torsdag, 31 januar 2008 23:00

Bose 901mk VI

Skrevet av

Det ryktast at Bose er i ferd med å fase ut sitt fyrste høgtalarprodukt – 901 – høgtalaren eg starta mi audiofile karriere med for godt og vel 30 år sidan. Forskrekka tok eg kontakt med dei norske forhandlarane for å sikre meg eit sett til utprøving før det var for seint…

 


Av Arve Åheim desember – februar 2008

 

Bose er ein kontroversiell høgtalardesignar som har hatt produkt med sterke tilhengjarar og motstandarar. Under sine forsøk på 60-talet hadde doktor Amar G. Bose funne ut at det meste av den lydensom når øyret, kjem dit indirekte som refleksjonar frå omgjevnadane, og at det berre er 10% som er direktelyd.

Ut frå forsøka starta så arbeidet med å utvikle ein høgtalar som spreidde lyden på denne måten. Det ideelle ville vere ein høgtalar med ti element, der berre eitt peika rett mot lytteposisjonen. Av praktiske grunnar valde ”lyddoktoren” å la åtte element peike bakover,  4 x 2 element montert med innbyrdes vinkel på ca 135 grader, slik at lyden ikkje går rett bak, men litt til høgre og venstre, med refleksjonar som er godt spreidde.

Eitt høgtalarelement er montert på fronten, og skal sende lyden rett mot lytteposisjon.

 

Men desse til saman ni elementa måtte ha spesielle eigenskapar. Dei måtte ikkje vere for store, slik at ein unngjekk eit stort kabinett. Dei måtte ha ei stor slaglengde, slik at dei kunne gje att skikkelege lydtrykk. Ved å bruke så mange element fekk ein god bassrespons sjølv om elementa var ganske små. Og resonansane var under kontroll, sidan elementa innbyrdes var litt ulike, slik at dei ikkje hadde heilt like vrengetendensar. Men det var frykteleg vanskeleg å finne dei rette elementa. Desse skulle både greie å gje att heile det høyrbare frekvensområdet, og dessutan spele rimeleg lineært. Bose fann ut at han måtte lage ein aktiv equalizer som kunne utjamne frekvensområdet. Det var tydelegvis lagt mykje ressursar i å få dette til, for då eg høyrde dette for fyrste gong i 1976, var resultatet noko av det flottaste eg hadde høyrt, ved sida av Sonab/Bo Carlsson sine konstruksjonar, som også hadde ein filosofi der lyden skulle spreiast rundt i rommet. Eg kjøpte difor settet eg hadde fått høyre, eit mk II-sett, for eigaren hadde høyrt mk III,  ein bassreflekskonstruksjon i motsetnad til dei tidlegare modellane som var trykkammer.

Bose har også laga ein 800-serie til PA-bruk. Her er dei spesialutvikla, i praksis nesten usprengelege elementa brukt i kabinett der ein har kutta ut det eine elementet på framsida, snudd høgtalaren og latt dei 8 bakelementa spele framover. Med equalizar er dette eit svært lett transportabelt, billeg og allsidig PA-alternativ som eignar seg godt om du ikkje har det største lokalet eller behovet for dei kraftigaste lydtrykka (dei kan vere litt avgrensa i bassen)

Heimeanlegg-Bose var fantastisk musikalske, og eg likte dei godt, sjølv om eg etter som tida gjekk vart klar over at dei ikkje var heilt nøytrale. Så etter kvart bestemte eg meg for å kjøpe mk III, som heilt klart var meir lettdrivne, og som spelte med djupare bass. Etter kvart som eg fekk høyre andre alternativ, forstod eg at det fanst meir avanserte høgtalarkonstruksjonar i verda. Mellom anna hadde bassrefleksporten ein pumpelyd eg ikkje heilt var fornøgd med. Ein røykande kompis med same høgtalarval gjorde det spennande eksperimentet å blåse sigarettrøyk inn i bassporten og spele hjarteslaga på Pink Floyd sin DSOTM, med resultat at høgtalaren tok til å blåse røykringar. Eg fekk skrekken, for kanskje dette var ein indikator på korleis bassen arbeidde? Så etter kvart kvitta eg med mine mk III før eg drog i militæret. Og det var om lag det siste eg har høyrt av 901. Etter kvart har eg fått høyre mykje anna, men inspirasjonen frå Bose har gjort at eg alltid har vore ekstra på vakt når det gjeld høgtalarar som spreier lyden annleis enn det vanlege. Såleis vart eg fascinert av både Beverigde og andre elektrostatar så vel som Carlsson, Mirage og meir eller mindre ”rundstrålande” konstruksjonar. Mykje kan seiast om slike, men det er noko grunnleggjande rett med dei.

