onsdag, 30 november 2005 23:00

Vincent SP 331 MK II

Skrevet av

Vincent har umiskjennelege lydlege kvalitetar og særpreg som avslører produktutvikling med tanke på den vestlege hifimarknaden, men prisane låg typisk ned imot 50% av prisnivået til dei vestlege konkurrentane på same kvalitetsnivå. SP 331 var såleis eit svært spennande produkt. No er MK II her, dyrare og meir påkosta.

 


Av Arve Åheim, desember 2005


For ei god stund sidan prøvde eg Vincent forsterkarar som imponerte meg stort med svært spennande lydkvalitet til usannsynleg lav pris. Sjølv om det ikkje var brukt ”siste mote” innan dei tekniske løysingane, var dette utruleg mykje for pengane. No kjem neste generasjon.


Designstrategiar
Det har nok vore ille for Vincent at produkt av heilt lik utsjånad har dukka opp frå kinesiske nettbutikkar. Dei har rett nok hatt anna namn og logo på apparatet, men elles har dei vore identiske, slik at det er innlysande at dei er produserte same stad som Vincent. Dette har synt seg å vere eit problem når ein baserer seg på ikkje-vestlege underleverandørar, med anna forståing av behovet for ”branding” enn kva vi gjer. Det har synt seg at Vincent har vore makteslause for å hindre denne handelslekkasjen, og når det har vore operert med kortare leveringstid for kopiane enn for original Vincent, er det klart at produktutviklarane taper pengar. Så kva har dei gjort?

 

SP 331 (og forforsterkaren SA 31 - det kjem omtale av denne seinare), er teknisk sett heilt nye forsterkarar. Det er altså ikkje snakk om ei mk II-utgåve som ei oppgradering av gamle konstruksjonar, men namnevalet kan vere ein effektiv måte å skape problem for kopistane. For etter lytting til desse produkta kan eg stadfeste at det er snakk om heilt nye konstruksjonsløysingar. Men det er merkeleg nok ikkje innpakka i det gamle designet frå mk 1. SP 331 har mista bærehandtaka sine, og vorte ein del høgre.

Likevel, den som handlar kopiar via netthandel, vil nok verte meir forsiktig. Det har lenge vore hevda at det er små, men viktige skilnadar på Vincent sitt komponentval og kopistane. Det vert litt meir risikabelt å avgjere kva ein får utan å studere produktet grundig, noko som netthandel gjev lite rom for. Ein må rett og slett stole på at dette er eit likt produkt (eller få ein pris som er så god at kopien er attraktiv uansett). Og no har ein altså fått ein mk II-forsterkar, som forvirrar nettsurfaren endå meir. Det tryggaste vert altså å halde seg til importøren for å sikre seg forventa lydkvalitet …ganske snedig, spør du meg.

Utforming av Vincent SP 331 mk II

Det finnest mange forsterkarar i 30 kg-klassen som har mykje meir pitbulldesign enn denne enkle og stilreine effektforsterkaren. Men trass i at det ikkje på nokon måte er snakk om ein smågut, er det lett å godta ein så lite prangande sak. WAF-problematikk dukkar fyrst opp ved plasseringa av forsterkaren, for han vert ganske varm, og bør ha mykje luft rundt seg.

Kabinettet er utstyrt med kjøleribber på sidene, heldigvis ikkje så kvasse som på mk 1, der eg skar meg på fingrane. Så dei manglande handtaka er ikkje noko stort, praktisk sakn. Fronten har dei etter kvart obligatoriske blå lysdiodene, to syner kva høgtalarutgangar som er aktive, og gjer det enkelt å la forsterkaren stå oppvarma utan signal til høgtalarane. Den siste er plassert i midten over straumbrytaren, og blinkar til forsterkaren har stabilisert seg.  Sjølv om det er ein hybrid rørforsterkar, er det ikkje gjort noko nummer ut av dette, og SP 331 har ingen vindauge på fronten som eksponerer røra for dei som skal imponerast. Du må ha ein liten umbraco-nøkkel for å finne røra på inngangen. Men under Vincent-namnet står den ganske skrytande teksta TUBE CLASS A STEREO POWER AMPLIFILER, ein påstand eg meiner burde vore litt utdjupa. Dette er ein hybridforsterkar som i tillegg til rør på inngangen også har masse transistorar på utgangen. Og sjølv om forsterkaren vert rimeleg varm, er det altså ikkje klasse A-drift heile vegen til 150 stereowatt. Vincentkonstruktørane har brukt sitt gamle triks med høg tomgangsstraum opp til 10 Watt, og så switching til klasse B når det skal hentast ut verkeleg mykje hestekrefter. Dette ser ut til å sikre at du har mykje effekt å gå på, men likevel svært flott lyd når ein spelar normalt, som trass alt er det viktigaste. 10 Watt er eigentleg ganske mykje effekt, om du ikkje har svært tungdrivne høgtalarar.

