onsdag, 31 desember 2003 23:00

Vincent 996 monotrinn

Skrevet av

Vincent SP 996 er ei ganske lita monoblokk som står på høgkant, 23 cm høg, 8 cm brei, og 18 cm djup (+ høgtalarterminalar). Fronten er heilt tydeleg Vincent, med straumbrytar og blå lysdiode som syner at forsterkaren er påslått. Gode terminalar på baksida av god kvalitet, men utan storebrørne sine balanserte inngangar.

 

 


Det har vore mykje spørsmål om dette er ein seriøs effektforsterkar. Eigentleg ser det ut til å vere ein morosam design-ide, også kostar 2 stk under 5000 kr, akkurat den prisklassen som designfolka er truandes til å boltre seg i. Men så er det Vincent som har sett namn på desse greiene, som ser ut til å vere tilpassa å setjast i ei bokhylle, som ei praktutgåve av eit Tolkien-verk.

Dette er nok Vincent-produktet med minst dokumentasjon. Vi får greie på at dei har 40 kOhm inngang, at dei skal levere 120 W i 8 ohm, og det er i grunnen alt. Eg hadde likt å vite om dei hadde høg tomgangsstraum, og dermed klasse A-drift. Det hadde også vore gildt å få greie på kor mykje dei leverte i andre høgtalarbelastningar, og fått greie på kor godt straumforsyninga var dimensjonert. På den andre side, slike ting gjer kanskje at vi dømer produktet på førehand? Så her er det berre å bruke øyrer.

Eg brukte hovudsakleg 996 til å drive elektrostatpanela til høgtalarane mine, så dei fekk den krevjande, men takknemlege oppgåva å arbeide med svært lav belastning (rundt 2 Ohm), utan å levere all guffa i området under 450 Hz. (Seinare køyrde eg ei testrunde over eit sett heimebygde disco-høgtalarar, for å kontrollere evna til å hanskast med bass. Greitt nok til husbruk, men langt frå den ideelle matchinga). Diverre var SP 993 og forforsterkaren SA 93 sendt attende til importøren, så eg fekk ikkje høve til å gjere ei direkte samanlikning. Men det var likevel greitt å samanlikne med notatane frå utprøvinga av SP 993.

Oppsettet
Det fyrste eg la merke til, var at i mitt oppsett måtte eg vere svært nøye med plasseringa av effektforsterkarane for å unngå brum. (Noko eg er vant til, fordi eg har biamp-oppsett) Her var det lurt å bruke lange signalkablar, med stor avstand mellom apparata. Ettersom 996 er monotrinn, er det svært greitt å plassere dei tett på høgtalarane, bruke så korte høgtalarkablar som råd, medan du brukar lang signalkabel. Dersom du har rette forforsterkaren, t.d. ein av Vincent sine, vil dette vere den beste løysinga. Under nøye utprøving fann eg at høgtalarkablane er meir kritiske for lyden enn signalkablane. Dette var spesielt tydeleg med når eg brukte Vincent for- og effektforsterkar, men vil sikkert vere likt for alle moderne transistor-forforsterkarar med lav utgangsimpedans. Diverre kan eg ikkje utnytte denne fordelen, då delefilteret/bassforsterkaren i anlegget mitt er eit monotrinn. Eg brukte altså 1 meter lange signalkablar, og plasserte forsterkarane slik at brumminga forsvann. Elles treng dei å stå på ei stund for å yte sitt beste. 996 har relativt forsiktig tomgangsstraum og fråtsar ikkje slik med dyr straum som storebrørne med omfattande klasse A-drift. Eg har difor stort sett latt dei stå på heile tida i testperioden, og iallfall minst ein time før kritisk lytting.

