mandag september 24 , 2018
onsdag, 31 mai 2006 23:00

5 surroundreceiverar

Skrevet av

Ein samanliknande omtale av fem heimekinoreceiverar frå fem kjende produsentar: Denon AVR 2106 - Marantz SR 5600 - Onkyo TS-XR603E - Pioneer VSX-1015 og Rotel RSX-03 - med hovudfokus på dei lydlege kvalitetar, sjølvsagt...

 

 

Av Arve Åheim juni 2006

Fyrst av alt må eg innrømme at eg i utgangspunktet ikkje er heimekino-entusiast. Mine erfaringar er stort sett avgrensa til besøk av eit tjuetals meir eller mindre ambisiøse heimekinoar i privat eige, og dessutan det eg har fått høyre i butikkar og messer rundt omkring. Mitt felt er stereo, som eg ikkje kan klare meg utan. Inntil for godt to år sidan var det ikkje aktuelt for meg å tenke heimekino. Sjølv dei rimelegaste prosjektørane (som ikkje hadde spesielt imponerande bildekvalitet) kosta for mykje, og dei einaste heimekinoane eg opplevde å ha akseptabel lyd var også utanfor økonomisk rekkevidde. Innfallsvinkelen til surround og heimekino, er så langt oppsummert i dei tre artiklane eg har skrive tidlegare. Her er det utdjupa korleis eg har avfunne meg med at eg må ha to separate anlegg for stereo og multi, og kvifor ambisjonsnivået innan multikanal ikkje er like svulstig som i to kanalar. Eg brukar lytterom #2 til multi, sjølv om det kanskje ikkje er ideelt. Og referansehøgtalarane er eit oppsett frå Mirage basert på Omnisat som hovudhøgtalarar. Eit klart kompromiss utan ambisjon om å levere verdas beste lyd, men svært lette å ha med å gjere både for forsterkar og plasseringsmessig. Og med god attgjeving av detaljar.

Men etter dette har eg vorte ganske bevisst på potensialet i multikanalslyd. Det er ikkje tvil om at det er stor skilnad på ulike produkt, og at det er mykje å hente ved å bruke fem kanalar, om ein innser at det er ein del ulike kvalitetskriteria samanlikna med stereo, og kan avfinne seg med dette.

Nokre faktorar er likevel felles. Vi snakkar om lydattgjeving og oppleving av musikk, og det auditive persepsjonsapparatet brukast ganske likt, sjølv om totalopplevinga vert annleis når kunstuttrykket også består av eit visuelt element frå bildeattgjeving. Eg har vorte nyfiken på korleis kvalitetane ved surroundanlegg utartar seg innan ulike produkt, og har i vinter gjort ein del samanlikningar av nokre apparat frå Denon, Onkyo, Marantz, Pioneer og Rotel i den relativt rimelege enden av prissskalaen, altså apparat som i hovudsak held seg under 10 tusenlappar.  Det er her kompromiss vert gjort, og det er mykje nerde-spenning knytta til korleis desse utartar seg. Og i to artiklar vil eg no skrive om dette, fyrst denne om forsterkarelektronikk, og så ein om ulike signalkjelder.

Artikkelen prøver å unngå lettvint kåring av ”best” produkt. I staden har eg prøvd å få fram skilnaden mellom dei, og korleis desse vil arte seg for brukaren.

 

Denon

I den samanheng er Denon AVR 2106 i høgste grad aktuell. Eg er også svært gira på å teste Denon-produkt, som heilt sidan platespelarane og pickupane attende på 70-talet har vore kjent for mange svært gode lydprestasjonar.

Denne receiveren er den rimelegaste eg prøvde, med ein prislapp under 5000 kr. Sjølv om pris/kvalitet kan vere godt passande, er det likevel rimeleg å tru at det vert gjort kompromiss her. Spørsmålet er om desse eventuelle kompromissa er vanskelege å leve med…

Funksjonalitet og utforming

Denon AVR 2106 kan fåast i både blank og svart utgåve, og er såpass diskre som ein såpass stor forsterkarboks kan vere. Særpreget er uttrykt ved runde standby-knappar, som har grønt baklys når forsterkaren er aktivert, men går over til raudt når du slår av med fjernkontrollen. Der er også ein straumbrytar på fronten, slik at du kan slå forsterkaren heilt av når du ikkje skal bruke anlegget på ei stund, eller om du ynskjer å vere forsiktig med å gå frå utstyret med straum på.

Designmessig er Denonprodukta sjølvsagt tilpassa kvarandre, slik at det var naturleg å prøve ein Denon multispelar på same tid. Dette er veldig greitt, med tanke på at begge apparata kan styrast frå same fjernkontroll, og signalkjelda kan få straum frå eit straumuttak på baksida av forsterkaren. Lettvint, og ein sparer ei veggkontakt til andre ting.