Baksida har heller ingen overraskingar, berre nettbrønn, to inngangar og dobbelt sett høgtalarterminalar av utmerka kvalitet, slik Vincent har for vane. Forsterkaren si store vekt kviler på fire solide bein som ikkje lagar merke i underlaget. Slik skal det gjerast med designarbeid!

 

Lyden:

Vincent har ord på seg for å trenge enormt lang innspelingstid, så eg har latt han stå på døgnet rundt, og kontrollytta på forsterkaren kvar laurdag i 7 veker før eg slo meg til ro og trekte ein konklusjon rundt innspelingstida. Denne er: du kan trygt lytte til SP 331 mk II for alvor etter 14 dagar. Med denne problemstillinga i fokus var eg ikkje i stand til å registrere lydmessige endringar ut over denne tida, så i alle fall er dei minimale.

Vincent dukka opp for nokre få år sidan som ein produksjonsmessig nyvinning. Det har lenge vore audioprodusentar som brukar vestleg produktutvikling og austleg/kinesisk rimeleg produksjonsapparat, men Vincent la seg på eit svært høgt ambisjonsnivå, og leverer ting med svært spennande spesifikasjonar. Effektforsterkarane har vore svært attraktive, på grunn av stor tomgangsstraum/klasse-A-drift, og på grunn av mykje krefter.

SP 331 leverer såleis 150 Watt dønn stabilt. Konstruksjonen bryr seg ikkje om at elektrostatane mine  er vanskelege å drive, og fiksar at impedansen kryp nedimot 2 Ohm utan problem. Andre vanskelege høgtalarar drivast også svært greitt, og det kan leverast store lydtrykk med t.d. Dali Ikon7, som er ein ganske krevjande partnar for ein effektforsterkar. Lydtrykket og basskontrollen var fin på dette høgtalarsettet, men den røraktige (eller kanskje det er klasse-A-aktig?) lyden som du kan glede deg over ved meir moderate lydnivå, må du ikkje stresse for hardt. På meir lettdrivne høgtalarar som Vienna Haydn Grand og Dali Concept 8 vert lyden ikkje berre høg, men også litt kvass når det skruast opp for alvor. Men greier du deg med akseptable lydtrykk, kan det skapast assosiasjonar til langt meir hysteriske prisnivå.

Ei ganske lang tid har eg brukt forsterkaren som ”basspumpe” til mine InnerSound hybridar. Dei har vorte sett inn under 400 Hz saman med transmisjonslinjebassane, og gjort det svært trasig å sette inn InnerSound sin eigen bassforsterkar etterpå. SA 331 mk II gjer ein fenomenal jobb dynamisk, og kan i bassområdet nesten assosiere med rørforsterkarbyggesettet Vellemann 4040 sine klangmessige eigenskapar (sjølv om 4040 framleis står for meg som betre dynamisk, og for å ta endå betre vare på romopplevinga).

