit anlegg for dei som satsar sterkt på lydkvalitet, utan å ta steget inn i elite-serien, der ein verkeleg skal bruke pengar for å vere med. For å vere på terskelen, er her nokre av faktorane eg tykkjer må vere med:

  • separat for- og effektforsterkar. Dette er slett ikkje påkreva for å ha lydkvalitet, men det stiller eigaren mykje friare når det skal oppgraderast.
  • Anlegget har ambisjonsnivå om høg oppløysing og mykje detaljar.
  • Anlegget har ikkje utprega svake sider når det gjeld klang, dynamikk eller romformidling.
  • (sidan eg er tilhengjar av vinyl, vil eg at eit terskelanlegg skal ha platespelarinngang av god kvalitet. Er det slik inngang, tar eg med ei vurdering av denne)

Då Rotel dukka opp i butikkane her i landet, var det ikkje spesielt rimeleg. Men det var heller ikkje så rått prisa som utstyr i det vi kalla ”high-end”. Ein slags mellomting mellom det gemene og det raffinerte, altså….

I 1995 fekk eg sjansen til å teste fleire Rotel-produkt. Eg hugsar med glede ”Michi”-serien som hadde ambisjonar om å konkurrere i høgre divisjonar av hifi-produkt. ”Michi” var meir påkosta enn dei ”vanlege” produkta, og sjefsdesignaren til Rotel hadde hatt fritt spelerom. Den gongen[i] konkluderte eg med at toppserien var vesentleg betre enn ”folkevognene”, men kjøparane måtte sjølve vurdere om dei eigentleg var så bra at det var verd dei ekstra kronene.

I dag har Rotel enklare produktseriar. Du vel mellom ulike wattbehov, mellom stereo og fleirkanalsystem, og om du vil ha balansert.

Dette 1070-settet er ikkje balansert, og er det rimelegaste settet som har ”delt forsterkar”. Prisnivået er som det skal vere: ikkje heilt billeg, men langt frå urimeleg. Rotel ligg trygt plassert mellom NAD og Mark Levinson……

FORSTERKARSETTET

Eg brukte eit oppsett beståande av RC-1070 forforsterkar, og hadde tenkt å bruke to stk BC-1070. Dette er eit ubalansert forsterkarsett[ii], der effektforsterkarane er oppgjevne til 2x130W i 8ohm. Grunnen til at eg brukar to, er at anlegget mitt må bi-ampast, ein forsterkar til bassane, og ein til det som skjer over 500 Hz [iii].

EFFEKTFORSTERKARANE

RB 1070 liknar på sine større slektningar, der kjøleribbene er ein del av fronten, med handtak integrerte i dei ytre kjøleplatene. Funksjonelt og estetisk tiltalande etter mitt syn, så eg vart litt skuffa då eg opna forsterkaren, og såg at effekttransistorane hadde eigne kjøleribber, plasserte inne i forsterkaren. Terje Romen på Mono forklarte at berre eit par av multikanals-forsterkarane faktisk brukte kjøleplatene i fronten. Mest av alt skuldast dette at temperaturen på overflata ikkje skulle komme over dei strenge CE-krava…

Elles var det mest imponerande i forsterkaren sitt indre straumforsyninga, med ein solid ringkjernetrafo, store lyttar og 4x5A sikringar. Her skal det tydelegvis leverast straum. Elles er det indre ikkje så nydeleg lagt opp som vestlege eller japanske konstruksjonar, men det skulle då berre mangle til ein pris på knapt 7000. Tilsvarande forsterkar frå t.d. Electrocompaniet kostar til samanlikning tre gonger meir…

Forsterkaren er oppgjeven til 2x130 Watt i 8 ohm, men kan brukoblast til 330W mono i 4 ohm. Eg hadde tenkt å prøve ut denne funksjonen sidan eg hadde to forsterkarar i huset, men den eine streika, og måtte leverast attende uprøvd.

Utan å ha målt forsterkareffekt, fekk eg inntrykk av at Rotel gjev svært konservative data. Eg let dei verkeleg få leve seg ut med eit lydtrykk som har fått andre effektforsterkarar med fleire (teoretiske) Watt til å vrenge eller fyre sikringskrinslaup utan problem. Mitt inntrykk er at dette er svært kraftige greier. Og skal du ha noko endå kraftigare, seier importøren at dei klangmessige eigenskapane til dei større forsterkarane iallfall ikkje står attende for denne.

UTPRØVING

Eg brukte forforsterkaren saman med InnerSound bassforsterkaren, og RB 1070 til elektrostatpanela, medan InnerSound bassforsterkaren arbeidde som vanleg. Det eg fyrst la merke til, var at bassen verka meir kontant og kontrollert enn når min integrerte Luxman arbeidde på elektrostatane. Eigentleg merkeleg, då eg berre hadde skifta effektforsterkar til området over 500 Hz, men det er ikkje uvanleg at kvaliteten ”forplantar” seg. Det mest sannsynlege er likevel at dette er RC 1070-forforsterkaren si forteneste. Diverre fekk eg ikkje prøve Rotel RB-1070 i bassen i referanseanlegget. Eg prøvde i tillegg Rotel-settet saman med disko-anlegget til familiens fjortis ( eit par heimebygde GX-15 byggesett frå Ljudia, med doble 15” bassar og 97 dB/W) Ikkje rette anlegget for å få RB 1070 til å klippe, men det synte tydeleg kor god kontroll denne effektforsterkaren har også i bassen – eg bør kanskje seie spesielt i bassen. Det var direkte ille at eg ikkje fekk bruke ein RB 1070 til å drive bassdelen av referansehøgtalarane mine!

For dei med mykje effektbehov har Rotel dei balanserte storebrørne RB 1080 på 2x200W, og RB 1090 på 2x380 W (og 38 kg..), i tillegg til nokre 5-kanals forsterkarar. Verd å prøve ut, dersom du har passande behov.

Sist oppdatert : 15.06.2004 09:47:02
Lest 14384 ganger
Karl Erik Sylthe

Redaktør i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.