torsdag desember 13 , 2018
mandag, 19 mars 2018 20:12

VOSSAJAZZ 2018 I KJØMDA

Skrevet av

Det nærmar seg påske, men først skal palmehelga unnagjerast, og med dette den årvisse Vossajazz 2018 (23.-25. mars). Me skal som vanleg dekka festivalen, med tekst, bilete og video, og her vil me gje eit raskt overblikk over kva festivalen, komande helg, har å by på.

 

Jan Erik Vold opnar festivalen fredag kl. 19.00 i Vossasalen, etter dette spelar Arild Andersen, denne gongen saman med Gard Nilssen på trommer, Helge Lien på piano, og Marius Neset på saksofon. Det er 28 år sidan 72-åringen spelte på Vossajazz med eiga gruppe. Kl. 20.45 spelar Sigrid Moldestad i Gamlekinoen, og på Park Hotell spelar ei rekkje grupper. For dette må du kjøpa huskort til kr. 650,-, eller dagskort fredag kr. 840,-. Skadedyr og Anders Røine avsluttar på Gamlekinoen kl. 23.00.

Laurdag har ei rekkje tilskipingar, det viktigaste er vel tingingsverket “Musical Balloon” med saksofonisten Eirik Hegdal i Vossasalen på Park, som er den største orkesterscena Voss har. Etter dette kjem “Hildo” i Gamlekinoen, eit samarbeid mellom songaren Berit Opheim og saksofonisten Tore Brunborg, begge frå Voss, og i verdsklasse. På Park frå kl. 20.00 spelar som vanleg ei mengd grupper, huskort kostar kr. 650,- og dagskort kr. 855,-. Come Shine med Vold og Reiersrud avsluttar i Gamlekinoen kl. 23.00.

Sundag spelar mellom andre Signe Førre Trio, 1982, Django Bates & Bergen Big Band, Youn Sun Nah (Sørkorea), Maria Faust/Kira Skov (i Vangskyrkja), og Ingebjørg Bratland.

 

 

Med toget kan du reisa i eiga Vossajazz-vogn frå Bergen. Du finn fullt program og all turvande informasjon på vossajazz.no.   

 

Lest 1478 ganger Sist redigert tirsdag, 20 mars 2018 06:24
Stig Arne Skilbrei

Seniorskribent i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Nyeste Tester / Artikler

De 20 nyeste Hovedartiklene:

Nyeste Nyhetsoppslag

Nyeste Musikkartikler

Annonser

Annonsere på Audiophile.no?

Audiophile.no i flere kanaler:

Nyeste fra Audiophile-TV

Les det digitale tidsskriftet AUDIOphile No.1:

Annonser

Nyeste tråder på Hifisentralen

Nye plateutgivelser