onsdag, 31 desember 2003 23:00

Vincent SP-T100

Skrevet av

Vincent er ein storprodusent av sånn litt ekstra fint hifiutstyr, og har ord på seg for å levere svært mykje lydkvalitet for pengane. Her på audiophile har vi svært gode erfaringar med modellane vi har prøvd ut. Her prøvar vi ut effektforsterkarane i eit hybridsett i den ikkje heilt lave prisklassen.


av Arve Åheim

Desse effektforsterkarane arbeider mykje godt i klasse A, utan at eg har funne ut om det er heile vegen til 100 Watt, eller om dei som vanleg for Vincent har høg tomgangsstraum. Faktaopplysningane kan tyde på det siste, men dei blir ganske varme...

Som i ein del andre Vincentforsterkarar er SP-T100 utstyrte med rørtrioder på inngangen. Eg tykkjer i utgangspunktet dette er ein lur designstrategi. Vi slepp kostbare utgangsrør og utgangstrafoar, og kan iallfall teoretisk likevel oppnå det meste av rørforsterkaren sine kvalitetar. Eg har opp gjennom åra vorte meir og meir overtydd om at dei viktigaste satsingsområda for rør er forforsterkar og inngangen av effektforsterkar, iallfall når vi snakkar om det eg vil kalle ”fornuftig utstyr i skapeleg prisklasse”. Eg har absolutt sansen for svære utgangstrioder, men det er no eingong kjekt å sleppe kriminelle wattmålingar, straumforbruk og varmeutvikling som ein middels vifteomn, medan lommeboka står i januar-modus heile året.

 

Spesiell design. Under oppvarming, og når høgtalarvelgarane ikkje er i bruk, blinkar begge dei blå lysdiodene. Går du frå anlegget påslått ein mørk kveld, lurer folk på om det skal vere slik. Det oransje lyset dominerer også ei stove med dempa lys, men dette kan slåast av.

Når produkt skal prøvast ut, er prisen alltid ein faktor dei fleste må ta omsyn til. Dei Vincent-produkta eg har fått sjansen til å prøve ut, har alltid gjeve mykje for pengane. Og det er kanskje naturleg å samanlikne SP-T100 med den rimelegare (men kraftigare) SP 331, der konstruksjonsstrategien med rør på inngang og transistorar på utgang er brukt. SP-T100 er ein meir forfina konstruksjon, med klasse A-drift heile vegen. Dei vert altså ganske varme, men eigentleg vert SP-T100 ikkje så varme som ein skulle tru, når det skal omsetjast så mykje watt heile tida. Dette må vel skuldast at vi har med monotrinn å gjere, slik at varmeutviklinga spreier seg på to kabinett. I tillegg får vi dei andre føremonane; ekstra god straumforsyning (sjølv om det er dyrare med to trafoar) og maksimal kanalseparasjon. Det beste er likevel at forsterkarane kan plasserast tett på høgtalarane, med kort høgtalar- og lang signalkabel. Eg tykkjer dette er lurt om du tenkjer kvalitet ut frå investering (høgtalarkablar som er gode i store lengder er langt dyrare enn tilsvarande kvalitet innan signalkabel). Men dette kan sjølvsagt diskuterast.

 

Vanleg, glimrande Vincent-kvalitet over oppbygging og komponentar.

 

Eg plasserte effektforsterkarane i referanseanlegget mitt, som er biampa. Gjennom fyrste utprøvingsøkt dreiv dei elektrostatdelen av høgtalarane, over 450 Hz. Det var ingen problem med å drive desse inntil usaklege lydtrykk, men ved maksimalt heime-åleine-nivå braut dei signalet, og måtte ha ein pust i bakken. Det er ingenting å seie på dette. Nivået låg merkbart høgre enn det eg kunne ha med min gamle, reine rørforsterkar med 2xKT88 rør på utgangen i klasse AB, og vi skal vere glade for at eit sikringskrinslaup fjerner all tvil om når forsterkarane ikkje orkar meir, og at du ikkje risikerer problem.

Eg prøvde dei også som bassforsterkarar i anlegget, ein jobb dei greidde betre enn den medleverte bassforsterkaren som er spesialdesigna for å drive basshøgtalarane, iallfall når vi snakka om normale lydtrykk.