 

Så no fekk eg for fyrste gong sidan 1977 besøk av Bose 901, no i forfina mk VI-utgåve. Denne utgåva skal vere praktisk talt usprengeleg, og kan visstnok hanskast med nesten uavgrensa mykje Watt, sjølv om dei er oppgjevne til å ikkje tåle ”meir enn” 450 pr kanal. Men det er utruleg kor mykje ugagn ein forsterkar kan skape om han spelar med full overstyring, så det er lurt å vere nokolunde edrueleg. Med dei 140 watta eg hadde tilgang på i fyrste omgang, var det uansett rikeleg høgt til dei behov vi hadde i heimen.

 

Høgtalarane vart fyrst rigga opp i mitt lytterom #3, som er eit relativt lite rom. Dei må plasserast på relativt låge høgtalarstativ, og treng eit godt stykke, iallfall 60 - 70 cm frå bakveggen for å fungere. Bakveggen verkar inn på lyden, og for mykje demping er ikkje bra. Eg har glasdører i bokhyllene bak, og eksperimenterte med å sette tepper, puter og isoporplater mellom. Men eg fann etter kvart ut at best transientattgjeving, frekvensgang og generelt best lyd var med dei glasdørene. (Eg hugsar også ein lydvegg med Bose 901 mk II på Sonja Henie-senteret eg såg på slutten av 70-talet. Bak kvar høgtalar hadde veggen ei plate av pleksiglas, så det har nok vore eksperimentert med bakvegg av fleire enn meg)

Terminalane på desse høgtalarane har ikkje vore med på produktutviklinga dei siste 30 åra. Det er svært enkle skruterminalar, som passar best med kabelsko av eitt eller anna slag. Ikkje spesielt imponerande, men då kablane var festa, var kontakten god nok, og bortgøymd under høgtalaren. Bose sine eigne høgtalarstativ er laga slik at leidningane forsvinn under stativet og er usynleg. Såleis vert det lett å møblere, sjølv om høgtalarane kjem eit stykke fram på golvet. Dessutan er høgtalarane av ein slik art at kabelvalet ikkje er kritisk. Dette kjem av at dei er avhengige av den skreddarsydde aktive equalizaren til Bose, som kan koplast til på to måtar. Den mest logiske måten er å sette han inn i signalkjeden mellom for- og effektforsterkar, som også var måten eg brukte han. Du kan også sette han inn i ei tape-sløyfe, slik at han står mellom tape inn og ut, noko som gjer at du alltid må spele med ”tape monitor”-funksjonen påslått. Nokre forforsterkarar tapar litt nivå med dette, så eg tilrår at han står direkte i signalvegen mellom for- og effektforsterkar.

Eg prøvde for moro skuld ein vanleg equalizer som eg tynte det eg kunne så likt Bose sin aktive eq som råd. Dette var i høgste grad mislukka, og eg konkluderar at Bose 901 sine lydkvalitetar står og fell med bruken av den originale equalizaren. At dette er ekstrautstyr, er berre tull.

 

Lyden

Det tok ikkje lange stunda før eg kjende att den forførande og romantiske attgjevinga frå Bose 901. Tretti år sidan sist, men umiskjenneleg. Eit lydbilde som ein straks vert imponert over, som vekte minner, og som sikkert har vore ein sterkt medverkande årsak til at eg har vanskeleg for å klare meg med lydattgjeving utan tredimensjonale kvalitetar. Klangbalanse mot det varme, og engasjerande, tett bass. Svært naturleg mellomtone, kanskje litt rikare enn det vi kan kalle objektiv. Litt upresis diskant utan den heilt store detaljattgjevinga, men likevel harmonisk og utprega musikalsk. Og ein feit dynamikk, med attgjeving av bassgitar og slagverk som får det til å rykke i foten.

Equalizeren har justeringar for bass og diskant, og det er ingenting å stusse på ved å bruke desse. Dei regulerer truleg ikkje meir enn +/- 6 dB, altså eit spekter som er mindre voldsomt, men desto meir fornuftig enn det du finn på rimelege anlegg der den uerfarne gjerne skrur langt meir enn godt er. I eit oppsett som dette er flat frekvensgang ikkje det du legg mest vekt på uansett. Her er det essensielle å nyte musikken, og tilpasse anlegget etter smaken.

