onsdag, 31 desember 2003 23:00

Creek A50iR

Skrevet av

Det er alltid behov for integrerte forsterkarar med diskret design og god lyd. Trass i sterk prismessig konkurranse frå japanske og andre austlege produsentar, har Storbritannia stadig levert slike. Creek er ein elektronikkprodusent som er verd å merke seg.

 


Av Arve Åheim

 

 

Eg har hatt ein viss kjennskap til Creek tidlegare, med sine svært rimelege ”boksar”. Ein passiv forforsterkar med fjernkontrollert volum og inngangsveljar har imponert meg med svært lite eigenlyd, og ein svært økonomisk overkomeleg riaa synte seg også å vere svært gjennomsiktig og lett å integrere i sjølv ganske kostbare vinylriggar.
No fekk eg levert den integrerte forsterkaren A50iR. Ein meir nøktern sak skal du leite lenge etter. Liten, og nesten utan funksjonar. Ein blank aluminiumsfront med volumkontroll og inngangsveljar, straumbrytar og ein tape monitorknapp er så lite prangande at du kan ha han ståande kvar som helst utan å dominere interiøret.
Sjølv om kabinettet er lite, har det relativt mykje vekt. 7 kg er ikkje allverda, men likevel er det tyngre enn mange konkurrentar som også på papiret skal levere 2x50 Watt. Slik vekt tyder på at Creek har brukbar straumforsyning, og at produsenten har vore ærleg når effekten vart oppgjeven. Baksida av forsterkaren har fem inngangar, inkludert tape, som også har utgang. Ein av inngangane er merka med AUX/Phono, og du kan bestille eit eige riaa-kort om du ynskjer å bruke vinyl. Dette var ikkje gjort av meg. Elles er her pre out, slik at eit ekstra effekttrinn kan koplast til. Tor Aamodt tilrår Creek sin 50 watts effektforsterkar om du har høgtalarar som krev meir A50R klarer åleine. Du kan då biampe enkelt og greitt. Diverre er dette uttaket også inngang til effektforsterkaren, slik at eg ikkje kunne bruke forsterkaren saman med referansehøgtalarane mine (InnerSound Eros, som har delefilter og eigen bassforsterkar). Høgtalarterminalane er av god kvalitet, ikkje dei aller beste, som ville vore for store for baksida av kabinettet, men betre enn det meste i prisklassen. Alt i alt verkar det som Creek ikkje har sansen for nonsens, men går for best mogleg lyd pr krone, eit utgangspunkt som absolutt må seiast å vere fornuftig. Ein medfylgjande fjernkontroll er laga på enklaste måte, og du styrer berre volumkontrollen med denne. Inngangsveljaren lot seg ikkje styre av fjernkontrollen, sjølv om det er knappar for dette. Men dette gjer ikkje gjer så mykje. Brukar du ikkje jukeboks, må du ta vegen fram til spelaren for å skifte CD eller vinylplate uansett. Det er ikkje balansekontroll på forsterkaren, noko eg personleg tykkjer er eit stort pluss, men det har vorte ganske uvanleg i våre dagar. Lyric leverte også ei påkosta nettleidning som vart brukt under utprøvinga. Denne hadde relativt liten effekt heime hos meg, men ved utskifting til vanleg kabel, kunne den meir avanserte merkast gjennom ei aning betre dynamisk nyanseringsevne. Eg får som regel ikkje så stor utteljing av slike kablar heime som ein gjer i butikk. Kanskje dette skuldast forbetringane kraftselskapet YFK har gjort dei siste åra?

 

Lyden
Eg lot forsterkaren stå på eit par døgn før den kritiske lyttinga tok til. Seinare synte det seg at forsterkaren var ferdig innkøyrd, og trengte berre ei lita stund oppvarming for å låte optimalt.

Fyrst vart A50 iR brukt til å drive eit par Tannoy Fusion 1. Dette var svært uproblematisk, og forsterkaren løfta desse billege minihøgtalarane til eit langt høgre nivå enn du kan finne på å forvente. Dynamisk fungerte kombinasjonen svært godt, med eit ope lydbilde og ein litt lys klangbalanse, som er ein del av høgtalarane sin signatur. Det var også tydelege symbiosetendensar når volumet auka, og eg kan vel neppe tenkje meg eit særleg betre minianlegg i same prisklasse, (det måtte då vere Epos ELS 3 kombinert med Monrio Asty). Då forsterkaren til desse høgtalarane vart skifta til ein eldre Luxman A373, vart eg verkeleg klar over kor god A50iR var. Dette vart svært skringande og lite bra for øyrene, samanlikna med Creek sin forsterkar som målte 1/3 av same effektstyrke.
Ved bruk saman med ProAc Studio 140 vart det litt lite kontroll på dei krevande bassane, men elles var lydbildet og klangbalansen svært bra. Detaljar kom svært godt gjennom, spesielt komplekse koringar med mange kvinnestemmer. Og mitt gode referansekutt frå West Side Story "America" var skikkeleg bra. Den litt utflytande bassen vart tatt opp med importør, som ville tilrå å bruke ein ekstra effektforsterkar. ProAc Studio 140 er ikkje den enklaste høgtalaren å drive.

Ved bruk av Epos CLS 3 var lyden fenomenalt open og detaljert, og no var bassen heilt fin. Ikkje djup (desse høgtalarane er svært små, og går neppe under 70 Hz), men svært musikalsk tilfredsstillande. Alt i alt er A50iR ein svært forfina forsterkar med stor nøytralitet og gjennomsiktig lydbilde. Har du lettdrivne og presise høgtalarar, bør du absolutt prøve denne rimelege saken frå Creek.

Konklusjon:
Den integrerte forsterkaren frå Creek har gjort eit svært tillitsvekkjande inntrykk. Den har sjølvsagt sine avgrensingar, men byr på detaljrik lyd og gjev samstundes rom for musikalsk engasjement. Den allsidige konstruksjonen med rom for riaa-kort for den som ynskjer dette, og høve til utviding med ekstra effektforsterkar er gjennomtenkt, og vil gje grunnlag for å la anlegget vekse når behova melder seg.

Tekniske data:
2x50 Watt i 8 Ohm
THD < 0,05% 20-20kHz
Frekvensområde: 2 – 25kHz +-1dB
Slewrate >40v/mikrosekund
450 mV inngang
SN >100dB
Vekt: 6 kg
Mål 43x6,5x25 cm
Pris: kr 7971,00 (utan fjernkontroll kr 6844,00)
Riaatrinn: inntil kr 1047.

Linkar:
www.creekaudio.com

www.lyrichifi.no

Lest 5458 ganger
Arve Åheim

Fagredaktør i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.