mandag, 01 juni 2015 18:40

MBL 101 e2 anno 2015

Skrevet av

Sist gong eg kjøpte nye høgtalarar var for fire år sidan. Som alle nybakte høgtalareigarar kjende eg meg sikker på at dette var den store lukka, og at eg ikkje kom til å skifte dei ut. Ein veldig vanskeleg høgtalar, hadde eg fått høyre frå fleire hald. Somme ristar på hovudet når dei ser den sære utsjånaden, eller høyrer om den spinnville prisen. Høgtalarane er framleis i stova vår…

 

 

”Kor mykje kostar høgtalarane dine, eigentleg?” sa ein kjenning. Eg måtte sjekke på Stereofil sine heimesider, og ja, prisen hadde gått opp ein god del på fire år, og etter kronekursfallet før jul. Men framleis er det E-modellen i mk 2-utgåve som er i handelen, så eg har no nesten dagleg lytta til same, aktuelle salsvara i fire år. Rett nok har eg kjøpt og vent meg til mbl 101 e2 gjennom lang tid, noko som skil seg frå ein normal testsituasjon. Men likevel – eg kunne kanskje skrive ein rapport? Eit djupdykk i denne høgtalaren sine kvalitetar er det kanskje behov for? Det er mange som har lyst på slike høgtalarar, men kva skal til for å ha eit sett?

 

Behova som du må vere klar til å stette

Aller fyrst må du vere villeg til å prioritere ein ganske stor kronesum for å betale høgtalarane – dei er styggdyre. Men det sluttar ikkje der, for det er ikkje all elektronikk som kan brukast i dette selskapet. For det fyrste er det viktig å halde seg på eit visst kvalitetsnivå, og for det andre trengs ganske brutale spesifikasjonar, spesielt når det gjeld kva effekt som må kunne leverast.

Desse høgtalarane har eit veldig potensiale på mange felt. Dei kan skape perspektiv som ingen annan høgtalar eg har erfart, inkludert dei mindre modellane frå same produsent.  Dei kan levere bass godt ned på 20-talet, og dei har ein svært så likandes klangkarakter og frekvensgang. Og for å få til god dynamikkattgjeving kan du ikkje bruke kva som helst. Mange seier rørforsterkarar er ubrukelege. Det er feil, men det finnest ikkje mange som kan levere nok guffe. For her er eit kollosalt

 

Effektbehov

MBL 101 e2 spelar 81 dB på 1 W i ein avstand på 1 meter. Og dei spreier lyden 360 grader rundt seg, og fyller rommet på ein måte som ingen annan høgtalar eg har prøvd. Dette gjer at eit stort rom treng ganske mykje effekt, særleg om du spelar høgt. Dette ”høgt” tilseier i mitt tilfelle, altså i mitt lytterom på 41 m2, og etter mitt behov for å spele høgt, treng rundt 500 watt når eg skal ha nok å gå på. I 4 Ohm rett nok, og oftast spelar eg ikkje ut dette potensialet. Men eg har fleire gongar kjent på at 300 watt, vel, det er i minste laget.

 

 

Kvalitetsbehov, og behov for mykje energi til prøving og feiling

Sjølv om 101 E2 ikkje akkurat kan kallast analytiske, er dei definitivt ikkje blyge når det gjeld å syne fram kva som elles er i anlegget. Dette er sjølvsagt greitt når du skal teste forsterkarar eller signalkjelder, men det er plagsamt når du vert veldig klar over karakteren til produktet. Eg måtte i starten greie meg med den utmerka Copland CTA 520 effektforsterkaren. Dette er ein sak eg har brukt i referanseanlegget i ti år heilt sidan 2003, og som eg kjenner svært godt. Flotte kvalitetar når det gjeld perspektiv og dynamikk, men litt slank i det øvste bassområdet. Men 200 Watt i 4 Ohm vart heilt tydeleg for lite. Og den slanke bassen fekk meg til å tenkje på noko heilt anna enn rørlyd, som var plussordet eg brukte om CTA 520. 