Surrondforsterkarar har fleire ting å halde orden på enn stereoreceiverar, og oppsettet var som vanleg ganske innfløkt. Her er det ikkje berre å stole på erfaringar ein har gjort med stereoen. Det måtte både lesast instruksjonsbok, og takast telefonar til Hifiklubben si kundeoppfylging. Her får du god hjelp, og det fekk eg altså bruk for. Eg sleit med å få anlegget sitt autooppsett til å fungere, og fann ikkje ut at hovudhøgtalarane måtte plasserast på A-utgangen, sjølv om eg stilte inn på 5-kanals oppsett.  På baksida finn du ikkje mindre enn ni høgtalaruttak, men det er berre sju forsterkarar i konstruksjonen. Du slepp faktisk å skifte terminalar manuelt, fordi du med fjernkontrollen kan veksle mellom 7.1 og 5.1 med biamp-modus, slik at du sjølvsagt brukar 7.1 når du har filmar i dette formatet, medan dei to ekstra kanalane ikkje står ubrukt, men t.d. kan få skikkeleg trøkk når du spelar krevjande musikkopptak. Her er ikkje sone 2-funksjon, noko som heller ikkje kan ventast til under 5 kkr. I kva grad 7 kanalar fører til rikare kinooppleving er eg usikker på. Eg prøvde ikkje dette sjølv, og har fått blanda tilbakemelding frå dei som har vore bort i slike oppsett. Det var ikkje nok høgtalarar til at eg prøvde 7.1 – oppsett no heller, men biamp skal vi komme tilbake til…

 

Oppsetting

Så kunne eg køyre autoppsett med den innebygde målemikrofonen, men dette var ikkje eit must. Det går svært greitt å bruke målband og litt tid. For meg var det også ynskjeleg å gjere mindre, manuelle etterjusteringar for å få lyden så optimal som råd. Eg sit med ei aning av at slike autoinnstillingar ikkje vert skikkeleg interessante før ein kjem opp til det prisnivået der ein også har romkorreksjon som ein del av pakken, altså dei større Denon-modellane.

Bruken av ulike menyar er komplisert, og tar tid. Det synte seg at det innebygde displayet ikkje kunne syne alle detaljar, og det var nødvendig å bruke monitor for å få orden på alt. Merk også at det er viktig å låse innstillingar, slik at du ikkje endrar på noko ved feiltrykk, som iallfall eg hadde nokre av. Familens tekno-pode var også frustrert over alle justeringsparametrane som nødvendigvis må vere til stades på eit sånt produkt.

Det mest frustrerande, var å få optimal tilkopling for å få lydkvalitet og funksjonar heilt på plass. SACD er viktig for meg, og dette fekk eg ikkje til å gå smertefritt. Eg trur dette vert langt lettare på modellar der SACD-signala kan overførast digitalt, gjerne ved hjelp av Denon-link.

Når innstillingane av AVR 2106 er unnagjort, kan det bydast på ein del fine kvalitetar. Fjernkontrollen var oversiktleg med logisk fargekode på knappane. Og her er eit vell av inngangar og innstillingar på desse, slik at du kan skreddarsy kva som skal spelast og kva beskjedar som skal vise seg på skjermen eller displayet. Etter å ha kopla på både optiske og coax-digitale så vel som analoge signalkjelder, måtte eg seie meg fornøgd med utvalet.

Eg har ordna meg slik at det er kjekt med sone 2-lyd til eit sett høgtalar utandørs, men denne rimelege receivaren har ikkje slik funksjon, sjølv om her er sju forsterkarar innebygd.

 

Radio

I mitt oppsett er radio ei viktig programkjelde, og som del av surroundpakken tykkjer eg det er svært greitt at radioen er integrert som receivar saman med forsterkaren. Dette er ei billeg løysing som burde vere enkel å få til, sjølv om det kan vere litt utfordringar til antennetilkoblinga. FM-antenna mi er av enklaste slag, standard trådantenne som hengjast på veggen skjult bak vindaugskarm og filmlerret. Ikkje ideell, så mottakaren må syte for akseptable lyttetilhøve. Og her i utkanten der avstand til sendarar kan variere med kvar du bur, kan det vere ei utfordring.

Denon har ein heilt grei radio, men når eg lyttar til kanalar der signalet ikkje er kraftig nok, vart støyen sjenerande. I slike samanhengar er det greitt med ein monoknapp, og ein surroundprosessor gjer at monolyden ikkje vert heilt paddeflat.  Men monoknapp var fråverande på AVR 2106.

