torsdag, 31 mai 2007 23:00

Creek Classic CD-spelar

Skrevet av

Etter den glimrande CD50 har Creek no tre modellar. Vi prøver her ut den som høyrer til Classic-serien.
Eg trur du bør lese begge artiklane, for desse apparata passar saman som salt og pepar, kniv og gaffel, gut og jente....

Av Arve Åheim juli 2007

Eg skal ikkje legge skjul på at eg hadde visse forventningar til Classic-spelaren etter inntrykket eg hadde av forgjengaren. Creek sitt program omfattar tre modellar, og dette er den mellomste, i prisklassen like under 12 kkr, der ambisjonane alltid har vore vesentleg større enn hos dei som ynskjer å ha "berre ein god" CD-spelar, men trass alt fem tusen mindre enn toppmodellen. Apparatet sin utsjånad syner også tydeleg slektskap til andre Creek-produkt, og lever tydeleg opp til namnet ”Classic”. Ingen overraskingar, berre reint og pent. Og kanskje det var grunn til å tru at det kunne by på tilsvarande musikalske opplevingar?

Apparatet vart fyrst plassert i anlegget, og slutta til min Creek OBH 22 passive forforsterkar. Dette burde vere ein grei match, tenkte eg, og tok til å lytte med forventning, etter å ha hatt dei obligatoriske to –tre dagane med oppvarming og innspeling. Eg brukte også nettkablane Lyric tilrådde under utprøvinga, men må vel seie at desse har mest for seg i samband med forsterkaraen, og eventuelt om du brukar straumreinsar av t.d. Minisub-type. 

I mellomtida studerte eg fjernkontrollane. Det var med to stykke, ein liten som Creek brukar som standardleveranse til alle aktuelle apparat, og ein stor, som tydeleg var laga for den som satsa på eit reint Creek-anlegg, der inngangsvelgjar og alle kontrollar for dei einskilde signalkjeldene kunne styrast.

Mitt samanlikningsgrunnlag var referansen Marantz SA 7001 (standardutgåve) som er noko billegare, men eit typisk godt kjøp. Og eg må innrømme å vere litt overraska. Bortsett frå noko betre tredimensjonalitet og eit ulikt (og kanskje noko meir korrekt) klangbilde,  fungerte ikkje Creek Classic påfallande mykje betre enn Marantzen. Dei dynamiske eigenskapane var faktisk ganske like. No set eg rett nok veldig pris på tredimensjonalitet, og tykkjer at det godt kan betalast litt ekstra for gode prestasjonar her. Korrekt klang er også imponerande og ei dyd det er verd å ta med seg. Men eigentleg hadde eg håpa på meir. Eg har kanskje vore bortskjemd med den ti gonger så dyreEsoteric framleis i minne, men når den dynamiske sluggeren frå JoLida kostar det same, er det tydeleg at konkurransen i dette segmentet tek til å hardnast.

Endeleg i sitt rette element.
Etter ei stund fann eg tida inne til å prøve Classic-spelaren saman med den matchande integrerte forsterkaren Classic 5350SE. Og dette gjorde at eg fatta meir av konseptet. Når eg brukte Classic som sett, datt alt på plass. Apparata kler kvarandre aldeles nydeleg. Når 5350SE raust leverer si råe kraft til CD-spelaren, og det med glitrande nøytralitet og perspektiveigenskapar, er det tydeleg at CD-spelaren har det best i det ”åndelege fellesskap” med den integrerte forsterkaren her. Eg undrar meg over at det ikkje skulle matche referanseanlegget mitt, der OBH 22 også er ein like passiv forforsterkar som den delen som er innebygd i Classic 5350SE. Men slik var det berre…

Eg prøvde settet på nokre andre høgtalarar, og opplevde at det dynamiske aspektet kjem seg veldig når vi held ei rein Creek-linje. Så eg vil bestemt tilrå at du har samsvar mellom signalkjelde og forsterkar.

Konklusjon:
Creek sin ”Classic” CD-spelar er eit godt apparat, som føyer seg inn i naturleg prisklasse for dette kvalitetsnivået. Eg vil likevel råde deg til å sjekke ut korleis spelaren fungerer når du vurderer å kjøpe denne. I mitt tilfelle har det nok vore litt mismatch så lenge eg prøvde å bruke denne spelaren i hovudanlegget utan å ha han tilkopla den passande integrerte forsterkaren 5350SE. Desse to apparata har ei utruleg symbiose, og passar saman betre enn hand i hanske. Du kan då glede deg over nøytralitet, tredimensjonalitet og dertil ein glimrande dynamikk, sjølv om dette tek luven av høgtalarbudsjettet ditt. Faktisk kan dette settet gjere ”trolldom” med relativt billege og enkle høgtalarar som Epos CLS 3 eller Dynavoice sine 2000 kr-modellar. Og så pene som dei er…


Pris: kr 11 856,00

Importør: www.lyrichifi.no

Lest 3430 ganger
Arve Åheim

Fagredaktør i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.