Dei små, men ganske så kraftige Rogue M-180 greidde å drive høgtalarane godt i Stereofil sitt vesle lytterom i Grensen 9, men ville nok verte for svake i mitt større lytterom, så eg måtte slå frå meg tanken om å komme relativt billeg til ei ordning med rørforsterkar, og med alle dei storarta kvalitetane til desse blokkene. Då var det betre med Manley Neoclassic 500, dei beste og kraftigaste rørforsterkarar eg har fått prøve. Men det kostar å skifte 20 stk KT 90 utgangsrør, og det var plagsamt at sikringen rauk heile tida når eg slo på forsterkar nr 2. Varmt vart det også. Så denne draumen er lagt bort for tida.

Moderne ”digitale” forsterkarar måtte også prøvast ut. Eg fekk låne eit sett NuForce Reference 18, og var imponert over kor nøytrale og detaljrike desse monotrinna var, men dei var ikkje tingen, dei heller. Med 325 Watt greidde dei det aller meste, men faktisk vart dei litt varme. Så det er krevjande å drive mbl 101E2, det er sikkert. Eg fekk også prøve Wyred 4 Sound sine aller sterkaste monotrinn på rundt 1200 Watt pr kanal i to bitte små boksar, og eg kan love at dei spelte høgt. Eg prøvde å få dei til å klippe, men måtte ta høyrselvern på utan å kunne seie at eg lukkast. Eksperimentet måtte avsluttast då fleire stovegjenstandar tok til å røyre på seg. Men meir kritisk lytting fortalde meg at W4S diverre hadde for mykje av denne ”kalde digitallyden”, og dette kom til fulle fram no. Så dei var ikkje aktuelle kandidatar i min samanheng.

Det heile enda opp med at eg kjøpte ein ASR Emitter 2 Exclusive. Dette er eit utmerka kompromiss mellom nok guffe (ja, eg kan provosere fram sikringskrinslaupet som stengjer ned Emitter, men det skjer ikkje til vanleg), full kontroll på bassen (ASR spelar bass betre enn det meste eg har høyrt uansett pris og effektklasse), fantastiske perspektiveigenskapar og nyanseringsevne, og i det heile så svakt ”fingeravtrykk” at forsterkaren kan brukast i alle samanhengar. Det perfekt nøytrale referanseverktøy. Men etter snart tre års erfaring med denne kombinasjonen har eg kome litt i tvil om dette er akkurat deg eg ynskjer meg. Som hifiskribent kan ein neppe ha det betre. Men hadde eg i lengda likt betre å ha eit komplett Manleyoppsett? Eller om dette vart for farga – kanskje eit ARC-sett? Eg kunne også tenkje meg at dei fantastiske perspektiveigenskapane kunne verte endå betre med Conrad Johnson-apparat av kraftigaste slaget. Og strengt tatt burde eg prøvd VTL før eg bestemte meg for noko som helst….De ser kva veg dette fører   

Høgtalarane slepp også gjennom all informasjon på opptaka dine. Dei har ikkje tilgjevande karakter i det heile tatt, og dårlege opptak vert ganske så avkledde. Her må ein berre prøve seg fram frå album til album, det dukkar alltid opp eitkvart du kan fasinere eller irritere seg over, som du ikkje la merke til tidlegare.  Eg har spelt alvorleg mykje musikk desse fire åra, og finn stadig noko på gamle opptak eg har høyrt mange gonger, ettersom eg pløyer meg gjennom gamle årgangar av plateinnkjøp. Men akkurat dette er berre hyggjeleg. Vitsen med hifi er å spele musikk, ikkje sant?

 

 

Tålmod i innspelingstida

Du må ha tålmod med innspelinga også. Produsenten oppgjev 100 timar, og eg kan skrive under på at du framleis har noko å glede deg til når desse første ”kveitebrødsdagane” er over. No jobba eg parallelt med plassering, og eg fekk inn ymse alternativ elektronikk i innkøyringsperioden, men eg trur bestemt at ting endra seg til det betre lenge etter 100 timars speletid.  For å vere ærleg, frå tid til annan lurer eg framleis på om det har vore ei vidare utvikling av eitt eller anna gå-seg-til-fenomen..

