mandag, 14 juni 2004 23:00

Rotel RB03 og RC02

Skrevet av

Forsterkarsettet her har også eitt integrert forsterkaralternativ. Her er testobjekta dei to separate forsterkarane. Kanskje litt dyrare, men meir fleksibelt..

 

 

 

 

 

Keep it simple, stupid! Ingen unødvendig staffasje, men likevel lekkert.

[se omtalen av cd-spilleren RCD-02 her]

FORSTERKARANE
Det finnest ein integrert forsterkar 02, som er designmessig tilpassa CD-spelaren. Personleg likar eg betre separate forsterkarar fordi eg har større valfridom då. No er kanskje dette eit prisleie der dette vert flotteri, men eg fekk iallfall prøve ut forforsterkar RC-03 og effektforsterkaren RB-03. Begge har moderne, lyst design, og displaylyset er blått. Såleis skulle det ikkje vere tvil om at Rotel med dette satsar på å vere trendy, utan at det på nokon måte er prangande. "Blanke" produkt er heller ikkje noko nytt i audiosamanheng, på 70-talet var "alle" produkt blanke.....
RB 03 er oppgjeven til 2x70 Watt, og leverer dette stort sett greitt på det eine testhøgtalarsettet. På referanseanlegget med elektrostathøgtalar likte denne forsterkaren seg mindre godt, truleg fordi impedansen er utriveleg låg her. Treng du effektforsterkar til tøffare oppgåver, vil eg tilrå at du kikar på RB 1070 eller dei endå større sluttrinna frå Rotel. I instruksjonsboka opplysast det også at RB 03 kan brukoblast til 180 monowatt, men då ville eg heller hatt ein kraftigare forsterkar. Til vanlege medium til lettdrivne kassehøgtalarar med normal impedans rundt 4 -8 Ohm skulle RB 03 fungere heilt greitt.

Forforsterkaren RC-03 baud på mange positive overraskingar. Eg brukte han saman med relativt mykje dyrare sluttrinn utan at han på nokon måte kom til kort. Dynamisk og klangmessig er dette eit svært godt kjøp, og du har både riaa og tape monitor funksjon. (Faktisk er forforsterkaren så god at eg ville likt ein ekstra innstilling for moving coil-pickupar, men så er no eg storforlangande av natur) Øyretelefonutgangen var dessutan klart betre enn på dei to bærbare spelarane eg disponerer, og det er naturleg å koste på seg ein skikkeleg god øyretelefon om du har behov for det.

Ein av grunnane til den gode lyden kan skuldast at forforsterkaren står med spenning på heile tida, og er klar til musikk når som helst utan oppvarmingstid. Rotel har her laga ein alvorleg konkurrent til sin eigen RC 1070...

KONKLUSJON
Rotel sitt minste sett av separate komponentar er smart, diskré, rimeleg, og byr på god lyd og er lettvint i bruken. Du koblar komponentane saman, slik at dei kan slåast på med fjernkontrollen. Eigentleg treng du berre ein fjernkontroll, om du kan nøye deg med å hoppe frå låt til låt, og ikkje har behov for å "spole" inne i dei ulike kutta. Forforsterkaren RC 03 og CD-spelaren RCD 02 er to produkt eg har fått stor sans for, med lydkvalitet som absolutt bør opplevast før du kanskje spanderer for mykje pengar på dyrare produkt - det kan godt hende du vert lukkeleg med desse.

  • RC 03 preamp 3995
  • RB 03 Effekt 3995
  • RCD 02 CD 4995

link til ny importør: www.Nebyhifi.no

 


Sist oppdatert : 15.06.2004 10:03:28
Lest 4961 ganger
Arve Åheim

Fagredaktør i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.