torsdag, 09 juni 2005 23:00

Marantz SA 8400

Skrevet av

Marantz sin SA 11 er den beste måten eg kjenner til for å lytte til SACD i stereo. Her er ein annan to-kanals spelar til godt 1/3 av prisen. Kor mykje av dei lovpriste kvalitetane til storebror er til stades i veslebror?

Av Arve Åheim 10.06.2005 

Sjølv om SA 8400 ikkje har den same eksklusive finishen som du får om du brukar 27 000 kr og kjøper SA 11, er det ingenting som verkar billeg, og ingen sparetiltak med utforminga av spelaren. Ein skikkeleg spelar, utan luksus. Det vil helst vere fisefint å kalle det ein nøktern spelar, utsjånaden er riktig flott, kanskje litt flottare enn det vi er vant til å finne under 10 000. Fjernkontrollen er også grei og funksjonell, liten og i plast, men han verkar såpass solid og funksjonell at det vil vere flisespikkeri å forlange ein som er bygd i metall og har fleire fasilitetar. Det handlar om avspeling av CD og SACD dette her, og innebygd lys og avanserte menysystem er bortkasta.

SA 8400 er utstyrt med både optisk og koaksial digitalutgang, i tillegg til eit filter og tilkoplingar for fjernkontroll, slik at du kan styre fleire apparat samstundes, men det viktigaste, to ubalanserte analoge signalutgangar, var det einaste eg brukte over ei lang testperiode. Filteret var slik at det fint gjekk å høyre skilnad om dette var innkopla, men ikkje slik at eg greidde bestemme meg for om lyden vart betre med dette. Eg brukte lang tid på dette, ein heil månad konsentrerte eg meg om å høyre skilnaden på av/på, men til fånyttes – filteret er høyrbart, men frykteleg vanskeleg å beskrive, og eg er framleis usikker på om eg likar det eller ikkje. Eg er glad eg ikkje la like mykje arbeid i dei tre ulike filteralternativa storebror SA-11S1 er utstyrt med.

Lyden
Eg brukte lang tid før eg tok til på den seriøse lyttinga. SA 8400 var tend 14 dagar før lyttinga tok til for alvor. Eg trur ikkje ei så lang innspelingsperiode er heilt nødvendig, men slik vart det av praktiske årsaker.Då lyttinga endeleg tok til for alvor, var det svært positive inntrykk som danna seg. Sjølvsagt når det gjeld avspeling av SACD, men det var spesielt gledeleg at også vanlege CD-ar baud på hovudsakleg dei same dydane, berre ikkje i same grad, og med ein med skilnadar i dynamikk og overtonestruktur som eg tilskriv skilnaden på dei to ulike formata. Det mest iøyrefallande og gledelege, var graden av tredimensjonal attgjeving. På opptak som gav rom for det, vart det teikna ei djupt scene med mykje luft mellom instrumenta. Dette var rett og slett utruleg bra, og på høgd med det eg høyrde frå SA 11S1. Dynamikken var også svært bra. Om enn ikkje heilt i same klasse som storebror, så likevel slik at SACD-mediet kom heilt til sin rett, slik at det var greitt å høyre skilnad på vanlege CD-ar, også når eg gjorde direkte samanlikning med ein rein CD-spelar av god kvalitet i same prisklasse (Creek CD 50 mkII). Rett nok hadde denne spelaren dyder der SA 8400 ikkje var heilt på høgd, men det var i direkte samanlikning, og så var det dette med å kunne utnytte SACD-mediet.

Å spele Dark Side Of The Moon gav meg mykje av dei analoge kvalitetane, og spesielt den fine og reine bassen var eit stort pluss. Her var ikkje ting så neddempa som den triste CD-utgåva, men heller ikkje så unaturleg varmt og feitt som det kan vere på standard vinylpressing gjennom ein litt for lydleg karamellfarga pickup. Romopplevinga var også svært god, utan at klokkekiminga heilt kunne måle seg med det ein Tsurugi eller Ortofon MC 7500 klarar i ein optimal vinylrigg. 

Jan Johansson ”Jazz på svenska”, var også ørlite utflytande samanlikna med det eg har erfart med topp vinylrigg og SA 11, og verkeleg gode CD-spelarar, men vi snakkar ikkje om dei drastiske skilnadane, berre litt mangel på mikrodetaljar i tredimensjonal oppløysing og nyansering av mindre dynamiske skilnadar.

Dersom du spanderer om lag 20 000 kr ekstra, får du SA 11, og med denne litt betre dynamisk nyanseringsevne og litt meir nøytral klangkarakter, dessutan kanskje litt meir autoritet i bassen, dersom utstyret ditt er i stand til å formidle dette. SA 8400 hallar ørlite mot det varme, men på ein slik måte at anlegget ditt elles er feitt og upresist i klangen for at du skal oppleve det som noko anna enn musikalsk og engasjerande.

Vi må også ta med oss ein utmerka øyretelefonutgang med volumkontroll. Eg vil tru dei færraste entusiastar vil føle behov for eigen øyretelefonforsterkar her, dersom dei har vanlege, dynamiske øyretelefonar.

Konklusjon.
Dette kan vel neppe kallast anna enn eit kupp. Marantz har klart å få mesteparten av kvalitetane frå sin prestisjemodell SA 11 inn i ein spelar som kostar om lag ein tredjedel. Om du ikkje svergar til balansert signalveg, og satsar på eit anlegg i eit parhundretusen kroners-klassen vil dei lydmessige kompromissa vere små, faktisk bagatellmessige om du ikkje er svært opptatt av korrekt tonalstruktur. Til og med kvalitetane i det nesten unikt  tredimensjonale lydbildet er knapt merkbare om du ikkje har SA 11 i direkte samanlikning eller ferskt i minne. 

Mange forbrukarar er noko atterhaldne med å kjøpe seg SACD-spelar, men her er det lite å stusse på. CD spelast også svært godt av, og du får så mykje at eg er tilbøyeleg til å seie løp & kjøp denne gongen. Det er trygt å satse på SACD, med eit sånt apparat. Du får godt att for pengane.

(NB: Eit nytt apparat SA 15, omtalt som ”nedskalert SA 11”, har dukka opp i prislistene, kr 14 995. Verd å sjekke ut?)

Pris: 9995 kr

Link til importør: www.nebyhifi.no

Link til produsent: www.marantz.com

Lest 8410 ganger
Arve Åheim

Skribent i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.