 

Med skifte av forsterkarar var det relativt marginale endringar av lyden, bortsett frå dei opplagde avgrensingane av at wattstyrken vert redusert til det halve. Mismatching er vanskeleg å få til, og kan uansett kompenserast ved hjelp av litt knappeskruing. Den ideelle samarbeidspartnaren er ein driftsikker integrert forsterkar på ein stad mellom 100 og 500 Watt, alt etter kor stort rom eller kor sterkt du ynskjer å spele. Det gjekk også veldig fint med Rogue Cronus, men det er slett ikkje nødvendig med forfina rørkonstruksjonar til Bose 901, og held du deg til dette høgtalaralternativet kan det hende du vert einig med doktor Amar G. Bose, som hevda at det i praksis ikkje er noko vidare skilnad på forsterkarar.

Ein Copland CTA 520 var i utgangspunktet litt beherska i bassområdet, men denne utfordringa skrudde eg meg lett forbi. Forbaska enkelt å leve med, slike høgtalarar…

Noko av det som fasinerte meg mest i utgangspunktet, var altså det store og flotte lydbildet. Eg vart rett nok fort klar over at dette ikkje var skikkeleg korrekt ut frå det eg har erfart skal vere rett ut frå innspelingane mine. Bose lagar sitt lydbilde, og tek veldig lett på eit eventuelt mandat på å gjenskape lyden frå den aktuelle konsertsalen. Eg kom i hug grunnen til at eg for 30 år sidan forstod at Bose 901 mk II og III hadde sine klare avgrensingar. Likevel er dette veldig sjarmerande, og for den som ikkje er fundamentalist av natur er det nok lite avgjerande for musikkopplevinga at det juksast litt med akustiske detaljar. Sjølv om det ikkje er hi-end.

 

Multikanalbruk

Ei anna side er å bruke Bose 901 som hovudhøgtalar i multikanal-samanheng, eller snarare som erstatning for multikanal. Om heimekino-rommet ditt ikkje er veldig stort, kan du gløyme senterkanal. Bose spreier lyden svært godt i rommet, og det er i praksis svært god plass i sweetspot. Eg fann meg sjølv sittande rett på akse av venstre høgtalar, utan at det var sjenerande for filmopplevinga, i motsetnad til om eg slær av senterkanalen i Mirage-anlegget. Eit stereooppsett av Bose 901 kan rett nok ikkje erstatte bakhøgtalarar når du skal nyte effektane på Matrix eller angrepet på Pearl Harbour, men til svært mange filmar utan utprega effektbruk fungerer 901 og stereoen så godt at multikanal ikkje vert mykje sakna. Eit glimrande alternativ som kinohøgtalar når ein av ulike grunnar ikkje kan ha meir enn to kanalar.

 

Konklusjon

Bose er ein kontroversiell lydleverandør som aldri har lagt særleg vekt på  presis og objektiv reproduksjon. Frå alle lydkjelder eg har høyrt derifrå, er det den musikalske opplevinga som står i høgsetet, og då helst kombinert med svært gjennomtenkt brukskomfort. 901 er produktet det heile starta med, attende i den tida då livet var meir ukomplisert, Beatles endå heldt konsertar, og miljøvern var eit ukjent omgrep. Akkja, grøn var min bardoms dal....

Bose 901 i mk 6-utgåve har også i dag ei lita nisje i marknaden, der det ikkje er mange konkurrentar. Lettdrivne og musikalske høgtalarar med eit enormt lydbilde, og djupare bass enn kva ein ventar seg frå eit relativt lite kabinett. Eigentleg lettplasserte, bortsett frå behovet for litt armslag rundt seg. Det må likevel seiast at det er andre alternativ i prisklassen som mange vil finne interessante, men om du ikkje har noko i mot å plassere to høgtalarar ein god halvmeter fram på golvet, og helst vil sleppe jaget med å finmatce ein ny forsterkar og anna hi-end utstyr til dine nye høgtalarar, og i staden vil konsentrere deg om å spele musikk (eller film), kan desse førti-åringane framleis vere eit fullgodt alternativ, svært gjennomtenkte som dei er. Sannsynlegvis treng du ikkje ny forsterkar. Ikkje rart at dei vart ein kjempestor kommersiell suksess ein gong i tida. Einaste ankepunktet eg eigentleg har i dag, er at dei kostar relativt mykje, om då ikkje prisen vegast opp av at du kan basere deg på ein grei to-kanals forsterkar med mykje effekt, utan at han nødvendigvis er i hi-end-divisjonen. Om det skal byggast anlegg frå grunnen av, vil nok mange heller gå for Bose sine nyare Lifestyle-produkt som trass alt har mykje av dei same musikalske eigenskapane, og dessutan større brukskomfort ved hjelp av AcoustIQ-systemet.

 

 

 

 

 

Handboka til Bose 901 mk VI
Pris: 19 000 kr

forhandlar: www.bose.no

 

Lest 7827 ganger
Arve Åheim

Skribent i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.