onsdag, 26 august 2020 09:15

Litt meir ulvehyl – Stig Arne si dagbok juli 2020 Spesial

Skrevet av

Førre dagboka fortalde om ei vitjing hjå Endre Wolf, derav overskrifta “Dansar med ulvar”, for dei som har sett filmen. Stig Inge gjorde meg merksam på at eg ikkje hadde skrive noko om kva musikk me spelte. Men kva audiofil bryr seg om musikken? Me lyttar jo berre etter lydar. Me likar ikkje musikk eingong, berre stereoanlegget.

Det er det folk seier. Det er naturlegvis ein spøk, men ein god ein. Litt sjølvironi lyt me ha. Nei, grunnen til at eg ikkje nemnde noko om musikken, er at Endre spelte mengder av musikk som eg aldri har høyrt før, frå artistar eg aldri har høyrt namnet på. Endre er ganske mykje yngre enn meg. Det forklarar saken. Men eg noterte meg nokre namn/grupper eg likte, og som eg vil leita fram på strøymetenestene: John Moreland, Bonny Light Horseman, og Don Juans Reckless Daughter, av Joni Michell, men denne kjenner eg naturlegvis frå før. Det er dessutan redaktør Karl Erik sin favoritt av Joni M, ei plate både han og Arve har nytta som referanse i mange testar kunne han fortelja etter å ha sett plata på toppen av ei platebunke på eitt av bileta til artikkelen. 

Pickupen var elles ein Grado ref. series Platinum 1, nypris kring 4000 kr. CD-spelaren, som eg heller ikkje kommenterte, ein Pioneer PD-S 06, samlar støv. Elles var både Endre og Stig Inge nøgde med artikkelen. Og Karl Erik. Og det var jo veldig hyggjeleg. Eg tykkjer sjølv eg lærde mykje av det eg høyrde. 

Akustikk

Og ein av desse tinga var akustikk. Eg fortalde korleis ei opa dør bak den høgre høgtalaren (du ser det so vidt på bilda) skipla lyden. Bassen, særskilt frå høgre høgtaler, forsvann bak der, i staden for å bidra til eit stabilt basstrykk frå høgre til venstre. Med døra att vart lyden jamnare, og bassen gjekk i staden opp trappa bak oss, noko eg meir tilfeldig oppdaga når eg gjekk opp for ein tissepause. Og grunnen til at eg hengde meg opp i alt dette, er at eg har liknande problem i mi eiga stove, som eg ikkje heilt har forstått, før no. Ved høgre høgtalar, nesten som i Endre sitt anlegg, har eg trapp ned til gangen og opp til badet og soveromma. Eg har difor merka stor skilnad på lyden frå høgre og venstre høgtalar når eg trykkjer inn mono-knappen på forsterkaren og skrur balansen fram og attende mellom høgre til venstre høgtalar. Kvifor? No har eg skjønt det. Bassen frå høgre høgtalar forsvinn ned og opp. Venstre høgtalar let difor mykje feitare. Kva kan eg gjera med det? Lite. Men eg har trekt venstre høgtaler godt inn i rommet, slik at han ikkje står og buldrar ved sideveggen og forsterkar problemet. Stova mi er med andre ord ikkje ideell, men mellomtonen og diskanten er relativt upåverka. Ein viss ubalanse i bassen må eg berre leva med. Ein venjer seg til det. Og når eg no forstår kva det er og kvifor det oppstår, er det lettare å godta det. Eg har faktisk vore inne på tanken å hyra inn ein akustikar, men det trengs ikkje. Ikkje hadde eg vel hatt råd til det heller. 

