fredag, 01 november 2024 17:48

Dobbel orsaking – Stig Arne si dagbok september 2024 Spesial

Skrevet av

Det har skjedd ein del endringar sidan eg skreiv om DAC-ar og Spotify mot Apple music. Det er tid for oppsummering, revurdering og ei orsaking eller to.

 Audioquest Dragonfly Red og Cobalt

Eg har skrive om desse før, og vonar at dette vert siste venda. Sist eg skreiv om dei, gjorde eg eit stort nummer av å hevda at Red let bere enn den nyare og dyrare Cobalt, og at Audioquest måtte vera hjernedaude som lanserte ein ny som var dyrare og dårlegare. Det var å ta litt hardt i. Eg er ikkje heilt sikker på korleis eg kom fram til denne konklusjonen og kvifor eg konkluderte so bastant, men eg veit at eg eksperimenterte med absolutt fase på høgtalarane på den tida, og hadde heller ikkje so balanserte høgtalarar som eg har no. Feil absolutt fase kan gjera mykje med stereoperspektivet og det totale lydbiletet, og det kan påverka konklusjonane.  

I alle fall, sist eg sjekka, og rimeleg sikker på at alt var rett kopla, kom eg til motsett konklusjon. Det er ein smule pinleg, men rett skal vera rett, og eg kjenner at eg skuldar lesarane (og HiFi Klubben?) ei orsaking. Prisane på Red og Cobalt har variert. Kjøp den billegaste, eller den dyraste, eller den som passar, eller prøv begge, og gjer deg opp di eiga meining. Stol på deg sjølv. Eg er tydelegvis ikkje meir til å lita på enn andre dødelege. Les meir om DAC-ar under.

Gustard R 26

Stig Inge og dei audiofile venene hans i Japan og elles i verda finkjemmer marknaden for nye og spanande produkt, og eitt av desse, som dei kom over, var ein kinesisk-produsert DAC kalla Gustard R 26. Stig Inge hadde med seg ein slik siste venda han var i heimlandet, og gav ein til meg i åremålsgåva. Han er generøs, den godaste namnebror min. Stig Inge og venene hans var so begeistra for denne DAC-en at han kjøpte to, og eg har altso fått den eine. Han er ikkje mykje å sjå til, med assymetrisk front, og kva som er på baksida anar eg ikkje, for Stig Inge kopla han opp for meg, med kabel frå ruteren, og dett var dett. Sidan har han spelt. Han står på døgnet rundt. Eg rører han ikkje, av frykt for at eg ikkje får han til å spela att. Men eg får vel ta eit bilete av han likevel, frå fronten i alle fall, i frå der han står. Det spelar ingen rolle korleis han ser ut, so lenge han gjer jobben. 

Men eg måtte naturlegvis samanlikna med Audioquestane, før eller seinare. Og det var ikkje mykje sveitte involvert. Eg fann ut at det var berre å trekkje ut phonopluggane frå Gustarden til Nad 3020/7020, og plugga i ein Audioquest i staden. Det let heilt ok, særskilt med Cobalt, men Gustard baud på ei heilt anna oppløysing, ein langt mjukare og samstundes meir detaljert lyd. Opplagt meir naturleg og behageleg. Audioquestane brukar eg no berre til mobilen, og det er vel det dei er tiltenkt; på farta. Gustarden er stasjonær. Eg har ikkje tenkt å koma med noko meir omfattande skildring av Gustarden med det fyrste, for eg har ingenting å samanlikna med. Det kan evt. koma seinare, for eg innser at ein DAC er ein viktig komponent for alle som nyttar datamaskin til dagleg bruk og strøyming. Og det bringer meg vidare til - - -

Spotify mot Apple Music

Eg gjekk for ei tid attende høgt opp på banen og fortalde at Spotify let betre enn Apple Music. Det har eg fått mykje pes for. Redaktøren har fortalt meg at eg stort sett alltid får ros for artiklane mine, men ikkje denne. Ein forlangte at eg måtte “avskiltast". 

Det eg hevda der og då, var verkeleg, og me var 4 personar som var samde. I alle fall 3, ein var vaklande. Eg trur eg forstår årsaka til at me kom fram til dette resultatet. Me brukte ein dårlegare DAC enn no, so oppløysinga var dårlegare. Vidare spelte me på eit sett høgtalarar som var ganske barske i lyden. Då let Spotify behagelegare. Han glatta over. 

