onsdag, 31 desember 2008 23:00

Creek Destiny

Skrevet av
Enkel, men svært elegant Enkel, men svært elegant

Elskeleg, funksjonell og elegant integrert forsterkar. For svært kresne musikkelskarar utan spesielt markeringsbehov.

 

 

Av Arve Åheim, januar 2009.

Mike Creek er ein elektronikkprodusent som har akkurat dei eigenskapane som er så fornufige hos dei ofte konservative britane. Destiny liknar svært mykje på andre integrerte forsterkar frå Creek eg tidlegare har testa, (A50iR
og Classic 5350), men overflatebehandlinga av apparatet er endå flottare, utan på nokon måte å verke prangande. På baksida er det endå betre terminalar til høgtalarane, og fleire tilkoplingar. Det er dobbelt sett høgtalarterminalar, noko som er svært velkome for ein som vil A/B-teste høgtalarar. Eigen phonoinngang er ikkje standard, men eit slikt kort kan monterast til ein kostnad på ca 5000 kr. Dette var ikkje på testobjektet, og eg brukte min eigen referanse-riaa. Creek sin separate riaa eg testa for nokre år sidan er eit utmerka produkt til prisen, så det er ingen grunn til å tru at det er noko dårleg produkt. Fjernkontrollen er funksjonell (og passar i tillegg til Creek-produkt også Marantz sine SACD-spelarar). Mykje av det same som Classic 5350 og A50iR, men det er tydeleg at det er større ambisjonar bak Destiny. Ved sida av meir påkosta overflate, kjem dette tydeleg fram når du løftar på forsterkaren, som er ti kilo, og ein god del tyngre enn dei andre. Effekten er også auka til 2x100W. Det er kanskje ikkje innlysande at dette er ein forsterkar som nærmar seg fyrstedivisjon, men med utgangspunkt i pris/kvalitet på tidlegare testobjekt, var det med betydelege forventningar eg kopla opp denne forsterkaren i hovudanlegget mitt.

Original løysing i forforsterkarendelen
Etter ei stund kom eg til å lese dei svært små bokstavane i manualen til forsterkaren, og vart klar over at forforsterkaren kunne stillast på i alt fire ulike nivå. Slår du av aktiv del aktivisert
funksjonen med brytaren nede i fronten til venstre, får du rein passiv innstilling, som til forveksling liknar min OBH 16 passive ”forforsterkar”. Ved å trykke inn ein knapp på framsida, vil forforsterkaren verte aktiv, og auke gain med 3, 6 eller 9 dB. Skilnaden på desse forsterkningsgradene er absolutt til stades, og ei forsiktig farging i form av ei meir dynamisk attgjeving, kombinert med ein ørliten tanke varmare instrumentklang, tiltek i same grad som forsterkninga. Skal du spele passivt, vert det så å seie heilt nøytralt, ei innstilling som er midt i blinken for hifi-folket med ynskje om nøytral og superdetaljrik attgjeving, iallfall om signalkjelda har output av det svakare slaget. På full guffe 9 dB vert lyden tydeleg meir dynamisk og engasjert. Dette er mindre nøytralt enn ved passiv pre, men ikkje på nokon måte såpass påtrengande at det vert sjenerande, snarare engasjerande og etter mitt øyre svært positivt. Dei to mellomstilla er Brytar på undersida, stiller mellom tre ulike forsterkningsgradervanskelege å merke, men ved A/B-testing er det så vidt merkbart på 3 dB, litt tydelegare på 6 dB. Personleg likte eg eigentleg veldig godt 9 dB. Dels fordi farginga var utprega musikalsk utan på nokon måte å vere påtrengande, dels fordi det er veldig greitt med skikkeleg gain i mitt anlegg som for tida har litt for svak mc-pickup som prioritert signalkjelde. Og ein halv tanke varme er veldig kledeleg for min Marantz SA 6001 SACD-spelar.

A/B-testing er veldig greitt. Du styrer aktiv/passiv med knappen nede lengst til venstre. For å justere graden, må du flytte på ein brytar på undersida av forsterkaren. Dette kan verke litt tungvint, men du gjer det berre i fyrstninga, til du har bestemt deg for kva du likar best. Eg enda etter kvart opp med å køyre fast på 6dB aktiv drift, men skifta til passiv drift kvar gong det skulle finlyttast. Dette er ein fantastisk fin fasilitet, som langt på veg gjer anna equalisering unødvendig når anlegg og rom elles er godt. Med signalkjelder som har normalt output vert det såleis eit spørsmål Bland ikkje forsterkarinnstillinga du her ser på høgre side under forsterkaren med den raude spenningsveljaren du ser til venstre - fare!om smak, og du kan på denne enkle måten tilpasse anlegget ganske optimalt dei andre komponentane. Det hadde vore svært interessant å prøvd ut signalkjelder frå Linn, Hegel, Electrocompaniet, JoLida og andre i tillegg til referanse og testobjekta frå Marantz, men det vart ikkje praktisk gjennomførleg.

