onsdag desember 13 , 2017
fredag, 06 november 2015 08:32

Festen er over – lenge til neste?

Skrevet av

Så er messene over for denne gong. Hifi-butikkane konsentrerer seg om arbeidet gjennom sesongen, og driv oppfylging av eventuelle sensasjonar og gode kjøp som vart presenterte på messene. Men hifi-interesserte av alle slag, kva driv dei på med denne tida? Går dei ut av lytteromma sine? Korleis dyrkast hobbyen?

 

 

 

Som entusiast og hobbyskribent innrømmer eg noko frustrasjon over måten hifi-året etter kvart er lagt opp. Ikkje berre det at det på ein måte er over for denne gong. Eg saknar struktur, eller rettare, eg ynskjer ein annan struktur enn den vi har enda opp med. Og eg saknar ei bransje som innser at dei bør trekkje meir i lag enn kva som skjer i dag. La gå med at det er mindre i krybba no enn i velstandstidene bransjen har sett innimellom. Men det går an å hauste lærdom av erfaringane, og dei mange bransjeaktørane bør snakke seg i mellom i større grad i staden for å motarbeide kvarandre. Mi erfaring er at bransjen er full av folk som er både hyggjelege og opne for dialog, så dette burde vere ein smal sak. Nokon må berre våge å vere frampå litt. For både garva hifi-entusiastar og rekruttar treng pleie og omsorg frå bransjen.

 

Turné – eit gløymt alternativ frå gamle dagar

Mine aller fyrste hifi-erfaring utover tilfeldige besøk i heimar med flott utstyr var attende på tidleg 70-tal, då vårt lokale samfunnshus vart leigt av eit firma som presenterte svenske SONAB. Dette var lyd med kvalitetar vi ikkje hadde høyrt før, og det vekte stor interesse i lokalsamfunnet. Eg hugsar at fleire anlegg vart omsett (eg såg nyleg eit øydelagt sett OA5 levert inn for resirkulering. Det har sannsynlegvis skapt musikkglede i 40 år ein stad i bygda). Og like etter, nord på Sunnmøre, tok høgtalarfabrikken Wellex til å bygge ein modell sterkt inspirert av Stig Carlsson, dei også.

Det var nok fleire ringverknadar av slike turnear, sjølv om ein vanskeleg kan måle effekten. Eg hugsar ikkje akkurat kva seljarane fortalde, bortsett frå at dei svara på alle spørsmål vi som var tidleg i tenåra stilte. Men faktum er at dei småkvisete gutane som den kvelden fekk sitt første kjennskap til hifi, nokre år etterpå sat med ganske så seriøse anlegg. Og vi budde langt unna byar og hifibutikkar.

Truleg vil det vere vanskeleg å få til noko liknande i dag. Men det bør gjerast noko med rekrutteringa til audiointeressa. Vi gamlekarane må erstatast, elles vert det berre Sonos over alt.

 

Mange småbutikkar på slutten av 70-talet

Mi nyvekte hifi-interesse førte i fyrste omgang ikkje til anna enn innkjøp av konfirmantanlegg frå Tandberg, og etter kvart Bose 901-høgtalarar, som vart selde vidare i kameratflokken nokre gongar. Men eg var såpass interessert at eg besøkte alle dei hifi-butikkar eg kom over då eg under militærtenesta hamna på båt som segla kysten rundt. Ikkje det at eg handla så mykje, men eg lærte mykje, og fekk høyre usannsynleg mange alternative løysingar på korleis godlyd kunne skapast. Så eg hadde svært godt grunnlag for å velje stereoutstyr då eg etablerte meg nokre år seinare – eit anlegg som på svært mange kriterium kunne greidd seg i samanlikning med det eg har i dag.

Men det er ikkje lenger hifibutikkar i kvar tettstad, slik det var i gullalderen rundt 1980. Så korleis kan den oppveksande generasjon få eit tilsvarande erfaringsgrunnlag? Eg meiner hifi-bransjen må sjå sitt eige beste, og syte for at også dei som enno ikkje har fått fast inntekt kan verte klar over at det finnest alternativ til komprimert loudnesslyd. I tilfelle dette ikkje vert oppfatta som hifibransjen sitt bord- kven skal i så fall gje dei denne kunnskapen?

 

Hifi – ei messe verd?

Vi har hatt fleire gullaldrar. Sjølv om interessa for hifi har hatt mange bølgjedalar, er det tider då hifi har vore både aktuelt og prioritert område i heimane. Audiophile.no der eg for det meste skriv, vart etablert i ein slik samanheng. Og det var ei spennande tid, med fleire hifimesser enn kva vi ser i dag. Smartare messer også, vil eg seie, med eit stort nedslagsfelt. Det er mange måter å rette inn messer på.

