onsdag, 31 desember 2003 23:00

Vincent SA31 - rørpreamp nesten gratis!

Skrevet av

Denne produsenten har forbausa meg med eit usannsynleg gunstig pris/kvalitetsnivå. CD-spelarar og forsterkarutstyr ikkje heilt til NAD-pris, men med flotte lydeigenskapar og traust byggekvalitet. Mange flotte forsterkarar som bikkar innpå femsifra prisnivå. Og så nokre rimelege ting.

 

 


Eg har lenge prøvd å få teste ut det rimelegaste separate forsterkarsettet til Vincent. Dette består av den 150W kraftige SP 331 hybride (dvs. rør på inngangen, transistorar på utgangen) effektforsterkaren. Denne har vore på lager ei stund, og du finn omtale på www.audiophile.no. Derimot tok det lang tid før rørforforsterkaren SA 31 kom til landet.

Faktaboks

Frekvensområde: 20 Hz - 20 kHz +/- 0,5 dB
Utgangsspenning: 2 V
Klirrfaktor: < 0,1% (1 kHz 1 W)
Inngangsimpendans: 47 kOhm
Mål: L 430 x H 80 x T 300 mm
Vekt: 4,5 kg

Mange vil kanskje seie at SA 31 ser litt anonym ut, kanskje endåtil kjedeleg samanlikna med sine storebrør. Men for gamlekara som hugsar Yamaha C2 og Mark Levinson JC2, er dette ein logisk design. Fire skruknappar: volum, inngangsvelgjar og tonekontrollar. Ja, tonekontrollar er ikkje dumt om du klarer å skru berre litt på dei. Eit løft på eit par dB her eller der kan gje høgtalarane dine akkurat det dei treng, eller du kan dempe bort ei klangbalanse du ikkje er fornøgd med. Som så mange andre stader i livet er problemet å meistre kunsten å avgrense seg.... og dersom du ikkje treng tonekontrollar er det berre å trykke på ein knapp merka ”tone”, så er dei ikkje lenger i signalvegen. På motsatt plass er det ein knapp som absolutt burde gløymast; ein loudness. Denne hevar bass og diskant såpass mykje at all seriøs musikklytting er uråd. Fysj!
Midt på fronten er ein solid av/på-brytar av utmerka kvalitet, men med ein utsjånad du berre vil like om du har sansen for austeuropeiske lastebilar frå 70-talet. Det er greitt at prisnivået er utruleg, men eg trur dei fleste kjøparar hadde synt forståing for 5 kroner høgre. Kanskje ei svart utgåve er lettare å leve med?

Elles verkar komponentane av god kvalitet. Forforsterkaren er ganske lett, men straumforsyninga er meir enn god nok. Her er separat nettleidning, og kontaktene er av bra kvalitet. Fjernkontroll er her ikkje – det hadde gjort prisen til noko ganske anna, reknar eg med.

 

 

Lyttinga
Då eg slo på SA 31, starta eit krinslaup ei forsinking før signalet kunne gå igjennom, slik at røra skulle varme seg opp. Eg venta med å slå på effektforsterkarane til diodene hadde slutta å blinke og alt var klart. Alt under sjekk av at det var signal igjennom, fekk eg meg ei lita overrasking. Sjølv om eg alltid prøvar å utsetje fyrsteinntrykket til forsterkariet er skikkeleg varm, kunne eg ikkje unngå å legge merke til den rominformasjonen som dukka opp. Eg lot anlegget stå på i godt over ein time, og tok til å lytte meir seriøst. Og for ein lyd! Instrumentplassering og romformidling var så realistisk at eg fekk hakeslepp. Og dette skal vere ein forforsterkar til under 4000 kr? Dette smakar i høgste grad av high end, i ein grad eg aldri har vore bort i forforsterkarar under 10000. Så uvilkårleg tok eg til å samanlikne lytteinntrykket med langt dyrare forforsterkarar eg kjenner frå før. Eg har nokre lukkelege ungdomsminne frå Conrad Johnson, og må seie at SA 31 vekte assosiasjonar til den legendariske PV 2, bortsett frå at den gamle amerikanaren ikkje var så støyfri.