Elles må eg seie at oppvarmingstida er viktig. Forsterkarane – også forforsterkar SA-T1 – treng å verte skikkeleg oppvarma før ein startar kritisk lytting. Vi snakkar om ein halv time. Som skribent valde eg å spandere straumen som gjekk med å ha dei påslått heile tida. Ettersom det har vore mange kalde dagar i vår, var dette heilt greitt, bortsett frå at det er dyrt å fyre med straum heile døgnet (men for ei testperiode på nokre veker, tåler økonomien å betale for 24 kWh/døgnet, som ser ut til å vere det denne luksusen kostar om vi ser på kva som er oppgjeve på baksida)

Når det gjeld reine lydkvalitetar, er det svært nærliggjande å samanlikne med min gamle rørforsterkar, og SP-T100 har mykje meir felles med denne enn min noverande referanse Copland CTA-520, iallfall når det gjeld dei klang. Å kalle SP-T100 ”varm” er å gå for langt. Eg vil heller seie dei er klangnøytrale på den ”snille” sida som hallar mot det du ofte finn i rørforsterkarar baserte på pentoderør. Den 4000 kr dyrare Copland CTA 520 har også mykje til felles med rørforsterkarar, men fokuserer i større grad på detaljar og oppløysing, der SP-T100 konsentrerer seg om dynamikk og nøytral klang.  Elles er begge forsterkarane nøytrale nok, men passar til ulike oppgåver. SP-T100 er nok den mest allsidige gjer ein formidabel jobb med dei små Epos ESL 3. Denne billeghøgtalaren får storarta kritikkar, men stiller ganske store krav til effektforsterkar. Med desse monotrinna vert lydattgjevinga heilt magisk. Ikkje slik at dei trass alt billege småhøgtalarane endra karakter, men dei fekk dynamiske eigenskapar som eg nesten nektar å tru kan gå an. Kontrollen over midbassområdet tek pusten frå meg, og det kan spelast svært så høgt utan problem. At så små høgtalarar kan spele så livleg og dynamisk i det nedre frekvensområdet (trass alt leverer desse høgtalarane neppe noko å snakke om under 60 Hz) er ei gåte. SP-T100 har meir autoritet enn andre 100wattarar, og tek alle utfordringar på ein glimrande måte. Flottast av alt er nok dei dynamiske eigenskapane, men eg er også svært glad i den totale klangbalansen og evna til å formidle tredimensjonal lyd. Du skal brenne av ein god del kronasje for å få det særleg betre.

Saman med andre forforsterkarar enn den matchande SA-T1 går greitt. (Eg prøvde eit par transistorbaserte, men ikkje min ARC SP 10 som er på service for tida) Men det er ikkje tvil om at samarbeidet med SA-T1 er optimalt. Settet er for meg det definitivt beste forsterkaroppsett eg har høyrt frå Vincent. Detaljoppløysinga over dette er eit hakk betre enn både SA-93/SP 99, medan klang og dynamikk er i særklasse til denne prisen.

Konklusjon:
Kan du klare deg med 100 Watt, er desse forsterkartrinna noko av det mest interessante du kan finne i prisklassen. Spesielt dersom du også kan finne deg til rette med forforsterkaren som høyrer til. Og spesielt dersom du er ein rørentusiast som kanskje ikkje vil ta knekken på lommeboka. Design er alltid eit spørsmål om smak, og eg kan ikkje heilt avgjere om eg tykkjer det er travelt eller morosamt på dette Vincentsettet. Heldigvis kan ein slå av det oransje lyset som liksom ”forsterkar” rørgløden…

Eit sett SP-T100 kostar meir enn dobbelt så mykje som SP 331. Likevel  stussar eg ikkje på å seie at dei er vert kvar krone. SP 991 og 993 har meir krefter, men dette er Vincent sin beste lyd så langt eg har prøvd.

 

Fakta:

  • Pris: 7995/stk
  • 100W 8 Ohm/ 200W 4 Ohm monotrinn.
  • Hybrid med 6N6 rør på inngangen og 6Z4 i straumforsyninga
  • Rør i front (også bokstaveleg talt)
  • Vekt 15,5 kg/stk
  • Leverer 10 Watt klasse a
  • S/N: 97 dB
  • Inngangsimpedanse: 48 kOhm 1,3 v
  • Importør: www.nebyhifi.no tlf 23234360
Lest 10575 ganger
Arve Åheim

Skribent i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.
Mer i denne kategorien Vincent SP 993 »