Dei lydlege overraskingane var mange og udelt positive. Mest moro var det kanskje å merke seg kor godt grep Destiny-effektdelen hadde om basselementa. På anstendige lydnivå gjorde faktisk Destiny dette betre enn den originale InnerSound-bassforsterkaren. Når eg seier anstendig, vil eg hevde at mitt 41m2 store lytterom kunne fyllast med både DSOTM-hjarteslag og all slags bråkemusikk til lydnivå som var i ferd med å verte ganske utrivelege, og fekk katt og andre familiemedlemer til å fjerne seg frå stova. Eg speler normalt aldri så høgt at eg får særleg glede av dei 200 watta den dobbelt så kraftige, spesiallaga bassforsterkaren frå høgtalarprodusenten leverer. Destiny sine hundre Watt gjer susen, med imponerande trøkk og kontroll.
Men Destiny er langt unna å vere ei einsarta basspumpe, og hanskar også elektrostatpanela svært godt, svært nær same klasse med Copland CTA 520 som er det effekttrinnet eg har som referanse når det gjeld detaljattgjeving, men annleis. Destiny-effektdelen har også veldig god tredimensjonalitet og dynamisk nyanseringsevne, som er svært viktige kriteriar for meg. Det verkar nesten som Destiny har meir å gå på når det gjeld å spele høgt, ikkje berre i bassen, men også når elektrostatar skal drivast. Forsterkaren vert normalt varm, men ikkje meir enn ein vanleg forsterkar, og vil nok klare også andre elektrostatar på ein utmerka måte, sjølv om desse av og til kan vere svært krevjande, med impedans som kryp ned mot 1 Ohm.

Ein merker seg at det er veldig rein og støyfri attgjeving samanlikna med andre alternativ eg har prøvd ut gjennom tidene. Eg sleit litt med å bestemme meg for korleis eg likte best Destiny i hovudanlegget. Eigentleg skulle eg hatt Creek sitt reine effekttrinn i Destiny-serien til å drive eine frekvensområdet. Dette skal vere heilt identisk med det som er integrert i denne forsterkaren, og vil ganske sikkert gje optimal match. Eg ser på Destiny som eit svært aktuelt elektronikkalternativ for å halde eit anlegg som mitt hovudanlegg i hi-end-divisjonen.

Med andre høgtalarar og rom
Det var mykje hyggjeleg eksperimentering med hovudanlegget, og eg var såre fornøgd uansett korleis eg sette Destiny inn i signalvegen. Men dei fleste brukarar har nok ikkje ambisjonar om å drive hybridelektrostatar. I staden vel dei nok meir edrueleg utforma høgtalarkonstruksjonar. Destiny vart såleis brukt i nokre normaloppsett, hovudsakleg på lytterom #3, der mi definitivt kjekkaste oppleving var matchinga til Epos M16. Det velrenommerte høgtalarmerket Epos vart for nokre år sidan kjøpt opp av Creek. Ein av grunnane for eit slikt oppkjøp må vere symbiosen mellom

Høgtalarane frå Epos og elektronikkprodukta frå Creek passar svært godt saman, noko eg har lagt merke til fleire gonger. Og koplinga av Toppmodellen Destiny saman med den svært så fornuftige M16 var så optimal at det nesten var nifst, spesielt i det vesle lytterom #3 på knapt 11 m2 . Mi eiga oppleving var svært positiv på alle måtar, men endå artigare var det på alle dei som fekk audiens på dette anlegget i jula. Oppsettet vart omtala som oppsiktsvekkjande godt, og noko av det mest musikalske eg har hatt i hus på lange tider.

Tredimensjonale eigenskapar var så nær det holografiske det kunne forventast å komme i eit såpass lite rom når ein har golvståande høgtalarar. M16 er rett nok slanke, men du slepp ikkje unna investeringar i kvalitetselektronikk for å få til sånne opplevingar med instrumentplassering, definisjon av konsertlokale og liknande kvalitetar. Og når det gjeld bassattgjeving: Ved avspeling av Yello ”The Eye” på lydtrykk som var langt unna det vi kan kalle moderate, var det ingen som trudde på høgtalarspesifikasjonen som sa at bassområdet sin nedre grensefrekvens var 48 Hz. Dette var heilt rått.

