mandag, 31 januar 2005 23:00

Bose Lifestyle 28 Serie II

Skrevet av

I 60- og 70-åra gjorde Dr Amar G. Bose forsøk som viste at det meste av lyden som når oss er reflektert. Konsekvensen han tok av dette, var å utvikle musikkanlegg som ved hjelp av reflektert lyd skapte flotte lydbilde. Det siste er heimekinoutstyr med lik designfilosofi.

 

Av Arve Åheim 01.02.05

Seinare har Bose helde fram med innovativ utvikling av sine lydprodukt. Behovet for god lyd som ikkje ruvar i rommet er vel lett å forstå, det er kanskje verre med dei meir konforme hifiprodusentane som utviklar utstyr som krev kompromisslaus plassering av utstyret, og års erfaring for optimalisering av dette….


Eg fekk tilsendt ein stor pakke frå Bose, som skulle innehalde ALT eg hadde bruk for til å rigge anlegget. Dette synte seg å stemme. Ved sida av delane til anlegget, var alle leidningar og alt utstyr som kunne tenkjast lagt ved.

Sjølve utstyret
Den største komponenten i anlegget er ein stor, kvit sak som til forveksling liknar på ei litt stor datamaskin. Dette kan vi gjerne kalle musklane i anlegget, og her er subwoofer og effektforsterkar plassert.

Hjernen er ein liten, diskret utsjåande sak, ikkje større enn ein middels TV-tuner. Ein ekstern 220V transformator er forsynt med lange leidningar, og kan lett gøymast vekk. Kontrollsenteret er utstyrt med ei rekkje kontakter, slik at du kan koble til alt av ekstra digitale eller analoge signalkjelder, og dessutan linke saman ulike Bose-einingar i andre rom. Spesielt aktuelt dersom du også har den litt større modellen Lifstyle 38 med innebygd harddisk for langring av musikk, eller kanskje ein av dei mindre Lifestyle-modellane på soverommet.

Bakpanelet til kontrolleininga har det meste av kva som kan forventast.

Desse to greiene forbindast med ein relativt tynn og smidig kabel av den typen som brukast til å linke saman telefon- og dataanlegg. Lengda av denne er rikeleg, slik at dine plasseringsynskje lett kan innfriast.

Frå ”muskelsenteret” skal det så strekkjast relativt tynne, kvite høgtalarleidningar av ein tjukkleik som ikkje akkurat imponerar garva hifi-frikar med erfaringsbakgrunn frå MIT Shotgun, men som til gjengjeld er avisolerte, med lodda endar som skal stikkast inn i små, men uvanleg solide klemmefeste på dei fem medfylgjande satelitthøgtalarane.


Dei fortinna og ferdig avisolerte endane på høgtalarleidningane stikkast inn i stramme terminalar av klemmetypen. Personleg tykkjer eg det er tryggare med meir fomlete skruterminalar, men desse klemmene er dei strammaste eg har prøvd, og må seiast å vere av glimrande kvalitet. Vi ser også at høgtalarane er utstyrte med skrufeste for brakettar og eigne stativ.

Det stillast eigentleg berre eitt absolutt krav til høgtalarplassering, og det er at senterhøgtalaren står ganske nær filmbildet ditt, anten TV eller lerret. Dei andre høgtalarane skal kunne plasserast ganske fritt med eit visst omsyn til sunn fornuft. Når dette er gjort, og dei to apparata slutta til nettet, er du klar til innstillingsarbeidet.  Normalt er dette svært krevjande, spesielt i samband med surroundlyd, men Bose har satsa store ressursar på produktutvikling som skal gjere dette lettare. Og AdaptIQ er verktøyet du brukar, i kraft av to CD-ar og ein dobbelmikrofon som skal festast på hovudet og sluttast til AUX-inngangen. Systemet er ganske greitt.