Mottakaren var ikkje så god at han fekk skikkelege stereosignal inn på mi relativt marginale antenne. For dei med radioglede og dårlege mottakarforhold må ein altså tenke på ei betre antenneløysing enn ”vanleg” trådantenne på veggen.

 

Lydkvalitet

Klangmessig var AVR 2106 grei, utan at eg kan trekke fram toppkarakterar. Saman med Mirage Omnisat var klangen litt lys, og det måtte stillast litt for å få tilfredsstillande klangbalanse. Men eg fann han godt passande saman med Dali Ikon 7, men ikkje før eg hadde fått jobba litt med han. For det fyrste måtte forsterkaren settast i biamp-modus. Ved hjelp av dette, og eit ekstra sett høgtalarleidningar, fekk eg kopla eit ekstra sett effektforsterkarar til høgtalarane. Her måtte eg fjerne koplinga mellom dei separate terminalane på baksida av høgtalarane, slik at eitt par forsterkarar dreiv basselementa åleine, medan eit anna sett dreiv dei øvre frekvensane. Dette grepet gjorde underverk med dynamikk og basskontroll, og gjorde også at eg musikalsk sett godt kunne klare meg utan subwoofer. Men når det kom til filmlyd, var det greitt å kunne hekte på ein sub til frekvensane under 40 Hz.

Finare musikalske kvalitetar er ikkje så lett å få ut av surroundforsterkarar, iallfall ikkje på dette prisnivået. Med dette meiner eg i hovudsak perspektiveigenskapar, naturlege perspektiveigenskapar. Eg prøvde meg på SACD- og DVD-A-plater med høg lydkvalitet, men fekk ikkje ut dette siste ekstra som må til for at vi skal kunne snakke om det verkelege og naturlege når det gjeld lyd.

Sidan eg skreiv fjorårets tre artiklar om heimekino, har eg fått høyre iallfall eitt gjennomført surroundanlegg der ambisjonsnivået har vore referanselyd. Dette superanlegget hadde perspektiveigenskapar i ein tilsvarande klasse som gode stereoanlegg, og forsterkarelektronikken var i prisklassen 20 gonger høgre enn denne Denon-receivaren til knappe 5000. Slik lydkvalitet er det ikkje snakk om her, og heller ikkje å forvente. Men her er ganske mykje for pengane likevel. Snakkar vi om klangbalanse, er dette meir enn akseptabelt. Ein litt unyansert og transistor-aktig topp høyrer nok med i denne prisklassen. Men til gjengjeld er det meir moro med bassen, spesielt når brukar dei to ekstra forsterkartrinna  i biamp-innstilling saman med eit sett gode, og gjerne relativt tungdrivne høgtalarar. Då vert det spesielle oppsettet der to av dei sju kanalane kan settast til å drive hovudhøgtalarane sine basselement svært interessant. Dali-høgtalarane hausta store kvalitetar når eg gjorde dette.

Perspektiv og romoppleving var styrt av dei innebygde funksjonane. Mi erfaring er at fem-kanals lydoppsett med total prislapp rundt 30 kkr, ikkje har potensiale til å formidle særleg av andre perspektiveigenskapar enn det elektronikken kan ordne gjennom dei ulike effektene. I den samanheng må Denon AVR 2106 seiast å vere fullt ut tilfredsstillande. 

Kinobruk

Dette vil uvikårleg vere eit viktig element ved eit surroundapparat. Mange tar bildesignalet direkte frå DVD-spelar til TV eller projektor, og dette er også den kortaste signalvegen som vil gje best bildekvalitet, men det er eit problem om du vil ha menyane til forsterkaren opp på skjermen. Ei løysing er å bruke to ulike inngangar på TV/projektor, men den mindre ambisiøse nøyer seg med å sende bildet frå DVD inn i receiver, og ut att til TV/projektor. Då eg gjorde dette på AVR 2106, var det akseptabel bildekvalitet, men ved bruk av HDMI – utgangen direkte inn i Sanyo Z4 frå Denon sin superbillige (…) var skilnaden så påfallande mykje betre at dette ikkje var noko alternativ. Er du kritisk til det du ser, bør du altså umake deg med to leidningar.

 

Konklusjon Denon AVR 2106

Når ein ser kva du får for pengane, er det ingen tvil om at dette er eit svært godt kjøp. Sjukanalsoppsettet vert ikkje brukt av meg, men dei to ekstra effektforsterkarane var til stor nytte på Dali Ikon 7, og tilførte dynamikk og trøkk som du normalt ikkje får til på desse litt krevjande høgtalarane før du kjøper langt dyrare produkt. Med eit hifi-utgangspunkt vil eg seie at dei dynamiske eigenskapane i eit slikt oppsett skapar flotte tilhøve for den som likar rockemusikk, sjølv om det klangmessig kanskje er litt mykje transistorlyd , og perspektivmessig heller ikkje kan seiast å vere det rette for feinschmeckerane. Men det er ikkje kundegruppa til dette produktet. For kinopublikummet er dynamikk langt viktigare, og eg opplevde aldri at AVR 2106 hadde lydlege manglar når eg såg film.