Destiny fekk også prøve seg på både billege og svært kostbare stativhøgtalarar, og greidde jobben svært godt. Du skal over på kraftige klasse A-forsterkarar eller brutale rørkonstruksjonar for å oppnå betydelege forbetringar.

I konkurranse med andre Creek-forsterkarar.
Det som umiddelbart opplevast som betre på Destiny enn det eg hugsar frå tidlegare Creek-testing, er trøkket i bassen, og klart betre dynamikk både når det gjeld krefter og nyanseringevne. I tillegg vert det etter kvart som du lyttar ganske klart at det er mykje meir detaljar, og at forforsterkardelen er utmerka. Sjølv om direkte samanlikning med dei tidlegare testa integrerte Creek-forsterkarane, er det tydeleg at Destiny er på eit ganske anna kvalitetsnivå enn dei billegare, om enn utmerka Creek-slektningane. Creek er altså i full gong med å gå inn i det kvalitetsnivået som vanlegvis kallast high-end.

Det er verd å merke seg at dei dynamiske eigenskapane er svært bra, og det vil ikkje vere enkelt å finne forsterkarar på tilsvarande kvalitetsnivå i nokolunde same prisklasse.

Kven passar Destiny for?
Når vi ser denne pene, langt frå prangande forsterkaren, er det vanskeleg å tenkje seg at det finnest kundegrupper som tykkjer Destiny ikkje har tiltalande utsjånad. Dette er lekkert, funksjonelt og musikalsk så vel som audiofilt svært tilfredsstillande prestasjonsmessig. Det er ganske mykje watt og krefter til disposisjon, og ein kjenner også på vekta at her er brukt mykje metall. Utan å vere hysterisk overdimensjonert, er det ikkje spart på noko avgjerande, og såleis kan dette vere den perfekte forsterkar for svært mange.

Det er alltid viktig å sjå kva samanheng eit produkt skal brukast. Symbiosen med Epos er før nemnt, og eg kan vanskeleg tenkje meg ein prismessig betre musikalsk kombinasjon av slik storleik. Ein annan slik symbiose-aktig kombinasjon det kan vere greitt å merke seg, er at Creek og Marantz har stor overlapping, både når det gjeld fjernkontrollfrekvensar og det lydlege. Eg har med stort hell funne symbiose mellom Destiny og Marantz SA 8003/7003, som også var til utprøving på denne tida. Marantz luftige, men no etter kvart ganske så dynamisk nyanserte spelestil kom veldig til sin rett i dette oppsettet.

Eg trur Destiny passar for svært mange, og unntaka må vere dei som prismessig tykkjer godt 16kkr er for mykje for ein integrert forsterkar, dei som elskar rør, dei med veldig store og rå effektbehov, klasse A-entusiastar og dei som opererer i vesentleg høge prisklassar. Destiny er ikkje verdas beste integrerte forsterkar, men du verda, kor mykje du får for pengane.

Konklusjon
Creek er kjent for svært gunstig kvalitet ut i frå prisen. Med sin dyraste modell fører dei denne forretningsideen vidare. Den integrerte forsterkaren Destiny fører Creek inn på eit nytt ambisjonsnivå, og det med slik suksess at vi kan snakke om ein ny standard i denne svært konkurranseprega prisklassen. Dette gjer Destiny med konservativ, vakker og funksjonell utforming, og ein uvanleg fleksibel forforsterkardel med i alt fire ulike forsterkingsgrader, som er eit uvanleg stort pluss. Denne integrerte forsterkaren vil kunne tilpassast langt dei fleste kvalitetsoppsett ved hjelp av denne funksjonen.

Ekstra watthungrige entusiastar kan dessutan supplere med ein ekstra effektforsterkar om behovet skulle vere der, eller melde seg i framtida. (Eg har vore i kontakt med Lyric, og rekvirert ein av desse, for å sjå kva han er god for, både åleine, og i eit biamp-oppsett saman med Destiny integrert forsterkar).

Kjempeprodukt!

Pris 16 640 kr

Phonokort: ca 5000 kr.

Importør distribusjon

Lest 5076 ganger
Arve Åheim

Fagredaktør i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.