lørdag, 09 januar 2010 07:44

Cary PH 302

Skrevet av

Cary PH 302

Samstundes med toppmodellen av Benz-pickupar fekk eg også prøve Cary sin rørbaserte riaa. Ein sann svir å teste….

Cary er rørprodusenten Lyric Hifi satsar på. Men sjølv om eg har høyrt oppsett med desse forsterkarane fleire gonger i butikken hos Tor, vert det noko anna å prøve dei heime i eigen rigg.

PH 302 er ein velsigna enkel sak. Berre av/på-knapp, ein mute-knapp og velgjar mellom MM og MC. MC er sett til 100 Ohm, noko som passar for svært mange pickupar, om ikkje alle. MC-inngangen er dessutan ikkje berre basert på rørforsterking slik som MM-inngangen, men inneheld også ein transformator i signalvegen. Dette høyrest kanskje skummelt ut for somme, men etter mine erfaringar er trafo-løysingar svært musialske, mindre kritiske enn reine forsterkarar, og det vert difor mindre behov for justeringar. Ein slik kreativ kombinasjon av rør og trafo kan altså vere svært gunstig. Ein annan ting er at det ikkje tek lange tida før PH 302 er speleklar. Du må rett nok spele han inn to - tre døgn, men når du etterpå slår han på, tek det ikkje meir enn rundt ti minutt før alt er optimalt. Eineståande for eit rørprodukt, om enn ikkje heilt så valdsamt som produsenten lovar (3 minutt er litt optimistisk...) Eg spelte han inn rundt 40 timar i starten, og var då fornøgd. Eg kunne ikkje registrere merkbare endringar etter dette (og her var det tilrådd 100 timars innspelingstid frå produsenthald).
Alle riaa-trinn må plasserast med ein viss omtanke, slik at dei ikkje fangar opp støy frå andre elektriske apparat, men PH 302 er ein av dei minst jomfrunalske på dette feltet, langt mindre enn min ARC SP 10. I det heile er støy svært marginalt, og med støydata på -78 dB og forsterking på 54 dB vil det ganske sikkert ikkje vere problem for pickupar som klarer å levere iallfall 0,2 mV ut. Det var altså ikkje det minste problem med PH 302, og eg kunne så ta til på den kritiske lyttinga for alvor.

Lytteinntrykket
Når det gjeld klangeigenskapar, er det bassen du lettast vert imponert av. PH 302 er svært imponerande på dette feltet, og du legg umiddelbart merke til kor rett allting er i heile bassområdet. Alt bassgitaristen gjer kjem svært tydeleg fram, og teiknar seg  krystallklart annleis enn basstromme, orgel og andre bassinstrument. Og dette gjeld dei aller fleste opptak, ikkje berre ”superplatene” av referansekvalitet, i like stor grad med MM og MC-pickupar, når dei elles er i stand til å få med seg det som er i rillene. Ved lengre tids utprøving vart det meir og meir tydeleg at dette riaatrinnet er ekstremt godt på alt som har med bass å gjere. Ikkje berre når det gjeld autoritet, men også med ei nyanseringsevne som eg opplevde som ganske eineståande.

Også mellomtonen er svært tydeleg, og gjer at musikalske detaljar står fram på ein sjølvsagt og naturleg måte. Alt er der, men heilt utan at nokre spesielle instrument vert overdrivne eller på andre måtar skil seg ut. Og innan alle musikksjangrar, men kanskje spesielt når eg spelte gamle klassiske RCA-innspelingar og EMI-innspelingar frå siste halvdel av 70-talet. Plater med ganske tam lydkvalitet syner seg frå si beste side, og både Creedence og Bob Dylan stod fram slik at det var lett å glede seg over musikken. Noko av det aller beste innan mellomtone eg har vore bort i, spesielt når den Benz LP står i pickuparmen. Dette er ein god kombinasjon som rett nok kostar flesk, men så får du også det du betalar for. Her kjem også romoppleving og tredimensjonalitet opp på det nivået der det er snakk om det som fortener anlegg av den absolutt øvste kvalitet. Dette er oftast den eigenskapen som er skilnaden mellom dei svært gode oppsetta og det som høyrer heime i himmelriket. Eg var svært fornøgd på dette feltet.

Saman med mi referanse Dynavector DV10x5 vert nok lyden tydeleg mindre detaljert, og ikkje så flott på frekvensfløyane. Men også her er mellomtonen fantastisk og godt nyansert, slik at denne relativt rimelege pickupen også kan opplevast veldig positivt.

Når det gjeld den øvre diskanten, er denne også godt over det som dei ”vanlege” riaatrinna i litt lågare prisklasse kostar, og vil neppe opplevast som mangelfull, sjølv i direkte samanlikning med det absolutt beste på marknaden. Sjølv om PH 302 kanskje er mest logisk for dei med minst like dyr MC-pickup, er det fantastisk moro å høyre kor godt mine mange MM-pickupar gjer det gjennom dette riaatrinnet. Det verkar optimalt for alt eg hadde i huset av MM. 
Diskant er oftast best attgjeve av MC-pickupar, og Benz LP/Cary-kombinasjonen er svært imponerande. Her skulle eg likt å hatt fleire superpickupar å samanlikne med, då mi referanse DV10x5 vert smågut i samanlikning. Eg konstaterar berre Cary PH 302 er overkill til denne gode, men relativt rimelege pickupen. Det er tydeleg at diskant er absolutt ikkje er noko svakt punkt for PH 302, men det var fyrst og framst dei andre frekvensavsnitta som tok pusten frå meg i oppsettet, utan at eg torer vere bastant over kor mykje av dette som skuldast Benz LP eller riaatrinnet. 
Dei dynamiske eigenskapane er ei veldig sterk side, som kjem til sin rett om vinylrigg og anlegget elles er i stand til å formidle både dei fine nyansane og det heilt ekstreme. Her er PH 302 heilt i sitt ess, og kan forsyne seg fyrst av kirsebæra saman med dei store. Det var kanskje akkurat dette som eg verdsette aller høgst, når alt kjem til alt.

Konklusjon.
Cary PH 302 er slett ikkje billeg, men ligg likevel godt under dei dyraste riaa-trinna frå ARC, ASR og Conrad-Johnson. Når det også kan oppnåast dynamisk nyanseringsevne, trøkk i dei kraftigaste partia på platene, gode tredimensjonale eigenskapar, bass og mellomtone i referanseklassen, ser eg dette som eit riaatrinn som er svært mykje for pengane, sjølv om det vil vere urimeleg å kalle det direkte billeg.

Eit produkt for dei med enkel smak ("det beste er godt nok") og store krav.

Importør: www.taaimport.no
www.lyrichifi.no

Cary PH 302 har enkelt design - på utsida, altså...
Cary PH 302 har enkelt design - på utsida, altså...
Tilkopling for både mm og mc.
Tilkopling for både mm og mc.
Innsida er svært skikkeleg. 6 rør og nokre transistorar.
Innsida er s
Lest 7714 ganger
Audiophile

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.