onsdag, 31 desember 2003 23:00

Copland CTA 305

Skrevet av

Copland er ein relativt liten dansk hifiprodusent, kjent for sine gode rørforsterkarar. Her er siste stereomodell (sjå også artikkel om effektforsterkaren CTA 520)


Copland har laga to av dei mest tiltalande forsterkarar eg har sett. Og dei osar av kvalitet frå du hentar dei på postkontoret - svært tunge saker, noko som er ein indikator på dyre komponentar. Ute av pakken ser du eit funksjonelt, men nøkternt design. Knappane gjev eit tillitsvekkjande inntrykk når du brukar dei. Og dei er estetisk tiltalande, spesielt forforsterkaren. Etter min smak er dei rett og slett vakre. Det blanke designet har i alle år vore eit kjenneteikn frå Copland, og ikkje noko forsøk på å vere trendy. Copland har berre vore framsynte….

Forforsterkaren CTA 305
Som ein kan rekne med frå rørkonstruktøren Ole Møller, er denne forsterkaren basert på rør, 4 stk ECC83 (faktisk spesialutgåva E83CC, men framleis den mest utbreidde doble småtrioda på marknaden. Trygt og godt når det gjeld å skaffe nye). Forsterkaren er forsynt med sju ubalanserte inngangar, mellom desse også ein phonoinngang, rett nok utan MC-tilpasning. Så behova til dei fleste brukarar skal vere stetta. I tillegg til eit ratt med inngangsveljar, er her sjølvsagt volumpotmeter, av/på knapp og ein tape monitor-funksjon. I feltet midt på forsterkaren kan du sjå at forsterkaren er påslått, og kva for ei signalkjelde som er i bruk.
Då eg slo på forsterkarsettet, gjekk det ei lita stund før røra var oppvarma. Eit relé gjer at det ikkje kjem lyd igjennom før alt er klart, noko som ca 30 -60 sekund.

Normalt let rørkonstruksjonar litt hardt og dynamisk samanpressa sånn med ein gong etter påslåing, men denne gongen vart eg overraska av ein umiddelbar fantastisk klangnøytralitet. Eg valde likevel som vanleg å vente ein times tid før eg tok til å lytte kritisk. Og lyden var noko av det betre eg har høyrt. Umisskjenneleg rør, utan noko av særpreget av transistorar, men også utan den varme, farga rørlyden somme tradisjonelle konstruksjonar har, berre noko av den mest nøytrale klang eg har fått oppleve frå audiokomponentar. Dessutan ein detaljrikdom og gjennomsiktig attgjeving av dei mest komplekse musikkparti eg har tilgang på. Eg måtte samanlikne med referansen min, den snart 20 år gamle Audio Research SP 10. Faktisk gjorde Copland CTA 305 ein like god jobb som denne med

CD og SACD når det gjeld klang og romoppleving, ein nøytralitet og detaljrikdom som kan måle seg med kva som helst, (kanskje med unntak av langt dyrare konstruksjonar frå Conrad Johnson innan feltet romoppleving? Eg hadde diverre ikkje høve til å samanlikne med ein slik).

Når det gjeld evna til å nyansere dynamiske detaljar, og det å gje att dei aller kraftigaste partia, leiar likevel SP 10 framleis med eit halvt hestehovud. Eg samanlikna også RIAA inngangane, men her skal eg vere forsiktig med å seie at den eine let betre enn den andre. CTA 305 har berre 47kOhm inngang, og kan ikkje bruke lavoutput MC-pickupar utan eigen forsterkar eller trafo. Her er SP 10 framleis konge med sine mange justeringar. Min gamle MMpickup AudioTechnica AT ML 170 er for sliten til at han kan brukast til å felle dom i dette. Men eg må innrømme at for fyrste gong på 16 år vurderte eg seriøst å byte forforsterkar, og berre på desse felta allsidig pickuptilpasning og dynamikk opplever eg SP 10 som den beste. Å ha så god lyd tilgjengeleg gjennom fjernkontroll er eigentleg utruleg. Dessutan synte det seg etter kvart at CTA 305 berre treng 15 - 20 minutt oppvarming for å låte optmialt, noko som er definitiv rekord for rørutstyr.

SP 10 treng dobbelt så lang tid, og saknar dessutan fjernkontroll. Fjernkontrollen til Copland er heilt grei, sjølv om eg ikkje er glad i for mange knappar - her er ei overflod. Men ikkje balanse. Møller har fylgt trenden og kutta ut dette, noko som fører til færre deler og lettare signalveg. Men eg saknar det til tider.

Eg må berre gratulere Copland med denne konstruksjonen. Prisen 16900 er det ingenting å seie på, og eg trur ikkje eg veit nokon annan forforsterkar i denne prisklassen som har så mykje speleglede å by på.

Lest 5630 ganger
Audiophile

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.