Arve Åheim

Arve Åheim

Skribent i Audiophile.no

Etter kvart som eg har vorte eldre og hifianlegget betre, har eg roa meg ned. Interessa for å prøve ut ymse hifidingsar har roa seg. Anlegget eg har, er greitt nok til mitt bruk, og eg treng ikkje oppdatere meg om nye produkt slik eg gjorde før. Tenkte eg….

Pensjonist
Eg vert ikkje så lett imponert som før. Nye produkt byr sjeldan på kvalitetar som får meg til å hoppe i lyttestolen. Anlegget mitt er greitt nok. Det finns betre anlegg enn mitt, men ein skal då ha økonomi og plass til å leve også. Dessutan har høyrselen min vorte prega av alderen - eg høyrer ikkje noko av det som skjer over 13 kHz. Og så er eg ikkje norsklærar lenger, men pensjonist. Kanskje eg er ute av trening i skrivesamanheng. Eg er ikkje sikker på om eg kan stole på meg lenger. Så det har vorte so som so med skrivinga dei siste åra.


På an igjen
Men av og til skjer det ting. Som no. Eg håpar at de fekk lese om mi siste oppgradering av anlegget, då eg gjekk frå eit 140 kg tungt forsterkaroppsett på godt og vel 500 Watt til ein ørliten boks på 9 kg og 400/1000 w, saman med enkle, snusfornuftige kinesiskproduserte signalkjelder utan vrenging. Forsterkaren heitte Vera 400/1000 og greidde meisterstykket å drive mine ganske avsindige høgtalarar med kontroll og eleganse. Norsk produksjon og design. Måledata utan vrenging i praksis. Det er noko heilt spesielt å høyre Radialstrahlerane på skikkeleg høgt volum, noko som fekk håret på armane (og hovudet?) til å reise seg då eg fekk prøve dette. Så det var eit naturleg trekk å skifte. Eg fekk også prøve med to brukopla forsterkarar, så vel som forsterkarane i biampingsoppsett, men det hadde lite føre seg. Eg kjøpte berre ein, og har forsåvidt vore lukkeleg og tilfredsstilt med denne. Til no. For innimellom jobb og utvikling av andre produkt har dei greidd å utvikle monotrinn som kan levere 2500 Watt i 4 Ohm, som MBL 101 har som impedans.

Hadde eg lyst å prøve dei? Åja!



Forventningar
Det tok ikkje mange dagane før eg måtte på Posten og hente to ikkje altfor tunge kasser. Dei vart plasserte i anlegget, og vesle 400/1000 fekk ta sommarferie så lenge. Vera M 1600-forsterkarane ser akkurat ut som det ein forventar seg av eit skikkeleg effektforsterkarbeist, Av/på knapp i fronten, med blått lys når forsterkaren er aktiv, raudt når han er passiv, kjøleribber på sidene - her trengs ikkje vifte -, og nettbrytar+ terminalar for høgtalarkablane på baksida. Enklare enn 400/1000 sine volumtilpasningar, men slikt ordnast vanlegvis enklare med forforsterkar.

Så i motsetnad til 400/1000 sitt minimalistiske og elegante kabinett av utfresa aluminum ser desse monotrinna relativt audmjuke ut, Heilt normale, svarte effektforsterkarar. Ikkje så veldig tunge heller, berre i overkant av 10 kg/stk. Lett å hente på posten, altså. Og med vanlege XLR-kontakter på signalet inn, og vanlege, greie høgtalarterminalar i tillegg til slike kontakter som oftast brukast i PA-samanheng,



Klar
Etter å ha sikra at alt var rett kopla og fått stå på ei stund, tok eg til å bruke nykomarane. Det vart fyrst sette til ei ganske lite utfordrande oppgåve i high end samanheng; vere effekttrinn for TV med Dagsrevyen som signalkjelde. Alt verka å vere i orden utan merkbar skilnad på nyheitene, så neste morgon, utkvild, med kaffikopp og fjernkontroll innan rekkevidde, starta lyttinga. Det dukka (sjølvsagt) ikkje opp overraskingar av noko slag.