Bildemessig er det eigentleg ingenting å klage over, men for den som har tilgong på HDMI, bør ein hoppe over receiveren i signalvegen for å ha optimal bildekvalitet.

Bruksmessig er det visse utfordringar med innstillingar og oppsett, men eg opplevde svært god oppfylgjing når eg ringte brukarstøtta til hifiklubben. Ikkje minst dette gjer Denon til eit svært god val for den uerfarne kjøpar.

 

Marantz SR 5600

For den som vil halde seg til relativt rimelege og enkle løysingane, på fleirkanalslyd og heimekino, finn vi Marantz sin SR5600 7-kanals receiver.

Stor og flott, men samanliknar vi med det aller beste av surroundforsterkarar, er det klart at dette er ein smågut, og det må nødvendigvis vere ein del kompromiss, men vi må også ha lov å ha litt forventningar samanlikna med dei mange positive opplevingane av Denon sin vesentleg billegare receiver. Og som vanleg har eg forventingar til betre lyd for fleire kroner, og har som største redsle at det vert gjor kompromiss på det lydmessige, som sjølvsagt må vere dei viktigaste.

 

Utforming og funksjonar.

På sett og vis ser fleirtalet av surroundreceiverar ganske like ut. Eitt ratt på kvar side, og ein stor display i midten, med ein del knappar under. Og ein avansert fjernkontroll med eit uttal funksjonar, som det er lettast å lese om via TV eller lerret. Her er handboka eit viktig hjelpemiddel, og her får Marantz god karakter. Ganske pedagogisk og lettfatteleg. Det vart ikkje nødvendig å ringe importør.

Radiodelen var heller ikkje her utstyrt med monoknapp, men tok ikkje dei vanskelege mottakartilhøva så tungt, og greidde akseptabel lyd på alle dei fire hovudkanalane eg brukar.

Sone 2 er noko ein har lov til å forvente frå anlegg i mellomprisklassen. Dette er ein funksjon som gjer det muleg å lytte til stereoradio i sone to, medan ein ser film med surroundlyd i hovudsone 1. Dette fungerer heilt fint, men du må belage deg på å strekke ganske lange høgtalarkablar. Dette var enkelt tilgjengeleg på SR 5600, og det er viktig for meg som har utandørsoppsett. Det må ikkje vere nødvendig å blade seg gjennom menyar med fjernkontrollen for å ikkje påføre nabolaget radioprogram når du trekk innandørs. SR 5600 har eigen av/på-knapp for dette, og får såleis toppkarakter i denne disiplinen.

Dei to ekstra effekttrinna kan også settast til biamping, men hadde ikkje slik kontroll over bass og dynamikk at eg opplevde det som føremålstenleg å bruke dei slik. Og 7.1-oppsett prøvde eg ikkje….

 

Musikalske kvalitetar:

Det syner seg at SR 5600 kan gje att musikk på ein måte eg finn svært musialsk og tiltalande. Tonalt sett kan det seiast å vere ganske snill attgjeving, som det beste frå eit gammalt Tandbergoppsett. Ikkje akkurat varmt, men i same retning. Dynamisk er denne receiveren ikkje heilt på høgd med dei andre alternativa eg prøvde ut. Grunnen er at bassattgjevinga er noko ukontrollert, noko som ikkje passar til alle anlegg. I mitt standardoppsett med Mirage Omnisat var lyden likevel svært bra, sidan subwooferen tar seg av bassområdet, og hovudhøgtalarane ikkje har ambisjonar lengre nede enn 70 Hz. Eigentleg var dette optimalt for SR 5600. Den gode, varme klangbalansen med mindre transistorkarakter enn Denon AVR 2106 gjorde seg godt saman med mitt klassiske musikkrepertoar, og dessutan også på filmar med lite action og mykje dialog. Saman med DVD-A og SACD-plater av god innspelingskvalitet hadde eg mange fine stunder over SR 5600. Eg må innrømme at det einaste eg eigentleg sakna i lydsamanheng, var evna til å gje att naturleg perspektiv, luft mellom instrumenta og tredimensjonalitet. Men dette er svært uvanleg i surroundsamanheng, også i langt dyrare oppsett.

