onsdag, 31 desember 2003 23:00

McIntosh MA 6500 - minstebror

Skrevet av

Av og til kan vi få prøve produkt og merker med legendestatus. McIntosh er mellom de mest tradisjonsrike forsterkerprodusentene i USA, med røtter tilbake til tida da all forsterkerkonstruksjon var basert på rør, og i vår postmodernistiske tid er den legendariske 275 igjen til salgs. Men McIntosh har flest transistorkonstruksjoner. Her prøver vi ut den minste integrerte…minst, dette beistet her?


Av Arve Åheim

Design
Fleire enn meg meiner at McIntosh-familien er noko av det mest maskuline hifiutstyr som finnest. Dei er utan unntak store, solide boksar med relativt høg vekt. Det mest utprega særpreget ved utforminga er store VU-meter med kraftig, blått lys, totalt annleis enn dei tuslete blå diodene som dominerer moten i dag. McIntosh har ikkje endra utsjånad sidan 70-talet. Såleis vekkast assosiasjonar til avansert overvakingsutstyr frå den kalde krigen, eller litt av apparatstallen frå brua på ein moderne fiskebåt. Altså noko funksjonelt som ikkje akkurat stikk seg bort i stua. Ikkje det kona mi intuitivt ville kjøpt, men designet er oversiktleg og tydeleg gjennomtenkt, og slett ikkje utan appell til oss gutane. Store VU-meter er kanskje litt prangande, men det er svært greitt å sjå når du nærmar deg klippegrensa frå lytteposisjon.

 

Funksjonar
Heldigvis er her balansekontroll, og dessutan to tonekontrollar for bass og diskant. Slike tonekontrollar er ikkje lenger rekna for å vere eit must på skikkeleg forsterkarutstyr, men dei er likevel kjekke å ha om du ynskjer å endre litt på klangkarakteren til rommet, anlegget eller innspelinga. Ofte er hififundamentalistar skeptiske til å skru på slikt, men det er ingen grunn til å ha overdriven tru på at det ikkje er behov for justeringar av og til. Ellers snakkar vi om funksjonelle tonekontrollar. Bassen verkar frå 1 kHz og nedover med aukande progresjon, medan diskanten startar alt frå 500 Hz. Funksjonelt, og heilt umerkeleg for meir fundamentalistiske besøkande, dersom du ikkje overdriv. Tvert om vil du få kommentarar som ”flott bass”, ”no er diskanten din betre” og framfor alt ”den nye forsterkaren din fekk prikken over i-en i anlegget ditt”. Desse funksjonane er ikkje tilgjengelege frå fjernkontrollen, noko som er heilt greitt, men eg kunne tenkt meg at balansekontrollen kunne justerast frå lytteposisjon. Her hos McIntosh gjer dette eigentleg ingenting, for avspeling i mono kan veljast frå fjernkontrollen. Då slår du på mono, og spring fram og tilbake, til du har justert lyden til å høyrest ut til å komme frå eit punkt midt mellom høgtalarane. Men alle vanlege val er tilgjengelege trådlaust frå godstolen, og dessutan kan du skifte mellom to ulike høgtalarsett, om du vil gjere AB-samanlikningar. Eller du kan ha to høgtalarpar spelande på same tid, om impedansen ikkje vert for lav. Og det skal mykje til med denne forsterkaren – eg brukte elektrostatpanela mine utan problem. Impedansen til desse kryp ned på 2 ohm. Dei er difor ei ganske tøff utfordring for effektforsterkaren. Men MA 6500 berre storkosar seg, og er dønn stabil same kva eg finn på.

Loudness
Du kan også slå på (eller heller av?) loudness med fjernkontrollen. Sjølv om denne ikkje er ubehageleg overdriven, og såleis er ein av dei betre basshevarane, tykkjer eg det er ein ekstraknapp som dei færraste kjøparane av McIntosh vil oppleve som nyttig. Loudness kan til nød forsvarast brukt ved lytting til radiosendingar på lavt nivå, og ikkje i musikalske samanhengar. Ei lita diode syner når denne funksjonen er aktivisert, slik at du kan unngå flaue opplevingar når audiofile besøkjande vil høyre lyden (ei anna diode syner når forsterkaren spelar i mono, og det er vel endå flauare å ikkje legge merke til?)

Elles har forsterkaren sikringar mot overbelastning, og to dioder i fronten fortel deg om desse er i funksjon. Det lukkast ikkje å provosere fram reaksjon frå desse, sjølv om eg gjorde eit par forsøk, og VU-metera signaliserte at eg tok ut full pakke. Lydstyrken var såpass høg at eg ikkje orka tulle med slikt lenge nok. For MA 6500 har musklar i massevis, trass i at han er oppgjeven til meir enn ganske normale 120 Watt pr kanal i 8 ohm.

