onsdag, 31 desember 2003 23:00

Rotel RCD 1072

Skrevet av

Rotel har no fått Neby HiFi som ny norsk agent. Og det fyrste spennande produktet vi prøver herifrå, er denne CD-spelaren.
Vi har tidlegare prøvd ut forgjengaren RCD 1070, og har rimeleg høge forventingar. Rotel er designa med eit tillitsvekkjande ytre, og RCD 1072 held fram denne tradisjonen.


I tillegg opplever eg den blanke alunimiumsfronten som meir estetisk tiltalande enn dei tidlegare svarte, men dette er nok eit spørsmål om smak og behag. Sannsynlegvis vil ”Folkeaksjonen mot blå lysdioder” ikkje vere fornøgde.

Fjernkontrollen er oversiktleg og funksjonell, og alle funksjonane tilgjengelege gjennom denne. Rotel har valt å ta bort volumkontrollen, noko som er forståeleg ut frå at lydkvaliteten endra seg ved bruk av denne. På ein måte er dette synd, for RCD 1070 hadde vel den minst dårlege av dei rimelegare CD-spelarane eg har prøvd med digital volumkontroll. Av og til er det greitt å sku ned lydstyrken når det ikkje er kritisk behov for perfekt lydattgjeving. Når det er bakgrunnsmusikk til andre aktivitetar, og eg likevel ikkje sit i sweetspot, gjer det meg lite om lydattgjevinga ikkje er optimal, og så har ikkje preampen min fjernkontroll. 
Kontrollfunksjonane på RCD 1072 er det rikeleg mange av. Scan-funksjonen er ganske grei når du skal sjekke innhaldet av ein ny CD, og det er også fornuftige alternative innstillingar av displayet. Repeat, random, review og dei andre spesialfunksjonane er nok mest for spesielt interesserte, men kan vere kjekke å ha om du ynskjer å velje bort enkelte låtar på ein CD. 

Elles har Rotel som vanleg utstyrt spelaren med HDCD, slik at du kan få med deg den ekstra dynamikken som dette systemet byr på. Dette er nok viktigaste grunnen til at spelaren ikkje er utstyrt med fjernkontrollert volum, då digitalutgåvene av slike ikkje let seg kombinere med systemet. Forgjengaren RCD 1070 har både HDCD og volumkontroll, slik at HDCD-indikatorlyset sloknar med ein gong du brukar fjernkontrollen.

Spelaren er utstyrt med digital coax-utgang, for den som ynskjer å bruke ein ekstern DAC, sjølv om eg trur den innebygde vil vere god nok til dei fleste.

I det store og heile vil eg seie at RCD 1072 er ein svært tiltalande spelar, som fungerer upåklageleg på alle måtar. Skuffa er rask, og gjev rimeleg tillit når det gjeld kvalitet.

Lyden:
Eg har latt spelaren stå på heile tida, og har ikkje brydd meg om å finne ut kor lang oppvarmingstid som trengs for å få full stabilitet over spelaren. Han er oppgjeven til å forbruke 20 watt, og er dermed heilt kald på overflata. Du skal vere meir enn uheldig for at denne skal utvikle seg til ei brannfelle.

Ved fyrste kontrollytting syner det seg at spelaren held iallfall god, vanleg Rotel-kvalitet. Ope og fint lydbilete, med god dynamikk, utan skeiv klangbalanse av noko slag, ut over dei avgrensingane sjølve CD-mediet har i seg sjølv. Du vert klar over desse avgrensingane, men ikkje på ein overanalytisk eller irriterande måte.

Ved grundigare utprøving viser det seg at RCD 1072 taklar absolutt alle dei mest krevjande CDane eg har i samlinga. Spesielt er dei dynamiske eigenskapane uventa gode, langt betre enn prisen skulle tilseie. Her har vi ein verkeleg flott sak. Ved avspeling av mine tøffaste Telarc-innspelingar er vi heilt på linje med det beste eg har prøvd ut etter mine notatar. Eg må likevel ta atterhald på at mange gonger dyrare spelarar kan ha endå meir godt å by på. Diverre har eg ikkje tilgang på slike til å gjere direkte samanlikningar, men eg sit med eit klart inntrykk av at denne spelaren er noko for seg sjølv. Eg har likevel vanskeleg for å tenkje meg anlegg der RCD 1072 klart syner seg å vere den svakaste delen i kjeden, og det er absolutt på sin plass å spandere på anlegget elles så mykje ein har råd til. RCD 1072 har så langt synt seg å vekse med oppgåvene.Ved sida av glimrande dynamikk og uvanleg god klangbalanse, vert romopplevinga formidla skikkeleg bra. Du skal sette av alvorleg mykje pengar på budsjettet for å få betre lyd enn dette, spesielt frå ein CD-spelar. 

Det kanskje beste av alt, er at denne spelaren er fullstendig kameleon i anlegget. Han passar utmerka saman med alt eg har prøvd han ut med, både elektrostatar, ProAc og heimebygde høgtalarar. Det jobbast godt med all elektronikk eg har hatt høve til å setje RCD 1072 på prøve saman med. Og bortsett frå CD-mediet sin karakteristiske attgjeving av den øvste diskanten, bankar han min rimelege SACD-spelar Sony XB 770 når eg samanliknar hybridplater, også når Sonyen arbeider i SACD-modus!

Konklusjon

Mer informasjon

Med atterhald om at det er mange CD-spelarar i
prisklassen 5 – 10 000 kr, tek eg sjansen på å kåre
denne spelaren til kvalitetsstempelet ”best in class”. Ein CD-spelar til å verte glad i!
Importør: www.nebyhifi.no

Produsent: www.rotel.com
Lest 6950 ganger
Audiophile

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.