Dette minner meg på at fleire eldre amerikanske forsterkarar hadde separate bass- og diskantkontrollar for venstre og høgre kanal. Med ein slik, kunne eg skrudd bassen litt opp for høgre kanal. Hadde det hjelpt, eller hadde eg berre innført ein ny ubalanse? For det er ikkje sikkert at denne basshevinga hadde nøyaktig same frekvens som den som forsvann ned/opp trappa. Ganske sikkert ikkje. So er det kan hende ikkje sikkert at det er so lurt å gjera noko med det likevel. Det enkle er ofte det beste, som det heiter i reklamen. Med moderne måleutstyr og digital equalizer kunne sikkert lyden vorte perfekt justert og tilpassa, men kven vil ha alt dette ekstrautstyret å passa på, med risiko for forringing av lyden i tillegg? Og eg har ein mistanke om at vert ein fyrst gripen av justeringsbasillen, lyttar du berre etter lyden, og ikkje musikken. Eg vil heller ha ting enkelt, om ikkje alltid perfekt. Eg har høyrt soger om folk som har hatt so omfattande stereoanlegg at dei ikkje har klart å gleda seg over musikken. Dei lever i permanent frykt for t.d. røyr som må bytast ut, og med stendige justeringar etter som røyra slitest. Ein eg kjenner selde heile skiten og kjøpte seg ein Devialet, og hadde fred i sjela ei stund, til rastløysa tok han og han kjøpte seg opp att på ny. Fred får me i grava.      

Loudness

Mindre hyggjeleg er det at eg har vorte minna på ei svakheit ved svært mange høgtalarar. Ein kamerat kom opp te meg med eit par høgtalarar han fekk tak i på den lokale returstasjonen for elektronikk. Eg kjem attende til detaljane seinare. Utruleg nok virka alle elementa, og det er mykje positivt å rapportera om her, det er rimelege men “seriøse” høgtalarar frå ein respektert og vidgjeten produsent. Eg har dei framleis kopla opp for å gjera meg skikkeleg kjende med dei. For dei er såpass gode at eg ikkje har det travelt med å kvitta meg med dei. Men ein ting er relativt framtredande: Eit litt for tynt grunntoneområde. Og det er ikkje uvanleg. Og eg trur eg veit kvifor: Dei fleste, for skuld kjerring og ungar, er tvinga til å plassera høgtalarane mest mogeleg ute av vegen, dvs. kloss i bakvegg. Og då spelar bakveggen “med” i relativt stor grad. Dette kan resultera i ein grumset bass, særskilt med bassreflekshøgtalarar og denslags dritt. Beklagar, eg orkar ikkje alltid å vera like sakleg og "politisk korrekt”. Uansett, dette veit produsentane, og dei tilpassar frekvensgangen der etter. Altso ein litt slank bass. Men dette er ein uheldig praksis. Her er me inne på akustikk att! Det kan fungera nokolunde bra ved veggplassering, men ikkje litt lenger ute på golvet, slik ein audiofil typisk nok vil plassera høgtalarane, etter skilsmålet. Då vert lyden for slank. Sjølv bak ved bakvegg kan lyden verta for slank, for det er skilnad på resonnansar frå bakveggen og direktelyden frå basselementet. Om produsenten har justert høgtalaren slik at bassen er slank, vil høgtalaren alltid verta oppfatta som slank, for refleksjonane frå bakveggen er forseinka, og blandar seg ikkje effektivt med direktelyden frå basselementet. Eg kan grunngje dette betre seinare, men trur du ser poenget.  

Uansett er dette årsaka til at mange trykkjer inn loudnessknappen for å få meir guff i bassen. Loudnessknappen aukar øvre bass, men er ikkje meint for å kompensera for ein slank bass. Han er meint for å framheva bassen når du spelar lågt, sidan øyret då ikkje høyrer bassen like godt som ved normalt volum. Men svært mange nyttar loudnessfunksjonen for å kompensera for manglande bass uansett volum. Eg gjorde det sjølv ein kveld, for å få meir liv i ein heftig låt. Noko eg ikkje kan hugsa å ha gjort på alvorleg lang tid. Eit klassisk døme på å introdusera ein ny feil for å dekkja over ein annan. Audiofile gjer ikkje slikt. Eg skal inn i desse høgtalarane for å sjå korleis det ser ut der, med dempemateriale og denslags, og korleis delefilteret ser ut. Ein vakker dag. Kan hende kan dei forbetrast, kan hende ikkje. Det kjem an på kor mykje arbeid som er involvert.   