Lydstyrke
Eg brukar vanlegvis vinylmediet som referanse, men i det siste har eg spelt mykje frå strøymetenester, så eg starta der, og spelte på relativt lågt volum. Eg har endra litt rutinane mine når det skal finlyttast og skrive rapport om ymse produkt, men eg likar framleis å spele mest om morgonen. Nytt er at eg spelar relativt lågt, dels for å spare øyrene mine, dels for å ikkje skremme dei som bur i huset. Det er slett ikkje dumt å spele på relativt moderat lydstyrke, for då greier eg å konsentrere meg langt lettare og i lengre tidsrom enn då eg spelte høgt.


Dei fyrste dagane spelte eg ganske forsiktig for ikkje å skremme vitet av familie, leigebuarar og andre som bur i bygda. Var det skilnad mellom monotrinna og 400/1000? Med ein veslebror som leverer 750 Watt i 4 Ohm etter det produsenten fortel, er det vanskeleg å seie på ganske moderat avspelingsnivå. Iallfall ikkje i den grad at det i mi 41 m2 store audiophile-stove følast intens trong til å oppgradere, trass i mine svært tungdrivne høgtalarar. Hadde rommet vore større, og om eg hadde hatt behov for å spele hovudsakleg hardrock på realistisk lyttenivå, hadde det nok vore annleis. For dette må seiast å vere to skikkelege kraftkarar. Under utprøvinga av 400/1000 greidde eg å spele svært høgt med brukopla 400/1000, og har eigentleg ikkje behov for å spele på langt nær full styrke. I mitt oppsett er det altså greitt med ein slik “liten” stereoforsterkar. Dessutan har eg anlegget ståande på ein 10A- kurs, og dersom eg verkeleg skulle ta ut kreftene til desse beista, måtte nok kursen oppgraderast - sikringane mine vil nok ikkje tåle at eg tek ut 5000 W. Vera fortel at det ikkje er noko problem om du brukar 10 A, men då får du ikkje ut det fullstendige potensialet til forsterkarane. Eg fekk iallfall ikkje til å sprette sikringane, (eg hadde ikkje nervar til slikt ), slik eg greidde nesten kvar gong når eg slo på forsterkar nr 2 under utprøving av monotrinna Manley Neoclassic 500 W.



Eigenlyd?
Elles liknar M1600 svært på sin mindre slektning lydmessig, og det er tydeleg at konstruksjonsmålet til Vera er å oppnå så lite vrenging som råd. Stikkordet er nøytralitet. Og detaljrikdom. Skal du lage subjektiv koselyd er ikkje Vera-konstruksjonane rette plassen å sette inn ressursane, då får du heller prøve deg med rør ein stad i signalkjeden, ein god pickup etter eigen smak, eller heilt andre forsterkarar. Fordelen med Vera er altså i praksis uendeleg med krefter, utan signaturlyd å snakke om.

Den lidenskapelege lyttar av ein spesiell klangfarge kan likevel ha behov for slike vanvitige kraftreservar av det slaget som Vera M1600 byr på. Sjølv er eg ein av dei som likar vinyl og rør, men har høgtalarar som ikkje spelar høgre enn 79 dB/W. Det er såleis veldig greitt å bruke ein snart 40 år gammal Audio Reserach SP 10 forforsterkar når eg skal koselytte. Spesielt når det spelast vinylplater er dette heilt i tråd med min smak. Men når eg er i det analytiske hjørnet, brukar eg Topping 90 Pre, som tilfører signalet svært lite eigenlyd. Eg har altså ordna meg slik at eg får både i pose og sekk.
Når det spelast ved moderate lydtrykk, kan somme forsterkarar verke litt blodfattige, kanskje fordi høgre nivå skapar litt feit vrenging og godfot. Dette opplevde eg i min stormfulle ungdom, då eg var bassist med rørforsterkar. Vrenginga fører til feitare lyd, og det vert meir moro å spele. Når eg skrudde opp volumet vart det meir vrenging. Det skjedde også med Tandberganlegget eg kjøpte for konfirmasjonspengane. Så ville vel det same fenomenet gjere seg gjeldande med desse monoblokkene frå Vera? Slett ikkje! Bassen vart halden i eit jerngrep på alle lydnivå helt til det tok til å verte utriveleg i stova. Bass, og alt anna var presist, med skikkeleg detaljrikdom over det heile. Sjølv med mine ekstremt tungdrivne høgtalarar, og uansett kva lydtrykk eg prøvde meg på. Slik var det altså å ha uendeleg med krefter, vrenging kom ikkje frå elektronikken, men frå møblar og inventar som tok til å skrangle når det stod på som verst. Sjølv tok eg på høyrselsvern - det kan vere greitt å ha litt høyrselsans om det skulle komme til skriving av fleire artiklar framover.

