tirsdag, 30 desember 2014 12:32

Swissonor VSOP integrert rørforsterkar - test.

Skrevet av

Denne forsterkaren kan fåast i to utgåver. Før du startar avspeling på denne forsterkaren, må du vere obs på at inngang nr 1 er for MM-platespelar. Koplar du til ei vanleg signalkjelde kan du få eit skikkeleg sjokk, slik eg gjorde då eg sette linjesignal inn her. Men med Swissonor sin modifiserte Thorens TD 160 med Ortofon 2M Red, funkar det slik det skal – og med positive overraskingar i tillegg. Elles må du satse på utgåva utan riaa..

Dette er ein ganske liten, integrert rørforsterkar som har minimalt med ting som må sjekkast. Han er basert på eitt einaste ECC 81-rør, og har fire 6V6 utgangsrør. Så har han inngangsvelgjar og volumkontroll. Det einaste du må passe på er inngang nr. 1, der signalet går gjennom eit riaatrinn tilpassa  MM platespelar. (Vil du ha MC, går dette fint med ”PPP”, ein MC-transformator av utmerka kvalitet. Denne gjer at du kan bruke ganske avanserte pickupar om du ynskjer). Og riaatrinnet er heilt flott. Betre enn mykje av det du kan finne på vintageforsterkarar, og absolutt i stand til å måle seg med relativt påkosta separate riaaforsterkarar til fire tusenlappar, som er prisdifferansen mellom versjonen med og utan riaa. Etter mi meining bør ein sikkeleg integrert forsterkar ha innebygd riaa, og høve til å spele vinyl på ein skikkeleg måte.

I tillegg til at dette er ein fin funksjon å ha med seg, må det peikast på den flotte synergieffekten du får når du brukar reint Swissonor-oppsett. Saman med den modifiserte Thorens TD 160 og eitt av Swissonor-høgtalaralternativa, får du ein veldig hyggjeleg musikalsk signatur vi får komme attende til.

 

Den kjekke storleiken og den enkle, nonsenfrie utsjånaden gjer dette til eit kjekt apparat å ha i heimen. Men i motsetnad til andre større og tyngre konkurrentar, er V.S.O.P.-forsterkaren berre på 2 * 8 watt, som kanskje kan verke avskrekkande. Det syner seg likevel å vere nok til å få eit meir enn akseptabelt lydtrykk når det brukast Swissonor B.A.C.H. høgtalarar  Med 94 dB på 1 watt kan det framvisast lydtrykk som er på grensa til det ubehagelege.

Den spesielle, dynamiske spelestilen eg hugsar Swissonor fekk til på Hortenmessa gav seg fort til kjenne, og det heile fungerte veldig bra, eigentleg sjokkerande bra med ein såpass billeg pickup som var i bruk, både på messa og når eg testa dette utstyret heime. I motsetnad til når eg brukte 2M Red i mitt referanseanlegg. Det ser ut som det innebygde riaatrinnet er i stand til å levere eit både engasjerande og truverdig bilde av musikken, noko som ser ut til å vere eit varemerke for Swissonor. Den spesielle Swissonor-signaturen er nemleg fokus på å få fram dynamikk, noko som for mange av oss er den viktigaste faktoren i lydattgjeving. Med full Swissonor-rigg vil sjølv ganske daffe mm-pickupar gjere ein framifrå dynamsk jobb. Så eg torer ikkje tenkje på kva som kan gjerast med ein ekstra dynamisk duo, beståande av pickup og platespelar som verkeleg får fram desse faktorane i musikken.

