mandag, 15 november 2004 00:00

Vincent CD-S6

Skrevet av

Vincent har med forsterkarsettet SA-T1/SP T100 presentert meir lydkvalitet for pengane enn nokonsinne, og det med smakfull design og god brukskomfort. Det er klart at CD-spelaren CD-S6 i same design då må prøvast ut. Kan denne leve opp til forsterkarane?

av Arve Åheim, 15.november 2004

Når CD-S6 pakkast ut, er det tydeleg at Vincent som vanleg har lagt pengar i mekanisk kvalitet. Dette er ein solid spelar, både når det gjeld vekt og inntrykket du får når CD-skuffa opnast. Den mest spennande detaljen er gluggen der du kan sjå inn på eit glødande rør, på same måten som forsterkarane i same designserie. Dette er utforma på same måte med eit ekstra, oransje lys som understrekar røret, som (heldigvis?)kan dempast i tre ulike styrkegrader, eller skruast heilt av med ein knapp på baksida av apparatet.  Elles er kontrollane plasserte i eit spor i underkant av frontplata. Greitt nok, men ikkje utprega logisk. Likevel ikkje noko problem, berre eit spørsmål om å venne seg til nye knappeplasseringar. Displayet er normalt og informativt, og kan dempast eller slåast av ved bruk av fjernkontollen. Eg kunne ikkje seie at det var råd å høyre om displayet var av eller på, så denne funksjonen er eit spørsmål om kor lett du vert irritert av ei ekstra lyskjelde. Elles kan du velje ulik informasjon over displayet. Fornuftig og greitt!

Fjernkontrollen er av aluminium og solid, slik det brukar vere frå Vincent. Du må ha eit visst tålmod for å skifte batteri, då 6 små skruar må fjernast for å opne dekselet. Slike batteri skiftast heldigvis ikkje kvart år. Fjernkontrollen har også volumkontroll, som er ganske hendig for oss som brukar forforsterkarar utan slikt, men det er eit problem med at lyden taper seg om du skrur denne langt ned. Mest irriterande er dette på grunn av at CD-S6 kan spele av HDCD, og ei diode syner når denne funksjonen er i bruk. Volumet frå spelaren må stå på fullt for å utnytte den ekstra dynamikken i dette systemet, og dioda sluknar umiddelbart om du dempar volumet.

Elles er apparatet utstyrt med øyretelefonutgang som har volumkontroll. Eg har ikkje tilgang på topp øyretelefonar for tida, men ei rask kontrollytting tyder på at denne er av ganske god kvalitet. Du treng altså ikkje prioritere eigen øyretelefonforsterkar i fyrste omgang. 

På baksida av apparatet er det digitalutgangar, også coax, slik at ein eigen DAC kan brukast. Denne gongen brukte eg ikkje tid på å prøve ut kvaliteten på digitalsignalet, sidan eitt av hovudpoenga med CD-S6 er den innebygde DACen og røret i utgangsforsterkaren. Det er meir naturleg å velje ein annan, rimelegare CD-spelar eller eit reint CD-drivverk om du baserer deg på ein separat DAC.

Når apparatet tennast, tek ei diode til å blinke. Det trengs ei viss oppvarmingstid før røret er klart til bruk. Personleg likar eg ikkje å slå av CD-spelaren, sidan eg har erfart mykje som kan tyde på at dei aller fleste spelarar ikkje yter optimalt før det er gått iallfall 20 – 30 minutt. Dette er også tilfelle med dei fleste Vincent-apparat eg har prøvd ut, også når det gjeld forsterkarar. Eg veit også både av eiga og andre sine erfaringar at Vincentprodukta gjerne treng ei relativt lang ”innbrenningstid”, at det kan ta mange timar før eit produkt har fått ein heilt stabil lydkarakter. Etter fyrste døgnet merka eg ingenting som tyda på at spelaren ikkje var klar, og eg kunne sette i gang kritisk utprøving av lydkvaliteten. 

Ganske fort var det tydeleg at CD-S6 ikkje var heilt nøytral når det gjeld klangeigenskapar. Her var ein tendens til å halde att i øvre mellomtone og oppover i diskantområdet. Med eigenskapane til Rotel RCD 1072 friskt i minnet, er det tydeleg at CD-S6 ikkje på langt nær er like nøytral. Heller ikkje oppløysingsevna er av same kaliber. Vincent si sterke side er autoritet og fylde i bassområdet, noko som ikkje er utan biverknadar når det gjeld evne til å nyansere detaljar i musikken. I bassområdet er dette mest tydeleg når pauke, stortromme og kontrabass spelar på same tid. Lydtrykk og attakk i lyden er heilt fint over CD-S6, men det er ikkje så tydeleg kva som er kva. RCD 1072 gjorde klart meir ut av dette, samstundes som mellomtone og diskant også kunne by på større detaljrikdom. CD-S6 har ei attgjeving som er rikeleg fart over, og vil kunne tilføre eit litt forsiktig anlegg eit inntrykk av meir dynamikk, men nøytral er CD-S6 ikkje. I den grad denne spelaren skal leve i eit anlegg med referanseaspirasjonar, må det vere for å unngå dei svake sidene CD-mediet syner i diskant, og til dels i øvre mellomtone. CD-S6 er tilgjevande på dette feltet, men det går altså ut over andre kvalitetar ved lydattgjevinga.

Når det gjeld innverknaden av HDCD, er denne som vanleg marginal, men merkbar. Eg brukar ein CD frå Reference Recordings (Sampler #2), der fleire spor er spelt inn i med og utan, slik at ei rettferdig samanlikning kan gjerast. HDCD-systemet gjer ikkje den store skilnaden, men nok til at eit godt anlegg får litt ekstra ro over lydattgjevinga, og ei aning meir autoritet i dynamikken. Det er ikkje alle CD-spelarar som klarer å tydeleggjere dette, men her gjer CD-S6 eit ærleg arbeid. 

Konklusjon:Det finnest etter kvart fleire CD-spelarar med rør på utgangen, men eg er usikker på om dette fører til udiskutable kvalitetar på Vincent CD-S6. Signalforsterking er berre ein av mange faktorar med konsekvensar for lydattgjevinga, og totalresultatet er ikkje så godt på denne spelaren som på andre i same (og endåtil lavare) prisområde. Når det er sagt, er CD-S6 likevel eit produkt som har sin plass, ut frå design og brukskomfort, og ut frå musikalske eigenskapar som kan passe i visse oppsett der du ynskjer ekstra trøkk og autoritet, medan detaljoppløysing ikkje har så høg prioritet.

Pris: 9995 kr

Importør: www.nebyhifi.no

Lest 6623 ganger
Arve Åheim

Skribent i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.
Mer i denne kategorien Vincent CD-S3 »