 

Kinobruk

Akkurat som på Denon var bildekvaliteten ved å sende signalet gjennom apparatet ok, medan HDMI i høgste grad fortener å få bildet direkte inn i TV/projektor. Også utan dette formatet er det ein viss degradering av bildekvaliteten når signalet går gjennom receiveren, og det må vere opp til den einskilde i kva grad dette sjenerer såpass at ein kan forsake menysystemet når ein har gjort unna alle innstillingane, og kople signalet direkte mellom signalkjelde og framsynar.

 

Konklusjon

Musikalsk sett var Marantz SR 5600 ei svært hyggjeleg oppleving, med snill lyd utan sjenerande klangbalanse eller behov for negative kommentarar av noko slag. På visse brutale og utagerande opptak er ikkje surroundhøgtalarane mine i stand til å levere med den pondus som skal til, og SR 5600 gjorde her lite for å hjelpe på dette. Sjølv om receiveren såleis kan seiast å vere ”litt makeleg”, er det likevel eit svært behageleg bekjentskap, som skulle vere midt i blinken for musikkelskarar som satsar på små høgtalarar, relativt høg delefrekvens, og ein god subwoofer.

 

Onkyo

I fjor fekk eg gleda av å prøve Onkyo DVD Receiver DR-S2.2, ein relativt kompakt og veldig sjarmerande sak eg sannsynlegvis hadde kjøpt tvert, dersom han hadde vore i stand til å spele SACD, og hadde sone 2-funksjon.

Ved å kike på separate apparat frå Onkyo får ein fridom til å velje mellom fleire signalkjelder. Her skal vi vurdere receiveren TS-XR603E, ein meir tradisjonell receiver, med tilnærma same gedigne utsjånad som dei andre produkta i denne samanliknande artikkelen.

Designet er altså ganske likt dei andre, men berre eitt volumratt på høgre side av apparatet, og ein ørliten bøy nede på fronten, som gjer det lettare å lese dei mange knappane på fronten. Resten av funksjonane styrast ved hjelp av knappar. Inngangsvelgjarane har eigne knappar for kvart apparat heilt nede, med Video 4-inngangskontakter plassert under volumkontrollen, slik at det er enkelt å plugge inn videokamera eller MP3-spelar når ein vil ha dette kopla til heimekinoen. Under straumbrytaren på venstre side er sone2-kontrollane plassert lett tilgjengeleg. Dette er logisk og lettfatteleg, slik at du slepp å styre med menyar når du skal regulere lyden i den andre sona. Veldig greitt for meg som vil ha radio til hagearbeidet, medan familens håpefulle vil leike seg med karaoke i surroundanlegget. Radioen er dessutan meir følsam og støyar mindre enn dei andre apparata (med unntak av Marantz), og har eit eige ”avsnitt” på fronten” med søkjefunksjonar for den som vil leite etter radiokanalar. TS-XR603E er nok den beste receiveren vi prøver her med tanke på den som høyrer mykje radio, men trass i ganske høg kvalitet vart likevel signalet skurrande på dårlege dagar. Her kan eg glede radioentusiastane med at det er ganske lett å komme over dette ved å trykkje på ”listening mode”-funksjonsknappane på fronten, og velje ”FM full mono”. Klart lettast tilgjengelege innstillingsmåte for denne funksjonen, som eg meiner er svært viktig for dei som vil høyre radio under dårlege mottakarforhold.

Elles er apparatet utstyrt med alle dei funksjonar og tilkoplingar du ynskjer deg. også tilkopling for set-up målemikrofon i fronten, men eg må innrømme at trass i ein del eksperimentering med denne, vart eg ikkje skikkeleg fornøgd med dei automatiske innstillingane.  Men eg har nok ikkje prøvd alle dei mange funksjonane som er tilgjengelege i menysystema. Grundig lesing av instruksjonsboka er viktig.

Baksida har fargekoda høgtalarterminalar etter same lest som Marantz, og har både 7-kanals oppsett og separate sone2-terminalar (i billegaste kvalitet, men greitt nok til meir ukritiske høgtalarar). Såleis slepp du å tulle rundt på baksida av dette tunge når du fyrst har fått kopla til alle dei apparata du har tenkt. Og her er ein stor og funksjonsrik fjernkontroll.