VSOP er nok ikkje heilt nøytral. Han har mykje til felles med vintage rørforsterkarar baserte på EL34-rør, og tilfører hyggjeleg farging av lyden i tillegg til å understreke det dynamiske. Men dette er eigentleg berre positivt for veldig mange musikkinnspelingar. Det skjer dessutan utan at det maskerar detaljar, korkje i musikalske nyansar eller i lydbilde. Her skapast eit svært truverdig realisme. Mi erfaring er at ei viss farging av klang går fort å venne seg til, og kan vere hyggjeleg om det ikkje er for påfallande framtoning eller fråver av  visse frekvensområde.  Å poengtere dynamikken er berre av det gode, når vi må kjempe mot dynamisk komprimering på mange musikkinnspeingar. Akkurat kva som skjer, veit eg ikkje, men Swissonor-klangen gjer slike opptak meir til å leve med. V.S.O.P. er altså ein utmerka forsterkar sånn generelt sagt. Spelestilen er veldig hyggjeleg om du brukar nettstrøymingstenester av ulikt slag, og du kan også trygt bruke digitale avspelarar som Oppo BDP105, som eg brukte med godt resultat. Klangmatchinga her var veldig god.

Det innebygde riaa-trinnet gjer også V.S.O.P. til ein svært allsidig sak, som kan bruke platespelarar med MM-pickup utan vidare, og det på ein måte det er veldig lett å like. Det lukkast meg ikkje å finne ut om det er identisk med det separatet riaatrinnet ”PP”, men klangmessig er det slik at begge desse understrekar dynamikk, slik at du kan få mykje glede ut av relativt rimelege pickupar. Verd å utforske.

 

Urettferdig samanlikning?

Å kontrollteste VSOP ved å samanlikne han med den ca 60 gongar kraftige ASR Emitter 2 Exclusive, ved å bruke 8 watt til å drive mbl 101, prøvde eg meg ikkje på. Nokre mindre krevjande høgtalarar av ukurrant merke vart prøvd såpass at eg fann ut at VSOP kan brukast også i andre samanhengar, men avgrensingane innan effekt vil nok gjere at ein må forvisse seg om at eventuelle andre høgtalarar er svært lettdrivne, dei bør helst spele godt over 90 dB på ein Watt om det skal gå godt. Men motsett brukte eg Swissonor B.A.C.H-høgtalarane saman med ASR. Ikkje tvil om at det var veldig overkill med all denne effekten til så lettdrivne høgtalarar, men den spesielle spelestilen til Swissonor dempa seg noko. Høgtalarane (kjem test om litt) vart meir formelle og ”oppstramma”, men mange vil nok føretrekke 8 rør-watt og Swissonor-spelestil heile vegen. Det er såleis ingen grunn til å tre-firedoble forsterkarinvesteringa om du går for slike høgtalarar.

 

Konklusjon

Swissonor V.S.O.P. er utvikla fyrst og framst med tanke på bruk saman med Swissonor sine eigne høgtalarar. Såleis er det  på mange måtar ei spesialverktøy, tilpassa svært lettdrivne høgtalarar, der ein ynskjer å understreke dei dynamiske aspekta av musikken. Det finnest difor mange samanhengar der også andre høgtalarval kan vere aktuelle. Umiddelbart tenkjer eg på hornfolket sine preferansar. I den samanheng kan ein nok ikkje rekne Swissonor som spesielt dyr, særleg ikkje for dei som treng ein god riaa. MC-alternativet PPP er ekstrautstyr, men veldig mange MM-pickupar vil trivast utmerka i denne forsterkaren.

I rette oppsett er dette ein svært god forsterkar, med tiltalande klangkarakter om du vil la deg engasjere av spesielt dei dynamiske kvalitetane i musikken. Klangen er tradisjonell røraktig, naturleg nok, men slepp veldig godt gjennom detaljar av alle slag.

Om du treng mykje effekt, spelar hovudsakleg digitalt, og er avhengig av fjernkontroll, vil du nok tenkje deg om – det finnest meir eigna alternativ, også frå same produsent., men ver spesielt merksam på V.S.O.P. om du likar Swissonor sine høgtalarkonstruksjonar. Då er 8 watt rikeleg, og matchen heilt topp. Dei er hendene som desse hanskane er perfekt tilpassa.

Pris med riaa: 40 400 kr

Distributør: www.bebophifi.no

V.S.O.P. står forresten forVacuum State amplifier with Operational Phono preamplifier

 

 

 

Lest 4221 ganger
Arve Åheim

Fagredaktør i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.