Mellomtonen har eg samanlikna med fleire produkt. Vi er i ferd med å nærme oss vesentleg høgre prisa forsterkarar, og gjerne ting som ikkje kan levere så mykje effekt. Dei som har høyrt Vincent sine aller største mono transistoreffektforsterkarar har ofte omtalt dei som relativt ubehøvla i mellomtonen og vidare oppover i toppen. Slik er det iallfall ikkje her, sjølv om det finnest konkurrentar som gjer ein endå betre jobb. Styrken til 331 MK II er fyrst og framst bass og massevis av krefter til dei mest rebelske høgtalarkonstruksjonar. Oppover i diskanten er det relativt hyggjeleg overtonestruktur, og godt med luft rundt instrumenta, men det er meir ”transistorpreg” enn over den fyrste SP 331, som let meir av rør, spesielt når du skrur opp lydstyrken. Du får rikeleg høve til å filosofere rundt kva som er best av SACD og CD når det gjeld diskantområdet, spesielt om du har ein relativt enkel spelar som eg har. Eg prøvde elles å stresse forsterkaren ved å køyre høgt opp i lydstyrke på elektrostatdelen av InnerSound over 400 Hz, men han ville eigentleg ikkje la seg provosere. Bortsett frå tiltakande tendens til hardare attgjeving av dei øvre frekvensane var det bagatellmessige endringar frå lågare lydstyrker, så eg skrudde fort ned til meir fornuftige lydnivå. Etter kvart valde eg musikk som passa godt saman med forsterkaren, altså dynamisk og rytmisk musikk. Men også Jim Stärk let flott her, og til og med Livingstone Taylor sin SACD på Chesky der han plystrar ”Isn’t she lovely”, fiksa SP 331 MK II godt klangmessig, iallfall om du brukte han saman med den passande forforsterkaren SA 31 MK II (meir om denne i ein seinare artikkel). Denne øvinga er er elles ganske krevjande i overtonane.

Perspektiveigenskapane er eit godt stykke unna klassen som dei andre forsterkarane eg samanlikna han med (Copland CTA 520 og dei små monoblokkene frå Antique Sound Lab). Og det er også tydeleg at nykommaren ikkje fiksar perspektiv så godt som den opprinnelege og mykje billegare SP 331 på dette feltet. MK II må godkjennast, men er ikkje ideell om du er spesielt opptatt av perspektiv, og har tenkt å drive elektrostatar eller hornkonstruksjonar.
Dette er noko som fyrst og framst er merkbart for dei som opererer i ei høgre prisklasse enn denne effektforsterkaren rettar seg mot, og svært mange lyttarar vil leggje langt større vekt på dei dynamiske eigenskapane, noko som heilt klart er Vincent si sterkaste side, spesielt saman med forforsterkaren SA 31 mk II. Skal du ha dynamikk råare enn dette, må du i selskap med dei verkeleg brutale forsterkarane frå  McIntosh, Krell, Mark Levinson, eller store rørforsterkarar som Rogue. SP 331 MK II er ein av dei definitive muskelgutta i prisklassen. Det var fullstendig uleveleg då eg prøvde å provosere han til å klippe på høgtalarane eg hadde til disposisjon, både Daliar, og under drift av elektrostatane og ved bruk som basspumpe.

Skal det vere snakk om ei klangbeskriving av denne effektforsterkaren, må han kallast ”lys og luftig”. Hybride forsterkarar med rør og transistor i same konstruksjon er gjerne eit forsøk på å kombinere begge typane sine beste eigenskapar. Dette har berre delvis lukkast. Saman med Dali Icon 7 sine banddiskantar opplevde eg han som for lys, så sjølv om kontrollen på bassområdet var kjærkomen, vart dette ei totalløysing eg ikkje likte. Ikon 7 har også potensiale til vesentleg betre perspektiveigenskapar enn det SP 331 mk II kan levere, men dette må vegast opp imot at forsterkaren har ordentleg grep om bassområdet til denne høgtalaren. Når det spelast verkeleg høgt, er kombinasjonen litt for rå klangmessig, men eigentleg er matchen mellom forsterkar og høgtalar ganske spennande, og kledeleg for mykje nyare musikk.

Stativhøgtalarar som Vienna Haydn fungerer også flott, og Vincent hjelper dette vesle, vakre møbelet til å syne dei dynamiske eigenskapane til fulle, og avslører eit uvanleg krasst temperament hos både høgtalar og forsterkar. Dessutan syner kombinasjonen at Vincent no har klart å formidle dynamiske nyansar i mykje større grad enn kva eg har opplevd over tidlegare forsterkarar. Men dette er ein relativt snill høgtalar å drive, så eg tok vel sjeldan ut meir enn klasse-A-drift frå SP 331 MKII under denne utprøvinga.

