onsdag, 17 januar 2007 23:00

Marantz SA 7001 i to utgåver

Skrevet av

Marantz er ein av dei leiande produsentane av SACD¬-spelarar i det vi kan kalle den fornuftige prisklassen. Det må såleis seiast å vere svært interessant når den rimelege SA 8400 no utgår av programmet og vert erstatta av endå rimelegare SA 7001, som har vorte kåra til EISA-vinnar, og som attpåtil kjem i ei blodtrimma signaturutgåve.

Av Arve Åheim 18.januar 2007

Utforming og utsjånad
Dette er ein klassisk designa, pen sak i børsta aluminium frå Marantz. Ikkje spesielle filter eller rikeleg med knappar og lys som på toppmodellen SA11, men alt du treng, og ein svært så funksjonell front med ein øyretelefonutgang som eg trur du skal kjenne deg begeistra for om du treng sånt. No har eg ikkje tilgang på superøyretelefonar for tida, men mine relativt audmjuke Koss UR 40 har det iallfall betre her enn med anna standardutstyr, kanskje med unntak av Rogue-forforsterkarane med øyretelefonutgang.
 

 
Dei to utgåvene av SA 7001 er så å seie uråd å skilje frå kvarandre, bortsett frå at den dyraste modellen har større vekt, større avstand mellom utgangskontaktane på baksida, og eit då eg hadde SA 11 ferskt i minne. Eg brukte sjølvsagt eit sett identiske kablar, og lot spelarane vere påslått heile tida.  SACD-samanlikningane vart gjort ved å skifte plate mellom spelarane. Bruno Walter: Beethoven sym 6. Nesten ikkje skilnad på lyden. Under svært konsentrerte lytteøkter meinte eg å høyre noko skilnad på kontrabass og pauke under tredje og fjerde sats, ei halv aning meir artikulert pondus, men det var uansett marginalt, og ikkje noko som eg utan vidare vil kalle ei forbetring.

 

DSOTM: Hjarteslaga: slag 12 og utover fire-fem takter er ein smule meir markerte på KI-utgåva, men elles kan det ikkje seiast å vere skilnadar i bassattgjevinga. Klokkeklemtinga på innleiinga av ”Time” brukar å  lage eit komplisert lydbilde der det normalt er lett å skilje SACD-spelarar frå kvarandre, men her er det om lag uråd. Ikkje eit snev av skilnad på klangbalanse eller dynamikknyansar. Og sjølv etter fleire gongars gjennomhøyring, er eg er svært usikker på om det var noko som helst ulikt når det gjeld det evnemessige innan å presentere lydbildet i musikken.  Livingstone Taylor: Kav uråd å høyre skilnad på spelarane. Ricky Martin: Sound Loaded. Endeleg ein stad der det kan skiljast mellom spelarane. Korstemmer, waw-waw-gitareffekter og blåsearrangementet (spesielt trombona) på den komplekse innspelinga av tittelkuttet kjem meir artikulert og tydeleg fram på KI-utgåva. Fråsparket i ”She Bangs”  som er så fundamentalt med denne låten, er likevel identisk avspelt på begge spelarane.

