lørdag, 17 januar 2015 11:20

Swissonor B.A.C.H. 8e

Skrevet av

Desse høgtalarane ser ved fyrste augekast ut som ein gammal, litt korpulent sjørøvar med trebein. Og dei har temperament som kan passe til denne assosiasjonen…

 

Denne høgtalarmodellen var visstnok den fyrste Swissonor lanserte. Ein litt merkeleg utsjånad, men svært gjennomtenkt. Konstruksjonen har berre eitt høgtalarelement, og kabinettet er konstruert som eit horn. Ein uvanleg vri er gjort ved å integrere det eine beinet høgtalaren står på, som ein del av dette hornet. Dette fører altså til ein uvanleg utsjånad, men totalresultatet er slett ikkje dumt.  ”Hornbeinet” fører såleis mykje av energien rett mot golvet, og får hjelp til å halde balansen av eit anna, meir vanleg utsjåande støttebein.

 

 

 

 

Plasseringsjobb.

B.A.C.H. 8e krev at du jobbar litt med plasseringa. Desse høgtalarane skiftar lett nyansar i klangkarakter, bass og dynamikk når du flyttar dei rundt i rommet. Eg fann ut at dei likar seg best ganske nær bakvegg, og ikkje så veldig nær sidevegg. For å få gode perspektiveigenskapar må dei såpass mykje fram på golvet at dei mister litt av den gode bassen, så det vart til at eg plasserte dei relativt tett på veggane. Men dei tåler ganske godt stor innbyrdes avstand mellom høgre og venstre, utan at dei får den irriterande ”pingpongeffekten”, der diskanten liksom hoppar frå den eine til den andre sida. Såleis kan du få eit ganske djupt lydbilde når du jobbar litt.

 

Les om d-utgåva fyrst

Eg har gjort eit forsøk på å samanlikne to ganske like høgtalarar. Dei er ganske like, men ei slik samanlikning som eg har gjort, har som føremål å peike på kva som er dei sterkaste sidene. Så her peikar eg på at e-utgåva krev at du jobbar meir med plasseringa, og at du då kan få endå skikkelegare bass som gevinst. Men det lukkast iallfall ikkje meg å få like flott perspektiv med desse som den litt meir normalt utsjåande d-utgåva. Personleg vil eg nok føretrekke d. Dei er hakket meir allsidige og passar musikken eg spelar på ein framifrå måte. Men e er nok det aller beste valet for dei som baserer seg mest på bråkebøtte-musikk, og ynskjer ørlite meir fart i bassen. Uansett, begge modellar fiksar både moderne rock, hiphop, jazz, klassisk, 70-tals så vel som alt anna eg har fora dei med den tida eg har hatt dei i hus.

 

 

 

Konklusjon

 

Du må altså sjå desse to høgtalarane i samanheng. E-utgåva er litt meir krevjande, og har litt større fleksibilitet lydmessig, men er meir krevjande med tanke på plassering. Dessutan greidde eg ikkje å få ut like gode perspektiveigenskapar som det som kom frå den meir normalt ustjåande d-utgåva. Men dei spesielle dynamiske evnene, og ikkje minst evna til å spele både høgt og lavt, gjer d-modellen til ein like fantastisk høgtalar, med stort lytteglede-potensiale.

 

 

Pris i Norge er kr. 28.700,-

 

Takk til Bebop HiFi for lån av testeksemplar.

 

Les meir om Swissonor B.A.C.H. 8e her.

 

Les og vår test av B.A.C.H. 8d her.

 

 
 
Lest 7941 ganger
Arve Åheim

Skribent i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.