 

For moro skuld tok eg dei på besøk til eigaren av mine gamle IMF TLS 80 II, høgtalarar som var så vanskelege å ha med å gjere at det ikkje fanst passande forsterkarar på marknaden då eg eigde dei (kanskje bortsett frå eitt og anna rørbeist). Det vart eit blanda inntrykk (TLS 80 II er etter kvart vorten gammal), men bassattgjevinga var iallfall absolutt i orden.


Utan å gjere samanlikninga direkte, var det også nærliggjande å tenke på Vincent SP-T100 som eit betre, om enn tre tusenlappar dyrare, alternativ. Sjølv om monoblokkene er 50 watt svakare, gjev dei bedre perspektiv og klangnøytralitet, og må seiast å vere eit betre kjøp. Og når vi er komne opp i desse summane, er ikkje vegen opp til verkeleg flotte forsterkarar særleg lang.

 

Konklusjon

Å vurdere Vincent SP 331 MK II etter å ha den fyrste forsterkaren med dette namnet, fører til at desse produkta må samanliknast. Ei slik samanlikning fell ikkje godt ut for nykommaren, for totalt sett må det seiast at Vincent SP 331 er eit betre kjøp enn nykommaren MK II. Klart betre mellomtone, og like god dynamikk for under 7000, vil gjere det vanskeleg å selje ein ganske likt spesifisert sak til nesten dobbel pris, sjølv om MK II er ein grei effektforsterkar med ein del eigenskapar som må seiast å vere slik ein kan forvente ut frå prisklassen. Du må i såfall nøye vurdere ynskje om det lydmessige preget til SP 331 MKII. Ha spesielt tanke for matching med diskanten, som i visse samanhengar kan verte i lysaste laget. Det andre atterhaldet er perspektiveigenskapane, der det klart finnest produkt med betre eigenskapar på lågare prisnivå, spesielt for elskarar av analogt innspelt klassisk musikk formidla over elektrostatar.

Men misforstå ikkje, dette er ein god forsterkar, som mange vil sette pris på. Evna til å klare vanskelege høgtalarar er svært god, og dynamikkeigenskapane er glimrande. Basselement haldast i eit jerngrep, og sjølv dei mest rebelske konstruksjonar tvingast til å oppføre seg heilt i pakt med musikken. Klangmessig særpreg må vurderast saman med resten av utstyret forsterkaren skal brukast saman med, og det er eit pluss å ha han saman med kompanjongen forforsterkaren SA 31 MK II.

SP 331 MKII er altså god, men om du ikkje har spesielt bruk for open diskant og svært flott basskontroll, vil nok kjøparen i dei fleste samanhengar vere betre tent med gamle, gode SP 331 i fyrsteutgåve.

 

 

Importør: www.nebyhifi.no

Pris:  12 995 kr

 

Tekniske data, henta frå Vincent sine heimesider:

Frequency range: 10 Hz – 20 kHz, +/- 0.5 dB
Nominal output power Class-A 8 Ohm: 2 x 10 Watt
Nominal output power 8 Ohm: 2 x 150 Watt
Nominal output power 4 Ohm: 2 x 300 Watt
Input sensitivity: 1.5 V
Total harmonic distortion: < 0.1 % max. (1 kHz, 1 Watt)
Signal-to-Noise Ratio: > 95 dB
Input Impedance: 47 kOhm
Mains supply: 230 V/50 Hz
Inputs: 2 x RCA
Outputs: 4 x 2 speaker terminals
Dimensions (W x H x D): 430 x 195 x 400 mm
Weight: 21,5 kg
Colour: black/silver
Tubes: 2 x 6N16, 1 x 12AU7
Lest 9051 ganger
Arve Åheim

Fagredaktør i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.
Mer i denne kategorien « Vincent SP 993 Vincent SP 331 »