Kva skjer når det skruast på volumkontrollen?
Som du kan vente deg, vert lyden høgre. Mykje høgre! Svært mykje høgre. Det var tydeleg at eg aldri har hatt så mykje effekt til rådevelde tidlegare. Første lytteøkt var heilt utan at eg kunne registrere noko form for vrenging. Men eg gav meg når inventaret i audiophile-stova tok til å skrangle.(Trass alt, det er berre godt 60 meter til næraste granne). Eg følte meg dessutan litt toskete når eg tok på meg høyrselvern, som då eg prøvde ut kor mykje eg hadde nervar til å skru opp. Då eg gjorde ei slik øving med vesle 400/1000 var det heller ikkje mangel på styrke som slo meg. Veslebror er ein skikkeleg muskelbunt, men monotrinna skulle vere i stand til å drive kva som helst, gjerne i eit skikkeleg stort rom.

Det er heller ikkje det einaste Vera-forsterkarane kan. Vel så interessant er det at dei har evna til å sleppe gjennom alle nyansar og detaljar høgtalarane kan klare å formidle. M1600 greier å tydeleggjere dei små tinga på gode opptak. For meg har det vore spesielt spennande å skru skikkeleg opp og høyre nyansane i bassattgjevinga. Har du ein høgtalar som spelar djupbass på same måte som MBL, vil du glede deg over kor kontant og med full kontroll Kaizers og The Aller Værste botnar basstromma - det siste hadde eg ikkje høyrt før. For ikkje snakke om Kari Bremæs si låt om fyret ved Tornehamn. Og klassisk - det må seiast at spesielt når det kjem til store korverk er det gøy. Dei får uventa stor detaljrikdom og tredimensjonalitet. Bassattgjevinga er liksom ikkje imponerande i seg sjølv. Det er som om anlegget spør; “Skulle det der vere noko problem?”



Vifte? Varme?
Min vesle 400/1000 har for alle tilfelles skuld ei innebygd vifte, med tanke på varme sommardagar kombinert med høg musikk, men det har aldri vore støy frå denne. Vera har nok difor funne det greitt nok å bruke kjøleplater på kabinettet til forsterkaren M1600.

Kjølevifter skal ein ha på PA-utstyr og kvitevarer. Men under utprøvinga, der eg lytta til 400/1000 på same lydtrykk som eg køyrde på monoblokkene, starta vifta. Det utviklast altså ganske mykje varme, sjølv om det ikkje er så ille at du risikerer å brenne deg.
Når det kjem til kostnadseffektivitet må det seiast at 2 stk M1600 ikkje er akkurat billeg, samanlikna med det du finn på Elkjøp. Men desse monotrinna er heva over all konkurranse. Det er rett og slett ingen andre forsterkarar med desse spesifikasjonane innan styrke og vrenging. Og for den som vil ha nøytral attgjeving, er dette så nær himmelrik eg nokosinne har opplevd. Så prisen er eigentleg svært rimeleg for slik referanselyd. Er det så eit opplagt val?

Her stiller eg meg litt meir nølande. Mange musikkelskarar higar etter noko særpreg av lydattgjevinga. ein spesiell eigenlyd. Det kan ein få gjennom rørkomponentar, tonekontrollar eller ymse former for vrenging. Er du slik, kan det nok vere du finn alternativ som du trivest betre med.

