onsdag, 31 desember 2003 23:00

Creek CD 50 mk2

Skrevet av

Det er for tida lite omsetning av CD-deck, folk har som regel slikt i hus, og ventar no på nye format. Men det er likevel mange spennande alternativ for den som er på jakt etter gode, rimelege ting.

Av Arve Åheim

Utviklinga av CD-spelarane har dei siste åra vore svært gjevande for den som er på jakt etter høg lydkvalitet for relativt små pengar. Frå øyriket i vest kjem Creek her med ein skikkeleg godbit som har mykje av dei kvalitetane som kjenneteiknar langt dyrare spelarar.

Design og utsjånad
Dette er ein liten, tung sak som har alle funksjonar plassert greitt og tradisjonelt på framsida saman med eit nøkternt display med grønt lys. Standarbreidde og design som passar saman med den integrerte forsterkaren A50iR, og som gjev eit kanskje litt kaldt visuelt inntrykk. CD 50 mk2 er alt anna enn prangande i stova. Men inni er det tydelegvis ein påkosta sak. Til dømes skal mk 2-nemninga gå på at Creek har funne eit betre drivverk, truleg til databruk, enn ei vanleg standardløysing. Dette er ein ulv i fårekle...

Den medfylgjande fjernkontrollen styrer også volumet på forsterkaren A50iR, men ikkje inngangsveljaren. Dette er då strengt tatt ikkje så viktig. Til vanleg må du bort til CD-spelaren for å bytte, og du kan like gjerne gå same vegen for å skifte til tuner eller anna signalkjelde. Men fjernkontrollen SRC1 er utstyrt med inngangsveljarar og ein del andre funksjonar, så eg tippar at andre forforsterkarar frå Creek kan bruke denne. Ein kuriositet: Volumkontrollen fungerer også på Electrocompaniet sin forforsterkar. Elles er fjernkontrollen greitt utforma, men ein typisk plastsak som du ikkje bør sette deg på, eller miste i golvet særleg ofte.

Ein fin detalj er straumbrytaren som er plassert på nettinntaket. Normalt slår du spelaren i standby når du ikkje skal lytte meir. For meg har det ofte verka som at CD-spelarar treng mykje tid til oppvarming før dei yter sitt beste. Creek si løysing gjer at dette skjer umiddelbart.

imageLyden
I oppsettet saman med forsterkaren A50iR, var det tydeleg at lydidealet frå Creek er ein open og luftig spelestil med auge for detaljar og sterk fokus på dynamiske nyansar. Dette kler spesielt godt britiske høgtalarkonstruksjonar, som då passar dei aller fleste musikkformer. Spesielt gledeleg var det å lytte til 70-talspop på vanlege, enkle CD-overføringar av grupper som Steve Miller Band, Creedence, 10CC og Stones som elles ikkje står fram med imponerande lydkvalitet etter transformeringa til CD. Ikkje slik at CD50mk2 kamuflerte noko, heller det motsette, men den opne spelestilen rydda opp i uklart lydbilde og ein del ”graut”. Av mine referanselåtar var det spesielt gledeleg å høyre DG-innspelinga av Bernstein ”West Side Story”, der kuttet ”America” vart attgjeve akkurat så musikalsk og engasjerande som det fortener. Det meste av referanselåtane mine fungerte glimrande, med eit unntak av Jan Johansson ”Jazz på svenska” der instrumenta kom litt for tett på over referanseanlegget. Men elles, og spesielt til rock og klassisk (både lieder og symfoniar) fungerte denne CD-spelaren med presis og ærleg lydattgjeving, og generelle kvalitetar eg ikkje forventa meg i denne prisklassen. Dynamikken var svært god, og også klangmessig er det vanskeleg å komme på spelarar i same prisklasse som kan nemnast å vere like gode.

Den andre spelaren eg hadde til utprøving denne tida, var Marantz SA 8400 i om lag same prisklasse. Samanlikning var litt urimeleg, då SA 8400 rett nok speler CD utmerka, men trass alt er konstruert også med tanke på å spele SACD, noko CD 50 ikkje kan. Men det var likevel naturleg å trekkje ein del samanlikningar. Det eg likte best med CD 50, var nyanseringsevne og at alle detaljar kom så godt fram. Harry Belafonte var meir til stades, og gav tydelegare inntrykk av å ta opp plass i rommet, og det same gjorde Dusty Springfield på "Casino Royale". Men SA 8400 var sterkare når det gjeld djupt lydbilde og hadde betre tonalstruktur under Jan Johanson-plata. Akkurat pianoet var kanskje meir detaljrikt når plata vart spelt via CD 50, men det er ikkje snakk om at det eine er "best" i samanlikning. Det er berre eit spørsmål om kor sterk fokus du har på kontroll og detaljar. Og klangbalanse, her er Creek-spelaren heilt fantastisk. Den typiske CD-lyden er nesten forsvunnen, og klangmessig mellom det beste eg har høyrt. Er desse faktorane viktige for deg, og du ikkje har bruk for å spele SACD-plater, er CD 50 mk II det beste valet. Skal du ha i både pose og sekk, må du nok innstille deg på å bruke betydeleg meir pengar, og gå for t.d. Marantz SA-11.

Konklusjon:
Det er nokre tusenlappar som skal til for å skaffe seg denne CD-spelaren, som det ikkje er noko fancy med i det heile tatt, du imponerer ikkje andre enn dei som har sansen for lyd med dette apparatet. Men i mitt referanseoppsett (saman med kostbare rørforsterkarar) kunne CD 50 mkII frå Creek verkeleg imponere med eit vell av detaljar, dynamisk nyanseringsevne og ei svært naturleg klangbalanse. Dette er ein sjeldant god CD-spelar. Vel verd prisen om du er musikkelskar.

Pris: 11 474 kr inkludert fjernkontroll

Importør www.lyrichifi.no

Produsent: www.creekaudio.com

Lest 3711 ganger
Arve Åheim

Fagredaktør i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.