Tilkoplingar
Elles har forsterkaren 6 inngangar og to sett høgtalarterminalar av brukbar kvalitet. ”Brukbar” vil her seie fullt akseptabelt, sjølv om det finnest betre terminalar. For min eigen del har latskapen ført til at eg satsar på bananpluggar. Sidan det ofte flyttast på anlegg her i huset, har eg enda opp med ei meir praktisk enn optimal løysing. Når høgtalarterminalane sit tett og ikkje er særleg grovt dimensjonerte, er bananpluggar heilt fint. Dioder syner kva signalkjelder og høgtalarsett som er i bruk. Her er mellom alt anna tenkjeleg ein inngang merka med AUX/Phono, som då ikkje er snakk om ein phonoinngang, men ein vanleg aux. Det hadde vore hyggjeleg om ein fornuftig riaaforsterkar også hadde vore ein del av pakken.....kanskje eit kort kan leverast som ekstrautstyr? 
På baksida finn vi også ein del ”data ports”, tilkoplingar med tanke på brukarkomfort med fjernkontroll av andre komponentar, m.a. fjernstyring for ekstra effektforsterkar, noko som er aktuelt i eit oppsett som mitt, der eg brukar separate effektforsterkarar til bass og diskant. Dette er spesielt aktuelt dersom du har fleire McIntosh-komponentar, men det gjekk også fint å styre min Copland når eg kopla apparata saman med ei minijackleidning. Ein liten detalj som eg lærte meg å sette stor pris på. Forsterkaren kan slåast heilt av, eller stå i standby-modus. Det er to knappar på fronten for begge desse stilla, og det er greitt. Skal det ikkje spelast på ei stund, er det alltid greitt å bryte straumen skikkeleg, medan standby-innstilling greier seg til vanleg, sidan vi gjerne vil kunne slå på heile anlegget med fjernkontrollen. På same måte som med Copland opplever eg dessutan at forsterkaren umiddelbart er klar til å yte sitt beste når eg slår han på frå standby, eg merkar ingen klare endringar på lydattgjevinga dei fyrste 20 – 30 minutta. Klart betre enn rørforsterkarar, også frå same produsent, som treng ei god stund oppvarming for å låte optimalt.

Øyretelefonuttak
Forsterkaren har også tilkobling for øyretelefonar gjennom ei minijack-kontakt midt i fronten. Heller uvanleg på stasjonært utstyr, men sidan dei fleste øyretelefonar i dag har minijack, kvifor ikkje?

Pre out og Main in:
Ein siste viktig detalj er at du kan velje å splitte for- og effektforsterkaren i MA 6500. Dette var vanleg på forsterkarar i gamle dagar, men få har dette i dag, sikkert for å spare nokre kroner. Elles var det vanleg med nokre U-bøylar på desse eldre integrerte forsterkarane. Mista du desse, får du ikkje lyd, eller du må bruke tilgjengeleg phonokabel. Denne koblinga er innebygd, slik at du kan velje mellom å sende signalet direkte til effektforsterkaren, eller til pre out. Det er slett ikkje alle som treng slik kontakt heller, men det gjer altså eg på referanseanlegget mitt. Heilt topp til mitt bruk!

Endeleg: lyden
Så til den lydlege utprøvinga. Denne bestod av fleire etappar; fyrst bruke eg forsterkaren til å drive fulltonehøgtalarar (Audio Pro Black Diamond II, Tannoy Eyris og Audiovector Arreté). Deretter i referanseanlegget med MA 6500 sin effektforsterkar til signalet over 400 Hz, medan Innersound sin eigen bassforsterkar tok seg av området under. Til sist alternerte eg øvre og nedre frekvensområde mellom MA 6500 og Copland CTA 520, der dei skifta på å spele frekvensområda.

Audio Pro Black Diamond II:
Å drive Black Diamond var totalt smertefritt for McIntosh. Høgtalarane opna seg på ein måte som eg ikkje hadde venta. Her var eit trykk som dei ikkje har hatt i dei fire andre samanhengane eg har brukt dei så langt. Også dei i dei øvre oktavane vart Black Diamond II betre enn i nokon annan samanheng eg har høyrt dei i. Det tankevekkjande med dette oppsettet var at ein 6000-kroners høgtalarkonstruksjon ikkje kunne forløyse sitt potensiale fullt ut med det andre utstyret eg har prøvd, og treng altså ein sak til over tretti kilokroner for å gidde jobbe skikkeleg….
Kombinasjonen MA 6500/Black Diamond er nok ganske utenkjeleg i praksis, men syner korleis McIntosh sin store musikalitet kjem til sin rett også under enkle kår. Dynamikkattgjevinga er kanskje det som imponerer mest. Med hjelp av MA 6500 greidde desse relativt små høgtalarane ekstremoppgåver som ingen kunne tru var mogleg, utan at fortissimopartia hadde tendens til å spekke opp, eller at det som var av bass vart kortpusta. 120 Watt høyrest ikkje rettferdig ut…..

