tirsdag, 22 mars 2005 23:00

Marantz PM-11S1 integrert forsterkar

Skrevet av

Det er tre kvalitetskriteria folk går etter ved investering i hifi; nr 1 er alltid prisen, men det er grunnlag for debatt når 2. og 3. plass skal fordelast mellom lydkvalitet og design. Marantz har med sin 11-serie prøvd å tilfredsstille begge momet, og SA og PM 11 er klart i famile designmessig. Spørsmålet blir altså om PM -11S1 har like god lydkvalitet som SACD-decket?

 


av Arve Åheim 23.03.05

 

Utstyr og utsjånad
Marantz har her gjort eitt av dei flottaste designarbeid innan audio eg har sett på lenge, og forsterkaren osar av soliditet og styrke, på same måten som dei dyrare Vincent-produkta, men kanskje i endå sterkare grad, og meir moderne. Ein symmetrisk front har display og straumbrytar på midten. Fire knappar på kvar side av dette er flankert av eit effektfullt, blått lys, og styrer val av høgtalarutgangar, tonekontrollar, forforsterkarutgang, rec out, ”att” (regulerbar muting, anten uendeleg, -20 eller 40 dB), displaylys og mm/mc-pickupval. I tillegg er her øyretelefonuttak av god kvalitet. Dei to ratta er inngangsveljar og volumkontroll.

Tonekontrollane er relativt smale og nøyaktige, med senterfrekvensen for bass på 50 Hz, og diskant på 20 kHz, og kan regulere +- 8 dB i trinn på 2 dB. Dette tykkjer eg er svært fornuftig samanlikna med dei vanlege 12 dB reguleringsområde, som er ei freisting til å skru meir enn godt er.  Det er også svært greitt at desse funksjonane styrast frå godstolen gjennom fjernkontrollen, der musikken opplevast, og der det er på sin plass å gjere slike justeringar.

Ein annan ting som kjem fram av handboka som fylgjer med, men som eg ikkje fekk høve til å prøve ut, er at forsterkaren er spesielt godt tilpassa opptak. Såleis ser PM-11S1 ut til å vere perfekt til amatøropptakaren, med to opptakskanalar som ikkje skal påverke signalet som vert avspelt.

På baksida finn du ein balansert inngang, phonoinngang, CD- og to andre linjeinngangar, og inn/ut for to opptaksmedium. Dobbel høgtalarutgang med terminalar av beste kvalitet, og ein veljar for biamp eller vanleg stereobruk.

 

Biamping og bruk i fleirkanalsamanheng
Det er gjort ein del ekstra ut av eit alternativ der forsterkaren kan brukast saman med anna forsterkarutstyr, helst fleire av same slaget. Det er pretensiøst å legge opp til å bruke fleire PM-11S1 i same anlegg, for det er mange alternativ i prisklassen, både når det gjeld surround- og biampoppsett. Sannsynlegvis vil dei fleste vurdere anna utstyr, då er det mange alternativ i prisklassen. Sjølv om det ikkje lot seg gjere å prøve ut dette utan to forsterkarar, vil eg uvilkårleg vurdere tradisjonelle løysingar med separat forforsterkar og to eller tre effektforsterkarar og eit elektronisk delefilter som meir formålstenleg. Med atterhald om at eg ikkje har prøvd alternativet, har eg vanskeleg for å tru at ein PM-11S1 vil gjere ein god jobb som drivar av høgtalarar som skal formidle botnoktaven.

 

Lydeigenskapar
Det generelle inntrykket er at vi har med ein stor, men lydmessig likevel ganske forsiktig forsterkar å gjere. Trass i ein svært tung og på alle måtar godt dimensjonert konstruksjon, er ikkje PM-S11 ein god match med vanskelege høgtalarar. Endåtil relativt altetande høgtalarar som Audiovector S6 Arreté fekk bassmessige avgrensingar, så her er det avgjerande for resultatet at du har ein god match. Bruk av Tannoy Eyris fungerte betre, men også på denne høgtalaren gjer mange forsterkarar betre jobb med bass og dynamikk. Det beste vil truleg vere å sjå etter høgtalarar som anten er svært lettdrivne, eller gå for eitt oppsett med eigen subwoofer. Bass er definitivt ikkje det sterkaste kortet til denne forsterkaren. Til gjengjeld er toppoktavane svært detaljrike, og her må PM-11S1 seiast å innfri forventningane, med mykje å gje i samband med vinyl, SACD og høgtalarar med superdiskantar. Måten all luft og dimensjonal informasjon vert formidla på kan minne om dyrare klasse A-konstruksjonar, og rettferdiggjer til fulle at du også investerer i den designmessig tilpassa SACD-spelaren SA-11S1, som eg held som den absolutt beste digitale signalkjelde eg har vore bort i. Du kan også glede deg over ein god phonodel som gjev liknande kvalitetar over dei øvre oktavane. Spesielt fornøgd var eg med MM-inngangen som hadde svært lite eigenlyd og var så støyfri du kan ynskje deg. Når Marantz i same serie lanserer ein vinylrigg laga av Clearaudio, er nok ikkje dette tilfeldig. Karakteren til PM-11S1 er så å seie identisk klangmessig med Clearaudio sine dyraste MM-pickupar, og om du ynskjer MM-dynamikk og samstundes set pris på den perspektivmessige verdfulle informasjonen frå ca 2-8kHz, er dette ein svært spennande forsterkar. Men eg vil understreke av dette ikkje er nøytral attgjeving, det er ein særprega karakter som du anten likar eller mislikar.Ved direkte samanlikning med McIntosh sin integrerte forsterkar i same prissegment, vil eg halde Marantz for å ha ein ganske motsatt lydfilosofi; der McIntosh engasjerer og speler med varme, liv og lyst, heller Marantz mot å analysere og fokusere på detaljar.

 

Konklusjon:
Marantz PM-11S1 er ein svært solid og forseggjort integrert forsterkar, som designmessig er tilpassa den fantastiske SACD-spelaren SA-11S1. Lydmessig har denne også fokus på oppløysingsevna til produkt som dette, eller DVD-A-spelarar som klarer å formidle informasjon på høgre frekvensar, og med høgre dynamikk enn CD-mediet. Forsterkaren klarer også jobben med vinyl på ein god måte, og har ei rekkje reguleringar og spennande funksjonar, mellom anna for opptaksentusiasten.
Det er likevel viktig å merke seg at PM-11S1 har særpreg som ikkje vil stette alle ynskjer til ein forsterkar, eller fungere med alle høgtalarar. Er du på jakt etter stram bass med mykje autoritet, er det betre å leite vidare. Men om du har fokus på overtonereproduksjon og luft over lydbildet, er dette eit interessant alternativ, dersom du kan verdsetje designet og dei spesielle funksjonane til denne forsterkaren. Går du derimot utelukkande etter lydkvalitet, finnest det forsterkaralterntiv som er rimelegare.

 

Tekniske opplysningar:
Effekt: 2x100 W i 8 Ohm
2x200 W i 4 Ohm

Dempingsfaktor: 100

S/N
Phono             MC: 76 dB

MM: 90 dB
Balansert:              95 dB
CD/linje:                96 dB

 

Vekt:               26 kg

Mål: 44 x 16,5 x 44,5 cm

 

Pris: 31 995kr

Importør: www.nebyhifi.no

Lest 7635 ganger
Arve Åheim

Skribent i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.