 

Plasseringsbehov

Så må det jobbast med plasseringa. Dei færraste eigarar av høgtalarar i sekssifra prisklasse har vel høgtalarane klistra opptil bakveggen. Men mbl 101 E2 må langt ut på golvet. Du kan rekne med at dei treng minst ein meter frå alt anna rundt seg, og spesielt det som er 50 cm over golvet.  Utgangspunktet er at avstanden mellom høgtalarane bør vere mellom 2 og 3,5 meter, og at høvet mellom avstanden til bakvegg  og avstanden til sidevegg skal vere 1: 1,32.  Du bør såleis ha eit rom som er minst fire meter breitt, og det må vere råd å jobbe intenst med flytting av høgtalarne. Eg plasserte dei på handkle slik at det var lett å drage dei 85 kiloa fram og attende, i den perioden eg gjorde ørsmå justeringar. For det er ein god del å hente på dette. Eg trur 101 er vanskelegare å plassere enn dei mindre modellane. Det skjer iallfall mykje med mellomtonen når du held på med plasseringsarbeidet. Den digre ”melonen” som tek seg av dette frekvensområdet er unik for dei to største modellane. Veldig gode dei mindre modellane også, men det var altså etter å ha høyrt 101 E2 eg fann ut at det mått bli mbl for meg. Sjølv om dei mindre høgtalarane sikkert er lettare å plassere.

 

Mitt rom

Dette har eg omtala under opplysningar om meg sjølv. Det har svært mange glasflater, seks faste vindauge, ei svær skuvedør og ei normal altandør, sikkert 14 – 15 m2 med glas. Dessutan ei vanleg skuvedør mot kjøkenet, og sjølve stovedøra, som også har glasrute. Eg opplever akustikken som livleg, men langt frå hard. Dei store glasflatene reflekterar lyden på ein annan måte enn treveggane, og akustikken kan nok kallast ”livleg”, men det fungerer merkeleg godt, har eg både erfart sjølv, og fått kommentert av andre.

Rommet har spegelvendt L-fasong, der min tradisjonelle lytteposisjon er om lag tre meter frå høgtalarane. Men etter dei nye høgtalarane kom i hus, er det ofte eg flyttar meg ”nærare orkesteret”, og kan til tider ende opp yst på sjeselongkanten og drive ganske utprega nærfeltslytting (fint med rundstrålande høgtalarar)  

Når det gjeld mbl 101 E2, fungerer dei betre enn noko annan høgtalar eg har hatt i hus. Og det endåtil om dei ikkje tek så mykje plass som andre eg har hatt. La gå med at 101 ser spesielle ut, og at det ikkje utan vidare let seg gjere å tilfredsstille dei av dine venner som har interiørarkitektambisjonar, men dersom du har prøvd å få høgtalarar som Avantgarde Trio, Quad 2905, Magnepan eller mine gamle Acoustat 4 til å gli diskret inn i omgjevnadane, har du ei endå større utfordring.

Eg sleit litt med å få perspektivet til å opne seg fullstendig. Eg visste at det var eit stort potensiale her, etter å ha høyrt dei demonstrert hos Stereofil sitt lytterom. Eg fekk ei aning om at dette hadde noko å gjere med kroken bak høgre høgtalar, så eg prøvde ymse tiltak med meir eller mindre vellukka effekt, heilt til eg kom på å sette ei smal bokhylle her, der eg trakk ut ca annankvar bok. Dette gjorde underverk for perspektivet, og etter litt jobbing fram og attende med høgtalaren, var eg forhøgd.

Sjølvsagt har eg vurdert ymse akustiske tiltak. Eg har prøvd litt av kvart opp gjennom åra, utan at det har fått fast plass. Trass alt, lytterommet er også daglegstova til familien, og eg har vel tatt han langt nok ut som det er. Eg har heller ikkje sansen for å gjere eit anna rom om til dedikert lytterom. Betre å ha lyd i eit rom der eg oppheld meg mykje, enn å ha god akustikk i eit rom der eg sjeldan kan vere. Og etter å ha prøvd eit førtitals høgtalarar i dette rommet som har vore stova mi sidan 1983, vil eg seie at mbl 101E2 har større innverknad for musikkopplevinga enn sjølv ganske radikale akustiske tiltak.

