lørdag, 01 april 2023 17:52

Vossajazz 2023 – Fredag. 3-dagars gullbrudlaup: Vossajazz er 50 år

Skrevet av

Om Vossajazz er 50 år eller ikkje, kjem an på om du reknar inn pandemien og andre uhepne. Men kven bryr seg? Når Trude og Kari inviterer til fest, kven heng seg opp i slike detaljar?

Alt torsdagen “tjuvstarta" festivalen med jubileumsutstilling på Mølstermuseet, mellom anna. Fredag er det full gass med kulturkonferanse, kunstutstilling (Ingrid Haukelidsæter) og anna på dagtid, før det brakar laust med Khmer i Idrottshallen, og kveldskonsertane på Park Hotel. 

Fyrst ute var Nils Petter Molvær med Khmer i Idrottshallen klokka 6, same konserten som gjorde han vidgjeten med verket Labyrinter, i 1994, men i ny drakt naturlegvis. Konserten vart opna av Cecilie Løveid, som og opna Vossajazz i -74. I det heile speglar årets festival historia, og festivalleiar Trude Storheim gav velfortent heider til festival-lokomotivet gjennom 30 år, Lars Mossefinn. Etter den faste opninga med lur, starta Khmer med eit øredøvande bråk, ein gjennomtrengande dur av ein bass, ein heller kvass og kunstig lyd på trommene, og litt for høg lyd generelt. Då er me ferdige med kritikken. Ingen grunn til å skyta pianisten, det er slik dei vil ha det. Det veit me, for me har høyrt dei før. Rytmisk so det held, med to trommisar, og tidvis lyrisk trompet frå Nils Petter. Flott lysshow. Ein fest auge og øyret; og tinnitusen. 

 

Stian Carstensen må ha steppa inn for nokon, for han var ikkje presentert i programmet, berre på speleplanen. På ein utruleg morosam måte fortel han innsiktsfullt om musikk-karriera si, og sjukdomen han vart råka av; akkompagnert av Balkan-inspirert trekkspel. Sjekk Nrk-arkivet for dokumentarar om han.    

Kari Bremnes fylde heile Idrottshallen, og for ein grunn. Ho er ein folkekjær og høgt respektert artist med ein stor katalog av gode låtar og intelligente tekstar, ofte med eit skråblikk på samfunn og politikk. Storleikar som Trump og Putin fekk so hatten passar, då ho kåserte mellom låtane om at folk ikkje alltid får dei leiarane dei fortener. Og eit presteskap i Iran som nektar jenter utdanning, og tvingar dei til med å gå med svarte skaut; etterfølgt av gripande låtar som “det er min søn som står der”. Men tonefylgjet til Kari treng etter kvart ei oppgradering. Det byrjar låta alt for kjent. Tangentane til Hansen har ein tidvis tunn og irriterande lyd. Om ho vil bringa noko nytt og spanande til torgs, må mannskap og lydbiletet fornyast. Lydkvaliteten var likevel i ein heilt annan klasse enn Molvær, passe høgt og fint detaljert, men stemma til Kari var av ein eller annan grunn uvanleg uklår. Sjekk også ut: Large Unit EthioBraz, Philip Lassiter, Team Hegdal, Roberto Ottaviano, og The End. 

Lest 1761 ganger Sist redigert mandag, 10 april 2023 17:32
Stig Arne Skilbrei

Seniorskribent i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.