 

Lydkvalitet:

Også her må det seiast at TS-XR603E gjer ein glimrande jobb. Eg hadde sendt frå meg høgtalarane med terminalar og potensiale om bi-amping, så dette fekk eg ikkje prøvd ut. Men denne receiveren gav både mykje av Marantz sin gode instrumentklang og Denon sin dynamikk og kontroll over dei litt lågare oktavar. Forsterkaren her klarer altså godt å henge med til det meste av musikkbruk, også med relativt store høgtalarar som Dali sine golvståande Concept. Eg prøvde forsterkaren mest saman med Mirage Omnisat, og her var det gode marginar når det gjeld forsterkaren sine evner. For rockaren og actionfilmelskaren kan eg likevel tenkje meg at det er litt lite hestekrefter om ein har små, relativt tungdrivne høgtalarar. Om du ikkje har einebustad med eige lytterom, er dette sannsynlegvis eit mindre problem enn naboar og sambuarar…

Når det gjeld lydbilde, er det akkurat som på dei andre apparata meir som skjer gjennom oppsett og innstillingar av akustikk enn apparatet sin eigenart. For den klassiske stereoentusiast med slike preferansar, er eigentleg ikkje surround på dette prisnivået interessant uansett.

 

Pioneer VSX-1015

Pioneer har alltid vore ein av dei japanske hifiprodusentane som har fascinert meg med nytenking og spennande produkt. Fyrste fungerande hifi bilstereo, alltid gode forsterkarar og signalkjelder, og no spennande, innovative høgtalarløysingar med ”lydprojeksjon”, medan dei har hatt ganske radikal nytenking samanlikna med tradisjonell hifi.

Denne receiveren er likevel ikkje så spesielt radikal, men føyer seg designmessig pent inn mellom dei andre apparata i omtalen. Stor og sterk, med dei tøffaste spesifikasjonane + THX-merking for den som lar seg imponere av slikt. To ratt på kvar side av fronten, volum og styring av inngangar pluss ein del andre funksjonar. Dei mindre brukte funksjonane er gøymde bak eit deksel slik at dei ikkje treng forvirre brukaren i utide. Sone 2-fuksjonen er der, men ikkje så logisk og lettvint som plasseringa  hos Onkyo. Her er som vanleg mykje som kan stillast inn, og eg saknar litt av Onkyo sin enkle logikk. Likevel er alt forståeleg, det berre tek ein del tid å få alt i orden. Men orkar du ikkje dette, spelar likevel VSX-1015 greitt ”ut av kassa”, om du resignerar og droppar å innfri det fulle potensialet her.

Tilkoplingar og inngangsvelgjarar er greie, men du er avhengig av monitor for å halde orden på alle menyar og funksjonar når du skal gjere fyrstegongsinnstillingane. Elles skal receivaren vere godt tilpassa bruk saman med alle media, utan at eg hadde tilgong på utstyr som skulle gjere Windows og ulike alternative programkjelder aktuelle. Men her var eit vell av inngangar, og både karaokemaskin, ekstra CD-karusell og Playstation var greitt å få til å fungere, også for familiens yngre garde, om enn litt mindre innlysande enn Onkyo sitt gode orienteringssystem.

Baksida er oversiktleg og grei, men eg likar betre fargekoda til Marantz og Onkyo. Likevel er dette ikkje noko problem når tilkoplingane er gjort, og høgtalarterminalane er av vanleg, god kvalitet. Her er også nok inngangar til den mest dupeditt-avhengige, og for einkvar tenkjeleg programkjelde, bortsett frå HDMI – då må ein nok spandere ein del meir kronasje.

Radioen er av grei kvalitet, men eg greidde ikkje å finne ut korleis ein stiller inn på mono, og du må sikre deg gode mottakarforhold om du skal unngå skurring. Mi enkle trådantenne hadde innimellom riktig mykje skurring, slik at radiolytting vart irriterande.

Ein ekstra pluss for svært ryddig og god fjernkontroll. Dagleg bruk er det viktigaste, og går som ein frydefull draum med denne kontrollen.

Lydkvalitet

Her har du apparatet som er like godt både til film og musikk av alle sjangrar. Når du får justert innstillingane rett, er dette ein verkeleg rå forsterkar som både har varm, romantisk klang og skikkeleg kraft i fråsparket. Kanskje ikkje heilt så forfina som Marantz når det gjeld klassiske SACD-plater, og heller ikkje så nøytral og korrekt som Onkyo, men for eit engasjement. Enorm gøy-faktor i lyden, og utruleg sjarmerande. Sannsynlegvis kraftig nok til det meste, bortsett frå nokre få, ekstremt effekthungrige høgtalarar.  Det var denne forsterkaren eg hadde mest moro med.


