søndag, 31 august 2008 23:00

Conrad Johnson ET 2 preamp

Skrevet av

Nyast og rimelegast forforsterkar frå ein av dei verkelege legendariske rørforsterkarprodusentane. Likevel ingen billegmodell – kva får vi for pengane?

Av Arve Åheim september 2008


Det er gått meir enn eit kvart hundreår sidan Conrad Johnson kom som eit rimeleg alternativ til dei dyrare Audio Research. Den gongen var CJ PV 2 varmare og meir røraktig enn toppmodellen frå ARC SP 6. Der ARC satsa på avanserte løysingar, var CJ sin designfilosofi å gjere det så enkelt som råd. PV 2 var også ei kasse av enkelt slag, og ikkje så flott i designet som ARC, men hadde så tydeleg definert romoppleving at alle som fekk gleda av å gjere den direkte samanlikninga måtte tenkje gjennom kva som var beste investeringa.
Ut over 80-talet fekk CJ større og større ambisjonar, og utvikla etter kvart forforsterkarar som til ei kvar tid var i stand til å konkurrere om å vere den beste på marknaden. Såleis er noverande toppmodell prisa om lag 50% høgre enn tilsvarande frå ARC, noko som stiller store krav til eigaren sin økonomi. Behovet for ein billegmodel er soleklart når ART 2 er prisa til spinnville 163 000 nkr. Også modellen under CT 5 må karakteriserast som svinedyr, sidan han vil koste deg om lag halve beløpet. Når så ET 2 legg seg like under 30 000, er han også den mest kostbare forforsterkar eg har hatt til test på svært lang tid, men trass alt oppnåeleg for den målmedvitne entusiast. Kva får vi så for pengane?

Utforming
Den nye generasjonen CJ har ein heilt annan utsjånad enn det enkle designet eg hugsar derifrå tidlegare. Eit stort og djupt kabinett gjev godt rom for komponentane, og eit halvsirkelforma innsving midt i fronten gjev rom og god lufting for røra. Rørvalet er originalt, 8080 er eit minirør eg ikkje har sett tidlegare i slik bruk, men ettersom CJ er ein av dei strengaste når det gjeld rørval skulle det vere all grunn til tru at dei veit kva dei gjer. Røra er verna av tre perforerte skiver av pleksiglas, og har såleis god lufting og godt vern mot små fingrar og kjæledyr. Forforsterkaren sitt indre består mest av luft, men til gjengjeld er alt som er inni av god kvalitet. Sidan det er lite som forsterkar, vert forforsterkaren ikkje særleg varm. Dei to 8080-røra gjev ikkje mykje av seg. (Men det irriterte meg at røra ikkje finnest i nokon katalog. Så eg kontakta røreksperten Arnold Goksøyr frå Demostenes for å høyre om han kunne fortelje noko om røra. Han fortalde at det einaste 8080 han visste om, var eit spesialrør for styring av skjerebrennarar og laser. Truleg eit rør B-gjengen brukte då dei konstruerte ei maskin for å bryte seg inn i pengebingen til Onkel Skrue).
Elles er straumbrytar og inngangsveljar plassert på venstre side av forforsterkaren. Høgre side har to knappar for lydstyrke, muting, og i tillegg ein veljar der du kan sende signalet til ein prosessor eller til forsterkaren i heimekinoanlegget. Det finnest både EPL ut- og inngang på baksida, slik at ein eventuell equalizer kan gå inn så tidleg i signalvegen som råd. Det er meininga at du skal plugge signalkablar frå signalet frå fronten inn i Theater in-kontaktene, og sende signalet frå Theater out inn i signalprosessoren. Største skilnaden på desse to signalvegane er at Theater går utanom volum- og balansekontroll. For her er balansekontroll, må vite, og eg gjev eit stort pluss for at denne funksjonen er lagt til fjernkontrollen. Det einaste logiske er å kunne styre balanse frå lytteposisjon. Elles er fjernkontrollen ein liten og ganske enkel plastdings, som i tillegg til balanse er utstyrt med muting, lydstyrke og inngangsveljar til fem apparat, i tillegg til veljar mellom to EPL-apparat.
Mitt testobjekt var ikkje utstyrt med eige riaakort, så eg brukte min gamle ARC SP 10 i inngangen merka phono. I alt er ET 2 utstyrt med fem inngangar, og den eine kan altså mot ein ekstra kostnad på nokre tusenlappar ustyrast med riaatrinn. Høgre side er dessutan dominert av ein sirkelrund, svart display med gule bokstavar, der du kan lese modellnamnet ET 2 og kor høgt dei to kanalane spelar med oransje bokstavar. Sidan eg har gått lei av blå diodar, tykkjer eg dette er både smakfullt og tiltalande. Det er viktig å merke seg at ET 2 vender fasen på signalet. Du må difor bytte om + og – på høgtalarterminalane for å spele i rett fase. Mange tykkjer dette berre har akademisk interesse, men det er ikkje utan innverknad, noko du merkar om du kjem til å samanlikne ET 2 med ein annan forforsterkar.
Med unntaket av den funksjonelle, men ganske så ordinært utsjåande fjernkontrollen av svart plast, gjev den lett gylne, sjampanjefarga fronten til ET 2 eit solid inntrykk som osar kvalitet, også for den som ikkje skulle kjenne logoen frå før.