Elles må eg minne om dei mindre alternativa frå same produsent. Sjølv om dei er fysisk små, er dei slett ikkje å rekne for pinglar når det gjeld wattstyrke. Eg har ei stove på 41 m2, høgtalarar som berre spelar 79 dB på 1 Watt, og likar å dra på litt innimellom. 1000 Watt er veldig nok, og eg vert ikkje ulukkeleg om eg må greie meg med den vesle boksen som står nede i hifi-møbelet.
Men M1600 er nok betre når alt kjem til alt. 2500 Watt er ikkje berre styrke, det er også attgjevingseleganse, som eit storformatskamera samanlikna med kameraet på ein mobiltelefon. Og det gjeld både når eg spelar høgt som lågt. Du kan altså bruke Vera saman med både tung- og lettdrivne høgtalarkonstruksjonar. Om du har bruk for 2500 Watt pr kanal er ein annan sak, som eg ikkje kan råde deg i. Uansett kva du finn på og kva behov du har, trur eg du neppe kjem til å oppleve M1600 som svakaste ledd i anlegget. Dei legendariske F-81 elektrostathøgtalarane til Stax, kan kanskje vere ei utfordring som passar, og det er sikkert fleire ekstra vanskelege, tungdrivne høgtalarar som kunne vore interessante partnarar til Vera-forsterkarane. Eg trur at M1600 vil vere i stand til å levere, sjølv om du skulle trenge tusenvis av Watt til å drive til dømes eit stort PÅ-anlegg, så vel som elektrostatar, magnestatar og kva som helst du måtte ha av høgtalarar.



Konklusjon
Vera lagar svært spennande effektforsterkarar. Kjenneteikna er enorme krefter kopla med svært god lydattgjeving. M1600, som må seiast å vere toppmodell, kan absolutt alt av effektoppgåver eg sette han til, av både små og store oppgåver vart løyst med lydattgjeving av aller høgste klasse.. Den som ynskjer seg effektforsterkarar med nøytral referanselyd til alle føremål bør prøve desse, særleg om lytterommet er stort og høgtalarane tungdrivne. M1600 har greidd å vere med på absolutt alt eg har funne på av lydlege utfordringar. 

Ja, eg trur at eg faktisk torer å seie: Beste effektforsterkar eg har prøvd!

 

Veil. Pris pr. stk. for M1600 er NOK 29.500,-

Les meir om M1600 hjå Vera Audio

 

Audiophile- redaksjonen har endeleg kome seg på tur igjen, og kosa seg på messe. Denne gongen i lag med godt over 1200 andre HiFi-entusiastar. Det har vore messe igjen, denne gong nær hovudstaden, og det må seiast å vere ein marknadsføringssuksess med fleire frammøtte enn nokon sinne på ei norsk HiFi-messe.

Det er etter kvart vorte ein tradisjon for Audiophile-redaksjonen å besøke Hortenmessa. Ettersom vi bur ganske spreidd, er dette ein av dei få sjansane vi har til å møtes og finne på eit kvart i lag. Så denne gongen besøkte vi tre av hifi-forhandlarane i Oslo, og det har vi allereie publisert artiklar om.

Ny dag, og fredag har vi to butikkvitjingar. Sidan vi likevel skulle til hovudstaden, tenkte vi at det kunne vere  interessant å besøke Jens og Marius på Stereofil; ein annan av Oslo sine mest spennande aktørar innan HiFi.

Det var to trekk ved denne messa som bør nemnast. Det eine er bass. Så å seie alle utstillarar hadde lagt mykje arbeid i å få bassen djup og godt artikulert, både dei med store og små høgtalarar og forsterkarar. Det andre var nostalgi. For oss gråhåra er det difor naturleg å fokusere på desse sterkt fortidsutsjånadaktige greiene.

Det var kanskje færre utstillarar på messa denne gongen enn det som er vanleg, men det var likevel fleire spennande ting. Det eg merka meg spesielt:

 

Vi held fram med våre messeinntrykk, og i dag er turen komen til Arve sine utvalgte lydopplevingar å minnast frå Horten i år.

 

No har det seg slik at Stig Carlsson sine Sonab-anlegg var dei første ambisiøse hifi-anlegg eg fekk høyre, på ein salsturne attende i 1972 eller 73. Eg trur dette var før eg var konfirmert, så eg kjende knapt til andre musikkanlegg enn Tandberg, Philips og kanskje B&O…..

Vera P150/600 RS er andre forsterkaren frå norske Vera. Eg må innrømme at eg fekk hakeslepp då eg høyrde kva den fyrste Vera-forsterkaren P400/1000 var i stand til å gjere. Og no syner det seg at veslebror er like god....

Vi prøvar SBS.1 aktive høgtalarar og ein stk Inkognito 10 subwoofer

Side 1 av 25