
Arve Åheim
Skribent i Audiophile.no
Det har gått gjetord om Topping, ein kinesisk hifi-produsent som har greidd meisterstykket å levere produkt av svært høg kvalitet til låge prisar. I oktober 2020 vart desse tilgjengelege gjennom ein overraskande ny nettbutikk, på Hifi-sentralen, nettsida der norsktalande diskuterer hifi. Eg heiv meg på telefonen...
Då eg oppdaga at Lydglede hadde Dual platespelarar i sortimentet, vart eg nyfiken. Dual er nok ein av dei platespelarprodusentane som har levert flest einingar opp gjennom åra. Ikkje slik at dei har laga dei mest ambisisøse designa – dei har heller brukt å gjere ting nøkternt, men sinnrikt og funksjonelt, slik at kunden får så mykje for pengane som råd. Så her prøver vi endå ein modell, denne gongen ein ganske rimeleg modell.
Lenge sidan eg har hatt effektforsterkarar med rør i anlegget. Med tungdrivne høgtalarar er det eit avgrensa utval som er kraftige nok, og som også er til å betale. Så kom Radomir Gambiroza frå Sound Ground i Bergen på besøk med Tsakidiriks Apollon, eit sett rør monoblokker på 150 Watt, og det til ein pris som må seiast å vere fornuftig.