Rotel RSX-03

Rotel stiller her med ein receiver som ser litt enklare ut, og kjem dessutan med berre fem kanalar. Ikkje slik at han ser stakkarsleg ut, for Rotel har eit tiltalande, stilreint ytre, meir diskré enn konkurrentane, med eit lite display og berre ein sentrert kontroll. Fysisk og effektmessig er han også noko mindre enn konkurrentane, sjølv om vekta er over 11 kg. Trass i mindre utstyr er prisen 10 kkr, så det burde medføre at dette er ein meir påkosta forsterkar, slik at det er grunnlag for å stille strengare krav enn til konkurrentane. Utan ekstra forsterkarkanalar, er det ikkje rom for sone 2-tilkoplingar, og ting verkar i utgangspunktet litt meir skrapa og nøkternt, til du får kika i instruksjonsboka. Alt det viktige er på plass, og når det gjeld forsterkariet må dette seiast å vere eit rasedyr som byr på dei mange kvalitetane vi har opplevd frå Rotel sitt stereoprogram. Dette er ein svært god fleirkanalsforsterkar, som har utruleg god oppløysing, svært nøytral klangbalanse, og dessutan er i stand til å innfri svært høge krav, også for rimeleg bortskjemde stereoelskarar. Her er ein phonoinngang, slik at endå til vinylfolket kan stette sine behov, og om denne fungerer like godt som andre Rotelprodukt, er det råd å ha skikkeleg god vinylavspeling. Og det gjekk ganske fort å finne ut at radiodelen stiller i same klasse som Onkyo TS-XR603E når det gjeld mottakaren, bortsett frå at innstilling av førehandsval ikkje kunne gjerast på apparatet. Diverre fekk eg med feil fjernkontrollmodell, så eg fekk ikkje gjort alle innstillingar etter eige hovud, men ut frå handboka kunne eg sjå at vanlege fasilitetar var til stades. Men du treng som vanleg fjernkontroll for å kunne gjere alle finjusteringar, og her er ikkje nokon måte å styre manuelt på. Det synte seg heldigvis at frekvensdelingane var innstilt slik eg likar å ha det, og samanlikningane kunne gå føre seg utan problem.

RSX-03 ser som sagt svært enkel ut, og er ein draum å hanskast med i det daglege. Han vel sjølv å tilpasse seg den aktuelle programkjelda, og får orden på kor mange kanalar som er i bruk. Men akkurat når ting skal justerast for fyrste (og helst siste) gong, er oppsettet litt meir innfløkt enn dei andre receiverane i testen, noko som heldigvis er kompensert av ei svært god instruksjonsbok. Har du denne klar framfor deg når du får RSX-03 i hus, burde du ikkje få problem. Ver elles merksam på at receivaren vel to kanalar automatisk når han er stilt inn til dette, så CD og MP3 slepp berre ut av to kanalar. I litt rimelege anlegg er dette kanskje ikkje ynskjeleg, men for den som tek lydkvalitet alvorleg, og gjerne brukar to seriøse fulltonehøgtalarar, er dette best. Så koplast dei øvrige fem kanalar inn når det er heimekino eller DVD-A med slik lydinformasjon.

Det eg saktnar med RSX-03, går på ekstra fasilitetar som sone 2 og masse ekstra inngangar. Ikkje desto mindre greidde eg å bruke spelaren med fem ulike programkjelder utan å kople om, og då prøvde eg ikkje eingong vinylinngangen. Du kan fint ha eigne apparat for DVD, SACD, CD, karaokedings og ei spelemaskin tilslutta på same tid, og ein vinylrigg. Dessutan er det tre komponentinngangar for videosignal og tilslutning til datasystemet ditt. Deifærraste har bruk for meir enn dette…

For den som skal ha noko ut over 5.1-lyd er det nødvendig med ekstra sluttrinn. Til gjengjeld er denne receiveren både den minst prangande og den enklaste i dagleg bruk, med velsigna få knappar og dupedittar. Og sjølv om eg hadde likt eit enklare oppsett, er det ingen problem i det heile tatt om du gjev deg god tid med instruksjonsboka og fjernkontrollen, eller får hjelp av forhandlaren til å stille inn dette.

 

Lydkvalitet

Det gjekk ikkje lang tid å få det klart for seg at RSX-03 er eit apparat som overgår dei andre på alle baugar og frontar, bortsett frå at det er litt meir fråspark i dei kraftigare receiverane (spesielt frå Pioneer og Denon - særleg når ein køyrer to kanalar brukopla). Det eg likte best, var klangbalansen. Denne var om lag som andre Rotelforsterkarar, meir nøytral enn Marantz, ikkje direkte varm, men svært musikalsk og hifi i den mest positive forståinga av ordet. Svært rik på detaljar, med flott evne til å gje att luft mellom utøvarane, og faktisk i stand til å formidle perspektiv i ein grad eg ikkje fekk til med konkurrentane.

Filmlyden var definitivt den beste eg har hatt i lytterom #2 til no, (med unntak av bruk av to stereoforsterkarar frå JoLida i eit kreativt oppsett omtalt i artiklane om JoLida), og det gav meg tru på potensialet i surroundlyd igjen. Gøy-faktoren var nesten på høgd med Pioneer VSX-1015. Men hugs eg har lettdrivne høgtalarar - det er slett ikkje sikkert du vert fornøgd om du har stort rom, tungdrivne høgtalarar, og likar å skru opp litt.