Opp i mot mi referanse Audio Research SP 10 var SA 31 noko mørkare i klangen, med mindre detaljnyansar, spesielt i dynamikken. Men det pussige var at dette avtok etter kvart som eg spelte SA 31 inn. Denne jobben var ei pine, og eg var vel ikkje sikker på at det ikkje skjedde meir med klangbalansen før etter 100 timars bruk, noko som i min travle kvardag utgjorde nokre timar lytting kvar dag i tre veker. Dette er lang innspelingstid, men det er fleire Vincentprodukt som treng dette. Og det er ingenting anna enn tålmod som skal til.

No, etter 6 vekers bruk, må eg seie at klangbalansen ikkje berre er upåklageleg, faktisk er dette ein svært nøytral forforsterkar. Dynamikken er også utmerka, og sjølv om det finnest betre forforsterkarar når det gjeld nyanseringsevne og detaljrikdom, skal du iallfall spandere Copland på deg før du kan seie at det klart er betre – denne vesle saken kostar knapt ein firedel av dansken (som også er svært mykje for pengane).

Å spele eldre, klassiske opptak er svært flott, og ting som ”Jazz på svenska” med Jan Johansson, Casino Royale og gamle RCA-opptak er utruleg fint. Men opptak med rått trykk og kraftige utladningar kjem også fram med autoritet og stram definisjon. Ein annan gunstig ting er at litt triste opptak som Motown-klassikarane og Creedence let svært engasjerande. Sjølv om detaljrikdomen er stor, er det skikkeleg moro å lytte til desse langt frå perfekte opptaka gjennom SA 31. For den musikkglade er dette eit svært viktig pluss. Alt for mange highend-anlegg har ein tendens til å fokusere på dei svake sidene i opptaket, slik at noko av gleda i musikkopplevinga vert sjenert av manglane i opptaket. Du høyrer manglane like godt gjennom SA 31 som på kostbart amerikansk transistorutstyr, men det gjer liksom ingenting. Eg kallar dette ”ngoma”; eit afrikansk låneord som går på korleis musikk og livsglede smeltar saman.
Så kva er dei negative sidene? Vel, sjølv i sin gjennomgåande nøytralitet er SA 31 eit særprega produkt, som appellerar til lyttarar som vil ha organisk og levande attgjeving, utan å gje slepp på detaljane i musikken. På mange måtar er lydfilosofien her det andre ytterpunktet til der Embla Pre One står. Embla er også svært god, men på ein totalt annan måte, det er eit spørsmål om kvar du har personleg fokus. Er du klar over dette, har SA 31 ingen feil, vil eg seie. Bortsett frå at du må leve utan fjernkontroll (her er også Embla Pre One i den andre enden av skalaen) og riaa-del, er dette den forforsterkaren eg har vore bort i som gjev mest att for pengane. At det går an å vere så bra til prisen (hadde elles akkurat same kommentar til Embla....)!

Matching til ein passande effektforsterkar kan vere vanskeleg. Du kan bruke SA 31 til å kompensere litt for lys klangbalanse, men dette er eigentleg ikkje poenget. SA 31 gjer tinga sine så godt, at det er naturleg å bruke han saman med skikkeleg godt utstyr innan same lydfilosofi. Gode røreffektforsterkarar til gjerne 20 – 30 kilokroner er naturlege objekt for partnarskap. Når du vert klar over kor mykje godlyd dette vesle vedunderet slepp igjennom, vil du gjerne ha med deg dette. Å bruke SA 31 saman med den tilpassa SP 331 går heilt fint, men SA31 er nesten for god til denne. Eg brukte han også saman med ein Copland CTA 520 til 20 000 kr, og det er ein verkeleg god match.

konklusjon

Meir informasjon

Eit opplagt val for musikkelskarar, særleg slike utan utprega behov for å markere status!

www.nebyhifi.no
www.vincent-tac.de

 

Lest 12643 ganger
Audiophile

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.
Mer i denne kategorien « Vincent SA-T1 Vincent SA 93 »