onsdag, 31 desember 2003 23:00

Copland CTA 520

Skrevet av

Under utprøving av forsterkarsettet frå Copland, var saken klar. Effektforsterkaren vart aldri returnert. I staden fekk CTA 520 plass som ein del av referanseanlegget mitt....
(Sjå også artikkel om forforsterkaren CTA 305. Sjølv om eg returnerte denne, er det ein glimrande forforsterkar)


Effektforsterkaren CTA 520
Når begge Coplandforsterkarane er i anlegget, er fordelen av at anlegget både estetisk og praktisk er tilpassa kvarandre. Med ei ekstra leidning (minijack?) kan du slå på CTA 520 når du tenner forforsterkaren. Elles er designet svært likt CTA 305, borstett frå at her berre er ein av/på knapp midt i feltet på framsida, som er utstyrt med 8 diodar som skal varsle om forsterkaren er i standby eller på (den heilt ekstremt korte oppvarmingstida tyder på at det går litt straum med til å vere klar til bruk), om du spelar med ein eller to kanalar. Tre raude diodar varslar om sikringskrinsane koblar inn, og kva som eventuelt er feilen. Endeleg er det ei diode som fortel om forsterkaren er brukobla. Dersom du får lyst på ekte balansert drift, er det ein brytar på baksida. Forsterkaren går då frå dei smålåtne 125 stereowatt til ein monoforsterkar på 250 Watt. (Brukobling kan du også få utanom den balanserte XLR-inngangen, og på Audiocompaniet har dei eit slikt oppsett for tida) Under utprøvinga brukte eg CTA 520 berre i stereo. 

Eg var sterkt forbausa over dette sluttrinnet. Eg måtte rett og slett opne for å sjå om Møller hadde laga nok ein hybridkonstruksjon med rør på inngangen, han hadde nemleg suksess med ein slik sak for litt sidan. Men nei, her er berre transistorar (og to grovt dimensjonerte ringkjernetransformatorar. Dual Mono? Når det gjeld lyd, har eg aldri høyrt ein transistorforsterkar som let mindre transistor. Men det let ikkje rør heller, iallfall ikkje rør på den karakteristiske varme måten vi gjerne opplever frå gamle konstruksjonar. Dette er nøytralt! Og dynamikk og romoppleving heilt i verdsklasse, på linje med svært godt rørutstyr. Romopplevinga klassa faktisk ut det eg har greidd å få ut av min gamle Grant rørforsterkar, som eg trudde var suveren til prisen, iallfall på dette feltet. Men kremen på kaka er likevel klangen, all utklinging av instrumenta er så fullstendig utan "elektronisk glans" som du kan tenkje deg. Å spele akustisk musikk med denne effektforsterkaren er så engasjerande at eg fann meg sjølv konsentrere meg om musikalske detaljar eg aldri har brydd meg om tidlegare. (Godt lyttedøme: Ladysmith Black Mambazo: Shaka Zulu WB 7599-25582-2) Men sjølv om dette er eit godt analysereiskap, er musikkattgjevinga er aldri trøyttande analytisk, så du kan trygt spele dine gamle Creedence-plater utan å irritere deg over bagatellmessige manglar i opptaket. Å spele Hokahey med Vestlandsfanden var ein sann svir… Men Coplandsettet, så vel som CTA 520 åleine fungerer også som eit heilt reint vindauge mot musikken, og skjular ingenting. Du kan lytte til alle dei musikalske detaljane i Orff: Carmina Burana (Telarc SACD 60575, rett nok med berre to kanalar) eller Kaizers Orchestera Ompa til du dør. Også strammare produksjonar som Nils Lofgren eller Eva Cassidy kjem fullstendig til sin rett. Du treng ikkje spele høgre enn du eigentleg bryr deg om.
Eg skjønar ikkje at det går an å lage ein transistorsak med så fullstendig mangel på transistorlyd, og så selje den til 20 tusen. Her er alt det beste som rørtrinna eg har hatt i hus bydde på, og så vert saken ikkje varm eingong! Eg har ingen kritiske merknadar å snakke om. Kanskje litt meir guffe hadde vore kjekt til tider, men eg må innrømme at dersom dette hadde kosta t.d. den utruleg flotte mellomtonen, ville det vore ei feilvurdering. Og når eg brukar CTA 520 i biamp-oppsettet i referanseanlegget mitt, er det vanskeleg å tru eg kan få betre lyd. Audiocompaniet bør vere lukkelege over å kunne bruke Coplandsettet når dei skal demonstrere dei større Martin-Logan hybridhøgtalarane. I mitt oppsett har eg aldri fått betre lyd ut frå elektrostatdelen enn med CTA 520.
Dette er effektforsterkaren til den som vil spele like nøytralt som med rør, men som ikkje vil ha kostnadane og bryet med rørskift og ekstra oppvarming, eller bryet med biasjusteringar.

Konklusjonen er altså klar. Dette er forsterkarsettet til den som vil ha detaljar, nøytralitet, dynamiske nyansar til ein overkomeleg pris - vi snakkar rett nok om nesten 37 kilokroner, men du må legge ein god del meir pengar i potten om du skal forbetre lyden vesentleg på desse felta. Vi snakkar då gjerne om OTL (utgangstransformatorlause) rørkonstruksjonar som både er kompliserte og svært kostbare, eller andre radikale og glovarme, straumslukande løysingar.

Dersom du skal drive svært tungdrivne høgtalarar, eller likar diskoteknivå på lydstyrken, bør du kanskje vurdere andre forsterkarar. Eller så kan du etter kvart vurdere ein 520 til, og bruke brukobling, i så fall skulle du ha nok krefter til å drive kva som helst. Spent på om Ole Møller hadde eit kvart på lur, sidan han har XLR-inngang på baksida, sende eg ein mail til han med spørsmål om dette. Og det er faktisk ein balansert rørpreamp på gong, men endå såpass langt fram at det ikkje er noko snakk om lanseringstidspunktet.
Men CTA 305 og 520 er iallfall på marknaden no. To vakre og storarta produkt som burde vere ynskjedraumen for alle med stereoanlegg!

Pris 305: 16 900
Pris 520: 20 000
Importør: www.audiocompaniet.no

Lest 13165 ganger
Audiophile

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.