 

 

 

Homogen frekvensgong heile vegen.

Og eg er framleis forundra over at desse merkelege elementa har så saumlaus frekvenssamansetning. Dei tidlegare modellane, som eg ikkje har høyrt, skal visstnok ikkje vere så godt integrerte, men her er alt veldig homogent. Bassen også, sjølv om han sånn reint prinsipielt skulle ha store utfordringar. Her er det nok gjort eit storarbeid når det gjeld delefilteret. Og så djupt dei går, under 30 Hz med skikkeleg pondus, sjølv i mi relativt store stove med massevis av vindauge. Ikkje nokon hengebass heller, her kjem transientane slik dei skal, og det er lett å høyre korleis bassistane arbeider. Og det er ikkje berre diskanten som er skikkeleg oppløyst. Her er mellomtonen så frigjort at eg ikkje har høyrt maken sidan eg opplevde Beverigde modell 2 attende i 1978. Dette er ikkje noko dårlegare.

 

Eineståande mange og allsidige lytteposisjonar.

Elles skifta vi ut den gamle skinnsalongen med ein diger, polsk vinkelsofa. Som dempetiltak var det absolutt merkbart, men dette å kunne flytte seg nærare orkesteret er faktisk meir dramatisk.

Når du lyttar til elektrostatar eller monitorkonstruksjonar vil du meir eller mindre verte tvungen til å oppsøkje ein optimal posisjon, der lyden er best. Du sit då i sweetspot, og her er det oftast plass til berre ein lyttar. Nokre heldiggrisar har kanskje to sitteplassar som er på lag like gode. Med mbl 101 E2 får du eit heilt anna univers. Sjølv om du ikkje kan sitte kvar som helst, er det nesten tilfelle. Eg plasserer meg til vanleg på ein av fire plassar der eg er veldig godt fornøgd med lyden.

Den opprinnelege plassen min (lat oss kalle han posisjon #1) er glimrande. Her får eg fantastisk perspektivoppleving. Det har eg greidd tidlegare, med andre høgtalarar også, men MBL er i ein liga for seg sjølv. Orkesteret er så utstrakt, også på fløyane av scena, at det nesten ikkje er til å tru.

 

Her sat eg lenge, utan å tenkje så veldig på å prøve ut andre posisjonar. Men av og til vert eg ivrig på å høyre detaljar. Og innimellom har eg eksperimentert med nærfeltslytting. Dette har store fordelar når du verkeleg skal høyre kva som skjer på plata, men det medfører oftast at du må flytte på høgtalarane. Og endrar du vinklinga, får det konsekvensar du gjerne ikkje vil ta når det gjeld perspektiv m.m.

Med dei rundstrålande MBL 101 E2 treng du ikkje flytte på noko som helst. Du kan gå rett i nærfeltslytting ved å flytte deg nærare høgtalane, så når eg sit yst på sjeselongen, har eg noko som kjem svært nær pinpointing-lyd.  Denne lytteposisjon #2 må seiast å vere like god som den fyrste, men ganske annleis. Veldig fint å sitte her når det skal vurderast kva last pickupen skal ha i riaatrinnet, eller for å sjekke om ymse utstyr er rett justert. Eg brukar også å sitte her med gitaren når eg skal ”plukke” eller øve inn akkordar i ein låt frå opptak..

Eg har også posisjon #3, ein plass heilt ved bakvegg, der eg kan sitte ved stovebordet og gjere ymse aktivitetar (til dømes skrive artiklar). Lyden her er ikkje fullt så god som på dei to andre posisjonane, men likevel fullstendig god nok til å få med det aller meste av kvalitetane på eit godt opptak. Perspektiveigenskapane er heilt greie, du berre må leve deg inn i ein situasjon der du sit lengre bak i konsertsalen, men det er betre for opplevinga av dynamikk og klang om du kan sitte nærare. Eg tykkjer lytteavstand på over 5 meter eigentleg er for stor, sidan klang og perspektivet ikkje heng saman. Når du lyttar til eit akustisk instrument på stor avstand, vert det eit visst diskanttap. Dette skjer ikkje i mitt trass alt avgrensa lytterom, så er det ikkje tatt omsyn for fenomenet under opptak/mikrofonplassering, vert det litt kunstig perspektiv, men likevel slik at det er eit fullgodt lyttealternativ.