Du får detaljinstruksjon på 8 ulike språk – ikkje på norsk, rett nok, men ettersom nye undersøkingar fortel at nordmenn er dei skandinavar som lettast forstår nabospråka, skulle dette vere logisk nok. Prosedyren er ganske enkelt at du vel deg 5 ulike lytteposisjonar, og kommuniserer ved hjelp av fjernkontrollen med programvaren i AdaptIQ, slik at anlegget tilpassar anlegget så optimalt som råd. Denne prosessen tek ca 10 minutt – langt mindre enn ei promille av den tida eg har brukt på å finne optimal høgtalarplassering i dei ulike romma eg har hatt lydanlegg i opp gjennom åra.

Etuiet med AdaptIQ-utstyret - ein spesiell hovudmikrofon med svært lang kabel, og to CDar med programvare. Svær raskt og enkelt i bruk.

Lyden av Bose AdaptIQ
Mi fyrste opprigging av anlegget var basert på erfaringar eg har gjort i det aktuelle lytterommet. Subwoofer vart sett litt til venste ca 20 cm frå vegg, under heimekino-lerretet.  Høgtalarane vart sett ca 60 cm over golvet, bakhøgtalarane i 20 cm framfor bakhjørna, og fronthøgtalarne 30 cm frå bakvegg. Senterhøgtalar vart sett rett under kinolerretet, kloss til veggen. Deretter vart AdaptIQ-prosessen køyrd frå dei mest aktuelle lytteposisjonane.
Så plasserte eg meg i den beste posisjonen, der eg satt rett ovanfor lerretet, og køyrde mi vanlege lytteprosedyre med CD-ar. Og fekk eit svært behageleg inntrykk. Systemet fungerte til overmål, og det var ingenting som kan kallast direkte feil med lyden. Sjølvsagt hadde anlegget sitt særpreg, og skal det brukast rein audiofil tilnærming til lyden, var ikkje diskanten så oppløyst som på dei betre tinga eg har referanse på. Bassen var både djup og imponerande, om enn ikkje med den sjølvsagde autoritet som eit sett IMF TLS 80 kan levere. Og på same måte som på anna surroundutstyr eg har prøvd ut, er ikkje lydbildet så naturleg og detaljrikt som eit blodtrimma par elektrostathøgtalarar kan levere under optimale tilhøve. Men dette vil vere bagatellar for dei fleste av oss. Det vert så lite interessant når du speler musikk. Bose sitt Lifestyle-anlegg evnar å engasjere, og sjølv om det har eit musikalsk særpreg, er dette på ein måte som gjer at du ikkje vert sliten av lyden. Ikkje slik at det maskerer lyden, du får godt med deg kva som går føre seg i innspelinga. Vi snakkar om dei siste detaljane som garva hifi-fundamentalistar forventar seg, men som dei ikkje får før det brukast meir pengar enn dette.
Så køyrde eg film. Avspelinga av DVD innfridde alle forventningar eg hadde, og menyane var lettforståelege på det språket eg hadde valt i AdaptIQ-prosessen. Etter ørlite fomling før eg fann justeringa for bildeformatet, lærte eg å sette pris på den beste fjernkontroll eg har sett, både ut frå logikk, utsjånad og spesielt brukskomfort. For det fyrste kunne eg bruke fjernkontrollen frå kva som helst posisjon utan å måtte sikte, og jamvel frå andre rom. Dette skuldast at Bose brukar radiosignal i staden for infraraudt, og er nok tenkt slik ut frå behovet ein har å styre funksjonane om ein skulle linke saman eit nettverk i fleire rom.  Radiodelen var også svært grei, lett å søke med fjernkontrollen, og god mottakar. Automatisk skifting til mono når signalet vart for svakt til at stereolytting var behageleg (akkurat her kunne eg tenke meg eit manuelt val for å hindre støyen på svake stasjonar). AM konstaterte eg fungerte, utan at eg gjorde nokon grundig undersøking av dette. Eg prøvde også ut eit par eksterne signalkjelder, og fann ut at den innebygde DVD-spelaren heldt godt mål som CD-spelar. For meg var det berre ein grunn til å ha ekstern spelar, og det går på avspeling av SACD. Dette har Bose ikkje prioritert. I det store og heile er det tydeleg at brukskomfort og gjennomtenkte detaljar har vore viktig i utviklinga av dette systemet.  Som eit døme kan du slå av anlegget, og filmen (eller musikken) vil starte nøyaktig på same plass som der du slutta, neste gong du slår anlegget på.
Tida var no komen for å provosere AdaptIQ-systemet, og eg gjorde eit brutalt forsøk på å plassere høgtalarane på måtar dei fleste audiofile vil kalle håplause. Hovudhøgtalarne vart lagde i glaskarmen og gøymde saman med potteplantane.