CD
Her fann eg ut at eg kunne spele like CD-ar samstundes i begge spelarane, og eg brende også to identiske for å eliminere ulik kvalitet ved brenneprosessar og plater for å samanlikne spelarane. Det vart faktisk endå meir vanskeleg å finplukke skilnadar mellom dei to versjonane når eg brukte CD som avspelingsmedium. Eg greidde ikkje å ta skilnadar i bassen når det gjeld Yello ”The Eye”,. Heller ikkje på ein del av mine digitale nyinnspelingar frå RCA og Mercury sine legendariske superinnspelingar frå ca 1960 greidde eg å merke meg anna enn svært marginale skilnadar (det var lettare å høyre skilnaden mellom original-CD og kopi).  Standardversjonen er i praksis identisk når det gjeld A/B-samanlikningar, og under langtidsutprøving der eg brukte KI-signaturutgåva i lang tid, og gjekk rett attende til (rett nok varm og påslått) standardspelaren forbløffa meg med at eg ikkje kan peike på noko spesielt område der det var klar skilnad mellom spelarane når det gjeld musikkattgjevinga.Men på eitt felt var det likevel tydeleg råd å høyre kva for ein spelar som var mest påkosta. Dette oppdaga eg då eg måtte legge om straumleidningane litt i samband med juletrelys. Eit lysrør måtte mellombels på same kurs som stereoanlegget, og dette laga støy som var langt meir merkbar på standardspelaren.  Eg tok difor til å provosere oppsetta mine med elektroniske støykjelder, og det er tydeleg at Ki-utgåva klarer seg best saman med slike. Så er du plaga av interferens frå ymse elektrisk utstyr, har Ki-versjonen mykje for seg, elles er dei lydlege skilnadane så marginale at du like gjerne kan kjøpe standardutgåva.

Generelt om lydkvalitetane
Eg brukte relativt mykje tid på å finne skilnaden mellom desse to versjonane, men det er eigentleg ei øving som opplevast som temmeleg meiningslaus. Til sist må eg ikkje gløyme å nemne kosen ved å spele musikk via SA 7001. Som CD-spelar er det svært engasjerande å lytte til musikk over denne, sjølv om det etter kvart er mange konkurrentar som bør vurderast. Om mitt behov utelukkande hadde vore CD og lommeboka ikkje tåler ein hundretusenkronerstapping til ein Esoteric, hadde eg kanskje satsa på den noko dyrare, men endå meir organisk klingande, rørbaserte spelaren frå JoLida, men då måtte altså SACD forsakast. Dette er det kjekkaste apparatet til å spele SACD-plater i stereo eg har prøvd sidan SA11 stod her i huset, med ein musikalsk spelestil som er langt veg den same som den langt dyrare storebror, likevel med noko rundare om ikkje akkurat varmare klang. Kanskje ein tanke mindre presis, men kanskje med meir sjarmerande klangkarakter, iallfall i mitt noverande oppsett. Og her er tredimensjonalitet og romoppleving som du må langt opp i pris for å kunne finne likeverdig. Eg skjønar godt at den elles glimrande SA 8400 no vert tatt av plakaten, sjølv lang tid etter at denne var i huset er det tydeleg at 7001 er ei forbetring. Det skulle vore gjort ei direkte samanlikning med SA11 for å sjå i kva grad Marantz har lukkast med å oppnå same lydkvalitetane i så rimeleg prisklasse. Elles ryktast det at det her brukast same prosessor som i SA 15 (som eg ikkje har prøvd så langt)

Konklusjon
Marantz SA 7001 som standardutgåve er eit glimrande kjøp, med ein musikalitet som overgår det eg har vore bort i av samanlikningsgrunnlag i denne prisklassen. Spesielt når ein ser høvet til å spele SACD på eit slikt kvalitetsnivå, men ingen vil verte skuffa om dei kjøper denne utelukkande for å spele CD. Betre spelarar kostar langt meir.

Om du skulle ha elektroniske støykjelder i nærleiken av anlegget, og behov for ekstra god skjerming mot desse, er Ki-utgåva prismessig såpass rimeleg at også denne i høgste grad har ein rettferdig pris. Men dei reine musikalske og generelt lydkvalitetmessige fordelane med signaturversjonen er såpass marginale at eg vil tru du vert skuffa om du forventar store forbetringar ut frå meirkostnaden på dette feltet. Iallfall om du ikkje har vesentleg høgre ambisjonar enn kva eg har når det gjeld stereoanlegget si digitale side.

Best in class! Definitivt!

Importør: www.nebyhifi.no

Pris: kr 5995.00 standard
kr 8995,00 Ki-utgåve

Lest 11504 ganger
Arve Åheim

Skribent i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.
Mer i denne kategorien « Marantz SA 8400 Marantz DV-6400 »