Lyden
Forforsterkaren var ferdig innspelt, så lyttinga starta to timar etter at apparatet var rigga opp og slått på. Eg må innrømme at forventningane var høge. Rett nok har eg ikkje høyrt dei nye toppmodellane, men eg har vore såpass mykje bort i tidlegare forforsterkarar at eg rekna med at kvalitetane frå CJ var på plass. Og signaturen, det fenomenale lydbildet var der, heilt sjølvsagt og umiddelbar. Det tredimensjonale og kroppslege inntrykket av instrument og utøvarar stod fjellstøtt. Her var ikkje berre papirtynne silhuettar og orden på høgre/venstre. Dette er så kroppsleg at det berre må opplevast, og overgjekk med klar margin alt anna eg har hatt av forforsterkar i manns (mitt) minne. Vidare var det tydeleg at Condrad og Johnson hadde jobba sidan sist eg fekk høyre ein forforsterkar derifrå. Det er til dels store forbetringar på dynamikk og spesielt klang sidan eg fekk gleda til å lytte til tidlegare PV 10 og nokre av forforsterkarane i Premier-serien. Desse var svært gode for si tid, men ET 2 er altså heilt rå når det gjeld dynamisk attgjeving. Vi snakkar her både om det å kunne nyansere og evna til å ta ein fortissimo ”heilt ut”. Klangmessig tykkjer eg at CJ-forforsterkarane har hatt noko ”mørkare” over seg enn konkurrentane frå ARC, om lag som skilnaden på eit Bøsendorfer- og eit Steinway-flygel, men ET 2 er faktisk klangmessig svært nøytral. Her er bassen imponerande utan den minste tendens til å vere overfokusert, slik at du berre gradvis vert klar over kvaliteten som berre aukar for kvar plate du spelar. (Det hadde vore interessant å gjort direkte samanlikning med den gamle meister Premier 3, ein av dei forforsterkarar som har imponert meg mest gjennom tidene). Diskanten er like eins heilt av referansekvalitet, ei utklinging som seier alt om korleis innspelinga har gått føre seg, det vere analog eller digital. Og mellomtonen er eineståande god i seg sjølv, samstundes som han knytar saman frekvensfløyane på ein meir naturleg måte enn det aller meste eg har høyrt.
Etter kvart som eg lytta meir og meir til oppsettet, fekk eg denne aversjonen om å legge meg, der eg berre måtte høyre ei plate til heile tida, heilt til det tok til å lysne. Det var farleg vanedannande, sjølv om eg er godt herda når det gjeld å få gode, nye komponentar i anlegget. For her er det ikkje berre ei saumfaring av referanseplater med superkvalitet. Her dukka høgst ordinære CD-ar med innspelingar av Vestlandfanden, Motown, Prudence og Popol Vuh opp med nye detaljar. Eg trur faktisk ikkje eg har spelt så mykje musikk på eit så kort tidsrom på mange år, noko som har medført tap av kroppsvekt, mindre blodtrykk og eit svinaktig godt humør, om enn ein viss sosial stagnasjon, rastløyse og skoft i husmaling og hagearbeid.

Alternativ ?
Eg har altså ikkje høyrt dei to større modellane frå CJ, men om ART 2 og CT 5 skal ha kvalitetar som står i høve til den vesentleg høgre prisen, må dei gje fribillett til paradis eller nirvana på fyrste klasse, og brukast i samanhengar der sluttsum på musikkanlegget bør nærme seg iallfall halvmillionen.
Men 29 500 er også mykje pengar, og det er mange stadar å bruke dei på i eit anlegg. Gode forforsterkarar frå Vincent eller Ming Da finnest også til ein brøkdel av prisen. Og til om lag halve prisen finn vi to forsterkarar frå Rogue som har nokre av dei same lydmessige kvalitetane. Mange hifientusiastar meiner dessutan at det er viktig å ha balansert signal, noko som Conrad Johnson aldri har tatt omsyn til, i motsetnad til ARC sine aller argaste modellar.
Etter at digitalalderen gjorde at signalkjeldene kan gå rett inn i effektforsterkaren meir eller mindre utan ekstra forsterking, er det strengt tatt ikkje bruk for anna enn inngangsvelgjar og volumkontroll.
Slik kan ein tenke. Men det tok meg berre nokre få minutt å verte klar over kor mykje av musikkopplevinga og lydkvaliteten som faktisk kan ligge i denne ”uviktige” forforsterkaren. ET 2 hevar kvaliteten i anlegget mitt betydeleg.

Konklusjon.
Trass i at det alltid vil vere ein diskusjon om kvar i anlegget det gjev mest gevinst å investere, er det ikkje å komme utanom at forforsterkaren ET 2 er i stand til å løfte lydkvaliteten ein god del. 29 500 kr er ein del, og om du skal oppgradere frå billege til dyre, nye høgtalarar, er det nok lurt å tenkje seg om. Men om du får sjansen til å oppleve kva ET 2 er i stand til å gje av drahjelp når det gjeld å formidle musikken, vil du lure på om det ikkje er naturstridig. For desse pengane får du ein forforsterkar som får deg til å tenkje nytt.

Beste forforsterkar eg har hatt i hus.

Pris 29 500 kr.

Lest 5640 ganger
Arve Åheim

Fagredaktør i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.