No er situasjonen ein annan. Ein betre DAC er på plass, og meir balanserte høgtalarar. Vilkåra for å gjera ei ny og betre vurdering er til stades. Jo, eg har gått litt fram og attende heilt sidan den famøse reportasjen, men no var tida inne for ei grundigare vurdering. Eg veit ikkje kor mykje det har spelt inn, men eg har kopla ut Dolby Atmos frå innstillingane, og no kjem symbolet for lossless opp på Apple Music. Eg kan ikkje hugsa om det har vore framme før. Dette kan dobbeltsjekkast, men ikkje i kveld. Har ikkje tid, må halda “sendeskjemaet”. Lossless tyder CD-kvalitet, medan Spotify er AAC og Ogg Vorbis, dvs langt dårlegare oppløysing  med lossy komprimering. Dette veit du. Me treng ikkje terpa meir på det. 

Og no er det ikkje lenger tvil. Det beste som kan seiast om Spotify er at han har ein relativt behageleg mellomtone, men alt anna er betre på Apple Music, også mellomtonen. Lyden er meir detaljert, betre oppløyst, lydbiletet er djupare og opnare, særskilt er bass og diskant langt tydelegare. Mellomtonen er til å leva med på Spotify, og det er vel difor han framleis har ei sterk stilling mellom mange brukarar. Men i dag har me betre alternativ. Får eg skiltet attende no, kven du no er? 

Tandberg Sølvsuper 12 lyt venta til neste gong. Det har vorte mykje skriving med både Horten, Osafestival og Dagbok.   

ØLSPALTA

Oppsamlingsheat før det brakar laust med juleølet. Fyrst nokre fleire frå septembersleppet:

Graff Brygghus Charger 6%. Ein NEIPA, altso New England IPA. Det tyder normalt Amerika, men han er laga i Tromsø, medan typen øl er neipa, med kveite og havre i tillegg til det vanlege, og Citra humle. Grunna kveiten er han uklår. Elles fruktig og frisk, passe bitter, rund og fin på smak.

Gaselle Pale Ale 5.5%, frå Lier. Kan minna litt om den fyrste, men er kraftigare humla. 

Django dobbel NEIPA 8,5% frå Cervisiam i Oslo. Smaksmessig midt mellom dei to fyrste. Hugs at han er sterk, viss du har kjøpt mange.

Haandbryggeriet black canvas Porter 6%, amerikansk stil. Positiv overrasking. Kaffi og kaka i godt balansert blanding. Lett å drikka, men ikkje til frukost.

 

Nokre andre:

Vetle Ivar frå Fellesbryggeriet, Voss, for serveringsstaden Store Ringheim 4,7%: Gjera med kveik. Overgjæra, ufiltrert og upasteurisert. 

Ljos brun på let, høveleg humla, rund karakter, lett å drikka.  

Fellesbryggeriet Slusk 4,7%: "Ljost øl for tyste ganar", jernbaneslusk eller ikkje. Same framstilling som over, og difor unik smak. Som ein god pils ganger hundre. Svaaakt bitter.    

Kinn Måseskrik lyst øl, 5,5%, Kølsch-stil, som me har skrive om før, ein blanding av ale og lager. Smakssak. 

Putin Huylo dry-hopped Golden Ale, 8%, Ukraina: Det gjer vondt å lesa teksten på boksen. Både på engelsk og ukrainsk (eller er det russisk?) vert soga om åtaket på Ukraina fortalt. Putin Huylo tyder pikken til Putin, eller noko slikt som “den jævla kødden”. Kjøp boksen og les den hjarteskjærande teksten. Smaken er litt rar, truleg grunna koriander, men drikkande. Uansett eit samleobjekt. Ikonisk bilete. Slava Ukraina!, og ned med kommunismen og diktatorane deira. 

Aass Premium Pilsner sterk lys lager 6%: Kraftig, mykje smak, lukt av leverpostei/protein etter mi meining, eller brød/kjeks, i fylgje Lars. Prøv sjølv.  

 

Lest 841 ganger Sist redigert fredag, 01 november 2024 18:36
Stig Arne Skilbrei

Seniorskribent i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Siste fra Stig Arne Skilbrei

Beslektede artikler