 

Endeleg har eg dei andre plassane i sofaen, posisjon #4 og #5. Her kan eg seie at alle plasseringar mellom der du sit normalt på kvar høgtalar er gode plasseringar. Ein vil uviklårleg trekkjast mot posisjon #1, der du verkeleg har topp lyd, men når tre – fire personar kan ha så god lyd på same tid, er det om lag eineståande i hifisamanheng. Veldig greitt for familiemedlemer som vil høyre, dei også, og flott når ein skal sjå TV med godlyd.  Også til TV-sjåing (ja, eg kompromissa og fekk TV i stova. Det gjorde at heimekinoen var langt mindre brukt. Ved å kople TV-signalet til Oppo BDP 105D i stereoanlegget, fekk eg betre bildekvalitet. Og når det gjeld multikanal, miste eg interessa – mbl 101 E2 er kringlyd godt nok til veldig mykje av mitt behov.) Eg ofrar min beste lytteposisjon, og legg meg i sofakroken i lytteposisjon #6 når det skal sjåast TV. Her er lyden klart dårlegare enn dei fem andre posisjonane, men det er sjeldan TV-program fengjer i så stor grad at det inviterar til finlytting på eit nivå der eg motivast for posisjonsrotasjon.

 

Lyden?

Åja, her er ikkje mykje å klage over. Samanlikna med det beste eg har høyrt opp gjennom åra, har eg det absolutt tilfredsstillande. Det finnest anlegg med langt større pinpoint-eigenskapar, som t.d Knut Vadseth sitt oppsett av Mårten Coltrane 2 kombinert med Master Audio Systems og ein eldegammal Krell KPS 25 CD-spelar eg fekk høyre då eg besøkte han, og det finnest endå råare reproduksjon av mellomtone, til dømes Avantgardehorn forspent med handbygde rørforsterkarar med signalvegen i reint sølv. Slike anlegg har unike kvalitetar, og eigarane vil sikkert ikkje byte med meg, sånn i utgangspunktet. Dei har funne ”sin” lyd ut frå sine prioriteringar. Og slike anlegg kjøpast normalt ikkje i ei handvende. Det skal leiting, prøving og feiling til før du kjem fram til det som er best. Og det er ein lang veg dit, full av individuelle utfordringar. Eg er tilbøyeleg til å seie at alt eg bryr meg om innan hifi er på plass her. Heilt skikkeleg frekvensreproduksjon. Kanskje ikkje snorrett, det tillet nok ikkje akustikken i rommet mitt, men svært truverdig etter dei musikkopplevingar eg har hatt gjennom åra, med solid djup- og mellombass, fanastisk mellomtoneattgjeving og luft heile vegen opp i diskanten. Alt dette så samansmelta at du kunne tru det var ein fulltoneelektrostat som gjorde det – eg undrar meg stort over korleis konstruktøren har jobba med delefilteret.  Men her er også eit attakk som får lyttaren til å hoppe i stolen. Kanskje ikkje så rått som fire – åtte subwooferar ville klare, om dei var godt konstruerte og perfekt plasserte. Men nyanseringsevne som kan måle seg med gode horn, utan horna sine utfordringar når det gjeld lytteposisjon m.m. Og perspektiveigenskapane har eg ikkje fått MBL til å gjere heilt perfekt  her i huset, men du verda, kor overtydande og greitt det leverast på gode innspelingar, veldig likt det som du høyrer i ein god konsertsal på ein god sitteplass. Ikkje pinpointing, men eit musikalsk nærvær som kan vere mindre imponerande, og mindre monitoraktig, men kanskje vel så naturleg. Det er nok ikkje alle som vil vere overtydde om at dette er det absolutt korrekte, og MBL 101 E2 er sikkert ikkje rette høgtalaren for alle. Og sikkert ikkje verdas beste høgtalar – dei har også ein storebror ”Extreme” som er dobbelt så stor, og som kostar over tre gongar så mykje….