Ymist: Hi-Fi-blad vert gjevne vekk

Eg har enorme mengder hifi-blad, som eg har kjøpt regelfast sidan seint 70-tal. No ynskjer eg å gje vekk blada eg har dobbelt av. Eg får av og til blad frå hifi-kamaratar som ryddar eller flyttar, og vil ikkje at desse skal gå tapt. Eg skal eigentleg ikkje ha betalt for dei, for eg har ikkje betalt sjølv heller, men sidan eg som regel stikk til eigaren ei flaske edel vare som takk, tek eg gjerne i mot ei flaske av deg og, slik at eg ikkje går i minus. Det treng ikkje vera edel vare. Eg drikk det meste. Det er ikkje mykje som er meir avslappande enn ein kveld på sofaen med godt lesestoff, so du må gjerne nytta dette høvet til å skaffa deg interessant og lærerikt lesestoff. Det var gjennom ivrig lesing av hifi-blad eg ein gong lærde det eg i dag kan om hifi. Lista er omtrentleg, eg orkar ikkje å gå gjennom alle blada her og no. Vert muligens oppdatert.

  • High fidelity, dansk 
  • hi-finews, 2005-2014
  • Stereophile 2005-2013
  • The Absolute Sound 2007-20015
  • Fidelity 2003-2012
  • HI-FI WORLD
  • hi-fi+

Ølspalta

Stig Inge sa elles noko morosamt, “du veit aldri kva som dukkar opp i ølspalten”. Sist skreiv eg om (forsking kring) øldrikking i kombinasjon med trim og trening. Det var kort og sakleg. Avsnittet var opphaveleg lenger, men bar litt preg av moralisering. Eg er vel ein relativt ivrig mosjonist. Og er det noko alle hatar, so er det moralisering. Eg sletta det. Eg passar meg vel for ikkje å stå fram som den moralisten eg eigentleg er. 

Men eg er ikkje mykje moralist når det kjem til alkohol. Det overlet eg til religiøse og andre fanatikar. Jau, du skal yta før du kan nyta, og du skal nyta med måte. Men stundom har du gjort deg fortent. Då skal ingen koma med peikefingeren. Alkoholen har vore med oss i alle dagar, han er ein del av naturen. “Det er ikkje vi som har oppdaga alkoholen, det er han som oppdaga oss”, har eg sett. Rundt i kring i verda finst det grupper av folk som av religiøse eller andre tvilsame grunnar lever på snevre diettar, som t.d. utelukkande frukt. Slike lever meir eller mindre i konstant rus, av di frukta gjærar i tarmane. Dette kan og gjelda dyr som lever på einsidig kost. Eg har ikkje sett kyr eller sauer rava rundt dritings, men eg har sett gorillaer gå bananas i alkoholrus. På TV, vel og merke, men det finst og ein del slike ute i gatene laurdagskveldane. 

Bokkøl

Lars kom heim frå polet med ein påse bokkøl han ville me skulle testa. Fyrst ute var Frydenlund BOKKØL, 6,5%, og denne er, som frå dei fleste store norske produsentane, godt balansert og smakeleg. Ein nydeleg allround smaksrik øl. Neste ut var danske TO ØL Stress Test Baltic Porter, 8%, og det er litt av ein munnfull. Markant kraftig og søt. Ein heftig start på ettermiddagen. Sist ut var Tucher Bajuvator Dobbelbock, 7,5%, frå Bayern i Tyskland. Denne ligg ein stad midt i mellom. Start gjerne kvelden med ein slik, og gå over til meir leskande og alkoholsvake øl etter kvart som kvelden skrir fram, elles kjem du deg ikkje heim att. I neste ølspalta planlegg eg å skriva om korleis du unngår å verta fyllesjuk. I min alder kan me alle knepa i boka. Me er trass i alt alkohol-likarar, ikkje alkoholikarar.     

 

Lest 816 ganger Sist redigert onsdag, 26 august 2020 09:37
Stig Arne Skilbrei

Seniorskribent i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.