tirsdag, 31 juli 2007 23:00

Creek Classic 5350SE integrert forsterkar

Skrevet av

Creek sin Classic-serie i ny generasjon. Kva har endra seg sidan sist?


Av Arve Åheim august 2007

 

Uvilkårleg må det seiast at Creek er tradisjonelle i stilen sin. Ikkje overraskingar når det gjeld utsjånad samanlikna med tidlegare modellar, enkle apparat med funksjonell utforming som ikkje prangar på nokon måte, men som osar av kvalitet når du ser eller kjenner på knappar og vekt. Og det er ikkje sjølvsagt at ein integrert forsterkar i knapt-100wattsklassen alltid vekkjer tillit med utsjånad og vekt.


Utforming

Forsterkaren er litt spesiell sidan det ikkje er eigentleg forforsterkardel her, men at apparatet kan sjåast på som ein effektforsterkar med inngangsvelgjar og volumkontroll. Dette er noko i Creek sin filosofi – kvifor skal vi på død og liv ha ein forforsterkardel? Sjølv om vinyl har fått si renessanse, er det vel å ta hardt i om ein hevdar at dei fleste føler behov for ein riaa-del med ekstra forsterking for platespelaren (faktisk kan du her få montert phonoinngang som ekstrautstyr), og når vanlege signalkjelder leverer rikeleg til å drive effektforsterkaren, er dette ikkje dumme tankar. Bruk pengane på å få gode potmeter og komponentar i effektforsterkaren. Elles er det å seie om forsterkaren at han er veldig stilrein og "skikkeleg. Bruksmessig har han lite overraskingar, og den med behov for biamping, kan glede seg over at linje- og effektdelen kan splittast ved å trykke inn ein liten knapp med ei fyrstikk. Så kan ein kople saman med ein matchande effektforsterkar til, og eventuelt brukople dei om effektbehovet er svært stort. Elles er det to fjernkontrollar tilgjengeleg, ein svært enkel, liten sak, og ein større, penare, som også kan styre alle funksjonar hos den som har eit komplett Creek-anlegg.

 



Lyttinga

Då eg hadde spelt inn forsterkaren ein fjorten dagars tid, tok lyttinga til for alvor. Eg brukte då dei nettkablane som Lyric sende med, og brukte forsterkaren både med og utan desse. Eg er litt usikker på om det var viktig å ha desse kablane, iallfall direkte tilslutta apparatet. Men bruk av Minisub straumreinsar gjorde iallfall nytte for seg, og då var det skilnad på straumkablane mellom denne og veggen. Ein Electocompaniet-kabel frå gamle dagar var også bra.

Forsterkaren skuffa meg iallfall ikkje på noko punkt. Her var all godlyden frå sist generasjon i høgste grad til stades. Og ikkje berre det, sjølv om det har gått år sidan eg prøvde den tidlegare modellen, meiner eg å merke eit fastare grep om bassen og litt kraftigare dymamikk. Dette var direkte frydefullt. I anlegget mitt deler eg frekvensområdet på 400 Hz, og det måtte eg også no, så eg lot 5350SE drive både øvre og nedre del etter tur, noko han i begge høve gjorde aldeles utmerka. Dette er perspektiv, liv og dynamikk som du vanskeleg kan finne konkurrentar til i dette prissegmentet. Einaste verdige konkurrent eg kjem på i prisklassen, er den italienske Monrio, som ikkje lenger er importert til landet.

Eg måtte også prøve meir konvensjonelle høgtalarar, og opplevde at relativt forsiktige og rimelege høgtalarar kunne opne lyden og skape perspektiveigenskapar og dynamikk på ein måte du berre må gløyme om du prøver billegforsterkarar. Det er svært sjeldan eg har opplevd at eit middelmåtig anlegg forbetrar seg så mykje ved å endre forsterkaren – normalt ville eg råde folk i prissegmentet 2 – 3000 for høgtalarparet om å sette inn ressursane på anna enn forsterkaren, men her er altså eit unntak. Rett nok til om lag dobbel pris av ein Harman Kardon HK 970, som er veldig musikalsk, men som også er meir rølpete, og altså manglar dette høgoppløyste og uvilkårleg naturlege som Creek har. Billeghøgtalarane Epos CLS 3 som i utgangspunktet er gode, løftast fleire hakk av denne forsterkaren. Og så er han i tillegg dimensjonert godt nok til å drage elektrostatpanela på høgtalarane mine.

Ein annan ting eg ikkje fekk prøvd ut, var ekstrautstyr som t.d. platespelarmodul eller aktiv forsterkar i staden for den standard, passive forforsterkardelen. Men om det held vanleg Creek-nivå, skulle det absolutt vore interessant å prøve slikt også.

 

Konklusjon:

Creek 5350SE innfrir alle forventningar ein rimeleg kan ha til ein integrert forsterkar langt over det prisnivået han ligg på. Merket er ikkje særleg utbreidd i landet vårt, men det burde ein eigentleg gjort noko med. Be om å få denne demonstrert om du har litt ekstra tid (og pengar) når du er i hovudstaden og er i marknaden etter seriøse, integrerte forsterkarar.

 

Pris: kr 11 856,00

Importør: www.lyrichifi.no

Lest 5355 ganger
Arve Åheim

Fagredaktør i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.
Mer i denne kategorien « Creek A50iR Denon PMA-2000mkIV »