Kanskje vanlegare enn du trur? Ein sub plassert inntil veggen bak ein stor potteplante......ikkje slik eg normalt ville gjort det, men det fungerte upåklageleg.

Slik gjer vi det iallfall ikkje! Om du då ikkje har AdaptIQ og Lifestyle-systemet til Bose. Med senterhøgtalar plassert under lerretet og hovudhøgtalarne over sidene på lerretet 2,5 meter over golvet. Lyden var ikkje berre til å leve med, men god......

Subben pressa tett opp til veggen, høgre bakhøgtalar pressa inn i eit hjørne ca 80 cm over golvet, medan venstre vart sett  på eit settebord som var 45 cm høgt, ikkje heilt i hjørnet. Berre senterhøgtalaren vart ståande på same stad. Eg repeterte AdaptIQ-prosessen, og oppdaga at det var meir for pengane enn berre lydkvalitet. Trass i ganske dårleg plassering var lyden så å seie identisk. Kunne dette systemet vere så tilpasningsdyktig som Bose hevdar? Ei ny plasseringsjustering vart gjort: hovudhøgtalarne lagde i øvre glaskarm 2,5 meter over golvet, medan subben vart skubba innunder vindaugskarmen langt ute på venstre side, og gøymd bak ei diger blomsterpotte. Ny AdaptIQ-prosess, og forbausande lik lyd. Ved konsentrert lytting greidde eg rett nok å konstatere at så høg plassering av hovudhøgtalarar ikkje var gunstig, og at subben med fordel kunne hatt tidlegare plassering, men skilnadane var i det store og heile bagatellmessige. Systemet heldt fram med å formidle på ein gjennomgåande musikalsk måte som ser ut til å vere Bose sitt varemerke.
Eg gjorde i alt 8 ulike justeringar av anlegget, også i dei andre romma mine, og gjorde relativt hysteriske forsøk på å provosere justeringsprosedyren. Til tider gjekk eg for langt, og fekk beskjed om å ringe Bose…  (forsøkte mellom anna å bruke yndlingsplassen min fleire gongar, slik at lyden her kunne optimaliserast.  Eg fekk då beskjed frå anlegget om å flytte meg, fordi eg var for nær tidlegare plassering).  Men det gjekk svært greitt å gøyme høgtalarane, systemet justerte seg i stor grad til det same klangidealet, sjølv om høgtalarplasseringa var ganske så brutal (sjå foto).


Plassering av bakhøgtalar i vindaugskarm bak gardin gjekk heilt fint. Faktisk kunne eg gøyme høgtalarane bak møblar og på golvet, utan at det gjekk særleg ut over lydkvaliteten.