Lyttinga
Kalde let desse forsterkarane litt hardt og skarpt, men då dei hadde stått på om lag 1 time, var dette fullstendig borte. Oppsettet mitt fekk til forveksling same klangkarakter som ved bruk av 993-effektforsterkaren. Også når det gjeld luft og romformidling var dette svært bra, faktisk nesten (men berre nesten) i klasse med storebror. Skilnadane var likevel tydelege (det skulle då berre mangle til over 3 gongar prisen). Det viktigaste var nyanseringa av dei små detaljane, og ro over heile klangspekteret. Typisk er Eva Cassidy sin CD Songbird. Dette opptaket har vokalen sterkt i fokus. Når Eva går høgt opp i registeret, og leverer ein skikkeleg fortissimo, kan det låte litt pressa via 996-ane. Samanliknar du med SP 993, var dette totalt fråverande, iallfall så lenge vi snakkar om normale lydtrykk. Lytt til tittelkuttet og "People get ready". Når det gjeld romformidling og instrumentplassering har 996 ingenting å skamme seg over. Brukar vi "Songbird", er dette krystallklart. (Einaste problemet er at denne innspelinga er mistilpassa i tilhøvet mellom vokal og komp, så du må uansett spele lavt) Elles vert både 996 og 993 stressa når vi rører oss opp imot klippegrensa. Når no veslebror 996 prøvar å spele 1812-overtyra i den legendariske innspelinga frå Telarc (CD 80041) på realistisk lydtrykk (hugs vi snakkar om kanonskot) trykkjast utklinginga saman, og perkusjonsinstrumenta har ikkje skikkeleg oppløysing. Men då spelast det HØGT, på eit hårreisande opptak. Dei andre musikkstykka på same CD, eller på ei ørlite snillare innspeling frå Telarc, som t.d. Holstsuitene med Fredrick Fenell og Cleveland S.O (CD 80038) klarer 996 fint å halde orden. Når det lyttast over lengre tid, får eg litt for ofte fokus på svake sider ved innspeling, anlegg og rom. Dette har eg av og til merka på godt utstyr, men på anna utstyr vert slike ting ikkje så sjenerande, sjølv om det absolutt er like høyrbart. Dette var ikkje tilfelle med 993, som eg vart mykje sterkare musikalsk engasjert av. Eg er sikker på at denne evna til å flytte fokus frå anlegget over på det musikalske, ikkje berre er eit resultat av dagsform og tilfeldige hendingar. Noko utstyr har det, anna ikkje. Eg kallar eigenskapen NGOMA etter eit afrikansk uttrykk professor Jon Roar Bjørkvold introduserte i boka "Det musiske menneske". Her er vi ved ein av skilnadane mellom 993 og 996. Den dyraste forsterkaren har mykje meir ngoma, sjølv om dei elles er ganske like. Det er nok litt urettferdig å samanlikne 996 med 993, men når eg gjer det, fortel det eigentleg kor gode 996ane er. Eg trur det er få forsterkarar under 5000 kr som klarer seg så godt i high-end samanheng, og det på eit generelt nivå. Eigentleg ser eg berre to svake sider med 996: a) avgrensingar i straumforsyninga? Dei heilt rå dynamiske oppgåvene er ikkje 996 sin livrett… b) manglande NGOMA, altså ein tendens til å fokusere på holet, og ikkje smultringen. Dette er ikkje det same som at forsterkaren har ein kald klangkarakter. Faktisk er 996 ganske nøytral. Og så må du innstille deg på å betale dei 12000 ekstra som SP 993 kostar, dersom du er på jakt etter mikrodetaljar, ekstra trøkk og den delikate nyanseringsevna som stor klasse A-drift kostar.

Kven passar 996 for?
Eg vil tru at 996 er ein god start for den som skal bygge opp eit større Vincent-anlegg. No er det nettopp lansert multikanals receiverar frå Vincent, men for den som vil satse på ei gradvis utbygging, er dette tingen. Dei vil vere fenomenale til å supplere eit surround-anlegg, eller drive satellitthøgtalarar i samband med ein subwoofer. Så kan ein satse på større effektforsterkar etter kvart, og så bruke 996 til bakkanalane. Sjølv er eg ikkje lei for å ha dei i mitt anlegg til biamping over 450 Hz. Elles har Odd-Inge på Neby hifi lova meg 330-serien til utprøving. Her er ein utruleg rimeleg forforsterkar med rør, og dessutan SP 331, ein hybrid effektforsterkar noko sterkare enn 996, men 2000 kr dyrare. Det skal bli spennande å samanlikne desse direkte.

Lest 10616 ganger
Audiophile

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.