 

Foto Stig Arne Skilbrei

 

Hortenmessa har etter mi erfaring vorte den viktigaste norske hifi-messa. Ho maktar framleis å lokke til seg både produkt og personlegdomar som som burde ha enorm interesse mellom hardbarka hifientusiastar, og er svært mykje besøkt. Årets messe var ei av dei mest besøkte messene, men det slo meg at eg hadde sett og snakka med svært mange av både utstillarar og publikum. Horten har vorte messa for hifi-storfamilien, klubbar og dei ekte audiofile. Dette er folk som til liks med andre i min generasjon alt har gjort sine største investeringar innan hifi, så sjølv om dei ofte sit godt i det økonomisk, er dei ikkje så interessante for dei som vil tene pengar kjapt i bransjen. Dette kjem tydeleg fram når ein ser at fleire av dei sterke aktørane ikkje prioriterte å vere til stades i Horten. Og når ein endåtil får ei messe i hovudstaden helga etter Horten, kan ein få mistanke om sabotasje – er det slik at dei vil Hortenmessa til livs?

I så fall bør desse aktørane tenkje grundig over dei langsiktige sidene av å vere utan Horten. Om entusiastane ikkje samlar seg, har ein gløymt rekrutteringa, og tenkjer utelukkande på kort sikt, der ein skal selje ut ting på tilbod. Det vert vanskeleg å halde oppe butikkdrift på eit slikt grunnlag.

Eg tvilar sterkt på at det i dag er muleg å arrangere ei tilsvarande messe i Oslo, slik ein hadde rundt år 2002, då bransjen stilte opp på Oslo Plaza, og lokka til seg alt, av både nye og gamle interesserte så vel som bransjefolk i internasjonal klasse. 

Det vart også arrangert hifimesser i dei andre større byane, og eg fekk gleda av å dekke messe både i Trondheim og Stavanger – svært gode messer med mykje besøk. Bransjefolka hadde også fornuft til å spreie messetidspunkta, slik at både dei sjølve og publikum kunne vere til stades der dei ynskte. Såleis var det lenge eit fargerikt fellesskap.

Men så tørka ting inn. Horten held ut på grunn av fornuftige prisar og få kollisjonar med andre arrangement i området. Det er såleis råd å få seg hotellrom og bruke helga til hobbydyrking for entusiastane, men truleg stikk også ”amatørar” innom for å få med seg kva dette går ut på.

I dag finn ein gadget-messer der dupedittar kan opplevast. Eg likar ikkje dette, naturleg nok, for dupedittane flyttar fokuset frå god lyd til andre ting. I seg sjølv kunne desse vore interessante, i ein annan samanheng, men som er støy for ein som vil sjå kva som skjer på hifi-fronten.

Noverande Oslo-messe kan eg ikkje seie så mykje om. Men eg har forstått at bransjen ikkje lenger ser seg syn med å leie Oslo Plaza – eller eit anna passande stort lokale. I staden vert publikum tilvist til lysløypa, vandringa ein må gå frå butikk til butikk. Som entusiast gjer eg dette om eg er i hovudstaden, men eg rekk ikkje få med meg alle. Det tek tid å gå gatelangs, og det vert liksom ikkje ei ”messe” sjølv om alle butikkane har langope og annonserar med gode tilbod akkurat den helga. 

Det var sikkert ei god messe. Eg var der ikkje. For meg som bur 60 mil unna hovudstaden (og endå lenger unna Horten), kan eg ikkje prioritere å fare på messer to helgar etter kvarandre. Det tvilar eg anna enn dei heilt lokale kan få til – og heller ikkje dei om dei lever eit nokolunde normalt familieliv. Det er like dumt som om ein skulle legge påske og jul til same månad. Som eit middelaldrande medlem av hifi-storfamilien reiste eg sjølvsagt til Horten.

 

Så mine ynskjemål til bransjen er:

-         De må snakke meir saman. Ikkje berre koordinere messene betre, men få til tiltak med langsiktig perspektiv. Rekruttering er viktig. Tenk nytt. Turné er nok tungvint og forelda, men finn på noko. Kan det som er att av norsk hifipresse vere til hjelp, er eg sikker på at alle stiller opp.

-         Ha messer.  Og om hovudstadsbutikkane ikkje har musklar til å samle alle godsakene på ei adresse, kall det noko anna enn messe. Hifidagane i Oslo eller noko sånt. Messe er når folk samlast, og det vert litt høgtid.

-         Tenk litt vidare enn det sentrale Austlandet. Vi har ikkje hatt messe i Tromsø. Det er frykteleg lenge sidan Bergen hadde hifimesse. Trondheim og Stavanger er sårt sakna. Kan det ikkje takast noko initiativ her?

-         Finn på noko nytt. Kan hifi-pressa vere til noko nytte, er eg sikker på at fleire enn Audiophile.no er villege til litt innsats.

 

 

Lest 2710 ganger Sist redigert fredag, 06 november 2015 08:45
Arve Åheim

Fagredaktør i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Les det digitale tidsskriftet AUDIOphile No.1:

Annonser

Nyeste tråder på Hifisentralen