mandag, 10 april 2023 11:53

Vossajazz 2023 - Sundag

Skrevet av

Arild Andersen er ein bauta i norsk jazz. Eg har ikkje tal på kor mange gonger eg har sett og høyrt han på Voss og i Bergen, både i regi av Vossajazz, Voss jazzklubb og Nattjazz. So mange at han kjenner meg att.

Sagn (Arild Andersen)

Og sidan Bendik Hofseth òg er mellom dei desiderte favorittane mine, seier det seg sjølv at denne konserten måtte eg rekka. Det var ein hard kveld laurdagen i førevegen, men eg rakk da. Konserten byrja kl. 15.15 i Idrottshallen. Det er i tidlegaste laget for ein svartkledd jazzar, men me gjer eit unntak for Palmehelga og Vozzajazz, sidan begge kjem berre ein gong i året, og ofte samstundes. 



Øvrige musikarar var, som i 1990, Kirsten Braten Berg (på vokal, treng eg verkeleg skriva det?), Frode Alnæs gitar, Bugge Wesseltoft på svarte og kvite tangentar, og Thomas Strønen på trommer og perkusjon. Sistnemnde er det einaste bytet sidan 1990. Nana Vasconcelos frå Brasil, som i stor grad var med å forma det opphavelege lydbiletet, er diverre avliden.

Slik eg forstår verket eller prosjektet Sagn, ville Arild kle folkemusikkens songar og stev inn i jazz. Kva me skal kalla denne nye sjangeren er det delte meiningar om, men Hauknes i salt peanuts.eu peikar på at Arild med dette bidrog til å vidareutvikla folkemusikken frå ein nærast museal stillstand. Brått var “folkemusikkjazz" poppis, og Sagn låg stendig på platespelaren min, ein Thorens TD 126 forresten, som også Arv seinare, sidan begge vart spelt inn. Ein ny sjanger var fødd, ein sjanger du òg kan ana konturane av i dag når t.d. folkemusikaren Tuva held konsert.

Eg var på konserten i 1990, og hugsar att det meste. Kirsten B Berg si stemme er like sterk og klår som i -90, og samspelet mellom Arild sitt poengterte og presise spel og Bendik Hofset sin lett attkjennelege stil på saksofonen er slik eg kjenner det att, og alltid har høyrt det. Du tek ikkje feil av Bendik, sjølv på ein låt du aldri har høyrt. Han var i storform, og kaukar og ropar. Han er mellom dei få saksofonistane som (ofte) syng i tillegg. Det gjer aldri Arild, det skulle tatt seg ut, men han smilte og var tydeleg i form. Spelet er like godt som alltid, berre håret er gråare.  Det einaste som drog ned var ein noko turr lyd frå der eg sat. Beklagar pirket. Uansett ein flott konsert, som eg berre har høyrt lovord om. Og at folk tok til tårene. Det gjorde eg og, men denne gongen til Sigrid Moldestad. 

Sigrid Moldestad

Nordfjordingen Sigrid Moldestad var å sjå på Vangen heile helga, frå badnajazzkonsertane tidleg i helga til vaksenkonserten i Gamlekinoen sundags kveld. Der slapp eg inn. Ho var stadig å sjå ruslande rundt i lag med festivalleiar Trude, dei har vorte gode venninner kunne det sjå ut som. Eg veksla nokre ord med ho sjølv og; har vore på konsert med ho før må vite. Dessutan er eg halvt nordfjording sjølv og, so det fell naturleg. 

Sidan eg var på konsert med Kari Bremnes kvelden før, ser eg likskapane mellom dei. Båe er sterke kvinner med forteljarvilje og -evne, begge kjem frå ein vise/folkemusikktradisjon, og begge lagar iøyrefallande låtar, med intelligente tekstar henta frå skarpe iakktakingar av relasjonar, samfunn og politikk. 

Naivt tenkjer eg at begge (og andre) tilpassar seg jazzpublikummet ved å taka med seg musikarar med blåsarar, t.d, men det hadde korkje Kari eller Sigrid med seg. Men Sigrid dreg opp ved å traktera fele i tillegg til song. Uttrykket kan stundom likna både pop og country, og kjolen hennar glitrar som ei discokule. Ho hadde elles med seg Anders Bitustøyl på bass og vokal, Jørgen Sandvik på gitarer og vokal, Roald Kaldestad likeins, Sigbjørn Apeland på trøorgel, Rhodes, piano og vokal, og Kåre Opheim bak trommene. Han spelar med alle, uansett sjanger, og hever ein kvar konsert, så også denne. Gode låtar og tilhøyrande akkompagnement gjorde konserten til ein fryd, og introduksjonen til konserten var treffande. Hugs at dette var sundag kveld, og alle var slitne: “Henge dåke i hop?” spør ho. Nokre av oss klarar å klemma ut eit spakt ja. “Ja eg veit korleis dåke har det”, seier ho med påtatt medynk. Me humrar og konserten er i gong.    

Gråtelåt: Ein Sæl Kyss, eller var det Eg Vil Vere Her? Kan hende gret eg til begge.

 

Lest 1419 ganger Sist redigert mandag, 10 april 2023 12:16
Stig Arne Skilbrei

Seniorskribent i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.