Konklusjonar:

Her er det ikkje snakk om å kåre ein receivar som er ”best”. Alle dei utprøvde er gode, og mykje for pengane, når vi ser kva som var fjorårsmodellar. Men anlegga dei skal brukast i, vil kunne hauste ulike fortrinn dersom dei veljast med tanke på dei ulike eigenskapane.

Denon stiller med AVR 2106, som er det rimelegaste apparatet i artikkelen. Dette passar godt til den som er på budsjett, men også forsterkaren å velje dersom du har store høgtalarar som kan biampast. Primært heilt klart best til kinobruk, men også musikkattgjeving er veldig greitt for den som set pris på dynamikk og likar rock og trøkk framfor snill og naturleg klangbalanse. Men du må ha ein dyrare Denon-modell om du ynskjer fleire lyttesoner.

Pris: 4 998,00

Link: http://www.hifiklubben.com/NO/Produkter/Hjemmekino/Receivere/DENON_AVR-2106_Hjemmekinoreceiver_Sort.htm

 

Marantz er tingen for den som vil ha ein relativt ukomplisert oppsett, grei tilgang på eit ekstra sett høgtalarar i sone 2. Og gjerne for den med små høgtalarar som stiller strengare krav om musikalitet og trivsel framfor brutal dynamikk. Dessutan glimrande radio om mottakartilhøva er relativt gode.

Pris: 5 995,00

Link til importør: www.nebyhifi.no

 

Onkyo leverer det gode kompromisset og kanskje den mest allsidige deltakaren. RS-603E er den receivaren som har størst komfort og logisk oppbygging for den som ofte skiftar mellom mange signalkjelder, og der fleire familiemedlemer skal bruke apparatet. Om du ikkje høyrer til dei som lyttar til berre ein radiokanal, vil du nok også sette pris på den spesielt greie radiodelen.

Lydmessig er dette ein av dei betre receiverane i prisklassen. Det manglar litt snert samanlikna med Pioneer som eg likte aller best lydmessig, men til gjengjeld er Onkyo sitt alternativ lettare å bruke for folk flest, både ved innstilling og ikkje minst ved dagleg bruk

Pris: 6 995,00 inkl målemikrofon

Link til importør: www.mono.no

 

Pioneer er her representert med  VSX-1015, ein modell som ventar på avløysing, men likevel eit godt val. Musikalsk fungerer denne glimrande, og om denne skulle dukke opp på tilbod, vil dette apparatet vere eit svært fornuftig alternativ for alle andre enn dei mest krevande hifi-entusiastane (som bør vere utstyrt med ein ekstra solid bankkonto). Her er nok av hestekrefter til dei aller fleste, og her er imponerande dynamikk kopla saman med ei overraskande musikalsk attgjeving i prisklassen. Litt minus for noko innfløkt oppstilling og ein radio som treng god antenne og/eller mottakarforhold, men klart ein receiver med stor gøy-faktor i det musikalske, og i stand til å fikse dei fleste høgtalaroppsett, og mange fasilitetar å velje mellom.

Pris: 6 998,00

Link: www.pioneer.no

 

Rotel har alltid vore eit merke for entusiastar som stiller noko strengare krav til lydattgjevinga enn folk flest. RSX-03 kostar 9 995,00 kr, som er ein del meir enn konkurrentane. Med berre fem kanalar er her ikkje sone 2-funksjonar, og effektreservane er heller ikkje så store at du kan rekne med kraftig lydstyrke på tungdrivne høgtalarar. Men det du får, er ein hifiprofil det er lett å like, og lydlege kvalitetar som absolutt forsvarar meirprisen. Så om du har lettdrivne høgtalarar, lyden er det viktigaste i anlegget ditt, og du held deg til berre eitt anlegg som skal dekkje alle behov, er dette er det  alternativet som gjev best kvalitet. Sannsynlegvis vil også vinylentusiasten kunne bli lukkeleg med ein riaa som bør halde same kvalitet som Rotel er kjent for.

Du må til gjengjeld betale litt meir, og dessutan klare deg utan ekstra kanalar og dei mest avanserte fasilitetar når det gjeld automatisk oppkopling og sone 2.

Link til produsent: www.rotel.com

Link til importør: www.nebyhifi.no


Sist oppdatert : 11.08.2006 15:56:08
Lest 3857 ganger
Arve Åheim

Fagredaktør i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Les det digitale tidsskriftet AUDIOphile No.1:

Annonser

Nyeste tråder på Hifisentralen