 

 

Konklusjon
Dette er nok ikkje høgtalarane for ”folk flest”. Sjølv om det ikkje tek mange sekund med lytting før kven som helst er klar over at her kan det skapast stor lydleg realisme, langt betre enn nesten kva som helst av anna reproduksjonsutstyr, uansett musikalsk sjanger og andre trivialitetar. Dette er berre heilt ordentleg, lett å høyre for alle og einkvar. Og sjølv om finplasseringa for å syne det fulle potensialet til høgtalarane er tidkrevjande, og her trengs fleire hundre timars innspeling, er ut-av-kassa-opplevinga umiddelbart overtydande – denne realismen når det gjeld gjenskaping av musikalske hendingar har du neppe høyrt maken til. 
I kraft av sin rundstrålande natur er dei ikkje studiomonitorar og laserstråleprega analysereiskap, så om du skal innreie eit heimestudio er det nok andre ting du jaktar på. Dessutan ser dei spesielle ut, og dei er krevjande når det gjeld det meste, fordi dei skal ut på golvet, og ikkje minst fordi dei har ein pris som får det til å svartne for ein innehavar av ei normal lommebok. Når du så også kan rekne med at det er lydleg rekningssvarande å spandere elektronikk og gjerne også akustiske tiltak i prisklasse med ei middels hytte eller to på fjellet, vert det eit spørsmål om det er verd det. Likevel, for mine behov passar desse høgtalarane betre enn noko anna eg har erfaring med. Så spørsmålet kan eg når som helst svare på….heilt objektiv kan ein entusiast ikkje vere, men høyr sjølv.




Kommentar frå Arnt M, annan mbl 101E2-eigar på hifisentralen:
Dette er ein ekte MBL-entusiast som eg har hatt litt kontakt med. Mbl 101 E2-høgtalarane har han hatt sidan 2008, men han har også full pakke med MBL-elektronikk. Han fortel at han ikkje har gjort direkte samanlikning mot anna enn ein Emm Labs XDS1 cd-spelar mot MBL, og han fortel

”Ikke i nærheten av synergien som MBL skaper. Hadde en stund Well Tempered Amadeus vinyl med sumiko MC pickup til ca 15-20K. Den spilte fantastisk på gode pressinger. Men ble solgt da cd er mye enklere og forholde seg til. Kjenner en med MBL reference i Stavanger. Han har testet noen forsterkere bl.a. DP, uten at han har villet byttet sine MBL 9011. Finnes sikkert gode alternativ på elektronikk med 101 mk2, men der har jeg ingen erfaring. 
 

Sterke sider:
- Emosjonell fremføring og nærhet.  Flere som har tatt til tårene her. 
- Ingen andre system høres ut som MBL. Våger påstanden at du vil oppdage musikken på nytt, spesielt på detaljering. 
- God på det aller meste av musikk. Veldig god på klassisk. 
- Autoritær lyd med dypbass. Stemmer på nærhet og pust, og separering av koring.
- Enorm mellomtone. Hører klipping av mastring på enkelte cd-er. 
- Lite farging i mine ører, og gylden litt mot det varme, lifelike lyd.
- Ingen komprimering (bokslyd av kabinett) eller farging.
- Kan spille hinsides høyt uten hardhet. Like detaljert og engasjerende på mitt kjøkken ca 15 meter unna. Har selvsagt tunet inn høyt til best mulig lyd i godstolen 

Svake sider: 
Litt rund i nedre mellomtone. 
Mangler litt på hurtighet/plutselighet, men det kommer av konstruksjonen (ikke direktelyd).
Krevende på plassering, noe som tar veldig lang tid for å makse de til omgivelser. 
Litt dårligere pinpointing enn de beste, men det har ikke vært noe tema fra de som har lyttet her. 
Tilvenningstid av denne type lyd for de uvante - enkelte oppfatter ikke hva som skjer før det har gått litt tid.
Ikke for de som elsker dårlig innspillinger ala metall”

Det er lett å vere einig med det han skriv, iallfall om du har same høgtalarar heime….så får du først sjansen til å venne deg til denne musikkformidlingsmåten, er det svært vanskeleg å slå seg til ro med noko anna.

Lest 7605 ganger
Arve Åheim

Skribent i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.