InnerSound Eros elektrostatar
På InnerSound-oppsettet mitt gjekk eg direkte frå eit oppsett med EC 4.5 som forforsterkar, og Copland CTA 520 som mellomtone/diskanteffektforsterkar til MA 6500, medan InnerSound sin bassforsterkar var den same i begge tilfella.
Det mest overraskande var kor mykje meir autoritet det vart i bassen med MA 6500, sjølv om effektforsterkaren i denne ikkje gjorde noko under 400 Hz. Her er det freistande å tru at forklaringa er at forforsterkardelen i MA 6500 er betre enn den rimelege 4.5 frå Companiet, men alt er også eit spørsmål om matching av dei ulike komponentane.
Elles var kombinasjonen svært vellukka, med korrekt klang, dynamikk du ikkje finn maken til (om du ikkje har horn), og for det meste eit svært truverdig scenebilde. Eit unntak her var Jan Johanson: "Jazz på svenska", der anlegget rett og slett vart for stort format til den lågmælte musikken.
Under kraftige prøvelsar var det aldri teikn til at forsterkaren vart stressa, sjølv om impedansen til høgtalarane kryp under 2 Ohm. Så slit du med elektrostathybridar som ikkje fiksar Dumdumboys, kan kanskje McIntosh vere til hjelp...

Audiovector S6 Arreté
Sjølv om denne høgtalaren kan klare seg med ganske beskjedne forsterkarar, var det frå fyrste stund tydeleg at MA 6500 gjorde ein fenomenal jobb saman med denne. Her var det snakk om vesentleg meir autoritet enn med nokon annan forsterkar eg hadde til disopsisjon. På same ting var her stor dynamisk nyanseringsevne, flott klangbalanse, og lett å høyre kvalitetane til denne kostbare høgtalarkonstruksjonen. Eg fekk frykteleg lyst til å prøve ut McIntosh sine større forsterkarar for å sjå kva som då kunne skje. Det vart også avklara at MA 6500 ikkje berre var ein "slugger", men at ei detaljert og forfina romoppleving var formidla utan at lydbildet vart samantrengt på fløyane. Ikkje heilt på høgd med ARC SP 10 og Copland, men svært bra!

Andre oppsett og inntrykk:
Det vart også brukt andre høgtalarar, både småtassar på stativ, og andre som dei perspektivskapande Tannoy Eyris. I alle samanhengar gjekk MA 6500 ut av samarbeidet med svært godt resultat. Faktisk kan eg ikkje hugse å ha vore bort i ein meir positiv allround-forsterkar, og det einaste negative eg har å seie, er at han ikkje er heilt fullkomen på mikrodetaljar, samanlikna med det beste eg har hatt tilgang på. Og sjølv om han kan vere tilgjevande med smådetaljar, er ikkje alle innspelingar like fine. Sonater, lågmælt kammermusikk og korsang er ikkje MA 6500 sin favorittmat.

Konklusjon:
McIntosh er kjent for store konstruksjonar, og MA 6500 gjer ikkje skam på familien, trass i meir smålåtne data enn sine større sysken. MA 6500 er ein takknemleg forsterkar i dei aller fleste samanhengar, og kan brukast av dei fleste som kan flette det særprega designet inn i møbleringa av lytterommet. Forsterkaren har ingen spesielt svake sider, sjølv om lågmælte musikkuttrykk kan finne betre formidlarar til prisen. Er du svært opptatt av detaljar i det øvre frekvensområdet, vil du kanskje finne meir passande ting til prisen. Men totalt sett er lydattgjevinga til denne forsterkaren uråd å mislike, og vil garantert sjarmere deg om du i det heile tatt likar musikk.

Tekniske opplysingar:
effekt: 2x120/200W i 8/4Ohm
vekt: 18,6 kg
mål: 17,9x44,5x46 cm


Pris: 33 500 kr

sjå elles: http://www.nebyhifi.no/downloads/brosjyrer/mcintosh/MA6500br.pdf

www.nebyhifi.no

Lest 4240 ganger
Arve Åheim

Fagredaktør i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.