Mest kritisk var eg i lytterom nr 1, der eg også gjorde direkte samanlikning med eit meir tradisjonelt audiofilt system til 4 gongar prisen av Bose. Her var det nærliggande å vurdere den særeigne Bose-lyden. Denne gjev seg ikkje ut for å vere nøytral, men baserer seg på sin eigen filosofi om kva god lyd skal vere. Skal dette særpreget beskrivast med eitt ord, vil eg velje ”lystig”. Samanlikna med stereolyd frå eit superanalytisk anlegg er det naturleg å peike på ein ekstra presens i øvre mellomtone/nedre diskant. Dette er ikkje på nokon måte skjemmande for lyden, tvert i mot aukast persepsjonsevna for mange detaljar, noko som svært mange vil oppleve som positivt i dei fleste situasjonar, særleg dersom anlegget står på samanhengande i lang tid, og brukast både til radio, musikklytting, TV og heimkino. Det skal mykje til før du vert trøytt. 
Samanliknar ein frekvensavsnitt, er ikkje Bose sine element i stand til å tilføre den aller øvste diskanten same luft og superoppløysing som dei nye superdiskant-elementa, men det er tvilsamt om dette saknast i praktisk bruk av andre enn uhelbredeleg audiofile. Om slike kvalitetar er viktige, må ein hugse på at dei vanskeleg kan kombinerast med Bose sin ekstemt fleksible plasseringsevne. Ein annan ting er bassen, som også er ”lystig”, slik at lyden tenderer til å vere slik som mange kallar ”feit”. Ein hifi-fundamentalist vil vel steile over dette, men det er i høgste grad sjarmerande.  Det må også nemnast positive sider også for dei audiofile.
Største plusset er kanskje fritaket frå alle tendensar til ”sweetspot”. Du kan i praksis få anlegget til å låte svært godt nesten uansett plassering av deg sjølv eller anlegget. Prøv likevel å plassere subben slik at han ikkje er bak deg eller direkte 90 grader ute på eine sida, då vert det merkbart at bassen kjem frå ein eigen høgtalar. Han tåler likevel å stå ganske langt ut, såpass som 60 grader går heilt greitt. 
Ei anna side som er svært positiv, er dei dynamiske eigenskapane. Det kan spelast med skikkeleg trøkk, og eg lærte fort å sette pris på dette i heimekinosamanheng. Det er her dette anlegget har sin største styrke. Når ein ser film, endrar persepsjonsnivået seg, slik at eg ikkje greier fokusere på berrelydeigenskapane i lengda, men på den totale summen av syns- og høyrselsinntrykka. Spesielt moro er det med dei store kinoeffektane du finn på filmar som Matrix og Star Wars. Effektane vert i stor grad understreka av Bose-lyden, slik at forteljinga vert formidla med snert og engasjement. Dette er vel noko av poenget med heimekino – dogme-filmar treng vel neppe surroundsystem? Elles vinn faktisk anlegget klangmessig på ei litt hysterisk plassering av høgtalarane. Mykje av den tidlegare nemnde presens-klangen kan tonast ned ved såkalla diskré høgtalarplassering. Dei vridbare høgtalarelementa kan gjerne rettast mykje til sidene, noko du bør gjere spesielt med senterkanalen, der du iallfall ikkje bør rette begge elementa rett mot der du er vant til sweetspot. I eit stort rom kan dette bli for mykje av det gode.
Lyden Bose-systemet greidde å få til i mitt håplause lytterom 4 imponerte stort.  Dette rommet er tortur for alle anlegg eg har prøvd der, og det einaste eg har fått til rimeleg greitt tidlegare, var Cabasse sitt XI-system (som stereosett). Her greier Bose-AcoustIQ å justere seg til meir enn akseptabel lyd, faktisk svært god lyd til kinobruk.

Konklusjon:
Bose har utvikla eit heilstøypt konsept som fungerer svært godt. Det er eit alternativ som bryt med tradisjonell hifi, og somme vil nok ikkje ha sans for dette. Men dette er svært interessant for musikkelskaren som ikkje ynskjer kompromiss når det gjeld møblering av lytterommet, for den sosiale som ikkje vil avgrense godlyden til ein eller to sweetspot-sitteplassar, og for folk som ynskjer enkelt oppsett, stor funksjonaitet og god oppfylging frå leverandøren. Det er også svært godt eigna for den filmglade. Ei anna positiv side er at du ikkje har behov for den ringaste hifi-kunnskap for å få til lydkvalitet som ligg godt over det vanlege. Anlegget fintrimmar seg sjølv.

Pris:                                      Lifestyle 28 series II:  kr 35 000
Andre alternativ:
Med mindre høgtalarar:              Lifestyle 18 series II:  kr 27 000
Innebygd harddisk m/plass til 200 CD   Lifestyle 38:              kr 43 000
Innebygd harddisk m/plass til 350 CD   Lifestyle 48:              kr 50 000
Det finnest også masse utbyggingsutstyr høgtalarsystem som kan linkast saman med Lifestyle.

Link til produsent: www.bose.com

Importør: Bose Norge
Servicetelefon: 6202 1561


Sist oppdatert : 01.02.2005 16:52:27
Lest 9192 ganger
Arve Åheim

Skribent i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.